Audit Report / Information • May 29, 2024
Audit Report / Information
Open in ViewerOpens in native device viewer

Til heradstyret i Voss herad Kopi:
Kontrollutvalet Formannskapet Rådmannen
Vi har revidert årsrekneskapen for Voss herad som viser eit netto driftsresultat på kr -9 331 876 i kommunekassa, og eit netto driftsresultat i den konsoliderte årsrekneskapen på kr -12 069 564.
Årsrekneskapen er samansett av:
Etter vår meining:
Som følgje av for høg bokført inntekt relatert til særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester, er «Overføringer og tilskudd fra andre» overvurdert med kr 9 161 000 og omløpsmidlar (kortsiktige fordringar) balanseført med kr 9 161 000 for mykje. Utan denne feilen ville netto driftsresultat ha vore kr -18 492 876 i kommunekassa og kr -21 230 564 i den konsoliderte årsrekneskapen.
Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift, god kommunal revisjonsskikk i Noreg og International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta "Revisors oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen". Vi er uavhengige av kommunen i samsvar med krava i lover og forskrifter i Noreg, og har etterlevd dei
Avdeling Voss Miltzowsgate 2, 5700 Voss Telefon 99 72 61 68
Føretaksregisteret NO 925 841 153 MVA www.vestlands-revisjon.no [email protected]

andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Innhenta revisjonsbevis er etter vår vurdering tilstrekkeleg og føremålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.
Rådmannen er ansvarleg for informasjonen i årsmeldinga. Vår konklusjon om årsrekneskapen ovanfor dekkjer ikkje informasjonen i årsmeldinga.
I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det vår oppgåve å lese årsmeldinga. Føremålet er å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom årsmeldinga og årsrekneskapen og den kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen av årsrekneskapen, eller om informasjonen i årsmeldinga elles tilsynelatande er vesentleg feil. Vi uttaler oss om årsmeldinga datert 15. april 2024 og har plikt til å rapportere dersom årsmeldinga framstår som vesentleg feil.
Som omtala i avsnittet «Grunnlag for konklusjonen med atterhald» ovanfor, er «Overføringer og tilskudd fra andre» overvurdert i årsrekneskapen. Årsmeldinga er basert på samme vesentlege feilinformasjon.
Ut frå kunnskapen vi har opparbeidd oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga, med unntak av verknaden av tilhøvet omtala i avsnittet over
Vi viser elles til avsnittet «Utsegn om forklaring for vesentlege budsjettavvik» under vår utsegn om andre lovmessige krav.
Rådmannen er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at den gir ei dekkande framstilling i samsvar med kommunelovas regler og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg. Rådmannen er også ansvarleg for slik internkontroll han/ho finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta.
Vårt mål med revisjonen er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av feil eller misleg framferd, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld vår konklusjon. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Feilinformasjon er å anse som vesentleg dersom den åleine eller samla, innanfor rimeleg grenser, kan forventast å påverke dei økonomiske avgjerdene som brukarane tar, på grunnlag av årsrekneskapen.
Som del av ein revisjon i samsvar med ISA-ane, utøver vi profesjonelt skjøn og viser profesjonell skepsis gjennom heile revisjonen. I tillegg:
• identifiserer og anslår vi risikoane for vesentleg feilinformasjon i årsrekneskapen, enten det skuldast misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Vi utformar og gjennomfører revisjonshandlingar for å handtere slike risikoar, og hentar inn revisjonsbevis som er tilstrekkelege og formålstenlege som grunnlag for konklusjonen vår. Risikoen for at vesentleg feilinformasjon som følgje av misleg framferd ikkje blir avdekka, er høgare enn risikoen for feilinformasjon som skuldast feil som ikkje er tilsikta, sidan misleg framferd kan innebere

samarbeid, forfalsking, bevisste utelatingar, feil presentasjonar, eller brot på interne kontrollrutinar.
Vi kommuniserer med kontrollutvalet og Rådmannen, mellom anna om det planlagde innhaldet i og tidspunkt for revisjonsarbeidet og eventuelle vesentlege funn i revisjonen, irekna vesentlege svakheiter i internkontroll som vi avdekker i løpet av revisjonen.
Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er omtalt ovanfor, og kontrollhandlingar vi har funne nødvendige etter internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt si plikt til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av kommunen sine rekneskapsopplysningar, i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.
Vi har utført eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit, knytt til Voss herad si forklaring for vesentlege budsjettavvik, enten det skuldast beløpsmessige avvik eller avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane.
Basert på dei utførte handlingane og innhenta bevis er vi, med unntak av tilhøvet som er omtala i avsnittet «Grunnlag for konklusjon med atterhald» nedanfor, ikkje blitt kjent med tilhøve som gir grunn til å tru at årsmeldinga ikkje gir dekkande opplysningar om vesentlege budsjettavvik.
Som omtala i avsnittet «Grunnlag for konklusjonen med atterhald» under uttala om årsrekneskapen er «Overføringer og tilskudd fra andre» overvurdert i årsrekneskapen. Dersom inntektene ikkje var overvurdert, ville det vore eit vesentleg budsjettavvik som skulle vore forklart i årsmeldinga.
Rådmannen er ansvarleg for å etablere administrative rutinar som sørger for at det blir utarbeidd og iverksett rutinar som sikrar at alle vesentlege budsjettavvik blir identifisert og forklart. Dette gjeld både beløpsmessige rammer og vedtekne premissar for bruken av løyvingane. I årsmeldinga skal


Rådmannen forklare vesentlege beløpsmessige avvik mellom årsbudsjettet og årsrekneskapen, og vesentlege avvik frå kommunestyret eller fylkestinget sine premissar for bruken av løyvingane.
Vår oppgåve er å sjå etter om årsmeldinga gir dekkande opplysningar om vesentlege beløpsmessige avvik frå årsbudsjettet og vesentlege avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane. Vi skal gje ei fråsegn om årsmeldinga på grunnlag av bevisa vi har henta inn. Vi har utført vårt attestasjonsoppdrag med moderat sikkerheit i samsvar med reglane i kommunelova og RSK 302 Forenkla etterlevingskontroll av vesentlege budsjettavvik. Standarden krev at vi planlegg og gjennomfører oppdraget for å oppnå moderat sikkerheit for om det ligg føre dekkande opplysningar om vesentlege budsjettavvik i årsmeldinga.
Utføring av eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit i samsvar med RSK 302, inneber å utføre handlingar for å innhente bevis for om det er avvik frå budsjettvedtak, både beløpsmessige avvik og avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane, og om det i årsmeldinga er gitt dekkande opplysningar om årsakene til avvika. Revisor sitt skjøn avgjer typen, tidspunktet for og omfanget handlingar. Moderat sikkerheit har klart lågare sikkerheitsgrad enn tryggande sikkerheit, og vi gir derfor ikkje uttrykk for same nivå av sikkerheit i attestasjonen, som i konklusjon om årsrekneskapen i revisjonsmeldinga. Vi meiner at vi har innhenta tilstrekkeleg og føremålstenleg bevis som grunnlag for konklusjonen vår.
Isdalstø, 15. april 2024
Vestlandsrevisjon IKS
Janne Eraker statsautorisert revisor
_____________________________

Signaturene i dette dokumentet er juridisk bindende. Dokument signert med "Penneo™ - sikker digital signatur". De signerende parter sin identitet er registrert, og er listet nedenfor.
"Med min signatur bekrefter jeg alle datoer og innholdet i dette dokument."
På vegne av: Vestlandsrevisjon Serienummer: no_bankid:9578-5995-4-105767 IP: 85.200.xxx.xxx 2024-04-15 23:06:34 UTC

D okumentet er sig ner t digit alt , med Pe n neo .com. Alle digit ale signat urd a t a i d o k umentet er sikre t og v alidert av den d a t amas kin-utregned e has h v erdien av det op pri n nelig e dokume n t . Do k umentet er lås t og tids-stemplet me d e t ser tifikat fr a en betro dd tre djepar t . All kry ptogr afi s k bevis er i n tegrert i den ne P D F , for frem tidig v alidering (hvis n ø d ven dig ) .
Hvordan bekrefter at dette dok umentet er orgi n ale n ?
D okumentet er bes kyttet a v ett Ado b e CDS sertifi k a t. Når d u åp ner dok ume ntet i Adob e Rea der , s k al d u k u n n e se at dokumentet er sertifisert av Pe n neo e-si g n ature service
Det er lett å k o n troller e de kry p t ogr afi s k e bevi s er som er lo k alisert in ne i d o k umentet, med Penne o valid a tor htt p s :// penneo.com/validator
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.