AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

Environmental & Social Information Mar 14, 2018

3748_rns_2018-03-14_3292d66b-5b5b-4818-8b81-c3348bdf93b6.pdf

Environmental & Social Information

Open in Viewer

Opens in native device viewer

RAPPORT GÅVEINSTITUTTET 2017

Utdeling av gåver frå gåveinstituttet i 2017

Utlysing og tal søknadar:

Indre Sogn Sparebank Gåveinstituttet delte ut NOK 492.500,- til ulike lag og organisasjonar i 2017, i Årdal, Lærdal og Sogndal.

Det vart gjennomført ordinær søknadsrunde med tildelingar i april og oktober.

Det kom inn 43 søknader på totalt NOK 2.342.500,-. Det vart delt ut NOK 245.000,- første halvår, og NOK 247.500 i andre halvår.

Prioriterte føremål:

Tildelinga i 2017 hadde ingen prioriterte føremål.

Korleis søka:

Søknadsskjema ligg til ei kvar tid i ekspedisjonslokala på avdelingane, det er lagt ut på heimesida til banken, og på skjermane på alle avdelingane i banken.

Det vert annonsert i lokalpressa, nettavisa Porten.no, på sosiale media Facebook, og informasjonsskjema er lagt ut på alle avdelingane i banken.

Prosjekt som fekk midlar:

Tildeling våren 2017

Lærdal IL Ski NOK 15.000
Senioruniversitetet
i Sogn
NOK 10.000
Nedre Årdal Sokneråd NOK 30.000
Lærdal IL turn barneidrett NOK 10.000
Lærdal IL fridrettsgruppa NOK 10.000
Bulder og Brak Opplevingar NOK 50.000
Årdal Jeger og Fiskarforening NOK 25.000
Stiftinga Utladalen Naturhus NOK 15.000
Hugin Musikkforum NOK 50.000
Lærdal Seniordans NOK 5.000
Temakafè
Kreftomsorg
NOK 5.000
NOK
245.000

Tildeling hausten 2017

Sogndal Musikkforum NOK 25.000
Odd Einar Norheim NOK 80.000
Lærdal Historielag NOK 15.000
Seimsdal Ungdomslag NOK 50.000
Årdal Sogelag NOK 50.000
Årdal Gålag NOK 17.500
Oliverprosjektet NOK 10.000

Totalt NOK 247.500

Beskrivelse/Status av prosjekta som vart tildelt midlar:

Lærdal IL Skigruppa

Arrangør av Maristovedilten som i år er 40 år. I samband med dette jubileet ynskjer dei å markera dette med ei gåve til alle deltakarane, ein termokopp med påskrift «Dilten 40 år».

Senioruniversitetet i Sogn

Søker om midlar til drift og utvikling i 2017. Laget legg vekt på brei og allmenn folkeopplysning gjennom månadlege føredragskveldar der kulturelle innslag ofte er ein del av programmet.

Nedre Årdal sokneråd

Kyrkjelydshuset på Årdalstangen er 50 år og Årdal kyrkje er 150 år. Dette skal markerast i form av eit jubileum og ulike arrangement. I tillegg vert det jobba med å få på plass heis og handikap toalett i kyrkjelydshuset. Dette gir økonomiske utfordringar som dei søkjer støtte til.

Lærdal IL Turn og barneidrett

Turn og barneidrettsgruppa i Lærdal driv med barneidrett frå 1-4 klasse, turn frå 5- 10 klasse, basistrening, pilates og spinning. Spinninggruppa har 15 syklar der nokon av dei er gamle og slitte. Ynskjer å byte ut dei eldste syklane.

Lærdal IL friidrettsgruppa

Søkjer om midlar til arrangementet Galdane Rundt, historisk terrengløp i Lærdal. Arrangerer ulike aktivitetar og løp i samarbeid med skulen, Barnas turlag, Røde Kors og idrettslaga i Årdal.

Bulder og Brak Opplevingar

Bulder og Brak Opplevingar er ei opplevingsverksemd som tilbyr turar, teambuilding, tilrettelagde aktivitetar, kulturguiding, guida kajakkturar og padlekurs. Søker om midlar til gjennomføring av kajakkskule for born og unge.

Årdal Jeger og Fiskar forening

ÅJFF fyller 70 år og ynskjer i denne samanheng å laga ein friluftsarena for born og unge. Planen er å lage brygge og fiskeplass ved Holsbruvatnet, der det vil vere båt og kanoar som kan nyttast. I tillegg ein gapahuk og ein bålplass.

Stiftinga Utladalen Naturhus

I samarbeid med Nasjonalparkfestivalen Under Storen skal det arrangerast ei merkering av 40-års jubileet til Folkevegen. I samband med dette trengs det midlar til å realisera eit informasjonsprosjekt om Folkevegen – arbeidet, dugnaden og prosjektet i sin heilskap.

Hugin Musikkforum – RockCamp 2017

RockCamp er ei øvings og inspirasjonshelg for musikkinteresserte born og ungdom mellom 13-20 år i Sogn. Deltakarane får individuell instruksjon, samt læra samspel i band.

Lærdal Seniordans

Er aktive innan dans med kaffi og sosialt samvær ein gong i veka. I tillegg dansar dei og underheld på Lærdal bu- og omsorgsheim.

Temakafè Kreftomsorg Årdal, Lærdal

Uformell møteplass for personar med kreft, pårørande og etterlatne. Delar tankar, erfaringar og har ein sosial aktivitet. Fagpersonar deltek med innlegg om ulike tema som har relevans for dei som er berørt av kreft.

Sogndal Musikkforum

Jubileums-/julekonsert med Kjell Olav Norheim, Arild Slinde, Børge Valtestad, Stine Hole Ulla, Didrik Solli-Tangen og Ole Edvard Antonsen med fleire. Arrangementet er ein del av Stedje Kyrkje sitt 150 års jubileum.

Oliver Prosjektet

Oliver prosjektet består av handstikka tepper, luer m.m. i rein ull til premature born på Haukeland sjukehus. Samling kvar torsdag på Strondi kafè – stikkekafè.

Odd Einar Norheim

Planlegging av nytt album, ei rekke konsertar og events saman med backingband The Salamon Smokers. Målet er å få Odd Einar på musikkartet, skal sleppe album våren 2018 og at Odd Einar skal leve av musikken. Fleire kjende musikarar har skreve låtar til det nye albumet.

Lærdal Historielag

Lærdal Historielag blei starta oppatt i november 2016 etter å ha lege nede i mange år. No har laget planar om å gje ut eit årshefte med lokalhistorisk stoff. Planen er å gje ut eit hefte kvart år.

Årdal Sogelag

Restaurering og oppussing av «Russarbrakka». Laget har som mål å kunne presentera historiske hendingar frå bygda, det vere seg eldre bumiljø, krigstida, arbeidsreiskapar osv.

Årdal Gålag

Prosjekt å bygge og legga klopper på stien frå Torli og fram til Fenninga. Dette er eit svært myrete og blautt terreng på ein mykje brukt tursti. Alle arbeidstimane er på dugnad, søknaden gjeld midlar til materiale.

' 8

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.