Skip to main content

AI assistant

Sign in to chat with this filing

The assistant answers questions, extracts KPIs, and summarises risk factors directly from the filing text.

Tysnes Sparebank Earnings Release 2016

Mar 30, 2017

3778_10-k_2017-03-30_998b1f75-1826-4de8-a089-612e57ccf53c.html

Earnings Release

Open in viewer

Opens in your device viewer

Tysnes Sparebank med solide tal for 2016

Tysnes Sparebank med solide tal for 2016

Tysnes Sparebank offentleggjer i dag årsrekneskapen for 2016

Forstandarskapet i Tysnes Sparebank godkjende på møtet 30.

mars 2017 bankens årsrekneskap for 2016.

Resultat av ordinær drift er 16,9 mill. kr. mot 12,6

mill.kr. i 2015.

Samla utlån inkludert utlån via Eika Boligkreditt AS har

passert 2 milliardar kroner.

Sterk auke i marknadsandelen i regionen

Banken opplever stor pågang av nye kundar i regionen

Sunnhordland, Os og Fana-området. Veksten i utlån er på 29

%. I 2016 vart bankens reine kjernekapital auka med 42

millionar kroner gjennom ein emisjon. Den reine

kjernekapitalen er ved utgangen av 2016 på 19,45 %.

Utbytte på 8,9 % til eigenkapitalbeviseigarane

Det vert utbetalt eit utbytte på 8,9 % til

eigenkapitalbeviseigarane. På emisjonen som vart innbetalt

medio desember 2016 vert det utbetalt 1/12 utbytte.

Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det

rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller

epost [email protected].

Tysnes, 30. mars 2017

Tysnes Sparebank

Dag Sandstå

Banksjef