Registration Form • Nov 23, 2018
Registration Form
Open in ViewerOpens in native device viewer
Aurland Sparebank vart skipa 18 mai 1883, og har forretningskontoret sitt i Aurland kommune.
Aurland Sparebank sitt føremål er å utføra forretninga og tenester som det er vanleg eller naturleg at sparebankar kan utføre, i samsvar med gjeldande lover og gjevne konsesjonar.
Grunnfondet til sparebanken er opphaveleg på kr. 1.468,38 og er ytt av Aurland kommune. Grunnfondet skal ikkje tilbakebetalast.
Stiftarar eller andre har ikkje rett til utbyte av verksemda.
Generalforsamlinga er Aurland Sparebank si øvste avgjerdsmakt.
Generalforsamlinga skal ha 12 medlemer med 7 varamedlemmer.
Medlemmene og varamedlemmene av generalforsamlinga møter personleg. Det er ikkje høve til å møta ved fullmaktshavar eller med rådgjevar.
6 medlemmer og 3 varamedlemmer skal veljast av og blant kundane til banken.
4 medlemmer og 3 varamedlemmer skal veljast av Aurland kommune.
2 medlemmer og 1 varamedlem skal veljast av og blant dei tilsette.
Myndige personar kan veljast som medlemmer av generalforsamlinga.
Medlemmer og varamedlemmer til generalforsamlinga vert valde for 4 år.
Generalforsamlinga fastset nærmare instruks om vala.
Tvistar om valet vert avgjorde av Finanstilsynet der dette følgjer av lov eller forskrift.
Aurland Sparebank sine myndige kundane har røysterett når det skal veljast medlemmer til generalforsamlinga i sparebanken blant kundane. Kvart kundeforhold gir ei stemme når ikkje anna følgjer av lova eller vedtektene.
Banken sine kundar kan veljast som medlem eller varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken.som representantar for kundane.
Kommunestyret i Aurland kommune vel 4 medlemmer og 3 varamedlemmer til generalforsamlinga.
Dei tilsette i Aurland Sparebank har røysterett når det skal veljast medlemmer blant dei tilsette til generalforsamlinga i sparebanken.
Dei tilsette i Aurland Sparebank kan veljast som medlem eller varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representantar for dei tilsette.
Ordinær generalforsamling skal haldast innan utgangen av mars månad kvart år.
Når dokument om saker som skal takast opp på generalforsamlinga, er tilgjengeleggjorde for medlemmene på nettsidene til sparebanken, gjeld ikkje lovkravet om at dokumenta skal sendast til medlemmene. Det same gjeld dokument som etter lova skal vera del av eller leggjast ved innkallinga til generalforsamlinga. Ein medlem av generalforsamlinga kan likevel krevja å få tilsendt dokument om saker som skal takast opp på generalforsamlinga.
Medlemmer som ikkje kan møte i generalforsamlinga, skal melde dette til banken så snart råd er og seinast fem dagar før møtet. Varamedlemmer skal kallast inn dersom ordinære medlemmer melder forfall.
Kvar medlem av generalforsamlinga har ei røyst.
Avgjerder i generalforsamlinga vert gjorde med fleirtal av dei gjevne røystene om ikkje anna går fram av desse vedtektene. Står røystene likt, gjeld det som møteleiaren røystar for.
På den ordinære generalforsamlinga skal desse sakene handsamast og avgjerast:
Leiaren av generalforsamlinga er omfatta av reglane for kreditt til tilsette/tillitsvalde.
Vedtak om eller fullmakt til å ta opp ansvarleg lån eller annan framandkapital vert gjort av generalforsamlinga med fleirtal som for vedtektsendring.
Styret har 5 medlemmer med 3 varamedlemmer som vert valde av generalforsamlinga.
Av dei fem medlemmene i styret har dei tilsette krav på eit styremedlem. Denne representanten skal ha personleg varamedlem, og begge representantane vert valde av og blant dei tilsette.
Styreleiar og nestleiar vert valde særskilt for 2 år.
Medlemmene og varamedlemmene til styret vert valde for 2 år.
Oppgåvene til styret følgjer av lov og forskrifter.
Det samla styret kan fungere som revisjonsutvalet til banken.
Sparebanken skal ha ein dagleg leiar. Den daglege leiaren vert tilsett av styret.
Oppgåvene til den dagleg leiaren følgjer av lov og forskrifter.
Generalforsamlinga vel ei valnemnd med 3 medlemmer og 3 varamedlemmer.
Valnemnda skal førebu val til generalforsamlinga, styret, valnemnd og revisor samt fremje forslag til godtgjersle til tillitsvalde og revisor.
Generalforsamlinga fastset nærmare instruks om valnemnda.
Overskotet av verksemda til banken etter utdeling av gåver skal leggjast til bankens fond.
Overskotsmidlar kan disponerast som utbytemidlar.
Utbyte kan nyttast til utbyte på innskot til grunnfond, gåver til ålmennyttige føremål, eit fond for slike gåver eller til gåve til stifting med ålmennyttige føremål.
Underskot etter resultatrekneskapen for siste rekneskapsår skal ein først søkjast dekka med høveleg overføring frå grunnfondskapitalen, irekna gåvefondet. Underskot som ikkje vert dekt slik, skal dekkjast med overføring frå kompensasjonsfondet. Underskot ut over dette skal dekkjast ved nedsetjing av annan kapital.
Endring av desse vedtektene kan vedtakast av generalforsamlinga. Avgjerd om å endra vedtektene i Aurland Sparebank krev tilslutnad frå minst to tredeler av røystene.
Generalforsamlinga tek stilling til styret sitt forslag om avvikling av banken. Vedtak om avvikling skal gjerast med same fleirtal som for vedtektsendringar.
Ved avvikling av Aurland Sparebank skal dei overskytande midlane til sparebanken etter at alle forpliktingar er dekte, overførast til ei eller fleire spare bankstiftingar.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.