AI assistant
Hera — Regulatory Filings 2019
Jun 25, 2020
4260_10-k_2020-06-25_25f33709-87c8-42d0-8906-fbf140cc0e7a.PDF
Regulatory Filings
Open in viewerOpens in your device viewer

Arkivsak-dok. 20/03341-1 Saksbehandler Liv Myklebust
Saksgang Møtedato Formannskapet, Plan og økonomi 2019 - 2023 30.04.2020 Heradsstyret 07.05.2020
ÅRSMELDING OG ÅRSREKNESKAP GRANVIN HERAD 2019
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Voss heradsstyre v edtek årsmelding og årsrekneskap for Granvin herad 2019.
Vedlegg:
Årsmelding Granvin herad 2019 Årsrekneskap Granvin herad 2019 Revisjonsmelding Granvin herad 2019
Samandrag:
Saksopplysningar:
Driftsresultatet utan finanspostane blei samla sett kr. 1 594 016. Einingane hadde eit forhaldsvis romsleg budsjett då årsbudsjettet var lagt utan overskotsav setning, derfor var det venta at ein ville gå med overskot.
Resultatet av eksterne finanstransaksjonar er kr. -3 660 033 som er kr. 725 000 betre enn budsjettert. Hov udgrunnen til dette finn ein i god likviditet og låg renter på låna. Etter finanstransaksjonane kjem ein fram til netto driftsresultat på kr. - 4.894.148,14 - som er -4,7 % av driftsinntektene. Underskotet skuldast ikkje driftseiningane men er knytt til ekstraordinære tiltak som er finansiert gjennom bruk av fond.
Gjeldsbyrden er framleis godt innanfor margin med 62,5 % av driftsinntektene. Andre lovpålagde krav til årsmelding er vurdert, men ikkje funne relevante på grunn av kommunesamanslåinga frå 1.1.2020.
Rådmannen si vurdering:
Generelle vurderingar: Det må gjerast tiltak for å betra driftsresultatet.
Økonomiske konsekv ensar:
Voss herad har eit disposisjonsfond på ca. 67 mill. kr ved inngangen av 2020. Med totale budsjetterte driftsinntekter på 1,423 mrd. kr utgjer disposisjonsfondet 4,7 %. Teknisk berekningsutval tilrår at disposisjonsfondet bør vera minimum 5 % av driftsinntektene, noko som tilseier at bruken av disposisjonsfond må avgrensast og helst aukast dei neste åra.
Miljø og klimakonsekvensar:
Ikkje aktuelt.
Folkehelsekonsekvensar:
Ikkje aktuelt.
Konklusjon
Årsmelding og årsrekneskap for Granvin herad 2019 vert vedteke i samsvar med vedlegg.