Audit Report / Information • Jun 16, 2021
Audit Report / Information
Open in ViewerOpens in native device viewer
Til kommunestyret i Voss herad Kopi:
Kontrollutvalget Formannskapet Kommunedirektøren
Vi har revidert årsrekneskapen for Voss herad, som viser eit netto driftsresultat på kr.27.947.426,- i kommunekassen og eit netto driftsresultat i det konsoliderte årsrekneskapen på kr.32.243.404,-. Årsrekneskapen er samansett av:
Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god kommunal revisjonsskikk i Noreg, medrekna dei internasjonale revisjonsstandardane (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta Revisors oppgåver og plikter ved revisjon av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av kommunen, slik det er krav om i lov og forskrift, og har etterlevd dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og føremålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.
Føretaksregisteret NO 925 841 153 MVA www.vestlandsrevisjon.no [email protected]
Kommunedirektøren er ansvarleg for ytterlegare informasjon. Ytterlegare informasjon består av årsmeldinga, men ikkje årsrekneskapen og revisjonsmeldinga.
Vår uttale om revisjonen av årsrekneskapen dekkjer ikkje slik ytterlegare informasjon, og vi attesterer ikkje denne informasjonen. Vi viser elles til avsnittet «Konklusjon om årsmeldinga» og «Utsegn om forklaring for vesentlege budsjettavvik» under vår utsegn om andre lovmessige krav.
I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det vår oppgåve å lese den ytterlegare informasjonen, for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom den og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om den tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon. Dersom vi hadde konkludert med at den ytterlegare informasjonen inneheld vesentleg feilinformasjon, ville vi rapportert om det. Vi har ikkje noko å rapportere om det.
Kommunedirektøren er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen i samsvar med lov og forskrifter, og for at den gir ei dekkande framstilling i samsvar med lov, forskrift og god kommunal rekneskapsskikk i Noreg. Kommunedirektøren er også ansvarleg for slik intern kontroll han/ho finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta.
Vårt mål med revisjonen er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av feil eller misleg framferd, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld vår konklusjon. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med lov, forskrift og god kommunal revisjonsskikk i Noreg, og ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Feilinformasjon blir vurdert som vesentleg dersom den åleine eller samla, innanfor rimeleg grenser, kan forventast å påverke økonomiske avgjerder som brukarane tar, basert på årsrekneskapen.
Som del av ein revisjon i samsvar med lov, forskrift, god revisjonsskikk i Noreg og ISA-ane, utøver vi profesjonelt skjøn og viser profesjonell skepsis gjennom heile revisjonen. I tillegg:
opparbeider vi oss ei forståing av intern kontroll som er relevant for revisjonen, for å utforme revisjonshandlingar som er føremålstenlege etter tilhøva, men ikkje for å gi uttrykk for ei meining om effektiviteten av kommunen sin interne kontroll.
evaluerer vi om rekneskapsprinsippa som er brukte, er føremålstenlege, og vi vurderer om rekneskapsestimata og tilhøyrande noteopplysningar som er utarbeidde av kommunedirektøren, er rimelege.
Vi kommuniserer med kontrollutvalet og kommunedirektøren, mellom anna om det planlagde omfanget av revisjonen og til kva tid revisjonsarbeidet skal utførast. Vi utvekslar også informasjon om tilhøve av betyding som vi har avdekka i løpet av revisjonen, samt om eventuelle svakheiter av betyding i den interne kontrollen.
Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er omtalt ovanfor, og kontrollhandlingar vi har funne nødvendige etter internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt si plikt til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av kommunen sine rekneskapsopplysningar, i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.
Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er omtalt ovanfor, meiner vi at årsmeldinga inneheld dei opplysningane som lov og forskrift krev, og at opplysningane om økonomi i årsmeldinga stemmer overeins med årsrekneskapen.
Vi har utført eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit, knytt til Voss herad si forklaring for vesentlege budsjettavvik, enten det skuldast beløpsmessige avvik eller avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane.
Basert på dei utførte handlingane og innhenta bevis, er vi, med unntak av forhold som er skildra i avsnittet «Grunnlag for konklusjon med atterhald» nedanfor, ikkje blitt kjende med forhold som gjev grunn til å tru at årsmeldinga ikkje gir dekkande opplysningar om vesentlege budsjettavvik.
Årsmeldinga inneheld ikkje skildring av eventuelle avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane i budsjettet opp mot endeleg avlagt årsrekneskap. Me kan av den grunn ikkje uttale oss om eventuelle budsjettavvik knytt til vedtekne premissar.
Kommunedirektøren er ansvarleg for å etablere administrative rutinar som sørger for at det blir utarbeidd og iverksett rutinar som sikrar at alle vesentlege budsjettavvik blir identifisert og forklart. Dette gjeld både beløpsmessige rammer og vedtekne premissar for bruken av
løyvingane. I årsmeldinga skal kommunedirektøren forklare vesentlege beløpsmessige avvik mellom årsbudsjettet og årsrekneskapen, og vesentlege avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane.
Vår oppgåve er å sjå etter om årsmeldinga gir dekkande opplysningar om vesentlege beløpsmessige avvik frå årsbudsjettet og vesentlege avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane. Vi skal gje ei fråsegn om årsmeldinga på grunnlag av bevisa vi har henta inn. Vi har utført vårt attestasjonsoppdrag med moderat sikkerheit i samsvar med reglane i kommunelova.
Utføring av eit attestasjonsoppdrag som skal gje moderat sikkerheit inneber å utføre handlingar for å innhente bevis for om det er avvik frå budsjettvedtak, både beløpsmessige avvik og avvik frå kommunestyret sine premissar for bruken av løyvingane, og om det i årsmeldinga er gitt dekkande opplysningar om årsakene til avvika. Revisor sitt skjøn avgjer typen, tidspunktet for og omfanget handlingar. Moderat sikkerheit har klart lågare sikkerheitsgrad enn tryggande sikkerheit, og vi gir derfor ikkje uttrykk for same nivå av sikkerheit i attestasjonen, som i konklusjon om årsrekneskapen i revisjonsmeldinga. Vi meiner at vi har innhenta tilstrekkeleg og føremålstenleg bevis som grunnlag for konklusjonen vår.
Denne revisjonsmeldinga erstattar tidlegare avgitt revisjonsmelding, datert 15.04.2021, som vart avgitt ved utløpet av forskriftas frist for å avlegge revisjonsmelding. Fullstendig årsrekneskap var ikkje avgitt av administrasjonssjefen innan fristen, og revisjonsarbeidet var ikkje avslutta innan 15.04.2021.
Sal av tomter og bygg har ikkje medført justering av verdi på kapitalkonto og balansen. Viser til revisjonsrapport nr.1 der revisjonen gjer greie for årsak til presisering.
Voss, 09.05.2021
Vestlandsrevisjon IKS Elin Bye Oppdragsansvarleg revisor (elektronisk signert)
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.