Interim / Quarterly Report • May 2, 2014
Interim / Quarterly Report
Open in ViewerOpens in native device viewer
'
& REKNESKAP REKNESKAP EKNESKAP
Rekneskapen for 1. kvartal 2014 er utarbeida i samsvar med dei internasjonale rekneskapsstandardane (IFRS) vedteke av EU. Rekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34 "delårsrapportering". IFRS-rekneskapsstandard fører ikkje til realitetsendringar i underliggjande verdiar i rekneskapen, men vil føra til større svingingar i resultat og eigenkapital. Det som følgje av auka bruk av verkeleg verdi.
Alle tal som er kommentert gjeld for konsernet om ikkje anna er oppgjeve. Konsernet vart danna 01.05.2013, slik at morbank 1. kvartal 2013 er både morbank og konsern.
Indre Sogn Sparebank fekk eit driftsresultat før skatt på NOK 6,23 mill. pr. 31.03.2014, mot NOK 3,53 mill. pr. 31.03.2013. Avviket skuldast i hovudsak betre rentenetto, høgare provisjonsinntekter og vinst på finansielle instrument. Pr. 31.03.2014 hadde banken NOK 0,87 mill. høgare rentenetto og NOK 0,83 mill. lågare tap på utlån enn pr. 31.03.2013.
Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før skatt – kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr. 31.03.2014 var NOK 1,74 mill. betre enn pr. 31.03.2013.
Driftsresultatet etter skatt gir ein eigenkapitalrentabilitet pr. 31.03.2014 på 7,18 %.
Netto renteinntekter er utrekna til 1,67 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital, det er 0,09 %-poeng betre enn pr. 31.03.2013. Netto renteinntekter auka med NOK 0,87 mill. samanlikna med 31.03.2013. Det skuldast mellom anna lågare innlånskostnader. Det er framleis sterkt press på rentenettoen, men banken har auka marginen siste år.
Pr. 31.03.2014 var andre ordinære driftsinntekter (andre driftsinntekter + netto provisjonsinntekter/gebyr banktenester) NOK 5,27 mill. mot NOK 3,28 mill. pr. 31.03.2013. Dette skuldast auka andre driftsinntekter og gebyr- og provisjonsinntekter. Utbyte og vinst/tap på handel med verdipapir og valuta aukar ordinære driftsinntekter med NOK 1,55 mill. pr. 31.03.2014. Til same tid i fjor ga dette eit positivt bidrag på NOK 1,14 mill.
Pr. 31.03.2014 var driftskostnadene NOK 14,50 mill. mot NOK 13,10 mill. til same tid i fjor. Kostnadsauken skuldast i hovudsak at i 1. kvartal 2013 er morbanken både konsern og morbank. Kostnadsprosenten pr. 31.03.2014 er 73,79 % mot 75,52% pr. 31.03.2013.
Banken har pr. 31.03.2014 ført tap på utlån med NOK 0,02 mill. mot NOK 0,85 mill. til same tid i fjor. I løpet av 1. kvartal 2014, har morbanken redusert individuelle nedskrivingar med NOK 5,71 mill. Gruppenedskrivingane i morbank har auka i 1. kvartal 2014 med NOK 0,40 mill. Sum individuelle nedskrivingar i morbank utgjer 0,31 % og nedskriving av grupper utgjer 0,21 % av brutto utlån pr. 31.03.2014.
Pr. 31.03.2014 var banken si kapitaldekning 18,91 % mot 17,28 % pr. 31.03.2013. Utrekningsgrunnlaget har auka frå NOK 1.832,93 mill. pr. 31.03.2013 til NOK 1.869,98 mill. pr. 31.03.2014. Rein kjernekapitaldekning var 11,54 % pr. 31.03.2014 mot 10,15 % pr. 31.03.2013.
Driftsresultat pr. 31.03.2014 etter berekna skatt, vart NOK 4,57 mill. mot NOK 2,80 mill. pr. 31.03.2013. Eigenkapitalbeviskapitalen har ikkje auka i perioden. Difor er det heller ingen utvatningseffekt på resultatet pr. eigenkapitalbevis. Pr. 31.03.2014 utgjer avkastninga NOK 2,41 pr. eigenkapitalbevis etter skatt. I morbank pr. 31.03.2014 er avkastninga NOK 2,35 pr. eigenkapitalbevis etter skatt.
I 2014 er utlåna i morbank reduserte med NOK 23,45 mill. eller 0,87 % til NOK 2.800,70 mill. Utlån til personkundar er redusert med NOK 2,52 mill. medan utlån til næringslivet er reduserte med NOK 20,93 mill. I tillegg yter banken NOK 732,13 mill. i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS. I 2014 er det ein auke i porteføljen på NOK 48,56 mill. Sett i samanheng med Eika Boligkreditt AS, hadde banken ein samla vekst dei siste 12 månadane på NOK 187,03 mill, eller 5,59 %.
I 2014 har innskota i morbank gått ned med NOK 68,84 mill. eller 3,21 % til NOK 2.077,28 mill. Innskot frå personkundar har i 2014 auka med NOK 32,88 mill. medan innskot frå næringslivskundar har gått ned med NOK 101,72 mill. Innskotsdekninga i morbank pr. 31.03.2014 er 74,17 %.
Forvaltningskapitalen i morbank har i 2014 gått ned med NOK 66,36 mill. til NOK 3.400,47 mill. pr. 31.03.2014, ein reduksjon på 1,91 %.
Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er 100 % eigd av banken. Selskapet vart kjøpt opp den 1. mai 2013 som ein del av banken si strategiske satsing på eigedomsmekling i Indre Sogn. Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000. Selskapet hadde eit resultat etter skatt på NOK 0,13 mill. 1. kvartal 2014.
Netto renteinntekter og provisjonar har vist ein fin auke i 1. kvartal 2014 og det same har netto vinst på finansielle instrument. Styret forventar framleis auke i desse inntektene.
Styret har god kontroll på banken sin kreditt- og likviditetsrisiko. Kapitaldekninga er god, men banken vil styrke den reine kjernekapitalen framover. Utbytepolitikken til banken er uendra. Til banken har nådd måla sine i høve rein kjernekapital, vil dette påverka utdelingsgraden.
Styret prioriterer arbeidet med å tilpassa banken til ein ny kvardag i høve kundebehov og konkurranse. I 2014 vil alle kassane i banken bli fasa ut samstundes som ny teknologi blir installert på kontora.
Det vert arbeidd kontinuerleg med kvalitet og kompetanseheving blant dei tilsette.
Årdalstangen den 30. april 2014
Fungerande styreleiar
Siv R. Enerstvedt (s.) Morten Kristiansen (s.) Jorunn Irene A. Nilssen (s.)
Sonja-Mari H. Atterås (s.) Per Åke Evjestad (s.) Egon M. Moen (s.)
Adm. Banksjef
| i % av gj.sn. |
i % av gj.sn. |
||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Delårsrekneskap 1. kvartal 2014 | forv.kap. | forv.kap. | |||||
| *Morbank | Konsern | ||||||
| RESULTAT (i 1.000 kr) | 31.03.2014 | 31.03.2013 31.12.2013 31.03.2014 | 31.03.2014 | 3 1.12.2013 |
31.03.2014 | ||
| Renteinntekter | 34.447 | 33.479 | 141.024 | 4,12 % | 34.446 | 141.188 | 4,12 % |
| Rentekostnader | 20.511 | 20.413 | 82.364 | 2,45 % | 20.512 | 82.539 | 2,45 % |
| Netto renteinntekter | 13.937 | 13.066 | 58.660 | 1,67 % | 13.935 | 58.649 | 1,67 % |
| Utbyte Provisjonsinntekter m.v. |
448 4.818 |
1.003 3.668 |
5.073 17.508 |
0,05 % 0,58 % |
448 4.818 |
5.073 17.508 |
0,05 % 0,58 % |
| Provisjonskostnader m.v. | 691 | 545 | 2.496 | 0,08 % | 691 | 2.510 | 0,08 % |
| Netto vinst/tap på finansielle instrument | 1.102 | 138 | 1.833 | 0,13 % | 1.102 | 1.833 | 0,13 % |
| Andre driftsinntekter | 138 | 153 | 809 | 0,02 % | 1.139 | 2.180 | 0,14 % |
| Netto andre driftsinntekter | 5.815 | 4.417 | 22.727 | 0,70 % | 6.816 | 24.084 | 0,82 % |
| Løn og personalkostnader | 7.348 | 6.681 | 24.358 | 0,88 % | 7.765 | 25.180 | 0,93 % |
| Administrasjonskostnader | 1.776 | 2.219 | 9.857 | 0,21 % | 1.859 | 10.278 | 0,22 % |
| Avskrivingar på driftsmidlar | 879 | 928 | 3.724 | 0,11 % | 879 | 3.730 | 0,11 % |
| Andre driftskostnader | 3.621 | 3.271 | 13.196 | 0,43 % | 3.996 | 13.735 | 0,48 % |
| Sum driftskostnader før tap på utlån | 13.623 | 13.099 | 51.134 | 1,63 % | 14.498 | 52.923 | 1,73 % |
| Tap på utlån | 22 | 853 | 9.286 | 0,00 % | 22 | 9.286 | 0,00 % |
| Driftsresultat før skatt Skattekostnad |
6.106 1.658 |
3.531 730 |
20.967 5.022 |
0,73 % 0,20 % |
6.231 1.658 |
20.525 4.903 |
0,75 % 0,20 % |
| Resultat etter skatt Utvida resultat |
4.448 | 2.801 | 15.945 | 0,53 % | 4.573 | 15.621 | 0,55 % |
| Postar som ikkje vil bli reversert i ordinært resultat | |||||||
| Endring i estimatavvik pensjonsordning | 0 | -1.406 | 0,00 % | 0 | -1.406 | 0,00 % | |
| Postar som kan bli reversert i ordinært resultat | |||||||
| Verdiendring på finansielle eigendeler tilgjengeleg for sal | 3.357 | 2.384 | 11.537 | 0,40 % | 3.357 | 11.537 | 0,40 % |
| 0 | 0,00 % | ||||||
| Utvida resultat etter skatt | 3.357 | 2.384 | 10.131 | 0,40 % | 3.357 | 10.131 | 0,40 % |
| Totalresultat | 7.806 | 5.185 | 26.076 | 0,93 % | 7.931 | 25.752 | 0,95 % |
| Basis og utvatna resultat per eigenkapitalbevis | 2,35 | 1,49 | 8,51 | 2,41 | 8,34 | ||
| % av | % av | ||||||
| forv.kap. | forv.kap. | ||||||
| BALANSE (i 1.000 kr) | *Morbank | Konsern | |||||
| Eigendelar | 31.03.2014 | 31.03.2013 31.12.2013 31.03.2014 | 31.03.2014 | 31.12.2013 | 31.12.2013 | ||
| Kontantar og fordringar på sentralbankar | 165.830 | 155.221 | 138.505 | 4,88 % | 165.830 | 138.506 | 4,88 % |
| Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar | 144.627 | 34.269 | 193.293 | 4,25 % | 144.627 | 193.293 | 4,25 % |
| Utlån til og fordringar på kundar | 2.785.341 | 2.797.633 | 2.803.486 | 81,91 % | 2.786.331 | 2.804.016 | 81,94 % |
| Verdipapir til verkeleg verdi over resultatet | 174.828 | 212.975 | 205.889 | 5,14 % | 174.828 | 205.889 | 5,14 % |
| Verdipapir tilgjengeleg for sal | 89.792 | 84.165 | 86.434 | 2,64 % | 89.832 | 86.474 | 2,64 % |
| Investering i dotterselskap Goodwill |
2.301 0 |
0 0 |
2.301 0 |
0,07 % 0,00 % |
0 912 |
0 912 |
0,00 % 0,03 % |
| Utsett skattefordel | 762 | 288 | 762 | 0,02 % | 879 | 879 | 0,03 % |
| Varige driftsmidlar | 33.895 | 36.737 | 34.244 | 1,00 % | 33.895 | 34.244 | 1,00 % |
| Andre eigendelar | 3.096 | 1.651 | 2.455 | 0,09 % | 3.208 | 2.492 | 0,09 % |
| Sum eigendelar | 3.400.472 | 3.322.939 | 3.467.369 | 100,00 % | 3.400.342 | 3.466.705 | |
| Gjeld og eigenkapital | |||||||
| Gjeld til kredittinstitusjonar | 0 | 137.139 | 10.132 | 0,00 % | 0 | 10.132 | 0,00 % |
| Innskot frå kundar | 2.077.281 | 2.008.308 | 2.146.118 | 61,09 % | 2.045.839 | 2.131.209 | 60,17 % |
| Gjeld ved utsteda verdipapir | 900.304 | 800.487 | 901.190 | 26,48 % | 900.304 | 901.190 | 26,48 % |
| Anna gjeld | 21.863 | 7.280 | 13.277 | 0,64 % | 53.375 | 27.847 | 1,57 % |
| Pensjonsforpliktingar | 1.134 | 2.944 | 2.684 | 0,03 % | 1.134 | 2.684 | 0,03 % |
| Ansvarleg lånekapital | 138.543 | 131.576 | 138.371 | 4,07 % | 138.543 | 138.371 | 4,07 % |
| Sum gjeld | 3.139.126 | 3.087.734 | 3.211.772 | 92,31 % | 3.139.196 | 3.211.433 | |
| Opptent eigenkapital | 192.462 | 167.967 | 191.160 | 5,66 % | 192.137 | 190.835 | 5,65 % |
| Innskoten eigenkapital | 64.437 | 64.437 | 64.437 | 1,89 % | 64.437 | 64.437 | 1,90 % |
| Udisponert overskot etter skatt | 4.448 | 2.801 | 0,13 % | 4.573 | 0,13 % | ||
| Sum eigenkapital | 261.347 | 235.205 | 255.597 | 7,69 % | 261.147 | 255.272 | |
| Sum gjeld og eigenkapital | 3.400.473 | 3.322.939 | 3.467.369 | 100,00 % | 3.400.343 | 3.466.705 | |
| Postar utanom balansen | |||||||
| Garantiar Garanti Eika Boligkreditt AS |
97.638 84.452 |
98.993 65.566 |
103.331 78.213 |
103.331 78.213 |
103.331 78.213 |
100,00 % 0 92,32 % 7,68 % 100,00 % |
| Innskoten | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| eigenkapital | Opptent eigenkapital | ||||||
| Eigen kapital bevis |
Overkurs fond |
Spare banken sitt fond |
Utjamnings fond |
Gåvefond | Fond for urealiserte gevinster |
Sum eigen kapital |
|
| Eigenkapital 01.01.2013 | 31.625 | 32.812 | 133.931 | 15.005 | 18.425 | 279 | 232.076 |
| Resultat etter skatt | 5.280 | 5.383 | 5.281 | 15.945 | |||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | -1.926 | -1.926 | |||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 520 | 520 | |||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 11.537 | 11.537 | |||||
| Totalresultat 31.12.2013 | 0 | 0 | 3.874 | 5.383 | 5.281 | 11.537 | 26.076 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2012 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -500 | -500 | |||||
| Eigenkapital 31.12.2013 | 31.625 | 32.812 | 137.805 | 18.332 | 23.206 | 11.816 | 255.597 |
| Resultat etter skatt | 4.448 | 4.448 | |||||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | 0 | ||||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 0 | ||||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 3.357 | 3.357 | |||||
| Totalresultat 31.03.2014 | 0 | 0 | 4.448 | 0 | 0 | 3.357 | 7.806 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2013 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | 0 | ||||||
| Eigenkapital 31.03.2014 | 31.625 | 32.812 | 142.254 | 16.276 | 23.206 | 15.174 | 261.347 |
* Morbank 1. kvartal 2013 er både morbank og konsern
| Innskoten | Opptent eigenkapital | i 1.000 kr | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Eigen | Spare | Fond for | |||||
| kapital | Overkurs | banken sitt | Utjamnings | urealiserte | Sum eigen | ||
| bevis | fond | fond | fond | Gåvefond | gevinster | kapital | |
| Eigenkapital 01.05.2013 | 31.625 | 32.812 | 133.931 | 15.005 | 18.425 | 279 | 232.076 |
| Resultat etter skatt | 4.957 | 5.383 | 5.281 | 15.621 | |||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | -1.926 | -1.926 | |||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 520 | 520 | |||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 11.537 | 11.537 | |||||
| Totalresultat 31.12.2013 | 0 | 0 | 3.551 | 5.383 | 5.281 | 11.537 | 25.752 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2012 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -500 | -500 | |||||
| Eigenkapital 31.12.2013 | 31.625 | 32.812 | 137.482 | 18.332 | 23.206 | 11.816 | 255.272 |
| Resultat etter skatt | 4.573 | 4.573 | |||||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | 0 | ||||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 0 | ||||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 3.357 | 3.357 | |||||
| Totalresultat 31.03.2014 | 0 | 0 | 4.573 | 0 | 0 | 3.357 | 7.931 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2013 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | 0 | ||||||
| Eigenkapital 31.03.2014 | 31.625 | 32.812 | 142.055 | 16.276 | 23.206 | 15.174 | 261.147 |
| *Morbank | Konsern | i 1.000 kr | |||
|---|---|---|---|---|---|
| 1. kvartal | 1. kvartal | 1. kvartal | |||
| 2014 | 2013 | 31.12.2013 | 2014 | 31.12.2013 | |
| Kontantstraumar frå operasjonelle aktivitetar | |||||
| Resultat før skattekostnad | 6.106 | 3.531 | 20.967 | 6.231 | 20.524 |
| Betalt skatt i perioden | -2.215 | -2.023 | -4.430 | -2.215 | -4.447 |
| Tap/gevinst ved sal av anleggsmidlar | 0 | 0 | -223 | 0 | -223 |
| Ordinære avskrivingar | 879 | 928 | 3.724 | 879 | 3.730 |
| Forskjell mellom kostnadsført pensjon og inn/utbet i ordning. | -1.550 | 2.384 | -260 | -1.550 | -260 |
| Endring utlån (inn- og utbetalingar utlån/utnytta rammekreditt) | 18.076 | 29.795 | 23.942 | 18.076 | 23.942 |
| Endring gjeld til kredittinstitusjonar | -10.132 | 10 | 10.003 | -10.132 | 10.003 |
| Endring innskot frå kundar | -69.981 | -63.163 | 74.674 | -69.981 | 74.674 |
| Endringar verdipapir til verkeleg verdi over resultatet | 31.062 | 63 | 466 | 31.062 | 466 |
| Endring i andre tidsavgrensingspostar | 6.550 | -18.757 | -7.058 | 6.425 | -8.904 |
| Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar | -21.205 | -47.232 | 121.805 | -21.205 | 119.505 |
| Kontantstraum frå investeringsaktivitetar | |||||
| Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar | 0 | 223 | 0 | 223 | |
| Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar | -530 | -350 | -652 | -530 | -652 |
| Utbetalingar ved kjøp av aksjar i dotterselskap | -2.301 | 0 | |||
| Innbetalingar ved sal av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak | 12.880 | 0 | 12.880 | ||
| Utbetalingar ved kjøp av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak | -1.047 | -8.274 | 0 | -8.274 | |
| Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar | -530 | -1.397 | 1.876 | -530 | 4.177 |
| Kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar | |||||
| Innbetalingar ved opptak av obligasjonsinnlån | 100.326 | 158.407 | 298.905 | 100.326 | 298.905 |
| Utbetalingar ved nedbetaling av obligasjonsinnlån | -100.000 | -100.000 | -270.000 | -100.000 | -270.000 |
| Utbetaling av utbyte | -2.056 | -2.056 | 0 | -2.056 | |
| Utbetalingar til gåver | -500 | 0 | -500 | ||
| Netto kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar | 326 | 56.351 | 163.349 | 326 | 26.349 |
| Netto kontantstraum for perioden | -21.409 | 7.722 | 150.030 | -21.409 | 150.031 |
| Kontantar og kontantekvivalentar ved byrjinga av perioden | 331.798 | 181.768 | 181.768 | 331.798 | 181.768 |
| Kontantar og kontantekvivalentar ved slutten av perioden | 310.389 | 189.490 | 331.798 | 310.389 | 331.799 |
| Denne er sett saman av: | |||||
| Kontantar og fordringar på sentralbankar | 165.830 | 155.221 | 138.505 | 165.830 | 138.506 |
| Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar | 144.559 | 34.269 | 193.293 | 144.559 | 193.293 |
* Morbank 1. kvartal 2013 er både morbank og konsern
Indre Sogn Sparebank er ein ekte lokalbank med kunden i sentrum. Banken er sjølvstendig og tilbyr banktenester, forsikring og verdipapirhandel. Banken tilbyr primært banktenestene sine til person- og næringslivskundar i Indre Sogn, men har òg avdeling i Bergen og har elles kundar ut over kommunegrensene. Indre Sogn Sparebank er notert på Oslo Børs med eigenkapitalbevis.
Rekneskapet gjeld for perioden 01.01.2014 til 31.03.2014. Alle tal er presentert i norske kroner og i heile tusen, med mindre anna er spesifisert i notane. Indre Sogn Sparebank innreknar dotterselskapet Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS i konsernreknskapet frå og med 01.05.2013 og har utarbeida konserntal for perioden frå oppkjøp til 31.03.2014.
Rekneskapet for første kvartal 2014 vart vedteke av styret 30. april 2014.
Rekneskapet til Indre Sogn Sparebank er utarbeida i samsvar med IAS 34 (IFRS) og fortolkingar frå IFRS fortolkingskomité (IFRIC), som er fastset av EU.
Dei same rekneskapsprinsippa og berekningane som vart nytta i årsrekneskapen for 2013, med tillegg av IFRS 3 for konsernrekneskap frå og med 31.12.2013, er nytta i delårsrekneskapen for første kvartal 2014 med mindre anna kjem fram av notane nedanfor.
Når det gjeld ytingar til tilsette, pensjon, nytta Indre Sogn Sparebank tidleg bruk av revidert IAS 19 ved konvertering til IFRS i 2011. Endringar som følgje av IAS 19 har ikkje innverknad på rekneskapstala for 2013 eller tidlegare periodar.
For meir informasjon om rekneskapsprinsipp og informasjon om rekneskapsestimat, viser banken til årsrapporten for 2013 for Indre Sogn Sparebank.
Indre Sogn Sparebank har kjøpt opp og kontrollerer 100 % av Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS. Selskapet skal drive med eigedomsmekling i Indre Sogn. Selskapet har tre tilsette.
Selskapet vart overteke 01.05.2013 og er ein del av den strategiske satsinga til banken på eigedomsmekling.
Innrekna goodwill i selskapet skuldast at selskapet har opparbeida seg høg marknadsandel og kompetanse på området. Indre Sogn Sparebank tilbyr eit breiare produktspekter som følgje av oppkjøpet og forventar at dette skal betre innteninga.
Den verkelege verdien av føretaket ved kjøp var NOK 1,3 mill. som vart oppgjort med kontantar.
Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000.
Innrekna goodwill i selskapet skuldast at selskapet har opparbeida seg høg marknadsandel og kompetanse på området. Indre Sogn Sparebank tilbyr eit breiare produktspekter som følgje av oppkjøpet og forventar at dette skal betre innteninga.
Goodwill vert vurdert for nedskriving ved kvart rapporteringstidspunkt.Goodwill NOK 912.000 referer seg til overtakinga av Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS den 01.05.2013. Banken si oppfatning er at denne verdien er intakt pr. 31.03.2014.
Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er eit 100 % eigd dotterselskap og er eit reint eigedomsmeklingsføretak.
I konsernrekneskapen er bankinnskot eliminert med NOK 31,4 mill.
Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS har eit overrskot etter skatt pr. 31.03.2014 på NOK 125.000. Sjå òg note 3.
Det har ikkje forekome hendingar etter utløp av perioden som medfører justeringar av, eller tilleggsopplysningar i rekneskapet eller i notar til rekneskapet.
| i 1.000 kr | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| *Morbank | ||||||
| 31.03.2014 31.03.2013 | 2013 +/- | 31.12.2013 31.03.2014 | 31.12.2013 | |||
| Lønstakarar | 2.092.276 | 2.156.332 | -2.518 | 2.094.794 2.093.266 | 2.096.363 | |
| Jordbruk, skogbruk, fiske | 40.465 | 46.107 | -2.551 | 43.016 | 40.465 | 43.016 |
| Industri | 40.558 | 34.667 | 6.751 | 33.807 | 40.558 | 33.807 |
| Bygg og anlegg | 84.695 | 87.424 | -4.107 | 88.802 | 84.695 | 88.802 |
| Handel, hotell, transport, tenester | 211.907 | 167.278 | -10.882 | 222.789 | 211.907 | 222.789 |
| Finansiering, eigedomsdrift | 277.806 | 276.055 | -8.301 | 286.107 | 277.806 | 286.107 |
| Offentleg forvaltning og andre | 52.988 | 51.470 | -1.844 | 54.832 | 52.988 | 54.832 |
| Sum utlån før nedskrivingar | 2.800.695 | 2.819.333 | -23.452 | 2.824.147 | 2.801.685 | 2.825.716 |
| Individuelle nedskrivingar | -8.654 | -14.700 | 5.707 | -14.361 | -8.654 | -14.700 |
| Gruppevise nedskrivingar | -6.700 | -7.000 | -400 | -6.300 | -6.700 | -7.000 |
| Sum utlån til og fordringar på kundar i balansen | 2.785.341 | 2.797.633 | -18.145 | 2.803.486 | 2.786.331 | 2.804.016 |
| Utlånportefølje hos Eika Boligkreditt AS | 732.132 | 526.469 | 48.556 | 683.576 | 732.132 | 683.576 |
| Totale utlån | 3.517.473 | 3.324.102 | 30.411 | 3.487.062 | 3.518.463 | 3.487.592 |
| Innskot frå kundar | *Morbank | Konsern | ||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| 31.03.2014 31.03.2013 | 2013 +/- | 31.12.2013 31.03.2014 | 31.12.2013 | |||
| Lønstakarar | 1.416.773 | 1.325.919 | 32.882 | 1.383.891 1.416.773 | 1.383.891 | |
| Jordbruk, skogbruk fiske, fiske | 50.176 | 47.382 | -4.566 | 54.742 | 50.176 | 54.742 |
| Industri | 31.411 | 18.165 | -6.154 | 37.565 | 31.411 | 37.565 |
| Bygg og anlegg | 40.070 | 48.233 | -16.922 | 56.992 | 40.070 | 56.992 |
| Handel, hotell, transport, tenester | 45.084 | 49.015 | -6.023 | 51.107 | 13.642 | 36.198 |
| Finansiering, eigedomsdrift | 252.361 | 390.762 | -80.970 | 333.331 | 252.361 | 333.331 |
| Offentleg forvaltning og andre | 241.406 | 128.832 | 12.916 | 228.490 | 241.406 | 228.490 |
| Sum innskot | 2.077.281 | 2.008.308 | -68.837 | 2.146.118 | 2.045.839 | 2.131.209 |
| 31.03.2014 31.03.2013 31.12.2013 Engasjement som har vore misleghaldne i meir enn 90 dagar Misleghald næringslivskundar 8.001 11.202 17.955 Misleghald personkundar 10.743 11.975 11.859 = Brutto misleghaldne engasjement 18.744 23.177 29.814 - Individuelle nedskrivingar 2.088 7.166 5.544 = Netto misleghaldne engasjement 16.656 16.011 24.270 b) Engasjement som er tapsutsette men ikkje mislighaldne Brutto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement 31.732 29.095 39.734 - Individuelle nedskrivingar 6.566 7.534 8.817 = Netto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement 25.166 21.561 30.917 c) Kostnadsførte tap gjennom året 31.03.2014 31.03.2013 31.12.2013 Kostnadsførte konstaterte tap med tidligare individuelle nedskrivingar 5.167 0 9.210 Kostnadsførte konstaterte tap utan tidligare individuelle nedskrivingar 348 18 398 Inngått på tidligare kostaterte tap 186 13 131 Nye individuelle nedskrivningar 0 135 7.596 Auke i eksisterande individuelle nedskrivingar 0 1.313 3.200 Konstaterte tidligare individuelle nedskrivingar 0 0 9.487 - Reduserte individuelle nedskrivinger 5.707 300 500 = Netto resultateffekt individuelle nedskrivingar -378 1.153 10.286 +/- Periodens endring i gruppenedskrivning 400 -300 -1.000 = Kostnadsførte tap på utlån 22 853 9.286 = Tapskostnader på garantiar i inneverande år 0 0 0 Individuelle nedskrivingar på utlån og garantiar gjennom året + Individuelle nedskrivnigar på utlån per 01.01 14.361 13.551 13.552 - Konstaterte tap gjennom året som er individuelt nedskrivne tidlegare år 5.167 0 9.487 + Netto auka individuelle nedskrivingar gjennom året 0 1.314 3.200 + Nye individuelle nedskrivingar gjennom året 0 135 7.596 - Tilbakeførte individuelle nedskrivingar på utlån gjennom året 540 300 500 = Individuelle nedskrivingar på utlån 8.654 14.700 14.361 Tapsavsetninger på garantiar 0 0 0 Gruppenedskrivingar på utlån m.v. gjennom året Gruppenedskrivingar til dekking av tap på utlån m.v. pr. 01.01 6.300 7.300 7.300 +/- Endring gruppenedskriving gjennom året 400 -300 -1.000 = Gruppenedskriving til dekking av tap på utlån 6.700 7.000 6.300 d) Inntektsførde renter der det er føreteke nedskriving |
a) Brutto- og netto mislighaldne engasjement | i 1.000 kr | ||
|---|---|---|---|---|
| Inntektsførde renter på utlån der det er føreteke nedskriving | 265 | 255 | 1.229 |
| i 1.000 kr. | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| *Morbank | *Morbank | *Morbank | *Morbank | *Morbank | ||||||
| Risikoklasse | Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving | Netto engasjement | % | |||||||
| Personmarknad | 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 | |||||||||
| Låg | 2.236.558 | 2.278.036 | 1.606 | 106 | 1.243 | 50 | 2.233.709 | 2.277.879 | 67,8 % | 61,4 % |
| Normal | 52.526 | 50.376 | 0 | 630 | 0 | 300 | 52.526 | 49.446 | 1,6 % | 1,3 % |
| Høg | 6.383 | 9.387 | 29 | 718 | 22 | 342 | 6.332 | 8.327 | 0,2 % | 0,2 % |
| Problemengasjement | 3.037 | 4.735 | 538 | 2.264 | 417 | 1.078 | 2.082 | 1.393 | 0,1 % | 0,0 % |
| Ikkje klassifiserte | 6.515 | 8.029 | 21 | 0 | 16 | 0 | 6.477 | 8.029 | 0,2 % | 0,2 % |
| Sum | 2.305.019 | 2.350.562 | 2.194 | 3.718 | 1.699 | 1.771 | 2.301.126 | 2.345.074 | 69,9 % | 63,2 % |
| 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
| Næringsliv | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Låg | 815.669 | 1.120.800 | 0 | 0 | 0 | 0 | 815.669 | 1.120.800 | 24,8 % | 30,2 % |
| Normal | 126.253 | 183.555 | 1.300 | 2.705 | 1.006 | 1.288 | 123.946 | 179.562 | 3,8 % | 4,8 % |
| Høg | 59.846 | 73.909 | 5.160 | 8.277 | 3.995 | 3.941 | 50.691 | 61.691 | 1,5 % | 1,7 % |
| Problemengasjement | 108 | 645 | 0 | 0 | 0 | 0 | 108 | 645 | 0,0 % | 0,0 % |
| Ikkje klassifiserte | 2.364 | 534 | 0 | 0 | 0 | 0 | 2.364 | 534 | 0,1 % | 0,0 % |
| Sum | 1.004.240 | 1.379.442 | 6.460 | 10.982 | 5.001 | 5.229 | 992.779 | 1.363.231 | 30,1 % | 36,8 % |
| Risikoklasse | Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving | Netto engasjement | % | |||||||
| TOTAL | 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 31.03.2014 | |||||||||
| Låg | 3.052.227 | 3.398.835 | 1.606 | 106 | 1.243 | 50 | 3.049.378 | 3.398.679 | 92,6 % | 91,7 % |
| Normal | 178.779 | 233.931 | 1.300 | 3.335 | 1.006 | 1.588 | 176.473 | 229.008 | 5,4 % | 6,2 % |
| Høg | 66.229 | 83.295 | 5.189 | 8.995 | 4.017 | 4.283 | 57.023 | 70.017 | 1,7 % | 1,9 % |
| Problemengasjement | 3.145 | 5.380 | 538 | 2.264 | 417 | 1.078 | 2.190 | 2.038 | 0,1 % | 0,1 % |
| Ikkje klassifiserte | 8.878 | 8.563 | 21 | 0 | 16 | 0 | 8.841 | 8.563 | 0,3 % | 0,2 % |
| Sum | 3.309.259 | 3.730.004 | 8.654 | 14.700 | 6.700 | 7.000 | 3.293.905 | 3.708.305 | 100,0 % | 100,0 % |
Brutto engasjement inkluderar utlån til kundar før nedskriving, unytta kredittrammer, garantiar og unytta garantirammer.
*Morbank 1. kvartal 2013 er både morbank og konsern
| i 1.000 kr | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Bokført verdi | Rente | |||||||
| Lånetype/ISIN | Låneopptak Siste forfall Pålydande 31.03.2014 | 31.03.2013 31.12.2013 | vilkår | |||||
| Sertifikat- og obligasjonslån | ||||||||
| NO0010566847 | 19.03.2010 | 19.03.2015 | 165.000 | 164.821 | 164.803 | 164.922 3 mnd. NIBOR + 1,15 % | ||
| NO0010592058 | 19.11.2010 | 19.11.2014 | 150.000 | 104.892 | 150.249 | 150.361 3 mnd. NIBOR + 1,30 % | ||
| NO0010612419 | 06.06.2011 | 06.06.2014 | 100.000 | 44.994 | 100.168 | 100.172 3 mnd. NIBOR + 0,95 % | ||
| NO0010649205 | 06.06.2012 | 06.06.2017 | 125.000 | 124.689 | 124.952 | 125.058 3 mnd. NIBOR + 2,25 % | ||
| NO0010664931 | 30.11.2012 | 30.11.2015 | 100.000 | 99.953 | 100.194 | 100.201 3 mnd. NIBOR + 1,15 % | ||
| NO0010671274 | 06.02.2013 | 06.02.2017 | 100.000 | 99.774 | 100.156 | 100.197 3 mnd. NIBOR + 1,20 % | ||
| NO0010672967 | 07.03.2013 | 07.03.2016 | 110.000 | 110.106 | 59.965 | 110.317 3 mnd. NIBOR + 1,10 % | ||
| NO0010699176 | 13.12.2013 | 13.12.2018 | 50.000 | 49.893 | 49.962 3 mnd. NIBOR + 1,15 % | |||
| NO0010700370 | 14.01.2014 | 14.10.2016 | 100.000 | 99.845 | 3 mnd. NIBOR + 0,83 % | |||
| Sum gjeld ved utsteda verdipapir | 898.967 | 800.487 | 901.190 | |||||
| Fondsobligasjonar | ||||||||
| NO0010238264 | 29.09.2004 Evigvarande | 40.000 | 39.971 | 39.915 | 39.953 3 mnd. NIBOR + 2,15 % | 1) | ||
| Calldato 29.09.2014 | ||||||||
| Statens Finansfond | 01.12.2009 Evigvarande | 33.000 | 33.636 | 0 Referanserente + 6 % | 2) | |||
| NO0010606270 | 06.05.2011 Evigvarande | 60.000 | 58.088 | 58.025 | 58.188 3 mnd. NIBOR + 5,50 % | 3) | ||
| NO0010675747 | 30.04.2013 Evigvarande | 40.000 | 39.755 | 40.196 3 mnd. NIBOR + 4,90 % | 4) | |||
| Calldato 30.04.2018 | ||||||||
| Sum ansvarleg lånekapital | 137.814 | 131.576 | 138.337 |
1) Frå 29.09.2014 aukar rentetillegget (margin til referanserente) med 1 % til 3,15 %.
Banken kan frå 29.09.2014 og ved seinare rentereguleringsdatoar i september innfri lånet heilt til kurs 100 %.
2) Referanserenta tilsvarar gjennomsnittet av dei fem siste handledagar før rentefastsetjingsdag for norsk syntetisk årleg effektiv rente på statskassevekslar med 6 månaders bindingstid som notert på Noregs Bank sine nettsider. Margin er sett til 6,0 %.
| i 1.000 kr | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| *Morbank | Konsern | Konsern | |||
| Kjernekapital: | 31.03.2014 | 31.03.2013 | 31.12.2013 | 31.03.2014 | 31.12.2013 |
| Eigenkapitalbevis | 31.625 | 31.625 | 31.625 | 31.625 | 31.625 |
| Overkursfond | 32.812 | 32.812 | 32.812 | 32.812 | 32.812 |
| Sparebankens fond | 137.805 | 133.931 | 148.470 | 137.482 | 138.887 |
| Gåvefond | 23.206 | 18.425 | 17.925 | 23.206 | 23.206 |
| Utjamningsfond | 16.276 | 12.949 | 12.949 | 16.276 | 18.332 |
| Frådrag | -24.517 | -43.654 | -27.087 | -25.681 | -29.658 |
| Rein kjernekapital | 217.207 | 186.088 | 216.694 | 215.720 | 215.204 |
| Fondsobligasjonar | 137.814 | 130.711 | 137.711 | 137.814 | 137.711 |
| Kjernekapital | 355.021 | 316.799 | 354.405 | 353.534 | 352.915 |
| NETTO ANSVARLEG KAPITAL | 355.021 | 316.799 | 354.405 | 353.534 | 352.915 |
| Eksponeringskategori: | |||||
| Statar | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Lokal regional styresmakt | 2.200 | 3.340 | 2.200 | 2.200 | 2.200 |
| Institusjonar | 112.575 | 95.043 | 123.816 | 112.575 | 123.816 |
| Føretak | 195.650 | 194.538 | 178.454 | 193.388 | 176.193 |
| Massemarknad | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Pantesikra eigedom | 1.212.500 | 1.200.003 | 1.228.462 | 1.212.500 | 1.228.462 |
| Forfalne engasjement | 17.900 | 18.155 | 28.013 | 17.900 | 28.013 |
| Obligasjonar med fortrinnsrett | 11.475 | 11.082 | 11.442 | 11.475 | 11.442 |
| Andelar verdipapirfond | 8.863 | 29.896 | 34.909 | 8.863 | 34.909 |
| Andre engasjement | 210.925 | 209.666 | 203.331 | 212.025 | 203.898 |
| Kapitalkrav frå operasjonell risiko | 136.463 | 122.766 | 136.467 | 136.463 | 136.467 |
| Frådrag | -37.288 | -51.564 | -37.292 | -37.413 | -37.428 |
| SUM BEREKNINGSGRUNNLAG | 1.871.263 | 1.832.925 | 1.909.801 | 1.869.975 | 1.907.971 |
| Kapitaldekning % | 18,97 % | 17,28 % | 18,56 % | 18,91 % | 18,50 % |
| Kjernekapitaldekning % | 18,97 % | 17,28 % | 18,56 % | 18,91 % | 18,50 % |
| Rein kjernekapitaldekning % | 11,61 % | 10,15 % | 11,35 % | 11,54 % | 11,28 % |
* Morbank 1. kvartal 2013 er både morbank og konsern
Banken sine eigenkapitalbevis er alle ført i 1 -ein- klasse og utgjer per 31.03.2014 NOK 31.625.000 delt på 632.500 eigenkapitalbevis pålydande NOK 50,-.
Eigarandelsbrøken for 2013 er utrekna med utgangspunkt i eigenkapitalfordeling pr. 31.12.2012, justert for utbetalingar gjennom 2013. Tilsvarande er eigarandelsbrøken for 2014 utrekna med utgangspunkt i fordeling pr. 31.03.2013 justert for utbetalingar gjennom 2014.
| i 1.000 kr | ||
|---|---|---|
| Eigarandelsbrøk, morbank | 31.03.2014 | 31.12.2013 |
| Eigenkapitalbevis | 31.625 | 31.625 |
| Overkursfond | 32.812 | 32.812 |
| Utjamningsfond, redusert med avsatt utbyte | 16.276 | 16.276 |
| Sum eigarandelskapital (A) | 80.713 | 80.713 |
| Sparebankens fond | 137.805 | 137.805 |
| Gåvefond | 23.206 | 23.206 |
| Grunnfondskapital (B) | 161.011 | 161.011 |
| Fond for urealisert vinst | 15.174 | 11.816 |
| Avsett utbyte, gåver og konsernbidrag | 0 | 2.056 |
| Anna eigenkapital | 0 | 0 |
| Sum eigenkapital | 256.898 | 243.114 |
| Eigarandelsbrøk A / (A+B) | 33,39 % | 33,39 % |
| Utbyte | ||
| Avsett utbyte per eigenkapitalbevis (tal i heile kr.) | 3,25 | 3,25 |
| Samla utbyte | 2.056 | 2.056 |
Dei 20 største eigarane pr. 31.03.2014 utgjer 48,77 % av eigenkapitalbeviskapitalen.
| 31.03.2014 | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Namn | Tal bevis | % | Namn | Tal bevis | % |
| MP PENSJON PK | 50.383 | 7,97 % | SECURUS AS | 10.000 | 1,58 % |
| VERDIPAPIRFONDET EIK | 41.930 | 6,63 % | TH DAHL AS | 9.500 | 1,50 % |
| DØSKELAND BØRGE | 26.750 | 4,23 % | LUSTER SPAREBANK | 7.600 | 1,20 % |
| ROGNE HELGE | 24.313 | 3,84 % | WAHLSTRØM ERIK | 6.950 | 1,10 % |
| KØHLERGRUPPEN AS | 23.266 | 3,68 % | AURLAND SPAREBANK | 6.800 | 1,08 % |
| BEES HOLDING AS | 23.000 | 3,64 % | VIK SPAREBANK | 6.650 | 1,05 % |
| EUROVEST AS | 17.520 | 2,77 % | MOEN EGON MOGENS | 6.000 | 0,95 % |
| EIKA GRUPPEN AS | 11.200 | 1,77 % | HARALD ESPEDAL AS | 5.966 | 0,94 % |
| ÅRDAL KOMMUNE | 10.000 | 1,58 % | WIKBORG TORD GEIR | 5.550 | 0,88 % |
| HEYERN AS | 10.000 | 1,58 % | THU LEIF MAGNE | 5.098 | 0,81 % |
| SUM | 308.476 | 48,77 % |
| 31.03.2013 | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Namn | Tal bevis | % | Namn | Tal bevis | % | ||||
| MP PENSJON PK | 50.383 | 7,97 % | EUROVEST AS GEIR KAASEN | 8.320 | 1,32 % | ||||
| TERRA UTBYTTE VPF | 42.700 | 6,75 % | TH DAHL AS | 8.244 | 1,30 % | ||||
| HILLEIK A/S | 33.816 | 5,35 % | LUSTER SPAREBANK | 7.600 | 1,20 % | ||||
| ROGNE HELGE | 25.813 | 4,08 % | THU LEIF MAGNE | 6.853 | 1,08 % | ||||
| BEES HOLDING AS | 23.000 | 3,64 % | AURLAND SPAREBANK | 6.800 | 1,08 % | ||||
| DØSKELAND BØRGE | 22.500 | 3,56 % | VIK SPAREBANK | 6.650 | 1,05 % | ||||
| WAHLSTRØM ERIK | 11.500 | 1,82 % | MOEN EGON MOGENS | 6.000 | 0,95 % | ||||
| EIKA GRUPPEN AS | 11.200 | 1,77 % | WIKBORG TORD GEIR | 5.550 | 0,88 % | ||||
| ÅRDAL KOMMUNE | 10.000 | 1,58 % | HUGIN INVEST AS | 5.000 | 0,79 % | ||||
| HEYERN AS | 10.000 | 1,58 % | GG EIENDOM AS | 5.000 | 0,79 % | ||||
| SUM | 306.929 | 48,53 % |
Verdsetjingshierarki for verdipapir, til verkeleg verdi. Verkeleg verdi tilsvarar balanseført verdi.
| i 1.000 kr. | ||||
|---|---|---|---|---|
| NIVÅ 1 Kvoterte prisar i |
NIVÅ 2 Verdsettings- teknikk basert på |
31.03.2014 NIVÅ 3 Verdsettings teknikk basert på ikkje |
||
| aktive | observerbare | observerbare | ||
| marknader | marknadsdata marknadsdata | Total | ||
| Verdipapir haldne for handelsføremål | 0 | |||
| Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi | 0 | 165.969 | 8.859 | 174.828 |
| Verdipapir tilgjengeleg for sal | 89.832 | 89.832 | ||
| Sum eigendelar | 0 | 165.969 | 98.691 | 264.660 |
| Avstemming av nivå 3 | ||||
| Inngåande balanse 01.01.2014 | 95.265 | |||
| Urealisert gevinst og tap resultatført | 68 | |||
| Urealisert gevinst og tap i andre resultatkomponentar | 3.357 | |||
| Investering | ||||
| Sal | ||||
| Utgåande balanse 31.03.2014 | 98.691 |
| 31.03.2013 | ||||
|---|---|---|---|---|
| NIVÅ 1 | NIVÅ 2 | NIVÅ 3 | ||
| Kvoterte prisar i aktive marknader |
Verdsettings- teknikk basert på observerbare marknadsdata marknadsdata |
Verdsettings teknikk basert på ikkje observerbare |
Total | |
| Verdipapir haldne for handelsføremål | 0 | |||
| Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi | 22.681 | 179.914 | 10.380 | 212.975 |
| Verdipapirer tilgjengeleg for sal | 84.165 | 84.165 | ||
| Sum eigendelar | 22.681 | 179.914 | 94.545 | 297.140 |
| Utgåande balanse 31.03.2013 | 94.545 |
|---|---|
| Investering | 15 |
| Urealisert gevinst og tap i andre resultatkomponentar | 3.461 |
| Urealisert gevinst og tap resultatført | 414 |
| Inngåande balanse 01.01.2013 | 90.655 |
| Avstemming av nivå 3 |
Nivå 1 – Verdsetjing skjer i høve til kvoterte prisar i ein aktiv marknad for identiske eigendelar/forpliktingar. Eit finansielt instrument vert vurdert som kvotert i ein aktiv marknad dersom kursar er enkelt og regelmessig tilgjengeleg frå ein børs, forhandlar, meklar, næringsgruppering, prissettingsteneste eller reguleringsstyresmakt, og desse kursane representerer faktiske og regelmessig førekomande marknadstransaksjonar på ei armlengd avstand. I kategorien inngår mellom anna børsnoterte aksjar og likvide aksje- og pengemarknadsfond.
Nivå 2 – Verdsetjing skjer gjennom annan input enn kvoterte prisar på nivå 1 som er observerbare for eigendelen/forpliktinga, enten direkte eller indirekte (utleia prisar). I dei tilfelle der det ikkje finst tilgjengelege marknadsprisar i ein aktiv marknad, er instrumenta først og fremst forsøkt verdsett ved hjelp av verdsetjingsmetodar basert på observerbare input/og eller tilnærma likearta instrument/produkt. Prising av renteberande papir, mellom anna fastrenteutlån, vert basert på rentekurver henta i aktive marknader. Verkeleg verdi på finansielle instrument tilgjengeleg for sal, vert fastsett for obligasjonar av Swedbank.
Nivå 3 – Verdsetjing på input som ikkje er basert på observerbare marknadsdata. Dersom fastsetjing av verdi ikkje er tilgjengeleg i høve til nivå 1 og nivå 2, vert verdsetjingsmetodar som baserer seg på ikkje-observerbar informasjon nytta. For aksjar som ikkje vert handla i regulert marknad vert siste omsette kurs nytta, eller nylege emisjonskursar, et. bokført verdi av eigenkapital. Konsernet gjer føresetnader basert på marknadsforholda som eksisterer på kvar balansedag. Verdien på aksjane i Eika Gruppen er vurdert ut frå verdsetjing føreteke av finansavdeling i Eika Gruppen. Verdien er vurdert etter anerkjente metodar for verdivurdering, og er utført av Eika Gruppen AS sin bankanalytikar. Verdien er sett til NOK 100,- pr. aksje.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.