Registration Form • Nov 23, 2018
Registration Form
Open in ViewerOpens in native device viewer
Indre Sogn Sparebank vart oppretta i 1971 ved samanslåing av Borgund Sparebank, Lærdal Sparebank og Årdal Sparebank, der den eldste er stifta i 1860. Seinare har Indre Sogn Sparebank oppretta avdelingar i Sogn og Fjordane og Hordaland.
Indre Sogn Sparebank har forretningskontoret sitt i Årdal kommune.
Sparebanken har til formål å utføra forretningar og tenester som det er vanleg eller naturleg at sparebankar kan utføra i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande lovgiving, og til ei kvar tid gjevne konsesjonar.
Ingen har krav på utbyte frå verksemda til banken utover eventuell forrenting av banken sin eigarandelskapital.
Sparebanken har høve til å ferda ut omsettelege eigenkapitalbevis. Eigenkapitalbevisa skal vera registrert i Verdipapirsentralen.
(1) Indre Sogn Sparebank sin eigarandelskapital utgjer NOK 31.625.000,- fordelt på 632.500 eigenkapitalbevis pålydande NOK 50,- fullt innbetalt.
Sparebanken skal ha ei generalforsamling som skal sjå til at banken verkar etter føremålet sitt i samsvar med lov, føreskrifter, vedtekter og generalforsamlinga sine vedtak. Generalforsamlinga er den øvste avgjerdsmakta i sparebanken.
Generalforsamlinga skal ha 12 medlemer med 8 varamedlemer. Generalforsamlinga sine medlemer og varamedlemer møter personleg. Det er ikkje høve til å møta ved fullmektig eller med rådgjevar.
Generalforsamlinga til sparebanken skal vera samansett av:
Myndige personar kan veljast som medlemer av generalforsamlinga.
Medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga skal veljast for 4 år. Minst tre firedelar av medlemane skal vera personar som ikkje er tilsett i banken.
Generalforsamlinga fastset nærare instruks om vala.
(1) Sparebanken sine myndige kundar som har, og i dei siste seks månadane har hatt eit engasjement på minimum 5.000 kroner har stemmerett ved val av
Indre Sogn Sparebank Vedtekter 4
kundane sine medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga i sparebanken.
| Kommune | Tal medlemer | Tal varamedlemer |
|---|---|---|
| Årdal kommune | 2 | 1 |
| Lærdal kommune | 1 | 1 |
Kommunestyra i Årdal kommune og Lærdal kommune kan samla velja 3 medlemer og 2 varamedlemer til generalforsamlinga.
Indre Sogn Sparebank Vedtekter 5
(5) Val etter denne paragraf må haldast innan utgangen av februar.
Dei tilsette i sparebanken har stemmerett ved val av dei tilsette sine medlemer til sparebanken si generalforsamling.
Dei tilsette i sparebanken kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for dei tilsette.
Eigarar av eigenkapitalbevis i sparebanken har stemmerett og kan veljast som medlem og varamedlem til general-forsamlinga i sparebanken som representant for eigenkapitalbeviseigarane.
Ingen kan på møte for eigenkapitalbeviseigarane avgi stemmer for eigenkapitalbevis som representerer meir enn 10 % av Indre Sogn Sparebank sine totale utsteda eigenkapitalbevis.
Eigenkapitalsbeviseigarar som vil delta i valet etter § 3 — 7 skal melda seg i banken innan ein viss frist som skal stå i innkallinga. Fristen skal ikkje gå ut tidlegare enn tre bankdagar før valet skal haldast. Har ein eigenkapitalbeviseigar ikkje meldt seg i rett tid, kan han nektast høve til å vera med i valet.
Ordinær generalforsamling skal haldast innan utgangen av mars månad kvart år. Generalforsamlinga vert kalla inn av styret.
Innkallinga med saksvedlegg skal sendast medlemane i generalforsamlinga seinast 21 dagar før møtet.
Når dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga er gjort tilgjengeleg for medlemane på sparebanken sine internettsider, gjeld ikkje lova sine krav om at dokumenta skal sendast til medlemane av generalforsamlinga. Dette gjeld og dokument som etter lov skal takast inn i eller leggjast ved innkallinga til generalforsamlinga. Eit medlem av generalforsamlinga kan likevel krevja å få tilsendt dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga.
Kvart medlem av generalforsamlinga har ei stemme.
Avgjerder i generalforsamlinga vert fatta ved fleirtal av dei stemmer som er gitt med mindre noko anna går fram av desse vedtektene. Står stemmetalet likt, gjeld det som møteleiaren sluttar seg til.
På den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:
Vedtak om eller fullmakt til å oppta ansvarleg lån eller annan framandkapital vert fatta av generalforsamlinga med fleirtal som for vedtektsendring.
Styret er sett saman av 5 medlemer med 3 varamedlemer som skal veljast for 2 år av generalforsamlinga.
Styret sine oppgåver føl av lov og føreskrifter.
Det samla styret fungerer som sparebanken sitt revisjons- og risikoutval.
Sparebanken skal ha dagleg leiar. Dagleg leiar har tittel adm. banksjef, og vert tilsett av styret.
Oppgåvene til adm. banksjef føl av lov og føreskrifter.
Generalforsamlinga vel ei valnemnd med 4 medlemer og 2 varamedlemer for 2 år. Valnemnda skal ha representantar frå alle grupper som er representert i generalforsamlinga:
Valnemnda skal førebu alle val til generalforsamlinga, styret og valnemnd. Generalforsamlinga fastset nærare instruks for valnemnda.
Overskotet frå verksemda til banken etter frådrag av utbyte og utdeling av gåver, skal leggjast til banken sitt fond.
Årsoverskot og utbytemidlar skal fordelast mellom grunnfondet til banken og eigarandelskapitalen. Utbytemidlar kan nyttast til utbyte på eigarandelskapitalen, til gåver til ålmennyttige føremål, eller overførast til gåvefond, eller overførast til stifting med ålmennyttig føremål.
Underskot etter resultatrekneskapet for siste rekneskapsår skal først søkast dekka ved forholdsmessig overføring frå grunnfondskapitalen, under dette gåvefondet, og den eigarandelskapitalen som overstig vedtektsfesta eigarandelskapital, under dette utjamningsfondet. Underskot som ikkje vert dekka slik, vert dekka ved forholdsmessig overføring frå overkursfondet og kompensasjonsfondet. Ytterlegare underskot vert dekka ved nedsetjing av vedtektsfesta eigarandelskapital og eventuelt ved nedsetjing av annan kapital.
Høgaste aldersgrense for administrerande banksjef og andre fast tilsette er 70 år.
Endring av desse vedtektene kan fattast av generalforsamlinga. Avgjerd om vedtektsendring krev tilslutning frå minst to tredelar av dei avgitte stemmene.
Generalforsamlinga tek stilling til forslag frå styret om avvikling av sparebanken. Vedtak om avvikling vert fatta med same fleirtal som for vedtektsendringar.
Dersom sparebanken vert avvikla, skal dei overskytande midlar etter at alle forpliktingar er dekka, overførast til ein eller fleire sparebankstiftingar.
Vedtektene er godkjende av Finanstilsynet (tidlegare Kredittilsynet) 12. juli 1978 med endring den 19.12.1978, 13.05.1981, 16.03.1982, 19.10.1983, 07.03.1985, 05.07.1988, 20.03.1989, 28.12.1989, 12.02.1990, 12.04.1994, 03.03.1995, 12.05.1998, 21.03.2002, 25.06.2003, 11.03.2010, 26.04.2011, 08.12.2015 og 30.03.2017.
Li
.;~ •
. • `
, .
'' ~~~' ..~ '~.
J~' ♦ M ~
/ 1 ' \$
. ~ ~ 'i ~ :~ f.~..'~
.. ~'. - ` . ~ ~ ~ . ~ ~
. _ ' ~' • . . • ~ 1 , ~ ~'~' '
tc"
r~ _i~..;•j~~~~
- * •i -r•
.
..
I
'~`~
— ;. Ø
~ ,+~
~Z 1'Ø ' ^ • ~ a J
r~ •,` ~
Ekte lokalbank ved di side
ORG_ NR.-, 837 897 912 TELEFON- 57 64 85 10 WWW_I558_NO NETTPOST(_iVINDRESOGNSPAREØANK.NO
Øvre Årdal - Årdalstangen - iaprdat - 5o5ndat - BerØn
~, ~~• _
`
~ ~Y-. .~:~ , ~• r~( f~
_ * '"-~ _ •- _~= ~ y.
~ ..r • ~ ~ ...
t~ ,
~~
` ~ •
~
• ~
.~
.~.~ . " ~ ,~w
~j
~ • .
. ~ ;.I ~ ~ f~ ' "
~= ,r ' ~'~~ .- .~~ 'fi_•,...t, r .~~ ~
~~ ~ ti ~ ~ ~, • a ~~, ~
Y~• 1 ' a, V ~~~ ♦ ~ :~~ ~~: = /
~ . • _ ~ .f .~~~' = - ~`'.~
'.,å~ .~. — -"~'~~ ~''•?''~ "~ `%• ~ •=.
~ "~~ ~+ . . . .~ . ♦ ~ ~
ti . . ' - • ~ , ~ ' . . {' }~ w
~~ ` • ~~
~ . ~
p"~. ' J ~~ ~ ~~,..- i • i~ *+G- _ ``.
~•: ~ .
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.