Audit Report / Information • May 27, 2025
Audit Report / Information
Open in ViewerOpens in native device viewer
Deloitte AS Lars Hilles gate 30 Postboks 6013, Postterminalen NO-5008 Bergen Norway
Tel: +47 55 21 81 00 www.deloitte.no
Vi har revidert årsrekneskapen for Kvam herad, som viser eit negativt netto driftsresultat på kr 88.590.073 i kommunekassen, og eit negativt netto driftsresultat i den konsoliderte årsrekneskapen på kr. 88.590.072. Årsrekneskapen er samansett av:
Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift, god kommunal revisjonsskikk i Noreg og International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta Revisors oppgåver og plikter ved revisjon av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av kommunen i samsvar med krava i lovar og forskriftar i Noreg, og har etterlevd dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Innhenta revisjonsbevis er etter vår vurdering tilstrekkeleg og føremålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.
Kommunedirektøren er ansvarleg for informasjonen i årsmeldinga. Vår konklusjon om årsrekneskapen ovanfor dekkjer ikkje informasjonen i årsmeldinga.
I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det vår oppgåve å lese årsmeldinga. Føremålet er å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom årsmeldinga og årsrekneskapen og den kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen av årsrekneskapen, eller om informasjonen i årsmeldinga elles tilsynelatande er vesentleg feil. Vi har plikt til å rapportere dersom årsmeldinga tilsynelatande er vesentleg feil. Vi uttaler oss om årsmeldinga datert 31. mars 2025 og har ikkje noko å rapportere om det.
Deloitte AS and Deloitte Advokatfirma AS are the Norwegian affiliates of Deloitte NSE LLP, a member firm of Deloitte Touche Tohmatsu Limited, a UK private company limited by guarantee ("DTTL"). DTTL and each of its member firms are legally separate and independent entities. DTTL and Deloitte NSE LLP do not provide services to clients. Please see www.deloitte.com/about to learn more about our global network of member firms. Registrert i Foretaksregisteret Medlemmer av Den norske Revisorforening Organisasjonsnummer: 980 211 282
Deloitte Norway conducts business through two legally separate and independent limited liability companies; Deloitte AS, providing audit, consulting, financial advisory and risk management services, and Deloitte Advokatfirma AS, providing tax and legal services.
Ut frå kunnskapen vi har opparbeidd oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga
Vi viser elles til avsnittet «Konklusjon om årsmeldinga» og «Utsegn om forklaring for vesentlege budsjettavvik» under vår utsegn om andre lovmessige krav.
Kommunedirektøren er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at den gir ei dekkande framstilling i samsvar med kommunelovas regler og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg. Kommunedirektøren er også ansvarleg for slik intern kontroll han/ho finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta.
Vårt mål er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ein høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Feilinformasjon er å anse som vesentleg dersom han, åleine eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke dei økonomiske avgjerslene som brukarane tar på grunnlag av årsrekneskapen.
Som del av ein revisjon i samsvar med ISA-ane, utøver vi profesjonelt skjønn og viser profesjonell skepsis gjennom heile revisjonen. I tillegg:
Vi kommuniserer med kontrollutvalet og kommunedirektøren, mellom anna om det planlagde innhaldet i og tidspunkt for revisjonsarbeidet og eventuelle vesentlege funn i revisjonen, irekna vesentlege svakheiter i intern kontroll som vi avdekker i løpet av revisjonen.
Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er omtalt ovanfor, og kontrollhandlingar vi har funne nødvendige etter internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt si plikt til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av kommunen sine rekneskapsopplysningar, i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.
Vi har utført eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit, knytt til Kvam herad si forklaring for vesentlege budsjettavvik, enten det skuldast beløpsmessige avvik eller avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane.
Basert på dei utførte handlingane og innhenta bevis, er vi ikkje blitt kjende med forhold som gjev grunn til å tru at årsmeldinga ikkje gir dekkande opplysningar om vesentlege budsjettavvik.
Kommunedirektøren er ansvarleg for å etablere administrative rutinar som sørger for at det blir utarbeidd og iverksett rutinar som sikrar at alle vesentlege budsjettavvik blir identifisert og forklart. Dette gjeld både beløpsmessige rammer og vedtekne premissar for bruken av løyvingane. I årsmeldinga skal kommunedirektøren forklare vesentlege beløpsmessige avvik mellom årsbudsjettet og årsrekneskapen, og vesentlege avvik frå kommunestyret eller fylkestinget sine premissar for bruken av løyvingane.
Vår oppgåve er å sjå etter om årsmeldinga gir dekkande opplysningar om vesentlege beløpsmessige avvik frå årsbudsjettet og vesentlege avvik frå kommunestyret eller fylkestinget sine premissar for bruken av løyvingane. Vi skal gje ei fråsegn om årsmeldinga på grunnlag av bevisa vi har henta inn. Vi har utført vårt attestasjonsoppdrag med moderat sikkerheit i samsvar med reglane i kommunelova og RSK 302 Forenkla etterlevingskontroll av vesentlege budsjettavvik. Standarden krev at vi planlegg og gjennomfører oppdraget for å oppnå moderat sikkerheit for om det ligg føre dekkande opplysningar om vesentlege budsjettavvik i årsmeldinga.
Utføring av eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit i samsvar med RSK 302, inneber å utføre handlingar for å innhente bevis for om det er avvik frå budsjettvedtak, både beløpsmessige avvik og avvik frå kommunestyret eller fylkestinget sine premissar for bruken av løyvingane, og om det i årsmeldinga er gitt dekkande opplysningar om årsakene til avvika. Revisor sitt skjøn avgjer typen, tidspunktet for og omfanget handlingar. Moderat sikkerheit har klart lågare sikkerheitsgrad enn tryggande sikkerheit, og vi gir derfor ikkje uttrykk for same nivå av sikkerheit i attestasjonen, som i konklusjon om årsrekneskapen i revisjonsmeldinga. Vi meiner at vi har innhenta tilstrekkeleg og føremålstenleg bevis som grunnlag for konklusjonen vår.
Bergen, 10. april 2025 Deloitte AS
Unni-Renate Moe statsautorisert revisor (elektronisk signert)
Signaturene i dette dokumentet er juridisk bindende. Dokument signert med "Penneo™ - sikker digital signatur". De signerende parter sin identitet er registrert, og er listet nedenfor.
"Med min signatur bekrefter jeg alle datoer og innholdet i dette dokument."
IP: 163.116.xxx.xxx 2025-04-10 08:20:18 UTC

Dette dokumentet er signert digitalt via Penneo.com. De signerte dataene er validert ved hjelp av den matematiske hashverdien av det originale dokumentet. All kryptografisk bevisføring er innebygd i denne PDF-en for fremtidig validering.
Dette dokumentet er forseglet med et kvalifisert elektronisk segl ved bruk av et sertifikat og et tidsstempel fra en kvalifisert tillitstjenesteleverandør.
Slik kan du bekrefte at dokumentet er originalt
Når du åpner dokumentet i Adobe Reader, kan du se at det er sertifisert av Penneo A/S. Dette beviser at innholdet i dokumentet ikke har blitt endret siden tidspunktet for signeringen. Bevis for de individuelle signatørenes digitale signaturer er vedlagt dokumentet .
Du kan bekrefte de kryptografiske bevisene ved hjelp av Penneos validator, https://penneo.com/validator, eller andre valideringsverktøy for digitale signaturer.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.