Earnings Release • Oct 30, 2015
Earnings Release
Open in ViewerOpens in native device viewer
Delårsrapport 3. kvartal 2015
Styret har i styremøte 29.10.2015 handsama og vedteke
banken sitt rekneskap for 3. kvartal 2015.
1. Samandrag:
Indre Sogn Sparebank (ISSB) fekk eit driftsresultat
før skatt på NOK 18,61 mill. pr. 30.09.2015, mot NOK
25,21 mill. pr. 30.09.2014. Avviket skuldast i
hovudsak lågare rentenetto, og lågare vinst på
finansielle instrument.
Resultat av ordinær bankdrift
(driftsresultat før skatt - kursvinst/tap på
verdipapir og valuta) pr. 30.09.2015 var NOK 19,43
mill., omlag det same som pr. 30.09.2014.
Driftsresultatet etter skatt gir ein
eigenkapitalrentabilitet pr. 30.09.2015 på 7,12 %.
Styret sitt avkastningsmål er 3 mnd. NIBOR + 5 %,
eller 6,12 % pr. 30.09.2015.
Kostnadsprosenten pr. 30.09.2015 er 67,13 %.
Det har ikkje funne stad utvatning av
eigenkapitalbevisa. Indre Sogn Sparebank har god
overskotslikviditet som sikrar nære forpliktingar.
Styret vurderer likviditeten i banken som god.
2. Hovudrapport:
Styret sin delårsrapport for 3. kvartal 2015.
3. Kontaktpersonar:
Ass. banksjef Karin Vikane tlf. 57648527/90183649
Adm. banksjef Egon M. Moen tlf. 57648523/90082415
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.