AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Hera

Audit Report / Information Jun 20, 2022

4260_10-k_2022-06-20_0345c989-18fa-4bb0-b614-0fb7173232fd.PDF

Audit Report / Information

Open in Viewer

Opens in native device viewer

Til heradsstyret i Voss herad Kopi:

Kontrollutvalet Formannskapet Kommunedirektøren

MELDING FRÅ UAVHENGIG REVISOR

Utsegn om revisjonen av årsrekneskapen

Konklusjon med atterhald

Vi har revidert årsrekneskapen for Voss herad, som viser eit netto driftsresultat på kr 45.920.193 i kommunekassen, og eit netto driftsresultat i den konsoliderte årsrekneskapen på kr. 46.709.708. Årsrekneskapen er samansett av:

  • kommunekassa sin årsrekneskap, som består av balanse per 31. desember 2021, oversikt over løyvingar til drift og investering, økonomisk oversikt drift og oversikt over samla budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjonar for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen, samt notar til årsrekneskapen, medrekna eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp, og
  • konsolidert årsrekneskap, som består av balanse per 31. desember 2021, driftsrekneskap og investeringsrekneskap, for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen, og notar, medrekna eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.

Etter vår meining:

  • oppfyller kommunekassa sin årsrekneskap, med unntak av verknad av forhold som er omtalt i avsnittet «Grunnlag for konklusjon med atterhald», gjeldande lovkrav og gir i det alt vesentlege ei dekkande framstilling av den finansielle stillinga til kommunekassa per 31. desember 2021, og av resultatet for rekneskapsåret avslutta per denne datoen i samsvar med kommunelova og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg.
  • oppfyller den konsoliderte årsrekneskapen, med unntak av verknad av forhold som er omtalt i avsnittet «Grunnlag for konklusjon med atterhald», gjeldande lovkrav og gir i det alt vesentlege ei dekkande framstilling av den finansielle stillinga til Voss herad som økonomisk eining per 31. desember 2021, og av resultatet for rekneskapsåret avslutta per denne datoen i samsvar med kommunelova og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg.

Grunnlag for konklusjon med atterhald

Tilskot frå næringsfond er bokført ved utbetaling, og ikkje på tidspunkt for vedtak om utdeling av midlar. Praksis medfører avvik frå anordningsprinsippet og god kommunal rekneskapsskikk {GKRS) og utgiftsførte utdelingar til andre i driftsrekneskapen skulle vore kr. 3.730.000,- høgare. Det er usikkerheit knytt til omfanget av praksis, og om beløpet i realiteten er hgare.

Det er usikkerheit knytt til verdsetting av andre fordringar i balansen til bokført verdi kr. 6.878.250,- jf. \$3-3i Forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning

Føretaksregisteret NO 925 841153 MVA

www.vestlandsrevisjon.no [email protected]

for kommuner og fylkeskommuner mv. Fordringane er av eldre karakter. Det er ikkje gjennomført avsetning for usikre fordringar i rekneskapen.

Det er vesentleg feil i bokførte verdiar på kunde- og leverandørreskontro pr. 31.12.2021. Årsak er feil periodisering av betalingar som skulle vore registrert i år 2022, men som er kome med i årsrekneskapen for år 2021. Feilen påverkar saldo på kunde-, leverandørreskonto og bank i balanserekneskapen. Leverandørgjeld syner kr. 18.115.096, for låg gjeld og kundefordring syner kr. 743.386,- for låg fordring pr.31.12.

Kunde- og leverandørreskontro som er nytta til interntransaksjonar mellom einingane i kommunen er ikkje avstemt, og det er risiko for manglande samsvar mellom reskontroane pr. 31.12.21. Revisjonen har ikkje vore i stand til å kontrollere postane på ein tilfredsstillande måte, og det er knytt usikkerheit til storleiken på ein eventuell konsekvens for driftsrekneskapen.

Det er eit avvik på kr. 12.891.250,- mellom investeringar i varige driftsmidlar i investeringsrekneskapen og registrerte tilgangar i balansen og anleggsregisteret. Mangelen har konsekvens for tilgangar av anleggsmidlar i balansen, kapitalkonto og estimert avskriving.

Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god kommunal revisjonsskikk i Noreg, medrekna dei internasjonale revisjonsstandardane International Standards on Auditing (ISA-ane). Väre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta Revisors oppgåver og plikter ved revisjon av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av kommunen, slik det er krav om i lov og forskrift, og har etterlevd dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Innhenta revisjonsbevis er etter vår vurdering tilstrekkeleg og føremålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Presisering

Det er feil i årsrekneskapsrapportane sine kolonnar om opprinneleg budsjett og justert budsjett. Me syner til omtale i fotnote til rapport «Økonomisk oversikt - drift§ 5-6» og vedlegg til årsrekneskapen side 32-34, notat om årsak og verknad frå stabssjef Strategi og styring, Voss herad.

Sentrale tilhøve ved revisjonen

Sentrale tilhøve ved revisjonen er dei tilhøva vi meiner var av størst betyd ing ved revisjon av årsrekneskapen for 2021. Desse tilhøva blei handtert då revisjonen vart utført og då vi danna oss ei meining om årsrekneskapen totalt sett. Vi konkluderer ikkje særskilt på desse tilhøva.

Årsmeldinga og anna ytterlegare informasjon

Kommunedirektøren er ansvarleg for informasjonen i årsmeldinga og den ytterlegare informasjonen som er publisert saman med årsrekneskapen. Ytterlegare informasjon omfattar den lovbestemte årsmeldinga og anna informasjon i kommunen sin årsrapport. Vår konklusjon om årsrekneskapen ovanfor dekkjer verken informasjonen i årsmeldinga eller annan ytterlegare informasjon.

I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det vår oppgåve å lese årsmeldinga og anna ytterlegare informasjon. Føremålet er å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom årsmeldinga, anna ytterlegare informasjon og årsrekneskapen og den kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen av årsrekneskapen, eller om informasjonen i årsmeldinga og anna ytterlegare informasjon elles tilsynelatande er vesentleg feil. Vi har plikt til å rapportere dersom årsmeldinga eller anna ytterlegare informasjon tilsynelatande er vesentleg feil. Vi har ikkje noko å rapportere om det. I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det vår oppgåve å Iese årsmeldinga og anna ytterlegare informasjon. Føremålet er å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom årsmeldinga, anna ytterlegare informasjon og årsrekneskapen og den kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen av årsrekneskapen, eller om informasjonen i årsmeldinga og anna ytterlegare informasjon elles tilsynelatande er vesentleg feil. Vi har plikt til å rapportere dersom årsmeldinga eller anna ytterlegare informasjon tilsynelatande er vesentleg feil. Vi har ikkje noko å rapportere om det.

Ut frå kunnskapen vi har opparbeidd oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga Ut frå kunnskapen vi har opparbeidd oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga

  • inneheld dei opplysningane som skal vere med etter gjeldande lovkrav og
  • at opplysningane om økonomi i årsmeldinga stemmer overeins med årsrekneskapen. • inneheld dei opplysningane som skal vere med etter gjeldande lovkrav og • at opplysningane om økonomi i årsmeldinga stemmer overeins med årsrekneskapen.

Vi viser elles til avsnittet «Konklusjon om årsmeldinga» og «Utsegn om forklaring for vesentlege budsjettavvik» under vår utsegn om andre lovmessige krav. Vi viser elles til avsnittet «Konklusjon om årsmeldinga» og «Utsegn om forklaring for vesentlege budsjettavvik» under vår utsegn om andre lovmessige krav.

Kommunedirektøren sitt ansvar for årsrekneskapen Kommunedirektøren sitt ansvar for årsrekneskapen

Kommunedirektøren er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at den gir ei dekkande framstilling i samsvar med kommunelovas regler og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg. Kommunedirektøren er også ansvarleg for slik intern kontroll han/ho finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Kommunedirektøren er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at den gir ei dekkande framstilling i samsvar med kommunelovas regler og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg. Kommunedirektøren er også ansvarleg for slik intern kontroll han/ho finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta.

Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen

Vårt mål med revisjonen er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av feil eller misleg framferd, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld vår konklusjon. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med lov, forskrift og god kommunal revisjonsskikk i Noreg, og ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Feilinformasjon blir vurdert som vesentleg dersom den åleine eller samla, innanfor rimeleg grenser, kan forventast å påverke økonomiske avgjerder som brukarane tek, basert på årsrekneskapen1 . Vårt mål med revisjonen er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av feil eller misleg framferd, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld vår konklusjon. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med lov, forskrift og god kommunal revisjonsskikk i Noreg, og ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Feilinformasjon blir vurdert som vesentleg dersom den åleine eller samla, innanfor rimeleg grenser, kan forventast å påverke økonomiske avgjerder som brukarane tek, basert på årsrekneskapen1.

Utsegn om andre lovmessige krav Utsegn om andre lovmessige krav

Konklusjon om registrering og dokumentasjon Konklusjon om registrering og dokumentasjon

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er omtalt ovanfor, og kontrollhandlingar vi har funne nødvendige etter internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt si plikt til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av kommunen sine rekneskapsopplysningar, i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg. Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er omtalt ovanfor, og kontrollhandlingar vi har funne nødvendige etter internasjonal standard for attestasjonsoppdrag {ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt si plikt til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av kommunen sine rekneskapsopplysningar, i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.

1 Sjå www.nkrf.no/revisjonsberetninger for meir info om revisor sine oppgåver 1Sjå www.nkrf.no/revisjonsberetninger for meir info om revisor sine oppgåver

Utsegn om forklaring for vesentlege budsjettavvik Utsegn om forklaring for vesentlege budsjettavvik

Vi har utført eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit, knytt til Voss herad si forklaring for vesentlege budsjettavvik, enten det skuldast beløpsmessige avvik eller avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane2 . Vi har utført eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit, knytt til Voss herad si forklaring for vesentlege budsjettavvik, enten det skuldast belpsmessige avvik eller avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane2•

Konklusjon Konklusjon

Basert på dei utførte handlingane og innhenta bevis, er vi ikkje blitt kjende med forhold som gjev grunn til å tru at årsmeldinga ikkje gir dekkande opplysningar om vesentlege budsjettavvik. Basert på dei utførte handlingane og innhenta bevis, er vi ikkje blitt kjende med forhold som gjev grunn til å tru at årsmeldinga ikkje gir dekkande opplysningar om vesentlege budsjettavvik.

Andre forhold Andre forhold

Denne meldinga erstattar tidlegare avgitt revisjonsmelding, datert 19.04.2022, som vart utarbeidd ved utløpet av forskrifta sin frist for å avleggje revisjonsberetning. Fullstendig årsrekneskap var på dette tidspunkt ikkje gitt av kommunedirektøren. Denne meldinga erstattar tidlegare avgitt revisjonsmelding, datert 19.04.2022, som vart utarbeidd ved utløpet av forskrifta sin frist for å avleggje revisjonsberetning. Fullstendig årsrekneskap var på dette tidspunkt ikkje gitt av kommunedirektøren.

Voss, 25.05.2022 Voss, 25.05.2022

Vestlandsrevisjon IKS Elin Bye Statsautorisert revisor/oppdragsansvarleg (elektronisk signert) Vestlandsrevisjon IKS Elin Bye Statsautorisert revisor/ opp dragsa n sva ri eg ( elektronisk signert)

2 Sjå www.nkrf.no/revisjonsberetninger for meir info om revisor sine oppgåver ved kontroll av budsjettavvik 2 Sjå www.nkrf.no/revisjonsberetninger for meir info om revisor sine oppgåver ved kontroll av budsjettavvik

Signaturene i dette dokumentet er juridisk bindende. Dokument signert med "Pen neo "- sikker digital signatur". De signerende parter sin identitet er registrert, og er listet nedenfor.

"Med min signatur bekrefter jeg alle datoer og innholdet i dette dokument."

Elin Bye

Statsautorisert revisor På vegne av: Vestlandsrevisjon IKS Serienummer: 9578-5993-4-1740859 IP: 85.200.xxx.xxx 2022-05-25 16:48:36 UTC -=a

Dokumentet er signert digitalt, med Penneo.com. AIie digitale signatur-data i dokumentet er sikret og validert av den datamaskin-utregnede hash-verdien av det opprinnelige dokument. Dokumentet er låst og tids-stemplet med et sertifikat fra en betrodd tredjepart. All kryptografisk bevis er integrert i denne PDF, for fremtidig validering (hvis nødvendig).

Hvordan bekrefter at dette dokumentet er orginalen?

Dokumentet er beskyttet av ett Adobe CDS sertifikat. Når du åpner dokumentet i

Adobe Reader, skal du kunne se at dokumentet er sertifisert av Penneo esignature service penneo@penneo.com. Dette garanterer at innholdet i dokumentet ikke har blitt endret.

Det er lett å kontrollere de kryptografiske beviser som er lokalisert inne i dokumentet, med Pen neo validator - https://penneo.com/validate

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.