AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Eqva ASA

Regulatory Filings Oct 31, 2022

3598_rns_2022-10-31_5a78f402-8055-4b95-9f3f-b4d952f468ce.pdf

Regulatory Filings

Open in Viewer

Opens in native device viewer

PRESSEMELDING

Dato: 31.10.2022 Kontaktperson: Tor Leif Mongstad og Silje Smådal Ant. sider (inkl. denne): 2

Havyard Leirvik lander kontrakt med Fjord 1

Havyard Leirvik har signert kontrakt for motorbytte på ferga MF Veøy for fergerederiet Fjord1. Ferga må gjennom ei ombygging for å innfri krava på sambandet Hellesylt-Geiranger, i verdsarvfjorden.

Kontrakten og val av teknisk løysing er eit resultat av eit lengre og godt samarbeid imellom verft, designer og rederi. Fartøyet vil vere ferdig ombygd til neste turistsesong i Geiranger.

  • Vegen hit har vore ein interessant prosess for oss, og vi set stor pris på å bli involvert av redar så pass tidleg. Ved tidleg involvering har vi kunna delt både erfaring og kompetanse som sikrar ei god gjennomføring for alle partar, seier Salssjef for Havyard Leirvik, Silje Smådal.
  • Det er veldig gledeleg at Fjord1 vel Havyard Leirvik som verft for ombygging av M/F Veøy. Me er avhengig av gode og krevjande kundar for å utvikle oss. Fjord1 har vore kunde hos oss på nybygging, hybridisering, service og vedlikehald. Dei har gitt oss impulsar som har vore med på å utvikle verftet til det verftet vi liker å presentere i dag. Me ser derfor fram til å ha eit nytt større prosjekt i lag med dei, seier Administrerande Direktør Tor Leif Mongstad

Vidare seier Mongstad, at vi er umåteleg glad for å kunne melde til våre dyktige medarbeidarar at vi har inngått ein kontrakt som bidreg til å auke ordrereserven inn i 2023. Verftet er inne i ein god trend med aukande ordrevolum på service og vedlikehald, og med to større prosjekt i ordreboka gjev dette ein god basisaktivitet for verftet dei komande månadane.

Havyard Leirvik er ei hjørnesteinsbedrift i området og mange har nære tilknytingar til verftet enten ved å vere direkte tilsett eller gjennom andre familiære eller profesjonelle relasjonar. Det er derfor viktig å skape ei tryggheit for aktiviteten og vise at vi er konkurransedyktige i ein krevjande marknad.

Vedlagt følger 2 bilder til fri benyttelse. Bilde 1: Administrerande Direktør Tor Leif Mongstad. Foto: Siv-Elin Nærø Bilde 2: Salssjef Silje Smådal. Foto: Siv-Elin Nærø

Fakta Havyard Leirvik AS

Havyard Leirvik AS har vært i drift siden 1918, og har en omfattende kunnskap innen leveranse av nybygg uavhengig av design, utrustning, reparasjoner og ombygging av skip. Ved å ha solide prosjektstyrings- og kvalitetssikringssystemer, fleksibilitet og høyt kvalifiserte personer leverer verftet avanserte fartøy med topp kvalitet.

Du kan lese mer om oss på nettsiden vår: www.havyardleirvik.no

For ytterligere opplysninger vennligst kontakt: Navn: Tor Leif Mongstad Mobil: 900 48 483

Navn: Silje Smådal Mobil:991 60 114

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.