Earnings Release • Aug 14, 2014
Earnings Release
Open in ViewerOpens in native device viewer
Delårsrapport 2. kvartal 2014
Styret har handsama banken sitt rekneskap for 2.
kvartal 2014 i styret 13.08.2014.
1. Samandrag:
Indre Sogn Sparebank fekk eit driftsresultat før
skatt på NOK 16,80 mill. pr. 30.06.2014, mot NOK
10,36 mill. pr. 30.06.2013. Avviket skuldast i
hovudsak betre rentenetto, høgare provisjonsinntekter
og vinst på finansielle instrument finansielle
instrument mellom anna grunna sal av banken sine
aksjar i NETS. Pr. 30.06.2014 hadde banken NOK 0,81
mill. høgare rentenetto og NOK 1,08 mill. lågare tap
på utlån enn pr. 30.06.2013.
Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før
skatt - kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr.
30.06.2014 var NOK 0,64 mill. betre enn pr.
30.06.2013.
Driftsresultatet etter skatt gir ein
eigenkapitalrentabilitet pr. 30.06.2014 på 11,16 %.
Kostnadsprosenten pr. 30.06.2014 er 67,75 %.
Det har ikkje funne stad utvatning av
eigenkapitalbevisa. Indre Sogn Sparebank har god
overskotslikviditet som sikrar nære forpliktingar.
Styret vurderer likviditeten i banken som god.
2. Hovudrapport:
Styret sin delårsrapport for 2. kvartal 2014.
3. Kontaktpersonar:
Ass. banksjef Karin Vikane tlf. 57648527/90183649
Adm. banksjef Egon M. Moen tlf. 57648523/90082415
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.