AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Hera

Audit Report / Information Jun 4, 2025

4260_10-k_2025-06-04_efd8408e-e682-4ad2-bf60-c00cafab312e.pdf

Audit Report / Information

Open in Viewer

Opens in native device viewer

Til heradsstyret i Voss herad Kopi:

Kontrollutvalet Formannskapet Rådmannen

MELDING FRÅ UAVHENGIG REVISOR

Utsegn om årsrekneskapen

Konklusjon

Vi har revidert årsrekneskapen for Voss herad som viser eit netto driftsresultat på kr – 27 760 134 i kommunekassa, og eit netto driftsresultat i den konsoliderte årsrekneskapen på kr – 27 916 083.

Årsrekneskapen er samansett av:

  • Kommunekassa sin årsrekneskap, som består av balanse per 31. desember 2024, oversikt over løyvingar til drift og investering, økonomisk oversikt drift og oversikt over samla budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjonar for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen, samt notar til årsrekneskapen, og
  • konsolidert årsrekneskap som består av balanse per 31. desember 2024, driftsrekneskap og investeringsrekneskap, for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen, og notar.

Etter vår meining:

  • oppfyller kommunekassa sin årsrekneskap gjeldande lovkrav og gir i det alt vesentlege ei dekkande framstilling av den finansielle stillinga til kommunekassa per 31. desember 2024, og av resultatet for rekneskapsåret avslutta per denne datoen i samsvar med kommunelova og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg.
  • oppfyller den konsoliderte årsrekneskapen gjeldande lovkrav og gir i det alt vesentlege ei dekkande framstilling av den finansielle stillinga til Voss herad som økonomisk eining per 31. desember 2024, og av resultatet for rekneskapsåret avslutta per denne datoen i samsvar med kommunelova og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg.

Grunnlag for konklusjonen

Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift, god kommunal revisjonsskikk i Noreg og International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta "Revisors oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen". Vi er uavhengige av heradet i samsvar med krava i lover og forskrifter i Noreg, og har etterlevd dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Innhenta revisjonsbevis er etter vår vurdering tilstrekkeleg og føremålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Årsmeldinga

Rådmannen er ansvarleg for informasjonen i årsmeldinga. Vår konklusjon om årsrekneskapen ovanfor dekkjer ikkje informasjonen i årsmeldinga.

Føretaksregisteret NO 925 841 153 MVA www.vestlands-revisjon.no [email protected]

I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det vår oppgåve å lese årsmeldinga. Føremålet er å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom årsmeldinga og årsrekneskapen og den kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen av årsrekneskapen, eller om informasjonen i årsmeldinga elles tilsynelatande er vesentleg feil. Vi uttaler oss om årsmeldinga datert 30. mars 2025 og har plikt til å rapportere dersom årsmeldinga framstår som vesentleg feil.

Ut frå kunnskapen vi har opparbeidd oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga

  • inneheld dei opplysningane som skal vere med etter gjeldande lovkrav, og
  • at opplysningane om økonomi i årsmeldinga stemmer overeins med årsrekneskapen.

Vi viser elles til avsnittet «Utsegn om forklaring for vesentlege budsjettavvik» under vår utsegn om andre lovmessige krav.

Rådmannen sitt ansvar for årsrekneskapen

Rådmannen er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at den gir ei dekkande framstilling i samsvar med kommunelovas regler og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg. Rådmannen er også ansvarleg for slik internkontroll han finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta.

Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen

Vårt mål med revisjonen er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av feil eller misleg framferd, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld vår konklusjon. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Feilinformasjon er å anse som vesentleg dersom den åleine eller samla, innanfor rimeleg grenser, kan forventast å påverke dei økonomiske avgjerdene som brukarane tar, på grunnlag av årsrekneskapen.

Som del av ein revisjon i samsvar med ISA-ane, utøver vi profesjonelt skjøn og viser profesjonell skepsis gjennom heile revisjonen. I tillegg:

  • identifiserer og anslår vi risikoane for vesentleg feilinformasjon i årsrekneskapen, enten det skuldast misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Vi utformar og gjennomfører revisjonshandlingar for å handtere slike risikoar, og hentar inn revisjonsbevis som er tilstrekkelege og formålstenlege som grunnlag for konklusjonen vår. Risikoen for at vesentleg feilinformasjon som følgje av misleg framferd ikkje blir avdekka, er høgare enn risikoen for feilinformasjon som skuldast feil som ikkje er tilsikta, sidan misleg framferd kan innebere samarbeid, forfalsking, bevisste utelatingar, feil presentasjonar, eller brot på interne kontrollrutinar.
  • opparbeider vi oss ei forståing av internkontroll som er relevant for revisjonen, for å utforme revisjonshandlingar som er føremålstenlege etter tilhøva, men ikkje for å gi uttrykk for ei meining om effektiviteten av heradet sin interne kontroll.
  • evaluerer vi om rekneskapsprinsippa som er brukte, er føremålstenlege, og vi vurderer om rekneskapsestimata og tilhøyrande noteopplysningar som er utarbeidde av rådmannen, er rimelege.
  • evaluerer vi den totale presentasjonen, strukturen og innhaldet i årsrekneskapen, tilleggsopplysningane, og om årsrekneskapen representerer dei underliggjande transaksjonane og hendingane på ein måte som gir ei dekkande framstilling.

• hentar vi inn tilstrekkeleg og formålstenleg revisjonsbevis om den finansielle informasjonen til rekneskapseiningane som inngår i konsolidert årsrekneskap, for å kunne gi uttrykk for ei meining om den konsoliderte årsrekneskapen. Vi er ansvarlege for å leie, følgje opp og gjennomføre revisjonen av den konsoliderte årsrekneskapen. Vi har eineansvar for vår konklusjon om den konsoliderte årsrekneskapen.

Vi kommuniserer med kontrollutvalet og rådmannen, mellom anna om det planlagde innhaldet i og tidspunkt for revisjonsarbeidet og eventuelle vesentlege funn i revisjonen, irekna vesentlege svakheiter i internkontroll som vi avdekker i løpet av revisjonen.

Utsegn om andre lovmessige krav

Konklusjon om registrering og dokumentasjon

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er omtalt ovanfor, og kontrollhandlingar vi har funne nødvendige etter internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt si plikt til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av heradet sine rekneskapsopplysningar, i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.

Utsegn om forklaring for vesentlege budsjettavvik

Vi har utført eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit, knytt til Voss herad si forklaring for vesentlege budsjettavvik, enten det skuldast beløpsmessige avvik eller avvik frå heradsstyret sine premissar for bruken av løyvingane.

Konklusjon

Basert på dei utførte handlingane og innhenta bevis, er vi ikkje blitt kjende med forhold som gjev grunn til å tru at årsmeldinga ikkje gir dekkande opplysningar om vesentlege budsjettavvik.

Rådmannen sitt ansvar for å forklare budsjettavvik

Rådmannen er ansvarleg for å etablere administrative rutinar som sørger for at det blir utarbeidd og iverksett rutinar som sikrar at alle vesentlege budsjettavvik blir identifisert og forklart. Dette gjeld både beløpsmessige rammer og vedtekne premissar for bruken av løyvingane. I årsmeldinga skal Rådmannen forklare vesentlege beløpsmessige avvik mellom årsbudsjettet og årsrekneskapen, og vesentlege avvik frå heradsstyret sine premissar for bruken av løyvingane.

Våre oppgåver og plikter

Vår oppgåve er å sjå etter om årsmeldinga gir dekkande opplysningar om vesentlege beløpsmessige avvik frå årsbudsjettet og vesentlege avvik frå heradsstyret sine premissar for bruken av løyvingane. Vi skal gje ei fråsegn om årsmeldinga på grunnlag av bevisa vi har henta inn. Vi har utført vårt attestasjonsoppdrag med moderat sikkerheit i samsvar med reglane i kommunelova og RSK 302 Forenkla etterlevingskontroll av vesentlege budsjettavvik. Standarden krev at vi planlegg og gjennomfører oppdraget for å oppnå moderat sikkerheit for om det ligg føre dekkande opplysningar om vesentlege budsjettavvik i årsmeldinga.

Utføring av eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit i samsvar med RSK 302, inneber å utføre handlingar for å innhente bevis for om det er avvik frå budsjettvedtak, både beløpsmessige avvik og avvik frå heradsstyret sine premissar for bruken av løyvingane, og om det i årsmeldinga er gitt dekkande opplysningar om årsakene til avvika. Revisor sitt skjøn avgjer typen, tidspunktet for og omfanget handlingar. Moderat sikkerheit har klart lågare sikkerheitsgrad enn tryggande sikkerheit, og vi gir derfor ikkje uttrykk for same nivå av sikkerheit i attestasjonen, som i konklusjon om

årsrekneskapen i revisjonsmeldinga. Vi meiner at vi har innhenta tilstrekkeleg og føremålstenleg bevis som grunnlag for konklusjonen vår.

Isdalstø, 15. april 2025

Vestlandsrevisjon IKS

_____________________________

Janne Eraker statsautorisert revisor

Signaturene i dette dokumentet er juridisk bindende. Dokument signert med "Penneo™ - sikker digital signatur". De signerende parter sin identitet er registrert, og er listet nedenfor.

"Med min signatur bekrefter jeg alle datoer og innholdet i dette dokument."

Eraker, Janne Statsautorisert revisor Serienummer: no_bankid:9578-5995-4-105767 IP: 85.200.xxx.xxx 2025-04-15 18:53:31 UTC

Dette dokumentet er signert digitalt via Penneo.com. De signerte dataene er validert ved hjelp av den matematiske hashverdien av det originale dokumentet. All kryptografisk bevisføring er innebygd i denne PDF-en for fremtidig validering.

Dette dokumentet er forseglet med et kvalifisert elektronisk segl ved bruk av et sertifikat og et tidsstempel fra en kvalifisert tillitstjenesteleverandør.

Slik kan du bekrefte at dokumentet er originalt

Når du åpner dokumentet i Adobe Reader, kan du se at det er sertifisert av Penneo A/S. Dette beviser at innholdet i dokumentet ikke har blitt endret siden tidspunktet for signeringen. Bevis for de individuelle signatørenes digitale signaturer er vedlagt dokumentet.

Du kan bekrefte de kryptografiske bevisene ved hjelp av Penneos validator, https://penneo.com/validator, eller andre valideringsverktøy for digitale signaturer.

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.