Earnings Release • Aug 15, 2017
Earnings Release
Open in ViewerOpens in native device viewer
Delårsrapport 2. kvartal 2017/Uttale om forenkla revisorkontroll
Styret har handsama banken sitt rekneskap for 2. kvartal
2017 i styret 14.08.2017.
1. Samandrag:
Indre Sogn Sparebank (ISSB) fekk eit driftsresultat før
skatt på MNOK 15,67 pr. 30.06.2017, mot MNOK 9,80 pr.
30.06.2016. Banken sine inntekter auka med MNOK 8,38 i høve
same periode i fjor. Det skuldast auka rentenetto, auka
provisjonsinntekter og gevinst ved sal/avtalar knytt til
banken sine bygg.
Driftskostnadane er reduserte med MNOK 0,37 i høve same
periode i fjor. Det skuldast reduksjon av andre
driftskostnader og endra periodisering av avgifta til
Bankenes Sikringsfond.
Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før skatt -
kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr. 30.06.2017 var
MNOK 14,19 mot MNOK 11,23 pr. 30.06.2016. Driftsresultatet
etter skatt gir ein eigenkapitalrentabilitet pr. 30.06.2017
på 9,07 %.
Totalresultatet pr. 30.06.2017 var MNOK 13,12 mot MNOK 5,89
pr. 30.06.2016.
Kostnadsprosenten pr. 30.06.2017 er 65,62 % mot 76,11 % pr.
30.06.2016.
Det har ikkje funne stad utvatning av eigenkapitalbevisa.
Indre Sogn Sparebank har god overskotslikviditet som sikrar
nære forpliktingar. Styret vurderer likviditeten i banken
som god.
Det er gjennomført ein forenkla revisorkontroll av
delårsrekneskapen for andre kvartal 2017.
2. Hovudrapport:
Styret sin delårsrapport for 2. kvartal 2017.
3. Kontaktpersonar:
Ass. banksjef Karin Vikane tlf. 57648527/90183649
Adm. banksjef Egon M. Moen tlf. 57648523/90082415
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.