Earnings Release • Feb 13, 2025
Earnings Release
Open in ViewerOpens in native device viewer
Sogn Sparebank – kvartalsrapport Q4 2024
SAMANDRAG
Sogn Sparebank legg fram eit rekordhøgt driftsresultat før tap på 141,1 mill. kroner pr. 31.12.2024.
Driftsresultatet er 25,7 mill. kroner betre enn pr. 31.12.2023.
På bakgrunn av den positive utviklinga gjer styret i banken framlegg om å dele ut 9,0 MNOK i gåvemidlar som går tilbake til allmennyttige prosjekt og tiltak i lokalsamfunna i Sogn.
Styret gjer også framlegg om utbytte per EK-bevis på 20,00 NOK. Både gåvemidlar og utbyte per EK-bevis skal behandlast i banken si generalforsamling i april, og me tek difor atterhald om Generalforsamlinga si godkjenning.
Banken har pr. 31.12.2024 kostnadsført nedskrivingar på utlån og garantiar med 6,3 mill.kroner. Resultat av ordinær drift etter skatt gir 103,8 MNOK, som gjev ein eigenkapitalavkastning pr. 31.12.2024 på 9,14 %. Banken rapporterer eit totalresultatet pr. 31.12.2024 på 101,9 mill. kroner.
UTSIKTER FRAMOVER
Banken har i 2024 oppnådd gode resultat, og skal halde fram med å vere ein nær og synleg medspelar for kundane og lokalsamfunna i Sogn. Dette lukkast me med ved å stimulere til aktivitetar og verdiskaping, og vere ein god partnar for privatkundar og verksemder. Gjennom Sogn Sparebank sitt gåvefond set me fokus på barn og unge, folkehelse og berekraft og gjev gåver til allmennyttige føremål.
Samarbeid er nøkkelen til suksess, og me har alltid ei open dør for lag og organisasjonar, eldsjeler og gode innspel til korleis banken kan bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i. God styring av risiko er eit prioritert område. Sogn Sparebank er godt kapitalisert og har ein god likviditet ved Q4-2024. På grunnlag av målbiletet for Sogn Sparebank, har styret lagt banken sin strategi. Banken vil halde fram med å styrka drifta, samstundes som me vil jobbe med å auke inntektene. Rentemarknaden har i 2024 vore stabil, men Noregs Bank har gitt uttrykk for at det kan komme endringar i 2025. Det er stor usikkerheit om utviklinga av verdsøkonomien i året som kjem. Konfliktsituasjonen i verda, saman med ny administrasjon i USA, vil påverke den norske økonomien, valutakursen og rentenivået. Ved å tilby individuell rådgiving innan kreditt,
sparing og plassering samt forsikring har banken som mål å finne gode og varige løysingar for kundane.
Q4-2024 Forholdstal*
Resultat før tap: 141,1 MNOK
Resultat etter skatt: 103,8 MNOK
Eigenkapitalavkastning: 9,14 %
Rentenetto: 188,3 MNOK
Kostnadar i forhold til inntekter(inkl. VP): 42,8 %
Rein kjernekapitaldekning morbank: 26,6 %
Rein kjernekapitaldekning konsolidert: 24,21 %
Forteneste pr. eigenkapitalbevis: 21,81 NOK
Utlånsvekst eigen bok siste 12 mnd: 3,62 %
Utlånsvekst inkl EBK siste 12 mnd: 4,59%
Innskotsvekst siste 12 mnd: 4,44%
Utdeling av gåver frå Gåvefondet kroner: 9,0 MNOK (7,5 MNOK)**
Utbytte pr. EK-bevis for 2024: 20,00 (15,00 NOK) **
Me gjer merksam på at utbytte og gåver må godkjennast av generalforsamlinga 2025.
HOVUDRAPPORT
Sjå vedlegg for komplett Delårsrapport og rekneskap Q4-2024.
KONTAKTPERSONAR
Ass. banksjef Gunnar Skahjem, tlf. 91374994
Adm. banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf. 90950615
Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Me kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre, i tillegg til å tilby eit komplett produkt- og tenestespekter både for bedrifter og privatpersonar. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein
stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt område.
*Viser til notat «alternative resultatmål i Sogn Sparebank pr. 31.12.2023
**Fjorårstal i parentes.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.