AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

Quarterly Report Oct 31, 2014

3748_rns_2014-10-31_2d6d7531-1dde-4ece-b096-34adc778230a.pdf

Quarterly Report

Open in Viewer

Opens in native device viewer

DELÅRSRAPPORT DELÅRSRAPPORT

'

& REKNESKAP REKNESKAP EKNESKAP

  1. kvartal 2014

Styret si melding

Kvartalsrapport pr. 30.09.2014

Rekneskapen for 3. kvartal 2014 er utarbeida i samsvar med dei internasjonale rekneskapsstandardane (IFRS) vedteke av EU. Rekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34 "delårsrapportering". IFRS-rekneskapsstandard fører ikkje til realitetsendringar i underliggjande verdiar i rekneskapen, men vil føra til større svingingar i resultat og eigenkapital. Det som følgje av auka bruk av verkeleg verdi.

Alle tal som er kommentert gjeld for konsernet om ikkje anna er oppgjeve.

Driftsresultatet før skatt

Indre Sogn Sparebank fekk eit driftsresultat før skatt på NOK 25,21 mill. pr. 30.09.2014, mot NOK 19,05 mill. pr. 30.09.2013. Avviket skuldast i hovudsak høgare provisjonsinntekter, andre driftsinntekter, lågare tap på utlån og vinst på finansielle instrument, mellom anna grunna sal av banken sine aksjar i NETS. Pr. 30.09.2014 hadde banken NOK 0,27 mill. lågare rentenetto og NOK 1,94 mill. lågare tap på utlån enn pr. 30.09.2013.

Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før skatt – kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr. 30.09.2014 var NOK 2,16 mill. betre enn pr. 30.09.2013.

Driftsresultatet etter skatt gir ein eigenkapitalrentabilitet pr. 30.09.2014 på 10,45 %.

Rentenetto

Netto renteinntekter er utrekna til 1,65 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital, ein reduksjon på 0,05 %-poeng frå 30.09.2013. Netto renteinntekter gikk ned med NOK 0,27 mill. samanlikna med 30.09.2013. Det skuldast mellom sterkt press på rentenettoen og mindre utlånsvolum.

Driftsinntekter

Pr. 30.09.2014 var andre ordinære driftsinntekter (andre driftsinntekter + netto provisjonsinntekter/gebyr banktenester) NOK 16,76 mill. mot NOK 12,06 mill. pr. 30.09.2013. Dette skuldast auka andre driftsinntekter og gebyr- og provisjonsinntekter mellom anna grunna auka inntekter frå Eika Boligkreditt AS. Utbyte og vinst/tap på handel med verdipapir og valuta aukar ordinære driftsinntekter med NOK 9,86 mill. pr. 30.09.2014. Til same tid i fjor ga dette eit positivt bidrag på NOK 6,88 mill.

Driftskostnader

Pr. 30.09.2014 var driftskostnadene NOK 41,16 mill. mot NOK 37,96 mill. til same tid i fjor. Kostnadsauken skuldast i hovudsak auka løn- og personalkostnader, og auka andre kostnader. Kostnadsprosenten pr. 30.09.2014 er 64,70 % mot 63,05 % pr. 30.09.2013.

Tap på utlån og garantiar

Morbanken har pr. 30.09.2014 ført tap på utlån med NOK 3,06 mill. mot NOK 5,00 mill. til same tid i fjor. I løpet av 3. kvartal 2014, har morbanken redusert individuelle nedskrivingar med NOK 0,40 mill. Gruppenedskrivingane i morbank er redusert i 3. kvartal 2014 med NOK 0,30 mill. Sum individuelle nedskrivingar i morbank utgjer 0,39 % og nedskriving av grupper utgjer 0,23 % av brutto utlån pr. 30.09.2014.

Kapitaldekning

Pr. 30.09.2014 var konsernet si kapitaldekning 15,72 % mot 18,19 % pr. 30.09.2013. Utrekningsgrunnlaget har minka frå NOK 1.849,79 mill. pr. 30.09.2013 til NOK 1.821,65 mill. pr. 30.09.2014. Rein kjernekapitaldekning var 12,59 % pr. 30.09.2014 mot 10,75 % pr. 30.09.2013. Styret er nøgd med utviklinga av den reine kjernekapitalen. Morbanken har omstrukturert den ansvarlege kapitalen sin i 3. kvartal 2014 slik at han er meir tilpassa CRDV IV. Morbanken har i 3. kvartal 2014 innløyst ein fondsobligasjon stor NOK 40 mill. som ikkje vil bli fornya. I tillegg har morbanken varsla regulatorisk call på den konvertible obligasjonen banken har på NOK 60 mill. i 4. kvartal 2014. Denne obligasjonen vil bli erstatta med eit ansvarleg lån stort NOK 50 mill. For morbank inneber dette noko mindre ansvarleg kapital og kjernekapital. Morbanken ligg likevel langt over kapitalkrava. Frå 2015 inneber det òg ei halvering av kostnadane for dei ansvarlege låna og fondsobligasjonane. Endringa påverkar ikkje den reine kjernekapitalen som har styrka seg med 1,84 %-poeng siste år.

Avkastning på eigenkapitalbevisa

Driftsresultat pr. 30.09.2014 etter berekna skatt, vart NOK 20,43 mill. mot NOK 15,15 mill. pr. 30.09.2013. Eigenkapitalbeviskapitalen har ikkje auka i perioden. Difor er det heller ingen utvatningseffekt på resultatet pr. eigenkapitalbevis. Pr. 30.09.2014 utgjer avkastninga NOK 10,78 pr. eigenkapitalbevis etter skatt. I morbank pr. 30.09.2014 er avkastninga NOK 10,71 pr. eigenkapitalbevis etter skatt.

Utlån

I 2014 er utlåna i morbank reduserte med NOK 152,58 mill. eller 5,40 % til NOK 2.671,57 mill. Utlån til personkundar er redusert med NOK 78,73 mill. medan utlån til næringslivet er reduserte med NOK 73,85 mill. I tillegg yter banken NOK 876,81 mill. i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS. I 2014 er det ein auke i porteføljen på NOK 193,23 mill. Sett i samanheng med Eika Boligkreditt AS, hadde banken ein samla vekst dei siste 12 månadane på NOK 89,96 mill, eller 2,60 %.

Innskot

I 2014 har innskota i morbank auka med NOK 193,45 mill. eller 9,01 % til NOK 2.339,57 miill. Innskot frå personkundar har i 2014 auka med NOK 90,79 mill. medan innskot frå næringslivskundar har auka med NOK 102,66 mill. Innskotsdekninga i morbank pr. 30.09.2014 er 87,57 %.

Forvaltningskapital

Morbanken sin forvaltningskapital har i 2014 auka med NOK 115,91 mill. til NOK 3.582,62 mill. pr. 30.09.2014, ein auke på 3,34 %.

Dotterselskap

Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er 100 % eigd av banken. Selskapet vart kjøpt opp den 1. mai 2013 som ein del av banken si strategiske satsing på eigedomsmekling i Indre Sogn. Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000. Selskapet hadde eit resultat etter skatt på NOK 0,13 mill. i 3. kvartal 2014.

Utsiktene framover

Netto provisjonar har vist ein fin auke i 3. kvartal 2014 og det same har netto vinst på finansielle instrument. Styret forventar framleis auke i desse inntektene.

Styret har god kontroll på banken sin kreditt- og likviditetsrisiko. Kapitaldekninga er god, men banken jobbar vidare med å tilpassa seg ein kapitalstruktur som tek omsyn til styresmaktene og marknaden sine forventa krav til kapitaldekning, og forventningar om framtidig vekst. Siste året har morbanken auka mykje den reine kjernekapitalen sin. Morbanken føl kapitalplanen, men i perioden fram til banken har nådd ein rein kjernekapital på 14,5 %, vil det påverka utdelingsgraden.

Styret prioriterer arbeidet med å tilpassa banken til ein ny kvardag i høve kundebehov og konkurranse. I 2014 vil alle kassane i banken bli fasa ut samstundes som ny teknologi blir installert på kontora. I tredje kvartal 2014 vart kassane ved banken sine kontor i Øvre Årdal og Lærdal utfasa.

Det vert arbeidd kontinuerleg med kvalitet og kompetanseheving blant dei tilsette.

Årdalstangen den 30. oktober 2014.

Siv Enerstvedt (s.) Morten Kristiansen (s.) Jorunn Nilssen (s.) Fungerande styreleiar

Sonja-Mari H. Atterås (s.) Per Åke Evjestad (s.) Egon M. Moen (s.)

Adm. banksjef

Delårsrekneskap 3. kvartal 2014
--------------------------------- -- -- --
Morbank
RESULTAT (i 1.000 kr) 3. kv.14 3. kv.13 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013 30.09
.2014
Renteinntekter 35.105 36.232 104.588 104.893 141.024 4,02 %
Rentekostnader 20.608 20.660 61.776 61.818 82.364 2,38 %
Netto renteinntekter 14.498 15.572 42.813 43.075 58.660 1,65 %
Utbyte 195 1 4.055 5.073 5.073 0,16 %
Provisjonsinntekter m.v. 5.996 4.743 15.589 12.453 17.508 0,60 %
Provisjonskostnader m.v. 757 723 2.197 1.831 2.496 0,08 %
Netto vinst/tap på finansielle instrument 76 1.878 5.803 1.804 1.833 0,22 %
Andre driftsinntekter 107 95 281 537 809 0,01 %
Netto andre driftsinntekter 5.617 5.994 23.531 18.036 22.727 0,91 %
Løn og personalkostnader 5.320 5.714 18.757 18.026 24.358 0,72 %
Administrasjonskostnader 2.287 2.128 6.844 6.730 9.857 0,26 %
Avskrivingar på driftsmidlar 888 956 2.648 2.814 3.724 0,10 %
Andre driftskostnader 2.717 2.638 10.016 9.396 13.196 0,39 %
Sum driftskostnader før tap på utlån 11.212 11.436 38.265 36.966 51.134 1,47 %
Tap på utlån 480 1.338 3.055 4.995 9.286 0,12 %
Driftsresultat før skatt 8.423 8.792 25.024 19.150 20.968 0,96 %
Skattekostnad 2.352 2.272 4.732 3.903 5.022 0,18 %
Resultat etter skatt 6.071 6.520 20.292 15.247 15.945 0,78 %
Utvida resultat
Postar som ikkje vil bli reversert i ordinært resultat
Endring i estimatavvik pensjonsordning 0 0 0 0 -1.406 0,00 %
Postar som kan bli reversert i ordinært resultat
Verdiendring på finansielle eigendeler tilgjengeleg for sal -4.059 449 -5.838 1.486 11.537 -0,22 %
Utvida resultat etter skatt -4.059 449 -5.838 1.486 10.131 -0,22 %
Totalresultat 2.012 6.969 14.454 16.733 26.076 0,56 %
Basis og utvatna resultat per eigenkapitalbevis 3,20 3,48 10,71 8,13 8,51
% av
forv.kap.
BALANSE (i 1.000 kr) Morbank
BALANSE (i 1.000 kr)
Eigendelar 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013 30.09.2014
Kontantar og fordringar på sentralbankar 445.502 253.923 138.505 12,44 %
Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar 184.973 36.357 193.293 5,16 %
Utlån til og fordringar på kundar 2.655.397 2.797.740 2.803.486 74,12 %
Verdipapir til verkeleg verdi over resultatet 165.693 207.271 205.889 4,62 %
Verdipapir tilgjengeleg for sal 85.872 71.983 86.434 2,40 %
Investering i dotterselskap 2.301 1.300 2.301 0,06 %
Goodwill 0 0 0 0,00 %
Utsett skattefordel 762 288 762 0,02 %
Varige driftsmidlar 34.184 35.084 34.244 0,95 %
Overtekne og andre eigendelar 7.933 1.859 2.455 0,22 %
Sum eigendelar 3.582.617 3.405.805 3.467.369 100,00 %
Gjeld og eigenkapital
Gjeld til kredittinstitusjonar 1 85.007 10.132 0,00 %
Innskot frå kundar 2.339.571 2.110.171 2.146.118 65,30 %
Gjeld ved utsteda verdipapir 856.510 800.724 901.190 23,91 %
Anna gjeld 19.221 23.689 13.277 0,54 %
Pensjonsforpliktingar 1.134 1.444 2.684 0,03 %
Ansvarleg lånekapital 98.607 138.266 138.371 2,75 %
Sum gjeld 3.315.044 3.159.301 3.211.772 92,53 %
Opptent eigenkapital 182.844 165.334 191.160 5,10 %
Innskoten eigenkapital 64.437 64.437 64.437 1,80 %
Udisponert overskot etter skatt 20.292 16.733 0,57 %
Sum eigenkapital 267.573 246.504 255.597 7,47 %
Sum gjeld og eigenkapital 3.582.617 3.405.805 3.467.369 100,00 %
Postar utanom balansen
Garantiar 84.773 108.565 103.331
Garanti Eika Boligkreditt AS 112.156 72.963 78.213
Delårsrekneskap 3. kvartal 2014 gj.sn.
forv.kap.
Konsern
RESULTAT (i 1.000 kr) 3. kv.14 3. kv.13 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013 30.09
.2014
Renteinntekter 35.092 36.208 104.574 105.025 141.188 4,02 %
Rentekostnader 20.609 20.637 61.776 61.953 82.539 2,38 %
Netto renteinntekter 14.484 15.571 42.799 43.072 58.649 1,65 %
Utbyte 195 1 4.055 5.073 5.073 0,16 %
Provisjonsinntekter m.v.
Provisjonskostnader m.v.
5.994
757
4.743
733
15.587
2.197
12.453
1.855
17.508
2.510
0,60 %
0,08 %
Netto vinst/tap på finansielle instrument 76 1.878 5.803 1.804 1.833 0,22 %
Andre driftsinntekter 1.389 590 3.369 1.461 2.180 0,13 %
Netto andre driftsinntekter 6.897 6.479 26.617 18.936 24.084 1,02 %
Løn og personalkostnader 5.819 6.012 19.944 18.530 25.180 0,77 %
Administrasjonskostnader 2.555 2.181 7.245 6.819 10.278 0,28 %
Avskrivingar på driftsmidlar 888 956 2.648 2.814 3.730 0,10 %
Andre driftskostnader 3.230 2.870 11.318 9.801 13.735 0,44 %
Sum driftskostnader før tap på utlån 12.492 12.019 41.155 37.964 52.923 1,58 %
Tap på utlån 480 1.338 3.055 4.995 9.286 0,12 %
Driftsresultat før skatt 8.407 8.693 25.206 19.049 20.525 0,97 %
Skattekostnad 2.401 2.272 4.781 3.903 4.903 0,18 %
Resultat etter skatt 6.006 6.421 20.425 15.146 15.621 0,79 %
Utvida resultat
Postar som ikkje vil bli reversert i ordinært resultat
Endring i estimatavvik pensjonsordning 0 0 0 0 -1.406 0,00 %
Postar som kan bli reversert i ordinært resultat
Verdiendring på finansielle eigendeler tilgjengeleg for sal (4.059) 449 -5.838 1.486 11.537 -0,22 %
Utvida resultat etter skatt -4.059 449 -5.838 1.486 10.131 -0,22 %
Totalresultat 1.947 6.870 14.587 16.632 25.752 0,56 %
Basis og utvatna resultat per eigenkapitalbevis 3,42 10,78 8,07 8,34
% av
forv.kap.
BALANSE (i 1.000 kr) Konsern
Eigendelar 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013 30.09.2014
Kontantar og fordringar på sentralbankar 445.502 253.923 138.506
Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar
Utlån til og fordringar på kundar
184.973
2.656.339
36.357
2.798.416
193.293
2.804.016
Verdipapir til verkeleg verdi over resultatet 165.693 207.271 205.889
Verdipapir tilgjengeleg for sal 85.912 72.025 86.474
Investering i dotterselskap 0 0 0
Goodwill 912 912 912
Utsett skattefordel 879 288 879
Varige driftsmidlar 34.184 35.090 34.244
Overtekne og andre eigendelar 7.933 1.859 2.492
Sum eigendelar 3.582.326 3.406.141 3.466.705
Gjeld og eigenkapital
Gjeld til kredittinstitusjonar 1 85.007 10.132
Innskot frå kundar 2.326.545 2.095.970 2.131.209
Gjeld ved utsteda verdipapir
Anna gjeld
856.510
32.148
800.724
38.407
901.190
27.847
Pensjonsforpliktingar 1.134 1.444 2.684
Ansvarleg lånekapital 98.607 138.266 138.371
Sum gjeld 3.314.945 3.159.818 3.211.433
Opptent eigenkapital 182.519 165.334 190.835
Innskoten eigenkapital 64.437 64.437 64.437
Udisponert overskot etter skatt 20.425 16.552
Sum eigenkapital 267.381 246.323 255.272
Sum gjeld og eigenkapital 3.582.326 3.406.141 3.466.705
Postar utanom balansen
Garantiar
Garanti Eika Boligkreditt AS
84.773
112.156
108.565
72.963
103.331
78.213
12,44 %
5,16 %
74,15 %
4,63 %
2,40 %
0,00 %
0,03 %
0,02 %
0,95 %
0,22 %
100,00 %
0
0,00 %
64,95 %
23,91 %
0,90 %
0,03 %
2,75 %
92,54 %
5,09 %
1,80 %
0,57 %
7,46 %
100,00 %

i % av

Eigenkapitaloppstilling

Eigenkapitaloppstilling morbank pr. 30.09.2014

Innskoten
eigenkapital Opptent eigenkapital i 1.000 kr
Eigen
kapital
bevis
Overkurs
fond
Spare
banken sitt
fond
Utjamnings
fond
Gåvefond Fond for
urealiserte
gevinster
Sum eigen
kapital
Eigenkapital 01.01.2013 31.625 32.812 133.931 15.005 18.425 279 232.076
Resultat etter skatt 5.280 5.383 5.281 15.945
Utvida resultat
Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon -1.926 -1.926
Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon 520 520
Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje 11.537 11.537
Totalresultat 31.12.2013 0 0 3.874 5.383 5.281 11.537 26.076
Transaksjonar med eigarane
Utbetalt utbyte for 2012 -2.056 -2.056
Andre eigenkapitaltransaksjonar
Utbetalt frå gåvefond -500 -500
Eigenkapital 31.12.2013 31.625 32.812 137.805 18.332 23.206 11.816 255.597
Resultat etter skatt 20.292 20.292
Utvida resultat
Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon 0
Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon 0
Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje -5.838 -5.838
Totalresultat 30.09.2014 0 0 20.292 0 0 -5.838 14.454
Transaksjonar med eigarane
Utbetalt utbyte for 2013 -2.056 -2.056
Andre eigenkapitaltransaksjonar
Utbetalt frå gåvefond -423 -423
Eigenkapital 30.09.2014 31.625 32.812 158.098 16.276 22.783 5.978 267.573

Eigenkapitaloppstilling konsern pr. 30.09.2014

Innskoten
eigenkapital Opptent eigenkapital i 1.000 kr
Eigen
kapital
bevis
Overkurs
fond
Spare
banken sitt
fond
Utjamnings
fond
Gåvefond Fond for
urealiserte
gevinster
Sum eigen
kapital
Eigenkapital 01.05.2013 31.625 32.812 133.931 15.005 18.425 279 232.076
Resultat etter skatt 4.957 5.383 5.281 15.621
Utvida resultat
Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon -1.926 -1.926
Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon 520 520
Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje 11.537 11.537
Totalresultat 31.12.2013 0 0 3.551 5.383 5.281 11.537 25.752
Transaksjonar med eigarane
Utbetalt utbyte for 2012 -2.056 -2.056
Andre eigenkapitaltransaksjonar
Utbetalt frå gåvefond -500 -500
Eigenkapital 31.12.2013 31.625 32.812 137.482 18.332 23.206 11.816 255.272
Resultat etter skatt 20.425 20.425
Utvida resultat
Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon 0
Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon 0
Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje -5.838 -5.838
Totalresultat 30.06.2014 0 0 20.425 0 0 -5.838 14.587
Transaksjonar med eigarane
Utbetalt utbyte for 2013 -2.056 -2.056
Andre eigenkapitaltransaksjonar
Utbetalt frå gåvefond -423 -423
Eigenkapital 30.06.2014 31.625 32.812 157.907 16.276 22.783 5.978 267.380

Kontantstraumanalyse

i 1.000 kr
Morbank Konsern
3.kvartal 3.kvartal 3.kvartal 3.kvartal
2014 2013 31/12-2013 2014 2013 31/12-2013
Kontantstraumar frå operasjonelle aktivitetar
Resultat før skattekostnad 25.024 11.395 20.967 25.157 11.393 20.524
Betalt skatt i perioden -4.429 -4.947 -4.430 -4.402 -4.947 -4.447
Tap/gevinst ved sal av anleggsmidlar 5.249 0 -223 5.249 0 -223
Ordinære avskrivingar 2.648 1.858 3.724 2.648 1.858 3.730
Postar over utvida resultat -5.838 1.037 -5.838 1.037
Forskjell mellom kostnadsført pensjon og inn/utbet i ordning. -1.550 -1.500 -260 -1.550 -1.500 -260
Endring utlån (inn- og utbetalingar utlån/utnytta rammekreditt) 150.588 35.569 23.942 151.009 35.386 23.942
Endring gjeld til kredittinstitusjonar -10.131 -17 10.003 -10.131 -17 10.003
Endring innskot frå kundar 193.453 44.908 74.674 191.570 62.173 74.674
Endringar verdipapir til verkeleg verdi over resultatet 556 -246 466 556 -246 466
Endring i andre tidsavgrensingspostar -11.351 3.384 -7.058 -10.050 -13.696 -8.904
Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar 344.218 91.441 121.805 344.217 91.441 119.505
Kontantstraum frå investeringsaktivitetar
Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar 223 0 223
Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar -2.587 -350 -652 -2.587 -350 -652
Utbetalingar ved kjøp av aksjar i dotterselskap -2.301 0
Innbetalingar ved sal av langsiktige verdipapir (investeringsportefølje) 25.104 11.100 25.104 11.100
Utbetalingar ved kjøp av langsiktige verdipapir (investeringsportefølje) -10.066 -10.066
Innbetalingar ved sal av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak 36.602 12.880 36.602 12.880
Utbetalingar ved kjøp av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak -7.115 -2.662 -8.274 -7.115 -2.662 -8.274
Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar 41.938 8.088 1.876 41.938 8.088 4.177
Kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar
Innbetalingar ved opptak av obligasjonsinnlån 100.000 198.060 298.905 100.000 198.060 298.905
Utbetalingar ved nedbetaling av obligasjonsinnlån -185.000 -133.000 -270.000 -185.000 -133.000 -270.000
Utbetaling av utbyte -2.056 -2.056 -2.056 -2.056 -2.056 -2.056
Utbetalingar til gåver -423 -250 -500 -423 -250 -500
Netto kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar -87.479 62.754 163.349 -87.479 62.754 26.349
Netto kontantstraum for perioden 298.677 162.283 150.030 298.676 162.283 150.031
Kontantar og kontantekvivalentar ved byrjinga av perioden 331.798 181.768 181.768 331.799 181.768 181.768
Kontantar og kontantekvivalentar ved slutten av perioden 630.475 344.051 331.798 630.475 344.051 331.799
Denne er sett saman av:
Kontantar og fordringar på sentralbankar 445.502 275.032 138.505 445.502 275.032 138.506
Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar 184.973 69.019 193.293 184.973 69.019 193.293

Notar

1 Generell informasjon

Indre Sogn Sparebank er ein ekte lokalbank med kunden i sentrum. Banken er sjølvstendig og tilbyr banktenester, forsikring og verdipapirhandel. Banken tilbyr primært banktenestene sine til person- og næringslivskundar i Indre Sogn, men har òg avdeling i Bergen og har elles kundar ut over kommunegrensene. Indre Sogn Sparebank er notert på Oslo Børs med eigenkapitalbevis.

Rekneskapet gjeld for perioden 01.01.2014 til 30.09.2014. Alle tal er presentert i norske kroner og i heile tusen, med mindre anna er spesifisert i notane. Indre Sogn Sparebank innreknar dotterselskapet Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS i konsernreknskapet frå og med 01.05.2013 og har utarbeida konserntal for perioden frå oppkjøp til 30.09.2014.

Rekneskapet for tredje kvartal 2014 vart vedteke av styret 30. oktober 2014.

2 Rekneskapsprinsipp og rekneskapsestimat

Rekneskapet til Indre Sogn Sparebank er utarbeida i samsvar med IAS 34 (IFRS) og fortolkingar frå IFRS fortolkingskomité (IFRIC), som er fastset av EU.

Dei same rekneskapsprinsippa og berekningane som vart nytta i årsrekneskapen for 2013, med tillegg av IFRS 3 for konsernrekneskap frå og med 31.12.2013, er nytta i delårsrekneskapen for tredje kvartal 2014 med mindre anna kjem fram av notane nedanfor.

Når det gjeld ytingar til tilsette, pensjon, nytta Indre Sogn Sparebank tidleg bruk av revidert IAS 19 ved konvertering til IFRS i 2011. Endringar som følgje av IAS 19 har ikkje innverknad på rekneskapstala for 2013 eller tidlegare periodar.

For meir informasjon om rekneskapsprinsipp og informasjon om rekneskapsestimat, viser banken til årsrapporten for 2013 for Indre Sogn Sparebank.

3 Konserndanning

Indre Sogn Sparebank har kjøpt opp og kontrollerer 100 % av Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS. Selskapet skal drive med eigedomsmekling i Indre Sogn. Selskapet har tre tilsette.

Selskapet vart overteke 01.05.2013 og er ein del av den strategiske satsinga til banken på eigedomsmekling.

Innrekna goodwill i selskapet skuldast at selskapet har opparbeida seg høg marknadsandel og kompetanse på området. Indre Sogn Sparebank tilbyr eit breiare produktspekter som følgje av oppkjøpet og forventar at dette skal betre innteninga.

Den verkelege verdien av føretaket ved kjøp var NOK 1,3 mill. som vart oppgjort med kontantar.

Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000.

Goodwill

Innrekna goodwill i selskapet skuldast at selskapet har opparbeida seg høg marknadsandel og kompetanse på området. Indre Sogn Sparebank tilbyr eit breiare produktspekter som følgje av oppkjøpet og forventar at dette skal betre innteninga.

Goodwill vert vurdert for nedskriving ved kvart rapporteringstidspunkt.Goodwill NOK 912.000 referer seg til overtakinga av Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS den 01.05.2013. Banken si oppfatning er at denne verdien er intakt pr. 30.09.2014.

4 Transaksjonar med nærståande partar

Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS

Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er eit 100 % eigd dotterselskap og er eit reint eigedomsmeklingsføretak.

I konsernrekneskapen er bankinnskot eliminert med NOK 13,0 mill.

Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS har eit overrskot etter skatt pr. 30.09.2014 på NOK 182.090. Sjå òg note 3.

5 Hending etter balansedag

Det har ikkje forekome hendingar etter utløp av perioden som medfører justeringar av, eller tilleggsopplysningar i rekneskapet eller i notar til rekneskapet.

6 Informasjon om sektor og næring på utlån og fordringar til kundar og innskot frå kundar

i 1.000 kr
Konsern
30.09.2014 30.09.2013 2013 +/- 31.12.2013 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013
Lønstakarar 2.016.562 2.123.043 -158.336 2.094.794 2.017.504 2.123.719 2.096.363
Jordbruk, skogbruk, fiske 40.840 43.280 -6.948 43.016 40.840 43.280 43.016
Industri 35.394 35.341 9.232 33.807 35.394 35.341 33.807
Bygg og anlegg 85.333 94.569 3.833 88.802 85.333 94.569 88.802
Handel, hotell, transport, tenester 180.676 206.035 7.132 222.789 180.676 206.035 222.789
Finansiering, eigedomsdrift 263.576 261.955 -27.383 286.107 263.576 261.955 286.107
Offentleg forvaltning og andre 49.686 53.529 -3.742 54.832 49.686 53.529 54.832
Sum utlån før nedskrivingar 2.672.066 2.817.753 -176.213 2.824.147 2.673.008 2.818.429 2.825.716
Individuelle nedskrivingar -10.469 -13.413 3.082 -14.361 -10.469 -13.413 -14.700
Gruppevise nedskrivingar -6.200 -6.600 1.100 -6.300 -6.200 -6.600 -7.000
Sum utlån til og fordringar på kundar i balansen 2.655.397 2.797.740 -172.031 2.803.486 2.656.339 2.798.416 2.804.016
Utlånportefølje hos Eika Boligkreditt AS 876.805 640.658 384.367 683.576 876.805 640.658 683.576
Totale utlån 3.532.202 9.053.891 212.336 3.487.062 3.533.144 3.439.074 3.487.592
Innskot frå kundar Morbank Konsern
30.09.2014 30.09.2013 2013 +/- 31.12.2013 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013
Lønstakarar 1.474.907 1.392.286 165.012 1.383.891 1.474.907 1.392.286 1.383.891
Jordbruk, skogbruk fiske, fiske 57.664 53.912 10.919 54.742 57.664 53.912 54.742
Industri 36.279 49.323 16.245 37.565 36.279 49.323 37.565
Bygg og anlegg 47.962 35.323 -13.740 56.992 47.962 35.323 56.992
Handel, hotell, transport, tenester 53.481 51.798 -4.789 51.107 40.455 40.583 36.198
Finansiering, eigedomsdrift 378.290 386.914 -80.869 333.331 378.290 386.914 333.331
Offentleg forvaltning og andre 290.988 140.616 175.324 228.490 290.988 140.616 228.490
Sum innskot 2.339.572 2.110.171 268.101 2.146.118 2.326.546 2.098.956 2.131.209

7 Misleghald og tap på utlån morbank og konsern

a) Brutto- og netto mislighaldne engasjement i 1.000 kr
30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013
Engasjement som har vore misleghaldne i meir enn 90 dagar
Misleghald næringslivskundar 8.182 13.692 17.955
Misleghald personkundar 14.732 11.295 11.859
=
Brutto misleghaldne engasjement
22.914 24.987 29.814
-
Individuelle nedskrivingar
2.879 5.635 5.544
=
Netto misleghaldne engasjement
20.035 19.352 24.270
b) Engasjement som er tapsutsette men ikkje mislighaldne
Brutto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement 35.930 26.268 39.734
-
Individuelle nedskrivingar
7.590 7.776 8.817
=
Netto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement
28.340 18.492 30.917
c) Kostnadsførte tap gjennom året 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013
Kostnadsførte konstaterte tap med tidligare
individuelle nedskrivingar 6.699 5.574 9.210
Kostnadsførte konstaterte tap utan tidligare 0 0
individuelle nedskrivingar 767 355 398
Inngått på tidligare kostaterte tap 419 95 131
Nye individuelle nedskrivningar 3.701 4.146 7.596
Auke i eksisterande individuelle nedskrivingar 0 1.590 3.200
Konstaterte tidligare individuelle nedskrivingar 6.789 0 9.487
- Reduserte individuelle nedskrivinger 804 5.875 500
=
Netto resultateffekt individuelle nedskrivingar
3.155 5.695 10.286
+/- Periodens endring i gruppenedskrivning -100 -700 -1.000
=
Kostnadsførte tap på utlån
3.055 4.995 9.286
=
Tapskostnader på garantiar i inneverande år
0 0 0
Individuelle nedskrivingar på utlån og garantiar gjennom året
+
Individuelle nedskrivnigar på utlån per 01.01
14.361 13.551 13.552
-
Konstaterte tap gjennom året som er individuelt nedskrivne tidlegare år
6.789 5.575 9.487
+
Netto auka individuelle nedskrivingar gjennom året
+
Nye individuelle nedskrivingar gjennom året
0
3.701
1.591
4.146
3.200
7.596
-
Tilbakeførte individuelle nedskrivingar på utlån gjennom året
805 300 500
=
Individuelle nedskrivingar på utlån
10.468 13.413 14.361
Tapsavsetninger på garantiar 0 0 0
Gruppenedskrivingar på utlån m.v. gjennom året
Gruppenedskrivingar til dekking av tap på utlån m.v. pr. 01.01 6.300 7.300 7.300
+/- Endring gruppenedskriving gjennom året -100 -700 -1.000
=
Gruppenedskriving til dekking av tap på utlån
6.200 6.600 6.300
d) Inntektsførde renter der det er føreteke nedskriving
Inntektsførde renter på utlån der det er føreteke nedskriving 1.112 1.113 1.229

8 Engasjement med risikoklassifisering

i 1.000 kr.
Morbank Morbank Morbank Morbank Morbank
Risikoklasse Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving Netto engasjement %
Personmarknad 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013
Låg 2.152.321 2.265.878 100 1.606 64 790 2.152.157 2.263.481 68,0 % 67,8 %
Normal 54.336 52.478 0 0 0 0 54.336 52.478 1,7 % 1,6 %
Høg 3.514 8.606 29 326 19 160 3.466 8.119 0,1 % 0,2 %
Problemengasjement 3.019 3.763 1.716 1.323 1.101 651 203 1.789 0,0 % 0,1 %
Ikkje klassifiserte 5.340 7.356 13 651 8 320 5.319 6.384 0,2 % 0,2 %
Sum 2.218.531 2.338.080 1.858 3.906 1.191 1.922 2.215.482 2.332.252 70,0 % 69,8 %
0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
Næringsliv 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
Låg 798.458 768.181 0 0 0 0 798.458 768.181 25,2 % 23,0 %
Normal 99.492 188.306 0 2.550 0 1.255 99.492 184.501 3,1 % 5,5 %
Høg 62.764 64.446 7.310 6.557 4.688 3.226 50.766 54.663 1,6 % 1,6 %
Problemengasjement 3.119 843 500 0 321 0 2.299 843 0,1 % 0,0 %
Ikkje klassifiserte 0 42 0 400 0 197 0 -555 0,0 % 0,0 %
Sum 963.834 1.021.818 7.810 9.507 5.009 4.678 951.015 1.007.633 30,0 % 30,2 %
Risikoklasse Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving Netto engasjement %
TOTAL 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013
Låg 2.950.779 3.034.058 100 1.606 64 790 2.950.615 3.031.662 93,2 % 90,8 %
Normal 153.828 240.784 0 2.550 0 1.255 153.828 236.979 4,9 % 7,1 %
Høg 66.278 73.052 7.339 6.883 4.707 3.387 54.233 62.782 1,7 % 1,9 %
Problemengasjement 6.139 4.607 2.216 1.323 1.421 651 2.502 2.633 0,1 % 0,1 %
Ikkje klassifiserte 5.340 7.397 13 1.051 8 517 5.319 5.829 0,2 % 0,2 %
Sum 3.182.364 3.359.898 9.668 13.413 6.200 6.600 3.166.497 3.339.885 100,0 % 100,0 %

Brutto engasjement inkluderar utlån til kundar før nedskriving, unytta kredittrammer, garantiar og unytta garantirammer.

9 Gjeld ved utsteda verdipapir

i 1.000 kr
Bokført verdi Rente
Lånetype/ISIN Låneopptak Siste forfall Pålydande 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013 vilkår
Sertifikat- og obligasjonslån
NO0010566847 19.03.2010 19.03.2015 165.000 165.322 164.882 164.922 3 mnd. NIBOR + 1,15 %
NO0010592058 19.11.2010 19.11.2014 150.000 105.260 150.341 150.361 3 mnd. NIBOR + 1,30 %
NO0010612419 06.06.2011 06.06.2014 100.000 0 100.162 100.172 3 mnd. NIBOR + 0,95 %
NO0010649205 06.06.2012 06.06.2017 125.000 125.167 124.983 125.058 3 mnd. NIBOR + 2,25 %
NO0010664931 30.11.2012 30.11.2015 100.000 100.225 100.200 100.201 3 mnd. NIBOR + 1,15 %
NO0010671274 06.02.2013 06.02.2017 100.000 100.063 100.188 100.197 3 mnd. NIBOR + 1,20 %
NO0010672967 07.03.2013 07.03.2016 110.000 110.345 59.968 110.317 3 mnd. NIBOR + 1,10 %
NO0010699176 13.12.2013 13.12.2018 50.000 50.028 49.962 3 mnd. NIBOR + 1,15 %
NO0010700370 14.01.2014 14.10.2016 100.000 100.100 3 mnd. NIBOR + 0,83 %
Sum gjeld ved utsteda verdipapir 856.510 800.724 901.190
Fondsobligasjonar
NO0010238264 29.09.2004 Evigvarande 40.000 0 39.936 39.953 3 mnd. NIBOR + 2,15 % 1)
Calldato 29.09.2014
NO0010606270 06.05.2011 Evigvarande 60.000 58.595 58.141 58.188 3 mnd. NIBOR + 5,50 % 2)
NO0010675747 30.04.2013 Evigvarande 40.000 40.012 40.189 40.196 3 mnd. NIBOR + 4,90 % 3)
Calldato 30.04.2018
Sum ansvarleg lånekapital 98.607 138.266 138.337

1) Frå 29.09.2014 aukar rentetillegget (margin til referanserente) med 1 % til 3,15 %. Banken gjorde opp lånet 29.09.2014 til kurs 100 %.

2) Lånet har ein konverteringsrett for obligasjonseigarane, som kan velja å kovertere obligasjonar til eigenkapitalbevis til kurs 100 på kvart rentebetalingstidspunkt fram til og med 15.03.2016. Rentevilkåra til lånet er inklusive konverteringsretten er uvesentleg forskjellige frå alternative vilkår utan konverteringsrett. Banken har difor ikkje skilt ut ein eigenkapitalandel frå lånet. Lånet tel som kjernekapital.

3) Lånet tel som kjernekapital også etter EU-forordningen for Basel III, og er godkjent av Finanstilsynet som kjernekapital. Banken kan frå 30.04.2018, og seinare kvartalsvis på rentereguleringsdatoar, innfri lånet heilt til kurs 100 %.

10 Ansvarleg kapital

i 1.000 kr
Morbank Konsern
Kjernekapital: 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013
Eigenkapitalbevis 31.625 31.625 31.625 31.625 31.625 31.625
Overkursfond 32.812 32.812 32.812 32.812 32.812 32.812
Sparebankens fond 137.805 133.931 148.470 137.480 133.830 138.887
Gåvefond 22.783 18.175 17.925 22.783 18.175 23.206
Utjamningsfond 16.276 12.949 12.949 16.276 12.949 18.332
Frådrag -10.762 -29.690 -27.087 -11.680 -30.602 -29.658
Rein kjernekapital 230.539 199.802 216.694 229.296 198.789 215.204
Fondsobligasjonar 98.008 137.617 137.711 98.008 137.617 137.711
Frådrag -40.894 -40.920
Kjernekapital 287.653 337.419 354.405 286.384 336.406 352.915
Tilleggskapital 2.152 2.152
Frådrag -2.152 -2.152
NETTO ANSVARLEG KAPITAL 287.653 337.419 354.405 286.384 336.406 352.915
Eksponeringskategori:
Statar 0 0 0 0 0 0
Lokal regional styresmakt 2.200 3.200 2.200 2.200 3.200 2.200
Institusjonar 4.293 78.911 123.816 4.293 78.911 123.816
Føretak
Pantesikra eigedom
208.428
1.180.927
214.661
1.170.046
178.454
1.228.462
208.428
1.180.927
213.403
1.170.046
176.193
1.228.462
Forfalne engasjement 21.790 23.041 28.013 21.790 23.041 28.013
Obligasjonar med fortrinnsrett 10.515 11.474 11.442 10.515 11.474 11.442
Institusjonar og føretak med kortsiktig rating 36.821 36.821
Andelar verdipapirfond 0 34.393 34.909 0 34.393 34.909
Egenkapitalposisjonar 43.942 41.681
Andre engasjement 177.588 228.470 203.331 178.530 229.152 203.898
Kapitalkrav frå operasjonell risiko 136.463 122.766 136.467 136.463 122.766 136.467
Frådrag 0 -36.594 -37.292 0 -36.594 -37.428
SUM BEREKNINGSGRUNNLAG 1.822.967 1.850.369 1.909.801 1.821.648 1.849.793 1.907.971
Kapitaldekning % 15,78 % 18,24 % 18,56 % 15,72 % 18,19 % 18,50 %
Kjernekapitaldekning % 15,78 % 18,24 % 18,56 % 15,72 % 18,19 % 18,50 %
Rein kjernekapitaldekning % 12,65 % 10,80 % 11,35 % 12,59 % 10,75 % 11,28 %

11 Eigenkapitalbevis

Banken sine eigenkapitalbevis er alle ført i 1 -ein- klasse og utgjer per 30.09.2014 NOK 31.625.000 delt på 632.500 eigenkapitalbevis pålydande NOK 50,-.

Eigarandelsbrøken for 2013 er utrekna med utgangspunkt i eigenkapitalfordeling pr. 31.12.2012, justert for utbetalingar gjennom 2013. Tilsvarande er eigarandelsbrøken for 2014 utrekna med utgangspunkt i fordeling pr. 31.12.2013 justert for utbetalingar gjennom 2014.

i 1.000 kr
Eigarandelsbrøk, morbank 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013
Eigenkapitalbevis 31.625 31.625 31.625
Overkursfond 32.812 32.812 32.812
Utjamningsfond 16.276 12.949 16.276
Sum eigarandelskapital (A) 80.713 77.386 80.713
Sparebankens fond 137.805 133.931 137.805
Gåvefond 22.783 18.175 23.206
Grunnfondskapital (B) 160.589 152.106 161.011
Fond for urealisert vinst 5.978 1.316 11.816
Avsett utbyte, gåver og konsernbidrag 0 0 2.056
Anna eigenkapital 0 8.728 0
Sum eigenkapital 247.281 239.535 243.114
Eigarandelsbrøk A / (A+B) 33,45 % 33,72 % 33,39 %
Utbyte
Avsett utbyte per eigenkapitalbevis (tal i heile kr.) 3,25 0,00 3,25
Samla utbyte 2.056 0 2.056

Dei 20 største eigarane pr. 30.09.2014 utgjer 48,35 % av eigenkapitalbeviskapitalen.

30.09.2014
Namn Tal bevis % Namn Tal bevis %
MP PENSJON PK 50.383 7,97 % SECURUS AS 10.000 1,58 %
VERDIPAPIRFONDET EIK 41.930 6,63 % THU LEIF MAGNE 8.498 1,34 %
DØSKELAND BØRGE 32.980 5,21 % LUSTER SPAREBANK 7.600 1,20 %
ROGNE HELGE 24.313 3,84 % AURLAND SPAREBANK 6.800 1,08 %
EUROVEST AS 23.321 3,69 % VIK SPAREBANK 6.650 1,05 %
BEES HOLDING AS 23.000 3,64 % MOEN EGON MOGENS 6.000 0,95 %
EIKA GRUPPEN AS 11.200 1,77 % HARALD ESPEDAL AS 5.966 0,94 %
TH DAHL AS 10.800 1,71 % HALVARD HANEVOLD AS 5.700 0,90 %
ÅRDAL KOMMUNE 10.000 1,58 % WIKBORG TORD GEIR 5.550 0,88 %
HEYERN AS 10.000 1,58 % NOTOV AS 5.140 0,81 %
SUM 305.831 48,35 %
30.09.2013
Namn Tal bevis % Namn Tal bevis %
MP PENSJON PK 50.383 7,97 % HEYERN AS 10.000 1,37 %
VERDIPAPIRFONDET EIK 41.930 7,38 % TH DAHL AS 8.244 1,30 %
KØHLERGRUPPEN AS 33.816 5,35 % LUSTER SPAREBANK 7.600 1,26 %
ROGNE HELGE 27.233 3,87 % AURLAND SPAREBANK 6.800 1,21 %
BEES HOLDING AS 23.000 3,64 % THU LEIF MAGNE 6.653 1,20 %
DØSKELAND BØRGE 20.850 1,77 % VIK SPAREBANK 6.650 1,08 %
WAHLSTRØM ERIK 12.095 1,58 % MOEN EGON MOGENS 6.000 1,05 %
EIKA GRUPPEN AS 11.200 1,58 % WIKBORG TORD GEIR 5.550 0,95 %
ÅRDAL KOMMUNE 10.000 1,49 % HUGIN INVEST AS 5.000 0,88 %
EUROVEST AS 10.000 1,30 % GG EIENDOM AS 5.000 0,79 %
SUM 308.004 48,70 %

12 Verdipapir

Verdsetjingshierarki for verdipapir, til verkeleg verdi. Verkeleg verdi tilsvarar balanseført verdi.

i 1.000 kr.
30.09.2014
NIVÅ 1 NIVÅ 2 NIVÅ 3
Verdsettings- Verdsettings
Kvoterte teknikk teknikk
prisar i basert på basert på ikkje
aktive observerbare observerbare
marknader marknadsdata marknadsdata Total
Verdipapir haldne for handelsføremål 0
Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi 992 156.117 8.585 165.693
Verdipapir tilgjengeleg for sal 85.912 85.912
Sum eigendelar 992 156.117 94.497 251.605
Avstemming av nivå 3
Inngåande balanse 01.01.2014 95.265
Realisert gevinst resultatført 4.778
Urealisert gevinst og tap resultatført -291
Urealisert gevinst og tap i andre resultatkomponentar -5.838
Investering 8.666
Sal -8.083
Utgåande balanse 30.09.2014 94.497
30.09.2013
NIVÅ 1 NIVÅ 2 NIVÅ 3
Kvoterte
prisar i
aktive
marknader
Verdsettings-
teknikk
basert på
observerbare
marknadsdata marknadsdata
Verdsettings
teknikk
basert på ikkje
observerbare
Total
Verdipapir haldne for handelsføremål 0
Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi 27.350 170.965 8.956 207.271
Verdipapirer tilgjengeleg for sal 72.025 72.025
Sum eigendelar 27.350 170.965 80.981 279.296
Avstemming av nivå 3
Inngåande balanse 01.01.2013 90.655
Urealisert gevinst og tap resultatført 447
Urealisert gevinst og tap i andre resultatkomponentar 1.486
Investering 330
Sal -11.937
Utgåande balanse 30.09.2013 80.981

Definisjon av nivå for måling av verkeleg verdi:

Nivå 1 – Verdsetjing skjer i høve til kvoterte prisar i ein aktiv marknad for identiske eigendelar/forpliktingar. Eit finansielt instrument vert vurdert som kvotert i ein aktiv marknad dersom kursar er enkelt og regelmessig tilgjengeleg frå ein børs, forhandlar, meklar, næringsgruppering, prissettingsteneste eller reguleringsstyresmakt, og desse kursane representerer faktiske og regelmessig førekomande marknadstransaksjonar på ei armlengd avstand. I kategorien inngår mellom anna børsnoterte aksjar og likvide aksje- og pengemarknadsfond.

Nivå 2 – Verdsetjing skjer gjennom annan input enn kvoterte prisar på nivå 1 som er observerbare for eigendelen/forpliktinga, enten direkte eller indirekte (utleia prisar). I dei tilfelle der det ikkje finst tilgjengelege marknadsprisar i ein aktiv marknad, er instrumenta først og fremst forsøkt verdsett ved hjelp av verdsetjingsmetodar basert på observerbare input/og eller tilnærma likearta instrument/produkt. Prising av renteberande papir, mellom anna fastrenteutlån, vert basert på rentekurver henta i aktive marknader. Verkeleg verdi på finansielle instrument tilgjengeleg for sal, vert fastsett for obligasjonar av Swedbank.

Nivå 3 – Verdsetjing på input som ikkje er basert på observerbare marknadsdata. Dersom fastsetjing av verdi ikkje er tilgjengeleg i høve til nivå 1 og nivå 2, vert verdsetjingsmetodar som baserer seg på ikkje-observerbar informasjon nytta. For aksjar som ikkje vert handla i regulert marknad vert siste omsette kurs nytta, eller nylege emisjonskursar, et. bokført verdi av eigenkapital. Konsernet gjer føresetnader basert på marknadsforholda som eksisterer på kvar balansedag. Pr. 30.09.2014 har banken sett verdien på aksjane i Eika Gruppen til 90 % av verdsetjing føreteke av finansavdelinga i Eika Gruppen. Verdien er vurdert etter anerkjente metodar for verdivurdering, og er utført av Eika Gruppen AS sin bankanalytikar. Verdien er sett til NOK 90,- pr. aksje.

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.