Skip to main content

AI assistant

Sign in to chat with this filing

The assistant answers questions, extracts KPIs, and summarises risk factors directly from the filing text.

Tysnes Sparebank AGM Information 2021

Feb 19, 2021

3778_rns_2021-02-19_2eb62653-eb28-4e0b-a964-6ec40eca28f4.pdf

AGM Information

Open in viewer

Opens in your device viewer

{# SEO P0-1: filing HTML is rendered server-side so Googlebot sees the full text without executing JS or following an iframe to a Disallow'd CDN path. The content has already been sanitized through filings.seo.sanitize_filing_html. #}

Innskytarvalmøte Tysnes Sparebank

Innskytarvalmøte i Tysnes Sparebank vert i utgangspunktet halden i banklokala i Våge – dersom smittevernsituasjonen endrar seg kan det bli endringar

Fredag 26. februar, kl. 14.00.

Røyste- og valføre er myndige innskytarar, som dei siste 6 månader har hatt og framleis har eit minsteinnskot på kr 2.500 i sparebanken. Den same retten har og verje for umyndige med liknande innskot.

Alle som er valføre er pliktig til å ta imot val som medlem, med mindre vedkomande har gjort teneste som medlem i forstandarskapet, styret eller kontrollkomiteen i sparebanken i minst ein valperiode.

Etter vedtektene § 3- skal det vere val av 3 forstandarar og 2 vara medlem til banken sitt forstandarskap.

Forstandarane og varamedlemmene skal veljast for 4 år.

Liste over medlemer og varamedlemer i forstandarskapet, der det går fram kven som står på val i år, er lagt fram i banken og på banken si heimeside (sjå lengre nede).

Røysteføre innskytarar kan koma med forslag til kandidatar.

Forslaga må vera sendt til banken innan 20. februar 2021 med kandidaten sitt namn, fødselsår og dato, yrke og fullstendig adresse. Valkomiteen utarbeider på grunnlag av innkomne forslag og eigne vurderingar ei valliste som vert lagt ut i banklokale og på heimesida til banken. Forslag kan sendast til [email protected] eller leverast/sendast til banken.

Instruks om innskytarane sitt val til forstandarskapen er utlagt i banken sine lokalar.

TYSNES SPAREBANKS FORSTANDARSKAP

  1. februar 2021

dan ( hur

Reidun Myklebust

Leiar