AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

Annual / Quarterly Financial Statement Feb 7, 2014

3748_rns_2014-02-07_59ca07c1-7b30-4f24-8168-1129a4ae9b47.pdf

Annual / Quarterly Financial Statement

Open in Viewer

Opens in native device viewer

DELÅRSRAPPORT DELÅRSRAPPORT

&

REKNESKAP REKNESKAP EKNESKAP

  1. kvartal 2013

Styret si melding

Kvartalsrapport pr. 31.12.2013

Rekneskapen for 4. kvartal 2013 er utarbeida i samsvar med dei internasjonale rekneskapsstandardane (IFRS) vedteke av EU. Rekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34 "delårsrapportering". IFRS-rekneskapsstandard fører ikkje til realitetsendringar i underliggjande verdiar i rekneskapen, men vil føra til større svingingar i resultat og eigenkapital. Det som følgje av auka bruk av verkeleg verdi.

Alle tal som er kommentert gjeld for konsernet om ikkje anna er oppgjeve. Konsernet vart danna 01.05.2013, slik at morbank 2012 er både morbank og konsern.

Driftsresultatet før skatt

Indre Sogn Sparebank fekk eit driftsresultat før skatt på NOK 20,52 mill. pr. 31.12.2013, mot NOK 37,45 mill. pr. 31.12.2012. Avviket skuldast i hovudsak lågare utbyte. I 2012 var utbyte pr. 31.12.2012 ekstraordinært stort grunna overtaking av aksjar i Terra Boligkreditt AS (no Eika Boligkreditt AS). Pr. 31.12.2013 hadde banken NOK 3,53 mill. høgare rentenetto og NOK 4,23 mill. høgare tap på utlån enn pr. 31.12.2012.

Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før skatt – kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr. 31.12.2013 var NOK 15,41 mill. dårlegare enn pr. 31.12.2012. Dersom banken ser bort frå det ekstraordinære utbyte i samband med overtaking av aksjar i Terra Boligkreditt AS (no Eika Boligkreditt AS), er driftsresultat før skatt NOK 5,59 mill. betre enn i fjor.

Driftsresultatet etter skatt gir ein eigenkapitalrentabilitet pr. 31.12.2013 på 6,41 %.

Rentenetto

Netto renteinntekter er utrekna til 1,72 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital, det er 0,08 %-poeng betre enn pr. 31.12.2012. Netto renteinntekter auka med NOK 3,53 mill. samanlikna med 31.12.2012. Det skuldast mellom anna lågare innlånskostnader. Det er framleis sterkt press på rentenettoen, men banken har auka marginen siste år.

Driftsinntekter

Pr. 31.12.2013 var andre ordinære driftsinntekter (andre driftsinntekter + netto provisjonsinntekter/gebyr banktenester) NOK 17,18 mill. mot NOK 12,95 mill. pr. 31.12.2012. Dette skuldast auka andre driftsinntekter og gebyr- og provisjonsinntekter. Utbyte og vinst/tap på handel med verdipapir og valuta aukar ordinære driftsinntekter med NOK 6,91 mill. pr. 31.12.2013. Til same tid i fjor ga dette eit positivt bidrag på NOK 22,32 mill.

Driftskostnader

Pr. 31.12.2013 var driftskostnadene NOK 52,92 mill. mot NOK 47,88 mill. til same tid i fjor. Auke i driftskostnader kan hovudsakleg relaterast til personalkostnader. Banken har òg utvida kontoret i Bergen grunna vekst. I prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital utgjer driftskostnadene 1,55 % pr. 31.12.2013 mot 1,42 % i fjor. Kostnadsprosenten pr. 31.12.2013 er 65,42 %.

Tap på utlån og garantiar

Banken har pr. 31.12.2013 ført tap på utlån med NOK 9,29 mill. mot NOK 5,06 mill. til same tid i fjor. I løpet av 4. kvartal 2013, har morbanken auka individuelle nedskrivingar med NOK 0,95 mill. Gruppenedskrivingane i morbank er reduserte i 4. kvartal 2013 med NOK 0,30 mill. Sum individuelle nedskrivingar i morbank utgjer 0,51 % og nedskriving av grupper utgjer 0,22 % av brutto utlån pr. 31.12.2013.

Kapitaldekning

Pr. 31.12.2013 var banken si kapitaldekning 18,04 % mot 17,50 % pr. 31.12.2012. Utrekningsgrunnlaget har auka frå NOK 1.823,34 mill. pr. 31.12.2012 til NOK 1.897,25 mill. pr. 31.12.2013. Rein kjernekapitaldekning var 10,78 % pr. 31.12.2013 mot 10,34 % pr. 31.12.2012.

Avkastning på eigenkapitalbevisa

Driftsresultat pr. 31.12.2013 etter berekna skatt, vart NOK 15,62 mill. mot NOK 31,27 mill. pr. 31.12.2012. Eigenkapitalbeviskapitalen har ikkje auka i perioden. Difor er det heller ingen utvatningseffekt på resultatet pr. eigenkapitalbevis. Pr. 31.12.2013 utgjer avkastninga NOK 8,34 pr. eigenkapitalbevis etter skatt. I morbank pr. 31.12.2013 er avkastninga NOK 8,51 pr. eigenkapitalbevis etter skatt.

Kursen på eigenkapitalbeviset pr. 31.12.2013 var NOK 56,25 ein auke på 17,43 % sidan 31.12.2012. Bokført verdi på eigenkapitalbeviset før utbyte er NOK 130,85.

Utlån

I 2013 er utlåna reduserte med NOK 24,13 mill. eller 0,85 % til NOK 2.824,15 mill. Utlån til personkundar er redusert med NOK 79,57 mill. medan utlån til næringslivet har auka med NOK 55,44 mill. I tillegg yter banken NOK 683,58 mill. i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS. I 2013 er det ein auke i porteføljen på NOK 191,14 mill. Sett i samanheng med Eika Boligkreditt AS, hadde banken ein samla vekst dei siste 12 månadane på NOK 167,01 mill, eller 5,00 %

Innskot

I 2013 har innskota i banken auka med NOK 59,74 mill. eller 2,88 % til NOK 2.131,21 mill. Innskot frå personkundar har i 2013 auka med NOK 74,00 mill. medan innskot frå næringslivskundar har gått ned med NOK 14,26 mill. Innskotsdekninga pr. 31.12.2013 er 75,46 %.

Forvaltningskapital

Banken sin forvaltningskapital har i 2013 auka med NOK 131,73 mill. til NOK 3.466,71 mill. pr. 31.12.2013, ein auke på 3,95 %.

Dotterselskap

Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er 100 % eigd av banken. Selskapet vart kjøpt opp den 1. mai 2013 som ein del av banken si strategiske satsing på eigedomsmekling i Indre Sogn. Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000.

Utsiktene framover

Resultatet pr. 31.12.2013 er prega av lågare utbyte, noko auka personalkostnader og høgare tap på utlån. Netto renteinntekter og provisjonar har vist ein fin auke 4. kvartal 2013 og det same har netto vinst på finansielle instrument. Styret har sidan 2011 hatt eit inntekts- og kostnadsprogram. I morbanken har netto provisjonsinntektene og rentenettoen auka med NOK 5,96 mill. siste året, eller 8,77 %. Kostnadane har auka med NOK 3,25 mill. eller 6,80 % i same periode.

Når det gjeld kostnadane så har styret gjennomført fleire tiltak. På sikt vil tiltaka, etter styret si meining, få kostnadane i banken ned. Nokre av dei viktigaste tiltaka er nedlegging av kontoret i Borgund, vedtak om avvikling av kassane ved alle kontora til banken. Som ei følgje av dette har fleire tilsette teke i mot sluttpakkar med gjennomføring i 2014. I tillegg vil overgang frå ytingsplan til innskotsbasert pensjon for tilsette føre til reduserte pensjonskostnader på sikt.

Styret har god kontroll på banken sin kreditt- og likviditetsrisiko. Uro i finansmarknaden skaper større usikkerheit om framtidig utvikling enn normalt. Med god soliditet og likviditet er banken godt budd på effektane av ein uroleg marknad. Kapitaldekninga er god, men banken vil styrke den reine kjernekapitalen framover. Banken sin utbytepolitikk er uendra. Inntil banken har nådd måla sine i høve rein kjernekapital, vil dette påverka utdelingsgraden.

4

Det vert arbeidd kontinuerleg med kvalitet og kompetanseheving blant dei tilsette.

Det vart ei svært spesiell veke i banken si historie etter katastrofebrannen i Lærdal 18 – 19 januar 2014. Ein brann med so omfattande skadar og fleire familiar som har mist heimane sine, alt dei eig og har, har eit stort omfang. Indre Sogn Sparebank i lag med Eika forsikring har etter beste evne sett kunden i sentrum og yter dei god service og hjelp i ein svært vanskeleg situasjon. No arbeider banken vidare med å vera med å få attreise Lærdal saman med kommunen, forsikringsselskap og andre sentrale aktørar.

Årdalstangen den 06. februar 2014.

Styreleiar

Siri Lagmannsås (s.) Leif ÅbergE (s.) Harald Blaaflat Mundal (s.)

5

Per Åke Evjestad (s.) Siv Enerstvedt (s.) Egon M. Moen (s.)

Adm. Banksjef

Stadfesting frå styret og dagleg leiar 2013

Me erklærer etter beste overtyding at delårsrekneskapet for fjerde kvartal 2013 er utarbeidd i samsvar gjeldande rekneskapsstandardar òg at opplysningane i rekneskapen gir eit rett bilete av banken sine eigedelar, gjeld, finansielle stilling og resultat som heilskap.

Me erklærer òg at delårsrapporten for fjerde kvartal 2013 gjev ei rett oversikt over utviklinga, resultat og stillinga til banken og ei vurdering av dei mest sentrale usikre forhold og risikofaktorar banken står overfor i 2014.

Årdalstangen den 06. februar 2014.

Styreleiar

Siri Lagmannsås (s.) Leif ÅbergE (s.) Harald Blaaflat Mundal (s.)

Per Åke Evjestad (s.) Siv Enerstvedt (s.) Egon M. Moen (s.)

Adm. Banksjef

Delårsrekneskap 4. kvartal 2013 i % av
gj.sn.
forv.kap.
i % av
gj.sn.
forv.kap.
*Morbank Konsern
RESULTAT (i 1.000 kr) 4. kv.13 4. kv.12 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12
.2013
4. kv.13 31.12.2013
Renteinntekter 36.131 34.722 141.024 140.958 4,13 % 141.188 36.163 4,14 %
Rentekostnader
Netto renteinntekter
20.546
15.585
20.183
14.539
82.364
58.660
85.840
55.118
2,41 %
1,72 %
82.539
58.649
20.586
15.577
2,42 %
1,72 %
Utbyte 0 137 5.073 21.479 0,15 % 5.073 0 0,15 %
Provisjonsinntekter m.v. 5.055 4.303 17.508 14.906 0,51 % 17.508 5.055 0,51 %
Provisjonskostnader m.v. 665 570 2.496 2.319 0,07 % 2.510 655 0,07 %
Netto vinst/tap på finansielle instrument 29 -1.883 1.833 841 0,05 % 1.833 29 0,05 %
Andre driftsinntekter 272 95 809 359 0,02 % 2.180 719 0,06 %
Netto andre driftsinntekter 4.691 2.082 22.727 35.266 0,67 % 24.084 5.148 0,71 %
Løn og personalkostnader 6.332 6.056 24.358 22.711 0,71 % 25.180 6.650 0,74 %
Administrasjonskostnader
Avskrivingar på driftsmidlar
3.127
910
2.538
962
9.857
3.724
9.327
3.655
0,29 %
0,11 %
10.278
3.730
3.459
916
0,30 %
0,11 %
Andre driftskostnader 3.799 3.011 13.195 12.186 0,39 % 13.735 3.934 0,40 %
Sum driftskostnader før tap på utlån 14.168 12.567 51.134 47.879 1,50 % 52.923 14.959 1,55 %
Tap på utlån 4.291 2.318 9.286 5.056 0,27 % 9.286 4.291 0,27 %
Driftsresultat før skatt 1.817 1.736 20.967 37.449 0,61 % 20.524 1.475 0,60 %
Skattekostnad 1.119 2.270 5.022 6.183 0,15 % 4.903 1.000 0,14 %
Resultat etter skatt 698 -534 15.945 31.266 0,47 % 15.621 475 0,46 %
Utvida resultat
Postar som ikkje vil bli reversert i ordinært resultat
Endring i estimatavvik pensjonsordning -1.406 0 -1.406 2.410 -0,04 % -1.406 -1.406 -0,04 %
Postar som kan bli reversert i ordinært resultat
Verdiendring på finansielle eigendeler tilgjengeleg for sal 10.051 1.089 11.537 -15.904 0,34 % 11.537 10.051
0
0,34 %
0,00 %
Utvida resultat etter skatt 8.645 1.089 10.131 -13.494 0,30 % 10.131 8.645 0,30 %
Totalresultat 9.343 555 26.076 17.772 0,76 % 25.752 9.120 0,75 %
Basis og utvatna resultat per eigenkapitalbevis 0,37 -0,29 8,51 17,08 8,34 0,25
% av % av
forv.kap. forv.kap.
BALANSE (i 1.000 kr) *Morbank Konsern
Eigendelar 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2013 31.12.2013
Kontantar og fordringar på sentralbankar 138.505 171.463 3,99 % 138.506 3,99 %
Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar
Utlån til og fordringar på kundar
193.293
2.803.486
10.305
2.827.428
5,57 %
80,85 %
193.293
2.804.016
5,57 %
80,87 %
Verdipapir til verkeleg verdi over resultatet 205.889 206.355 5,94 % 205.714 5,93 %
Verdipapir tilgjengeleg for sal 86.434 80.874 2,49 % 86.649 2,50 %
Investering i dotterselskap 2.301 0 0,07 % 0 0,00 %
Goodwill 0 0 0,00 % 912 0,03 %
Utsett skattefordel 762 288 0,02 % 879 0,03 %
Varige driftsmidlar
Andre eigendelar
34.244
2.455
37.315
952
0,99 %
0,07 %
34.244
2.492
0,99 %
0,07 %
Sum eigendelar 3.467.369 3.334.980 100,00 % 3.466.705 100,00 %
Gjeld og eigenkapital 0
Gjeld til kredittinstitusjonar
Innskot frå kundar
10.132
2.146.118
137.129
2.071.471
0,29 %
61,89 %
10.132
2.131.209
0,29 %
61,46 %
Gjeld ved utsteda verdipapir 901.190 740.378 25,99 % 901.190 25,99 %
Anna gjeld 13.277 17.704 0,38 % 27.847 0,80 %
Pensjonsforpliktingar 2.684 2.944 0,08 % 2.684 0,08 %
Ansvarleg lånekapital 138.371 133.278 3,99 % 138.371 3,99 %
Sum gjeld 3.211.772 3.102.904 92,63 % 3.211.433 92,62 %
Opptent eigenkapital 175.215 136.373 5,05 % 175.215 5,05 %
Innskoten eigenkapital
Udisponert overskot etter skatt
64.437
15.945
64.437
31.266
1,86 %
0,46 %
64.437
15.620
1,86 %
0,45 %
Sum eigenkapital 255.597 232.076 7,37 % 255.272 7,36 %
Sum gjeld og eigenkapital 3.467.369 3.334.980 100,00 % 3.466.705 100,00 %
Postar utanom balansen
Garantiar
103.331 106.638 103.331

7

Garanti Eika Boligkreditt AS 78.213 65.282 78.213

* Morbank 2012 er både morbank og konsern

Eigenkapitaloppstilling

Eigenkapitaloppstilling *morbank pr. 31.12.2013

i 1.000 kr Eigenkapitalbevis Overkursfond Sparebanken sitt fond Utjamningsfond Gåvefond Fond for urealiserte gevinster Sum eigenkapital Eigenkapital 01.01.2012 31.625 32.812 121.291 5.465 8.677 16.184 216.053 Resultat etter skatt 10.230 10.806 10.230 31.266 Utvida resultat Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon 3.347 3.347 Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon -937 -937 Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje -15.905 -15.905 Totalresultat 31.12.2012 0 0 12.640 10.806 10.230 -15.905 17.771 Transaksjonar med eigarane Utbetalt utbyte for 2011 -1.266 -1.266 Andre eigenkapitaltransaksjonar Utbetalt frå gåvefond -482 -482 Eigenkapital 31.12.2012 31.625 32.812 133.931 15.005 18.425 279 232.076 Resultat etter skatt 15.945 15.945 Utvida resultat Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon -1.926 -1.926 Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon 520 520 Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje 11.537 11.537 Totalresultat 31.12.2013 0 0 14.539 0 0 11.537 26.076 Transaksjonar med eigarane Utbetalt utbyte for 2012 -2.056 -2.056 Andre eigenkapitaltransaksjonar Utbetalt frå gåvefond -500 -500 Eigenkapital 31.12.2013 31.625 32.812 148.470 12.949 17.925 11.816 255.597 Innskoten eigenkapital Opptent eigenkapital

* Morbank 2012 er både morbank og konsern

Eigenkapitaloppstilling konsern pr. 31.12.2013

Innskoten Opptent eigenkapital i 1.000 kr
Eigen
kapital
bevis
Overkurs
fond
Spare
banken sitt
fond
Utjamnings
fond
Gåvefond Fond for
urealiserte
gevinster
Sum eigen
kapital
Eigenkapital 01.05.2013 31.625 32.812 133.931 15.005 18.425 279 232.076
Resultat etter skatt 15.621 15.621
Utvida resultat
Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon -1.926 -1.926
Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon 520 520
Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje 11.537 11.537
Totalresultat 31.12.2013 0 0 14.215 0 0 11.537 25.752
Transaksjonar med eigarane
Utbetalt utbyte for 2012 -2.056 -2.056
Andre eigenkapitaltransaksjonar
Utbetalt frå gåvefond -500 -500
Eigenkapital 31.12.2013 31.625 32.812 148.146 12.949 17.925 11.816 255.272

Kontantstraumanalyse

i 1.000 kr
*Morbank Konsern
2013 2012 2013
Kontantstraumar frå operasjonelle aktivitetar
Resultat før skattekostnad 20.967 37.449 20.524
Betalt skatt i perioden -4.430 -2.950 -4.447
Tap/gevinst ved sal av anleggsmidlar -250 0 -250
Ordinære avskrivingar 3.724 3.655 3.730
Forskjell mellom kostnadsført pensjon og inn/utbet i ordning. -260 -6.104 -260
Endring utlån (inn- og utbetalingar utlån/utnytta rammekreditt) 23.942 -43.036 23.942
Endring gjeld til kredittinstitusjonar -126.997 -86.382 -126.997
Endring innskot frå kundar 74.674 102.249 74.674
Endringar verdipapir til verkeleg verdi over resultatet 466 -8 466
Endring i andre tidsavgrensingspostar -7.107 2.670 -6.652
Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar -15.271 7.543 -15.270
Kontantstraum frå investeringsaktivitetar
Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar 250 0 250
Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar -603 -2.030 -603
Utbetalingar ved kjøp av aksjar i dotterselskap -2.301 0 -2.301
Innbetalingar ved sal av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak 12.880 0 12.880
Utbetalingar ved kjøp av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak -8.274 -31.417 -8.274
Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar 1.952 -33.447 1.952
Kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar
Innbetalingar ved opptak av obligasjonsinnlån 298.905 273.770 298.905
Utbetalingar ved nedbetaling av obligasjonsinnlån
Utbetaling av utbyte
-133.000
-2.056
-275.000
-1.266
-133.000
-2.056
Utbetalingar til gåver -500 -482 -500
Netto kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar 163.349 -2.978 163.349
Netto kontantstraum for perioden 150.030 -28.882 150.031
Kontantar og kontantekvivalentar ved byrjinga av perioden 181.768 210.650 181.768
Kontantar og kontantekvivalentar ved slutten av perioden 331.798 181.768 331.799
Denne er sett saman av:
Kontantar og fordringar på sentralbankar 138.505 171.463 138.506
Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar 193.293 10.305 193.293

9

* Morbank 2012 er både morbank og konsern

Notar

1 Generell informasjon

Indre Sogn Sparebank er ein ekte lokalbank med kunden i sentrum. Banken er sjølvstendig og tilbyr banktenester, forsikring og verdipapirhandel. Banken tilbyr primært banktenestene sine til person- og næringslivskundar i Indre Sogn, men har òg avdeling i Bergen og har elles kundar ut over kommunegrensene. Indre Sogn Sparebank er notert på Oslo Børs med eigenkapitalbevis.

Rekneskapet gjeld for perioden 01.01.2013 til 31.12.2013. Alle tal er presentert i norske kroner og i heile tusen, med mindre anna er spesifisert i notane. Indre Sogn Sparebank innreknar dotterselskapet Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS i konsernreknskapet frå og med 01.05.2013 og har utarbeida konserntal for perioden frå oppkjøp til 31.12.2013.

Rekneskapet for fjerde kvartal 2013 vart vedteke av styret 06. februar 2014.

2 Rekneskapsprinsipp og rekneskapsestimat

Rekneskapet til Indre Sogn Sparebank er utarbeida i samsvar med IAS 34 (IFRS) og fortolkingar frå IFRS fortolkingskomité (IFRIC), som er fastset av EU.

Dei same rekneskapsprinsippa og berekningane som vart nytta i årsrekneskapen for 2012, med tillegg av IFRS 3 for konsernrekneskap frå og med 31.12.2013, er nytta i delårsrekneskapen for fjerde kvartal 2013 med mindre anna kjem fram av notane nedanfor.

Når det gjeld ytingar til tilsette, pensjon, nytta Indre Sogn Sparebank tidleg bruk av revidert IAS 19 ved konvertering til IFRS i 2011. Prinsippet om at estimatendringar skal presenterast på utvida resultat, er gjennomført frå og med rekneskapsåret 2011. Endringar som følgje av IAS 19R har innverknad på rekneskapstala for 2013 sidan forventa avkasting nå er samordna med diskonteringsrenta. Dette fører til ei forskyving mellom pensjonskostnader i ordinært resultat og estimatendringar i utvida resultat. Innarbeiding av IAS 19R har ført til ein auke i pensjonskostnader i ordinært resultat frå og med 2013, og ein tilsvarande reduksjon i pensjonskostnad i utvida resultat.

For meir informasjon om rekneskapsprinsipp og informasjon om rekneskapsestimat, viser banken til årsrapporten for 2012 for Indre Sogn Sparebank.

3 Konserndanning

Indre Sogn Sparebank har kjøpt opp og kontrollerer 100 % av Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS. Selskapet skal drive med eigedomsmekling i Indre Sogn. Selskapet har tre tilsette.

Selskapet vart overteke 01.05.2013 og er ein del av den strategiske satsinga til banken på eigedomsmekling.

Innrekna goodwill i selskapet skuldast at selskapet har opparbeida seg høg marknadsandel og kompetanse på området. Indre Sogn Sparebank tilbyr eit breiare produktspekter som følgje av oppkjøpet og forventar at dette skal betre innteninga.

Den verkelege verdien av føretaket ved kjøp var NOK 1,3 mill. som vart oppgjort med kontantar.

Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000.

Innrekna eigendelar og gjeldspostar på tidspunktet for overtaking

01.05.2013 01.05.2013
Verkeleg Bokført
verdi verdi
Utlån til kredittinstitusjonar (Indre Sogn Sparebank) 10.931 10.931
Klientansvar 11.515 11.515

Driftsinntekter og -resultat i dotterselskapet som er inkludert i konsernrekneskapet

31.12.2013
Andre driftsinntekter (salsinntekter) 1.371
Driftsresultat før skatt -443

Driftsinntekter og -resultat i konsernrekneskapet dersom dotterselskapet hadde vore overteke ved starten av inneverande rekneskapsperiode

31.12.2013
Netto renteinntekter 58.646
Andre driftsinntekter (salsinntekter) 3.038
Driftsresultat før skatt 20.523

4 Transaksjonar med nærståande partar

Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS

Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er eit 100 % eigd dotterselskap og er eit reint eigedomsmeklingsføretak.

I konsernrekneskapen er bankinnskot eliminert med NOK 14,9 mill.

Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS har eit underskot etter skatt pr. 31.12.2013 på NOK 325.000. Sjå òg note 3.

5 Hending etter balansedag

Det har ikkje forekome hendingar etter utløp av perioden som medfører justeringar av, eller tilleggsopplysningar i rekneskapet eller i notar til rekneskapet.

6 Informasjon om sektor og næring på utlån og fordringar til kundar og innskot frå kundar

Utlån til og fordringar på kundar (morbank og konsern)
i 1.000 kr
*Morbank Konsern
31.12.2013 31.12.2012 2012 +/- 31.12.2013
Lønstakarar 2.094.794 2.174.898 -80.104 2.095.324
Jordbruk, skogbruk, fiske 43.016 47.788 -4.772 43.016
Industri 33.807 26.162 7.645 33.807
Bygg og anlegg 88.802 81.500 7.302 88.802
Handel, hotell, transport, tenester 222.789 173.544 49.245 222.789
Finansiering, eigedomsdrift 286.107 290.958 -4.851 286.107
Offentleg forvaltning og andre 54.832 53.428 1.404 54.832
Sum utlån før nedskrivingar 2.824.147 2.848.279 -24.132 2.824.677
Individuelle nedskrivingar -14.361 -13.551 -810 -14.361
Gruppevise nedskrivingar -6.300 -7.300 1.000 -6.300
Sum utlån til og fordringar på kundar i balansen 2.803.486 2.827.428 -23.942 2.804.016
Utlånportefølje hos Eika Boligkreditt AS 683.576 492.438 191.138 683.576
Totale utlån 3.487.062 3.319.866 167.196 3.487.592
Innskot frå kundar *Morbank Konsern
31.12.2013 31.12.2012 2012 +/- 31.12.2013
Lønstakarar 1.383.891 1.309.896 73.996 1.383.891
Jordbruk, skogbruk fiske, fiske 54.742 46.746 7.997 54.742
Industri 37.565 20.033 17.531 37.565
Bygg og anlegg 56.992 61.702 -4.711 56.992
Handel, hotell, transport, tenester 51.107 58.271 -7.164 36.198
Finansiering, eigedomsdrift 333.331 366.101 -125.829 333.331

Offentleg forvaltning og andre 208.722 112.826 228.490 228.490 Sum innskot 2.146.118 2.071.471 74.647 2.131.209

13

* Morbank 2012 er både morbank og konsern

7 Misleghald og tap på utlån morbank og konsern

a) Brutto- og netto mislighaldne engasjement i 1.000 kr
31.12.2013 31.12.2012
Engasjement som har vore misleghaldne i meir enn 90 dagar
Misleghald næringslivskundar 17.955 12.745
Misleghald personkundar 11.859 12.201
= Brutto misleghaldne engasjement 29.814 24.946
- Individuelle nedskrivingar 5.544 6.468
= Netto misleghaldne engasjement 24.270 18.478
b) Engasjement som er tapsutsette men ikkje mislighaldne
Brutto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement 39.734 30.077
- Individuelle nedskrivingar 8.817 7.084
= Netto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement 30.917 22.993
c) Kostnadsførte tap gjennom året 2013 2012
+/- Endring i gruppenedskriving på utlån gjennom året -1.000 800
+ Konstanterte tap gjennom året som tidlegare er individuelt nedskrivne 9.487 1.743
+ Konstanterte tap i perioden som tidlegare ikkje er individuelt nedskrivne 398 1.156
+ Nye individuelle nedskrivningar 7.596 7.014
+ Auke i eksiterande individuelle nedskrivningar 3.200 1.431
- Tilbakeførde individuelle nedskrivningar 10.264 6.805
- Inngang på tidlegare års konstanterte tap 131 183
= Tapskostnader på utlån i inneverande år 9.286 5.156
= Tapskostnader på garantiar i inneverande år 0 -100
Individuelle nedskrivingar på utlån og garantiar gjennom året
+ Individuelle nedskrivnigar på utlån per 01.01 13.551 12.004
- Konstaterte tap gjennom året som er individuelt nedskrivne tidlegare år 9.487 1.743
+ Netto auka individuelle nedskrivingar gjennom året 3.200 1.431
+ Nye individuelle nedskrivingar gjennom året 7.596 7.014
- Tilbakeførte individuelle nedskrivingar på utlån gjennom året 499 5.155
= Individuelle nedskrivingar på utlån 14.361 13.551
Tapsavsetninger på garantiar 0 0
Gruppenedskrivingar på utlån m.v. gjennom året
Gruppenedskrivingar til dekking av tap på utlån m.v. pr. 01.01 7.300 6.500
+/- Endring gruppenedskriving gjennom året -1.000 800
= Gruppenedskriving til dekking av tap på utlån 6.300 7.300
d) Inntektsførde renter der det er føreteke nedskriving
Inntektsførde renter på utlån der det er føreteke nedskriving 1.229 1.044

8 Engasjement med risikoklassifisering

i 1.000 kr.
*Morbank *Morbank *Morbank *Morbank *Morbank
Risikoklasse Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving Netto engasjement %
Personmarknad 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2012
Låg 2.238.902 2.297.580 1.500 0 658 0 2.236.744 2.297.580 67,4 % 69,7 %
Normal 54.257 52.479 0 630 0 339 54.257 51.510 1,6 % 1,6 %
Høg 6.375 8.155 0 718 0 387 6.375 7.051 0,2 % 0,2 %
Problemengasjement 1.154 5.170 538 2.127 236 1.146 380 1.897 0,0 % 0,1 %
Ikkje klassifiserte 6.064 8.033 21 0 9 0 6.033 8.033 0,2 % 0,2 %
Sum 2.306.752 2.371.418 2.059 3.475 903 1.872 2.303.789 2.366.071 69,5 % 71,7 %
0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
Næringsliv 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
Låg 840.844 752.157 106 0 47 0 840.691 752.157 25,3 % 22,8 %
Normal 112.510 127.191 6.917 3.770 3.034 2.031 102.559 121.391 3,1 % 3,7 %
Høg 74.599 53.092 5.279 6.307 2.316 3.397 67.004 43.388 2,0 % 1,3 %
Problemengasjement 127 802 0 0 0 0 127 802 0,0 % 0,0 %
Ikkje klassifiserte 2.219 14.357 0 0 0 0 2.219 14.357 0,1 % 0,4 %
Sum 1.030.298 947.599 12.302 10.077 5.397 5.428 1.012.600 932.095 30,5 % 28,3 %
Risikoklasse Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving Netto engasjement %
TOTAL 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013 31.12.2012
Låg 3.079.746 3.049.738 1.606 0 705 0 3.077.435 3.049.738 92,8 % 92,5 %
Normal 166.767 179.670 6.917 4.400 3.034 2.370 156.816 172.900 4,7 % 5,2 %
Høg 80.974 61.248 5.279 7.025 2.316 3.784 73.379 50.439 2,2 % 1,5 %
Problemengasjement 1.281 5.972 538 2.127 236 1.146 507 2.699 0,0 % 0,1 %
Ikkje klassifiserte 8.283 22.390 21 0 9 0 8.252 22.390 0,2 % 0,7 %

Sum 3.337.050 3.319.017 14.361 13.552 6.300 7.300 3.316.389 3.298.166 100,0 % 100,0 %

15

Brutto engasjement inkluderar utlån til kundar før nedskriving, unytta kredittrammer, garantiar og unytta garantirammer.

*Morbank 2012 er både morbank og konsern

9 Gjeld ved utsteda verdipapir

i 1.000 kr
Bokført verdi Rente
Lånetype/ISIN Låneopptak Siste forfall Pålydande 31.12.2013 31.12.2012 vilkår
Sertifikat- og obligasjonslån
NO0010566847 19.03.2010 19.03.2015 165.000 164.922 164.753 3 mnd. NIBOR + 1,15 %
NO0010592058 19.11.2010 19.11.2014 150.000 150.361 150.236 3 mnd. NIBOR + 1,30 %
NO0010604887 15.03.2011 15.03.2013 100.000 0 100.099 3 mnd. NIBOR + 0,75 %
NO0010612419 06.06.2011 06.06.2014 100.000 100.172 100.163 3 mnd. NIBOR + 0,95 %
NO0010649205 06.06.2012 06.06.2017 125.000 125.010 124.933 3 mnd. NIBOR + 2,25 %
NO0010664931 30.11.2012 30.11.2015 100.000 100.201 100.194 3 mnd. NIBOR + 1,15 %
NO0010671274 06.02.2013 06.02.2017 100.000 100.197 0 3 mnd. NIBOR + 1,20 %
NO0010672967 07.03.2013 07.03.2016 110.000 110.317 0 3 mnd. NIBOR + 1,10 %
NO0010699176 13.12.2013 13.12.2018 50.000 49.962 0 3 mnd. NIBOR + 1,15 %
Sum gjeld ved utsteda verdipapir 901.142 740.378
Fondsobligasjonar
NO0010238264 29.09.2004 Evigvarande 40.000 39.953 39.877 3 mnd. NIBOR + 2,15 % 1)
Calldato 29.09.2014
Statens Finansfond 01.12.2009 Evigvarande 33.000 0 35.467 Referanserente + 6 % 2)
NO0010606270 06.05.2011 Evigvarande 60.000 58.188 57.934 3 mnd. NIBOR + 5,50 % 3)
NO0010675747 30.04.2013 Evigvarande 40.000 40.196 0 3 mnd. NIBOR + 4,90 % 4)
Calldato 30.04.2018
Sum ansvarleg lånekapital 138.337 133.278

1) Frå 29.09.2014 aukar rentetillegget (margin til referanserente) med 1 % til 3,15 %. Banken kan frå 29.09.2014 og ved seinare rentereguleringsdatoar i september innfri lånet heilt til kurs 100 %.

2) Referanserenta tilsvarar gjennomsnittet av dei fem siste handledagar før rentefastsetjingsdag for norsk syntetisk årleg effektiv rente på statskassevekslar med 6 månaders bindingstid som notert på Noregs Bank sine nettsider. Margin er sett til 6,0 %.

3) Lånet har ein konverteringsrett for obligasjonseigarane, som kan velja å konvertere obligasjonar til eigenkapitalbevis til kurs 100 på kvart rentebetalingstidspunkt fram til og med 15.03.2016. Rentevilkåra til lånet er inklusive konverteringsretten er uvesentleg forskjellige frå alternative vilkår utan konverteringsrett. Banken har difor ikkje skilt ut ein eigenkapitalandel frå lånet. Lånet tel som kjernekapital.

16

4) Lånet tel som kjernekapital også etter EU-forordningen for Basel III, og er godkjent av Finanstilsynet som kjernekapital. Banken kan frå 30.04.2018, og seinare kvartalsvis på rentereguleringsdatoar, innfri lånet heilt til kurs 100 %.

10 Ansvarleg kapital

i 1.000 kr
*Morbank Konsern
Kjernekapital: 31.12.2013 31.12.2012 31.12.2013
Eigenkapitalbevis 31.625 31.625 31.625
Overkursfond 32.812 32.812 32.812
Sparebankens fond 139.212 133.931 138.887
Gåvefond 23.206 18.425 23.206
Utjamningsfond 18.332 15.005 18.332
Frådrag -39.218 -43.300 -40.383
Rein kjernekapital 205.969 188.498 204.479
Fondsobligasjonar 137.711 130.623 137.711
Kjernekapital 343.680 319.121 342.190
NETTO ANSVARLEG KAPITAL 343.680 319.121 342.190
Eksponeringskategori:
Statar 0 0 0
Lokal regional styresmakt 2.200 3.338 2.200
Institusjonar 123.816 88.026 123.816
Føretak 178.454 189.835 176.193
Massemarknad 0 0 0
Pantesikra eigedom 1.228.462 1.201.881 1.228.462
Forfalne engasjement 28.013 22.479 28.013
Obligasjonar med fortrinnsrett 11.442 11.078 11.442
Andelar verdipapirfond 34.909 28.957 34.909
Andre engasjement 203.331 203.225 203.898
Kapitalkrav frå operasjonell risiko 136.467 122.766 136.467
Frådrag -48.017 -48.250 -48.153
SUM BEREKNINGSGRUNNLAG 1.899.076 1.823.335 1.897.246
Kapitaldekning % 18,10 % 17,50 % 18,04 %
Kjernekapitaldekning % 18,10 % 17,50 % 18,04 %
Rein kjernekapitaldekning % 10,85 % 10,34 % 10,78 %

17

* Morbank 2012 er både morbank og konsern

11 Eigenkapitalbevis

Banken sine eigenkapitalbevis er alle ført i 1 -ein- klasse og utgjer per 31.12.2013 NOK 31.625.000 delt på 632.500 eigenkapitalbevis pålydande NOK 50,-.

Eigarandelsbrøken for 2012 er utrekna med utgangspunkt i eigenkapitalfordeling pr. 31.12.2011, justert for utbetalingar gjennom 2012. Tilsvarande er eigarandelsbrøken for 2013 utrekna med utgangspunkt i fordeling pr. 31.12.2012 justert for utbetalingar gjennom 2013.

i 1.000 kr
Eigarandelsbrøk, morbank 2013 2012
Eigenkapitalbevis 31.625 31.625
Overkursfond 32.812 32.812
Utjamningsfond 12.949 3.949
Sum eigarandelskapital (A) 77.386 68.386
Sparebankens fond 133.931 121.291
Gåvefond 17.925 8.195
Grunnfondskapital (B) 151.856 129.486
Fond for urealisert vinst 11.816 279
Avsett utbyte, gåver og konsernbidrag 2.056 1.265
Anna eigenkapital 0 0
Sum eigenkapital 243.114 199.416
Eigarandelsbrøk A / (A+B) 33,76 % 34,56 %
Utbyte
Avsett utbyte per eigenkapitalbevis (tal i heile kr.) 3,25 2,00
Samla utbyte 2.056 1.265

Dei 20 største eigarane pr. 31.12.2013 utgjer 49,85 % av eigenkapitalbeviskapitalen.

31.12.2013
Namn Tal bevis % Namn Tal bevis %
MP PENSJON PK 50.383 7,97 % HEYERN AS 10.000 1,37 %
VERDIPAPIRFONDET EIK 41.930 7,38 % SECURUS AS 10.000 1,30 %
KØHLERGRUPPEN AS 33.816 5,35 % TH DAHL AS 9.500 1,26 %
ROGNE HELGE 25.513 3,87 % LUSTER SPAREBANK 7.600 1,21 %
BEES HOLDING AS 23.000 3,64 % AURLAND SPAREBANK 6.800 1,20 %
DØSKELAND BØRGE 20.850 1,77 % VIK SPAREBANK 6.650 1,08 %
EUROVEST AS GEIR KAASEN 14.800 1,58 % MOEN EGON MOGENS 6.000 1,05 %
WAHLSTRØM ERIK 11.595 1,58 % WIKBORG TORD GEIR 5.550 0,95 %
EIKA GRUPPEN AS 11.200 1,49 % THU LEIF MAGNE 5.098 0,88 %
ÅRDAL KOMMUNE 10.000 1,30 % HUNDERE ROY HELGE 5.000 0,79 %
SUM 315.285 49,85 %
31.12.2012
Namn Tal bevis % Namn Tal bevis %
MP PENSJON PK 50.383 7,97 % ÅRDAL KOMMUNE 10.000 1,58 %
TERRA UTBYTTE 42.700 6,75 % LUSTER SPAREBANK 7.600 1,20 %
HILLEIK A/S 33.816 5,35 % THU 6.853 1,08 %
ROGNE 28.513 4,51 % AURLAND SPAREBANK 6.800 1,08 %
BEES HOLDING AS 23.000 3,64 % VIK SPAREBANK 6.650 1,05 %
DØSKELAND 22.141 3,50 % MOEN 6.000 0,95 %
LEIEPAKKING AS 17.650 2,79 % WIKBORG 5.550 0,88 %
WAHLSTRØM 11.500 1,82 % FJORD1 FYLKESBAATANE AS 5.000 0,79 %
TERRA GRUPPEN AS 11.200 1,77 % GG EIENDOM AS 5.000 0,79 %
HEYERN AS 10.000 1,58 % HOL SPAREBANK 5.000 0,79 %
SUM 315.356 49,86 %

12 Verdipapir

Verdsetjingshierarki for verdipapir, til verkeleg verdi. Verkeleg verdi tilsvarar balanseført verdi.

i 1.000 kr.
NIVÅ 1 NIVÅ 2 NIVÅ 3
Verdsettings- Verdsettings
Kvoterte teknikk teknikk
prisar i basert på basert på ikkje
aktive observerbare observerbare
marknader marknadsdata marknadsdata Total
Verdipapir haldne for handelsføremål 0
Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi 26.440 170.658 8.791 205.889
Verdipapir tilgjengeleg for sal 86.434 86.434
Sum eigendelar 26.440 170.658 95.225 292.323
Avstemming av nivå 3
Inngåande balanse 90.655
Gevinst og tap resultatført -418
Gevinst og tap i andre resultatkomponentar 11.537
Investering 8.919
Sal -15.468
Utgåande balanse 95.225
31.12.2012
NIVÅ 1 NIVÅ 2 NIVÅ 3
Verdsettings- Verdsettings
Kvoterte teknikk teknikk
prisar i basert på basert på ikkje
aktive observerbare observerbare
marknader marknadsdata marknadsdata Total
Verdipapir haldne for handelsføremål 0
Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi 23.436 173.138 9.967 206.541
Verdipapirer tilgjengeleg for sal 80.688 80.688
Sum eigendelar 23.436 173.138 90.655 287.229
Avstemming av nivå 3
Inngåande balanse 79.781
Gevinst og tap resultatført -4.639
Gevinst og tap i andre resultatkomponentar -15.904
Investering 31.417
Sal 0
Utgåande balanse 90.655

Definisjon av nivå for måling av verkeleg verdi:

Nivå 1 – Verdsetjing skjer i høve til kvoterte prisar i ein aktiv marknad for identiske eigendelar/forpliktingar. Eit finansielt instrument vert vurdert som kvotert i ein aktiv marknad dersom kursar er enkelt og regelmessig tilgjengeleg frå ein børs, forhandlar, meklar, næringsgruppering, prissettingsteneste eller reguleringsstyresmakt, og desse kursane representerer faktiske og regelmessig førekomande marknadstransaksjonar på ei armlengd avstand. I kategorien inngår mellom anna børsnoterte aksjar og likvide aksje- og pengemarknadsfond.

Nivå 2 – Verdsetjing skjer gjennom annan input enn kvoterte prisar på nivå 1 som er observerbare for eigendelen/forpliktinga, enten direkte eller indirekte (utleia prisar). I dei tilfelle der det ikkje finst tilgjengelege marknadsprisar i ein aktiv marknad, er instrumenta først og fremst forsøkt verdsett ved hjelp av verdsetjingsmetodar basert på observerbare input/og eller tilnærma likearta instrument/produkt. Prising av renteberande papir, mellom anna fastrenteutlån, vert basert på rentekurver henta i aktive marknader. Verkeleg verdi på finansielle instrument tilgjengeleg for sal, vert fastsett for obligasjonar av Swedbank.

Nivå 3 – Verdsetjing på input som ikkje er basert på observerbare marknadsdata. Dersom fastsetjing av verdi ikkje er tilgjengeleg i høve til nivå 1 og nivå 2, vert verdsetjingsmetodar som baserer seg på ikkje-observerbar informasjon nytta. For aksjar som ikkje vert handla i regulert marknad vert siste omsette kurs nytta, eller nylege emisjonskursar, et. bokført verdi av eigenkapital. Konsernet gjer føresetnader basert på marknadsforholda som eksisterer på kvar balansedag. Verdien på aksjane i Eika Gruppen er vurdert ut frå verdsetjing føreteke av finansavdeling i Eika Gruppen. Verdien er vurdert etter anerkjente metodar for verdivurdering, og er utført av Eika Gruppen AS sin bankanalytikar. Verdien er sett til NOK 100,- pr. aksje.

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.