Registration Form • Mar 19, 2025
Registration Form
Open in ViewerOpens in native device viewer



(1)

Sparebanken skal ha ei generalforsamling som skal sjå til at banken verkar etter føremålet sitt i samsvar med lov, føreskrifter, vedtekter og generalforsamlinga sine vedtak. Generalforsamlinga er den øvste avgjerdsmakta i sparebanken.
Generalforsamlinga skal ha 22 medlemer med 11 varamedlemer. Generalforsamlinga sine medlemer og varamedlemer møter personleg. Det er ikkje høve til å møta ved fullmektig eller med rådgjevar.
Leiar av generalforsamlinga har ansvar for innkalling til generalforsamlinga og valmøtet til eigenkapitalbevis eigarane.
Leiar av generalforsamlinga samrår med leiar av valnemnd om gjennomføring.
Generalforsamlinga til sparebanken skal vera samansett av:
Alle val i samsvar med fordelinga som går fram av § 3-5.
Tilsettevalde:

Myndige personar kan veljast som medlemer av generalforsamlinga.
Medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga skal veljast for 4 år. Minst tre firedelar av medlemane skal vera personar som ikkje er tilsett i banken.
Generalforsamlinga fastset nærare instruks om vala.

(4) 6 medlemer og 3 varamedlemer som skal veljast av og blant sparebanken sine kundar, skal veljast som følgjer:
| KUNDEVALDE | ||
|---|---|---|
| MEDLEMER | VARAMEDLEMAR | |
| Aurland kommune | 2 representantar | 1 representant |
| Ardal kommune/Lærdal kommune | 2 representantar | 1 representant |
| Vik kommune | 2 representantar | 1 representant |
(5) Val etter denne paragraf skjer på valdagar innan utgangen av februar.
(1) Kommunestyra i Årdal, Lærdal, Aurland og Vik skal til saman velja 6 medlemer og 4 varamedlemer som følgjer:
| KOMMUNEVALDE | ||
|---|---|---|
| MEDLEMER | VARAMEDLEMAR | |
| Aurland kommune | 2 representantar | 1 representant |
| Ardal kommune | 1 representant | 1 representant |
| Lærdal kommune | 1 representant | 1 representant |
| Vik kommune | 2 representantar | 1 representant |
Dei faste tilsette i sparebanken har stemmerett ved val av dei tilsette sine medlemer til sparebanken si generalforsamling. Adm. Banksjef har ikkje stemmerett.
Dei tilsette i sparebanken kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for dei tilsette.

Eigarar av eigenkapitalbevis i sparebanken har stemmerett og kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for eigenkapitalbeviseigarane.
Ingen kan på møte for eigenkapitalbeviseigarane avgi stemmer for eigenkapitalbevis som representerer meir enn 10 % av Sogn Sparebank sine totale utsteda eigenkapitalbevis.
Eiqenkapitalsbeviseigarar som vil delta i valet etter § 3–7 skal melda seq i banken innan ein viss frist som skal stå i innkallinga. Fristen skal ikkje gå ut tidlegare enn tre bankdagar før valet skal haldast. Har ein eigenkapitalbeviseigar ikkje meldt seg i rett tid, kan denne nektast høve til å vera med i valet.
Ordinær generalforsamling skal haldast innan utgangen av april månad kvart år. Generalforsamlinga vert kalla inn av styret. Møte i generalforsamlinga kan haldast i banken sitt forretningsområde.
Informasjon om innkallinga med saksvedlegg skal sendast medlemane i generalforsamlinga elektronisk, om ikkje anna er avtala, seinast 21 dagar før møtet.
Når dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga er gjort tilgjengeleg for medlemane på sparebanken si heimeside, gjeld ikkje lova sine krav om at dokumenta skal sendast til medlemane av generalforsamlinga. Dette gjeld òg Sogn Sparebank – vedtak i generalforsamling 02.12.2024


| VARAMEDLEMAR | |
|---|---|


•
−

gåver til ålmennyttige føremål, eller overførast til gåvefond, eller overførast til stifting med ålmennyttig føremål.
Gåver skal fordelast med 34,16 % innanfor kommunane Årdal og Lærdal, 26,49 % innanfor Vik kommune og 39,35 % innanfor Aurland kommune. Ved eventuell framtidig kommunesamanslåing skal noverande kommunegrense leggjast til grunn for gåvetildelinga. Dette skal ikkje vera til hinder for tildeling av inntil 40 % av at dei utdelte gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd eller ynskjer å marknadsføra seg. Geografisk fordelte midlar som ikkje er nytta innan utløpet av året midlane vart vedtatt av generalforsamlinga kan overførast til gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd eller ynskjer å marknadsføra seg.
Underskot etter resultatrekneskapen for siste rekneskapsår skal først søkast dekka ved forholdsmessig overføring frå grunnfondskapitalen, under dette gåvefondet, og den eigarandelskapitalen som overstig vedtektsfesta eigarandelskapital, under dette utjamningsfondet. Underskot som ikkje vert dekka slik, vert dekka ved forholdsmessig overføring frå overkursfondet og kompensasjonsfondet. Ytterlegare underskot vert dekka ved nedsetjing av vedtektsfesta eigarandelskapital og eventuelt ved nedsetjing av annan kapital.
Høgaste aldersgrense for administrerande banksjef og andre fast tilsette er 70 år.
Endring av desse vedtektene kan fattast av generalforsamlinga. Avgjerd om vedtektsendring krev tilslutning frå minst to tredelar av dei avgitte stemmene.

Generalforsamlinga tek stilling til forslag frå styret om avvikling av sparebanken. Vedtak om avvikling vert fatta med same fleirtal som for vedtektsendringar.
Ved avvikling av sparebanken, skal dei overskytande midlane etter at alle forpliktingar er dekka, overførast til ein eller fleire sparebankstiftingar.
Dei overskytande midlane blir fordelt med 34,16 % til sparebankstifting innanfor kommunane Årdal og Lærdal, med 26,49 % til sparebankstifting innanfor Vik kommune og med 39,35 % til sparebankstifting innanfor Aurland kommune.
Ved eventuell framtidig kommunesamanslåing skal noverande kommunegrenser leggjast til grunn ved etablering av føresegnene som gjeld føremål for sparebankstiftingane. Vedtak om fordeling skal avgjerast av generalforsamlinga etter innstilling frå medlemer i generalforsamlinga, som er valde frå desse kommunane.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.