AGM Information • Mar 19, 2025
AGM Information
Open in ViewerOpens in native device viewer

Medlemane i generalforsamlinga vert med dette kalla inn til møte:
Tid: Onsdag 09.04.2025, kl. 18:00 Stad: Rådhuset i Lærdal, kommunestyresalen + Teams
Styret, adm. banksjef, ass. banksjef og sekretær for generalforsamlinga er òg innkalla til møtet.
Varamedlem møter etter nærare innkalling.
Meld i frå om du ynskjer å møte fysisk eller via teams til [email protected] innan 01.04.2025.
Forfall skal meldast snarast til banken per e-post til [email protected].
Sak 09.2025 Vedtektsendringar

Sogn, 19.03.2025
Med venleg helsing SOGN SPAREBANK
Atle Terum (sign.) Styreleiar

Leiar i generalforsamlinga Roy Egil Stadheim opnar møtet i generalforsamlinga og føretek namneopprop.
Deltakarane vil gå fram av vedlegg - frammøteprotokoll.
Møtet er kalla inn etter § 8-3 i finansføretakslova, og innkallinga vart sendt til medlemane av generalforsamlinga og varamedlem den 19.03.2025. I følgje banken sine vedtekter § 3-8, og lov om finansføretak og finanskonsern (finansføretakslova) skal generalforsamlinga i føretak som ikkje er organisert som aksjeselskap eller allmennaksjeselskap, kallast inn av styret. I følgje banken sine vedtekter § 3-8 skal innkallinga med saksvedlegg sendast medlemane av generalforsamlinga seinast 21 dagar før møtet.
Innkallinga til medlemane i generalforsamlinga er difor innanfor fristen som gjeve ovanfor.
Generalforsamlinga gjer framlegg om at leiar i generalforsamlinga Roy Egil Stadheim vert vald til å leia møtet.
Leiar i generalforsamlinga Roy Egil Stadheim gjer framlegg om to personar til å underskrive protokollen saman med møteleiar.
Leiar i generalforsamlinga Roy Egil Stadheim gjer framlegg om to personar til å vere teljekorps.

Adm. Banksjef Mads A. Indrehus refererer hovudtala i rekneskapen og orienterer om drifta til banken. Han viser ei oversikt over den økonomiske utviklinga i banken.
Leiar i styret Atle Terum presenterer hovudpunkta i styret si årsmelding.
Leiar i styret Atle Terum les opp stadfesting frå styret og dagleg leiar 2024.
| Atle Terum (s.) Styreleiar |
Sindre Wergeland (s.) | Olav Vikøren (s.) |
|---|---|---|
| Marit Eldegard (s.) | Tone Kristin Myklebust Kvåle (s.) | Marianne Sundal (s.) Tilsetterepresentant |
| Mads Arnfinn Indrehus (s Adm Ranksief |
Saksvedlegg: Eigarstyring og selskapsleiing 2024
Leiar i styret Atle Terum legg fram rapporten: Eigarstyring og selskapsleiing frå styret for 2024.
Saksvedlegg:Revisjonsmelding

Styret vil på generalforsamlinga 09.04.2025 tilrå generalforsamlinga å disponere årsresultatet 2024 som følgjer:
| Disponering av arsresultat | |
|---|---|
| Arsresultat etter skatt | 103 758 |
| Utbytte EK bevis | 12 650 |
| Utjamningsfondet | 1 139 |
| Gaveutdeling | 8 997 |
| Sparebanken sitt fond | 80 972 |
Styret vil tilrå generalforsamlinga å betala ut NOK 20,- i utbyte pr. eigenkapitalbevis for 2024.
Styret ber generalforsamlinga om fullmakt til å disponere og dele ut avsette gåvemidlar NOK 8.997.000,- i samsvar med § 6-1 i banken sine vedtekter:
Gåver skal fordelast med 34,16 % innanfor kommunane Årdal og Lærdal, 26,49% innanfor Vik kommune og 39,35 % innanfor Aurland kommune. Dette skal ikkje vera til hinder for tildeling av inntil 40 % av summen blir utdelt som gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd eller ynskjer å marknadsføre seg.
Generalforsamlinga handsamar styret sitt framlegg til årsrekneskap med notar, styret si årsmelding for 2024 med hovudprinsipp for godtgjersle til leiande tilsette, og utgreiing om eigarstyring og selskapsleiing. Revisor si melding vart gjennomgått. Generalforsamlinga fastset banken sitt resultatrekneskap og balanse for 2024 i samsvar med innstilling. Generalforsamlinga vedtek framlagd disponering av årsresultat for 2024 i samsvar med styret si tilråding.
Det vert gjort greie for godtgjersle til revisor i 2024.
Honorar vert godkjent etter framlagd rekning.
Adm. Banksjef, Mads Indrehus, legg fram saka.
Det ligg føre innstilling frå styret om å gi styret fornya fullmakt til å erverve eigne eigenkapitalbevis.

Generalforsamlinga gjev styret fullmakt til å erverve eigne eigenkapitalbevis under følgjande vilkår:
Styret ber generalforsamlinga om å fatta vedtak som beskrive i denne saksframlegginga.
Styret må på årsmøtet søkja ei ny fullmakt frå generalforsamlinga til opptak av ansvarleg obligasjonslån og fondsobligasjonslån for å kunna dekkja eit eventuelt auka behov for soliditet banken kan få. Vidare må styret søkja fullmakt frå generalforsamlinga for å heilt eller delvis innfri eksisterande fondsobligasjonslån dersom kapitalbehovet for banken etter styrets skjønn tilseier at ikkje er lengre behov for heile eller deler av fondsobligasjonslånet.
På bakgrunn av dette er det ønskjeleg frå administrasjonen at styret ber generalforsamlinga om å fatta vedtak om å gje følgjande fullmakt:

vilkår dersom fondsobligasjonslånet erstattast med anna ansvarleg kapital eller kapitalbehovet for banken etter styrets skjønn tilseier at det ikkje lengre er behov for heile eller deler av fondsobligasjonslånet.
Generalforsamlinga vedtek innstillinga frå styret for å gi banken fleksibilitet til å styrkja kapitaldekninga til banken.
Finanstilsynet godkjente endring av vedtektene § 6-1 om bruk av overskot der endringa inneber at gåvetildelinga til omkringliggjande kommunar blir auka til 40 %, frå tidlegare 30 %. I dagens vedtekter står det at me ynskjer å bruke desse midlane til utdeling av områder der me ynskjer å marknadsføre oss, denne formuleringa oppmodar Finanstilsynet banken om å endre.
Framlegg om endring av tekst i § 6-1 Bruk av overskot:
Årets overskot blir tilordna eigarane av eigenkapitalbevis og banken [finansføretaket] etter forholdet mellom eigardelskapitalen med tillegg av overkursfondet og grunnfondskapitalen med tillegg av kompensasjonsfondet. Utbyttemidlane i år skal fordelast mellom eigardelskapitalen og banken [finansføretaket] etter same forhold.
Utbyttemidlar tilordna eigardelskapitalen blir utbetalte som utbytte til eigarane av eigenkapitalbevis. Resten av årets overskot tilordna eigardelskapitalen skal tilførast utjamningsfondet eller utgjera annan eigardelskapital.
Den delen av årets overskot som er tilordna grunnfondskapitalen, blir lagt til. Det kan fastsetjast at utbyttemidlar kan nyttast til utbytte på innskoten grunnfondskapital, til gåver til allmennyttige formål eller overførast til eit fond for slike gåver (gåvefondet), eller blir overført til ei stifting med allmennyttig føremål.
Gåver skal fordelast med 34,16 % innanfor kommunane Årdal og Lærdal, 26,49 % innanfor Vik kommune og 39,35 % innanfor Aurland kommune. Ved eventuell framtidig kommunesamanslåing skal noverande kommunegrense leggjast til grunn for gåvetildelinga. Dette skal ikkje vera til hinder for tildeling av inntil 40 % av at dei utdelte gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd . Geografisk fordelte midlar som ikkje er nytta innan utløpet av året midlane vart vedtatt av generalforsamlinga vil inngå i gåvefondet og kan overførast til

gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd.
Generalforsamlinga vedtek endring av tekst i banken sine vedtekter § 6-1 Bruk av overskot.
Viser til sak 15.2024 i banken si generalforsamling 17.04.2024, og orienterer om alternativ i saka.
Generalforsamlinga tek orienteringa til vitande og ber styret utgreie sak og kome med framlegg til vedtak til handsaming i banken sin generalforsamling i 2026.
| Sak 11.2025 | Retningslinjer for godtgjering |
|---|---|
| Saksvedlegg: | Retningslinjer for godtgjersle |
| Sak 12.2025 | Rapportering av godtgjersle til leiande personale |

Valnemnda skal utarbeide satsar for godtgjersle for Sogn Sparebank som skal leggjast fram for generalforsamlinga for vedtak. Valnemnda § 5-1 tilrår generalforsamlinga i Sogn Sparebank å vedta framlagde satsar for godtgjersle for tillitsvalde i Sogn Sparebank.
| HONORARSATSAR SOGN SPAREBANK | Gjeldande satsar: | Framlegg: | ||
|---|---|---|---|---|
| Gjeld frå: | 09.04.2025 | |||
| Generalforsamling | ||||
| Leiar | 15.000 | 15.750 | ||
| Nestleiar i generalforsamlinga pr. møte | 1.680 | 1.764 | ||
| Medlem pr.møte | 1.680 | 1.764 | ||
| Varamedlem pr. møte | 1.680 | 1.764 | ||
| Styret | ||||
| Leiar | 160.000 | 168.000 | ||
| Nestleiar i styret | 110.000 | 115.500 | ||
| Medlem | 90.000 | 94.500 | ||
| Varamedlem pr. møte | 5.500 | 5.775 | ||
| Revisjons- og risikoutval | ||||
| Leiar fast | 50-000 | 52.500 | ||
| Medlem fast | 30.000 | 31.500 | ||
| Valnemnd | ||||
| Leiar pr. møte | 3.360 | 3.528 | ||
| Medlem pr. møte | 1.680 | 1.764 | ||
| Varamedlem pr. møte | 1.680 | 1.764 | ||
| Tapt arbeidsforteneste | Nei | Nei | ||
| Anna | ||||
| Ekstra honorar ved strategisamling, kurs o.l. halv dag (til 4,0 timar) |
3.000 | 3.150 | ||
| Ekstra honorar ved strategisamling, kurs o.l. > halv dag (frå og med 4,0 timar) |
6.000 | 6.300 | ||
| Reise/Diett | Bankens eigne satsar | Bankens eigne satsar |
Generalforsamlinga vedtek framlagde honorar for tillitsvalde i Sogn Sparebank.

Gjennomførte val av medlem og varamedlem til generalforsamling utført i kommuneval, kundeval, tilsetteval og valmøte for eigenkapitalbeviseigarane.
| Offentleg valde | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Medlem | Varamedlem | ||||
| Tor-Bjørn Hylland | 24/27 | Aurland | Espen Bjønnes | 24/27 | Aurland |
| Anita Lærum | 24/27 | Aurland | |||
| Anne Kauppi | 24/27 | Årdal | Knut Arne Klingenberg | 24/27 | Årdal |
| Olav Grøttebø | 24/27 | Lærdal | Frøydis Helland | 24/27 | Lærdal |
| Roy Egil Stadheim | 24/27 | Vik | Victoria M. Harbakk | 24/27 | Vik |
| Marta Sofie Vange | 24/27 | Vik | |||
| Kundevalde | |||||
| Medlem | Varamedlem | ||||
| Bjørn Ebne | 24/27 | Aurland | Eva Laastad | 24/27 | Aurland |
| Thomas Rastad | 24/25 | Aurland | |||
| Even Gundersen Vee | 24/27 | Årdal/Lærdal | Kristin Haug Hæreid | 24/27 | Årdal/Lærdal |
| Per Olav Lerøy | 24/25 | Årdal/Lærdal | |||
| Anne Mårdalen | 24/27 | Vik | Bjarne Engum | 24/25 | Vik |
| Per Aase | 24/25 | Vik | |||
| Eigenkapitalbeviseigarvalde | |||||
| Medlem | Varamedlem | ||||
| Asgeir Løno | 24/25 | EK-bevis | Arnstein Bjørke | 24/25 | EK-bevis |
| Grzegorz Stefanski | 24/25 | EK-bevis | Ole Kristian Asperheim | 24/27 | EK-bevis |
| Jan Olav Fretland | 24/24 | EK-bevis | |||
| Kjell Arne Vigdal | 24/25 | EK-bevis | |||
| Odd Reidar Øie | 24/25 | EK-bevis | |||
| Tilsettevalde | |||||
| Medlem | Varamedlem | ||||
| Robert Haugen | 24/25 | Tilsette | Sander Øvstetun | 24/27 | Tilsette |
| Catrin Sandnes | 24/25 | Tilsette | Kirsten Asheim | 24/25 | Tilsette |
| Britt Grov Helland | 24/27 | Tilsette | |||
| Britt Julusmoen Bakk | 24/27 | Tilsette | |||
| Krister Sveen Solheim | 24/27 | Tilsette |
Leiar i valnemnd § 5-1, Marta Sofie Vange, gjer greie for valnemnda si innstilling i møte.

Innstilt:
| På val: 1 medlem for perioden 2025-2026 1 medlem for perioden 2025-2026 |
(Årdal/Lærdal) (Vik) |
Marit Røyrvik Eldegard Olav Vikøren |
|---|---|---|
| Innstilt: 1 medlem for perioden 2025-2026 1 medlem for perioden 2025-2026 |
(Årdal/Lærdal) (Vik) |
Marit Røyrvik Eldegard Olav Vikøren |
| Til orientering: Val av styremedlem av eigenkapitalbeviseigarane |
i valmøte 26.02.2025 | |
| På val: 1 medlem for perioden 2025-2026 |
Sindre Wergeland | |
| Vart valt: 1 medlem for perioden 2025-2026 |
Sindre Wergeland | |
| Varamedlem til styret | ||
| På val: 1 varamedlem for perioden 2024-2025 1 varamedlem for perioden 2024-2025 |
(Aurland) (Uavhengig) |
Lars Loven NYTT VARAMEDLEM |
| Innstilt: 1 varamedlem for perioden 2024-2025 1 varamedlem for perioden 2024-2025 |
(Aurland) (Uavhengig) |
Marit Løkkebø Kåre Mentz Lysne |
| Til orientering: Val av varamedlem av tilsette i val den |
26.02.2025 | |
| På val: 1 varamedlem for perioden 2025-2026 |
Halvor Larsen | |
| Vart valt: 1 varamedlem for perioden 2025-2026 |
Leif Andresen | |
| NESTSTYRELEIAR | ||
| På val: Nestleiar til styret for perioden 2025-2026 |
Sindre Wergeland |

Nestleiar til styret for perioden 2025-2026 Sindre Wergeland
| På val: Leiar generalforsamling for perioden 2025-2026 |
Olav Grøttebø | ||
|---|---|---|---|
| Innstilt: Leiar generalforsamling for perioden 2025-2026 |
Olav Grøttebø | ||
| VALNEMND | |||
| Medlem | |||
| På val: 1 medlem for perioden 2025-2026 |
(Aurland) | Anita Lærum | |
| Innstilt: 1 medlem for perioden 2025-2026 |
(Aurland) | Anita Lærum | |
| Til orientering: Val av medlem til valnemnd av eigenkapitalbeviseigarane i valmøte 26.02.2025 |
|||
| På val: 1 medlem for perioden 2025-2026 |
Asgeir Løno | ||
| Vart valt: 1 medlem for perioden 2025-2026 |
Odd Reidar Øie | ||
| Val av medlem til valnemnd av tilsette i val den 26.02.2025 | |||
| På val: 1 varamedlem for perioden 2025-2026 |
Britt Julusmoen Bakk | ||
| Vart valt: 1 varamedlem for perioden 2025-2026 |
Britt Julusmoen Bakk | ||
| Varamedlem | |||
| På val: 1 varamedlem for perioden 2025-2026 1 varamedlem for perioden 2025-2026 |
(Vik) (Årdal/Lærdal) |
Per Aase Kirsti Eklund |
|
| Innstilt: 1 varamedlem for perioden 2025-2026 1 varamedlem for perioden 2025-2026 |
(Vik) (Årdal/Lærdal) |
Per Aase Olav Grøttebø |
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.