M&A Activity • Nov 23, 2018
M&A Activity
Open in ViewerOpens in native device viewer
Styra i Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank har i dag vedteke fusjonsplan for samanslåing av bankane. Målet med fusjonen er å skape ein slagkraftig bank i Sogn som skal vere godt posisjonert for framtida.
Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank er tre sterke og lokalt forankra bankar med tyngdepunkt i Årdal, Lærdal, Aurland og Vik. Indre Sogn Sparebank har i tillegg kontor i Sogndal og Bergen. 20 juni 2018 vart det kommunisert at dei tre bankane hadde vedteke å gå i tingingar om ein mogleg fusion. Bankane er komplimentære i si verksemd og utfyller kvarandre godt.
I samband med fusionen vil det ikkie bli oppretta sparebankstiftingar. Grunnfondskapitalen som bankane går inn med i den nye banken vil bli øyremerka og vil danna grunnlag for lokale gåvetildelingar og etablering av eventuelle framtidige stiftingar. Gåvetildelingane vil bli viktige og ein vil vidareføre bankane sine gåver og store engasjement i lokalsamfunna.
Banksjefane utrykker stor glede over at fusjonsavtalen no er vedteken. Grunnlaget for å kome dit har vore ein grundig og god prosess som har ivareteke alle bankane sine interesser.
Med denne endringa ynskjer ein å ta vare på lokalbanken og samstundes rigga den for framtida. Vi endrar for å ta vare på.
Fusjonsavtalen vert lagt fram for generalforsamlingane for avgjerd den 18. desember 2018.
Adm. banksjef i den samanslegne banken vil vere Mads Arnfinn Indrehus. Styreleiar vert Morten Kristiansen og nestleiar i styret vert Arve Tokvam. Det nye bankkonsernet vil ha 55 tilsette i 5 kommunar og ein forvaltningskapital på 7,8 milliardar kroner.
Kontaktpersonar
Indre Sogn Sparebank: Adm. banksjef Egon M. Moen, tlf: 900 82 415 Styreleiar Morten Kristiansen, tlf: 908 28 429
Aurland Sparebank: Banksjef Gunnar Skahjem, tlf: 913 74 994 Styreleiar Arve Tokvam, tlf: 907 85 950
Vik Sparebank Banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf: 909 50 615 Styreleiar Olav Vikøren, tlf: 917 10 403
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.