Quarterly Report • Oct 31, 2014
Quarterly Report
Open in ViewerOpens in native device viewer
'
& REKNESKAP REKNESKAP EKNESKAP
Rekneskapen for 3. kvartal 2014 er utarbeida i samsvar med dei internasjonale rekneskapsstandardane (IFRS) vedteke av EU. Rekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34 "delårsrapportering". IFRS-rekneskapsstandard fører ikkje til realitetsendringar i underliggjande verdiar i rekneskapen, men vil føra til større svingingar i resultat og eigenkapital. Det som følgje av auka bruk av verkeleg verdi.
Alle tal som er kommentert gjeld for konsernet om ikkje anna er oppgjeve.
Indre Sogn Sparebank fekk eit driftsresultat før skatt på NOK 25,21 mill. pr. 30.09.2014, mot NOK 19,05 mill. pr. 30.09.2013. Avviket skuldast i hovudsak høgare provisjonsinntekter, andre driftsinntekter, lågare tap på utlån og vinst på finansielle instrument, mellom anna grunna sal av banken sine aksjar i NETS. Pr. 30.09.2014 hadde banken NOK 0,27 mill. lågare rentenetto og NOK 1,94 mill. lågare tap på utlån enn pr. 30.09.2013.
Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før skatt – kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr. 30.09.2014 var NOK 2,16 mill. betre enn pr. 30.09.2013.
Driftsresultatet etter skatt gir ein eigenkapitalrentabilitet pr. 30.09.2014 på 10,45 %.
Netto renteinntekter er utrekna til 1,65 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital, ein reduksjon på 0,05 %-poeng frå 30.09.2013. Netto renteinntekter gikk ned med NOK 0,27 mill. samanlikna med 30.09.2013. Det skuldast mellom sterkt press på rentenettoen og mindre utlånsvolum.
Pr. 30.09.2014 var andre ordinære driftsinntekter (andre driftsinntekter + netto provisjonsinntekter/gebyr banktenester) NOK 16,76 mill. mot NOK 12,06 mill. pr. 30.09.2013. Dette skuldast auka andre driftsinntekter og gebyr- og provisjonsinntekter mellom anna grunna auka inntekter frå Eika Boligkreditt AS. Utbyte og vinst/tap på handel med verdipapir og valuta aukar ordinære driftsinntekter med NOK 9,86 mill. pr. 30.09.2014. Til same tid i fjor ga dette eit positivt bidrag på NOK 6,88 mill.
Pr. 30.09.2014 var driftskostnadene NOK 41,16 mill. mot NOK 37,96 mill. til same tid i fjor. Kostnadsauken skuldast i hovudsak auka løn- og personalkostnader, og auka andre kostnader. Kostnadsprosenten pr. 30.09.2014 er 64,70 % mot 63,05 % pr. 30.09.2013.
Morbanken har pr. 30.09.2014 ført tap på utlån med NOK 3,06 mill. mot NOK 5,00 mill. til same tid i fjor. I løpet av 3. kvartal 2014, har morbanken redusert individuelle nedskrivingar med NOK 0,40 mill. Gruppenedskrivingane i morbank er redusert i 3. kvartal 2014 med NOK 0,30 mill. Sum individuelle nedskrivingar i morbank utgjer 0,39 % og nedskriving av grupper utgjer 0,23 % av brutto utlån pr. 30.09.2014.
Pr. 30.09.2014 var konsernet si kapitaldekning 15,72 % mot 18,19 % pr. 30.09.2013. Utrekningsgrunnlaget har minka frå NOK 1.849,79 mill. pr. 30.09.2013 til NOK 1.821,65 mill. pr. 30.09.2014. Rein kjernekapitaldekning var 12,59 % pr. 30.09.2014 mot 10,75 % pr. 30.09.2013. Styret er nøgd med utviklinga av den reine kjernekapitalen. Morbanken har omstrukturert den ansvarlege kapitalen sin i 3. kvartal 2014 slik at han er meir tilpassa CRDV IV. Morbanken har i 3. kvartal 2014 innløyst ein fondsobligasjon stor NOK 40 mill. som ikkje vil bli fornya. I tillegg har morbanken varsla regulatorisk call på den konvertible obligasjonen banken har på NOK 60 mill. i 4. kvartal 2014. Denne obligasjonen vil bli erstatta med eit ansvarleg lån stort NOK 50 mill. For morbank inneber dette noko mindre ansvarleg kapital og kjernekapital. Morbanken ligg likevel langt over kapitalkrava. Frå 2015 inneber det òg ei halvering av kostnadane for dei ansvarlege låna og fondsobligasjonane. Endringa påverkar ikkje den reine kjernekapitalen som har styrka seg med 1,84 %-poeng siste år.
Driftsresultat pr. 30.09.2014 etter berekna skatt, vart NOK 20,43 mill. mot NOK 15,15 mill. pr. 30.09.2013. Eigenkapitalbeviskapitalen har ikkje auka i perioden. Difor er det heller ingen utvatningseffekt på resultatet pr. eigenkapitalbevis. Pr. 30.09.2014 utgjer avkastninga NOK 10,78 pr. eigenkapitalbevis etter skatt. I morbank pr. 30.09.2014 er avkastninga NOK 10,71 pr. eigenkapitalbevis etter skatt.
I 2014 er utlåna i morbank reduserte med NOK 152,58 mill. eller 5,40 % til NOK 2.671,57 mill. Utlån til personkundar er redusert med NOK 78,73 mill. medan utlån til næringslivet er reduserte med NOK 73,85 mill. I tillegg yter banken NOK 876,81 mill. i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS. I 2014 er det ein auke i porteføljen på NOK 193,23 mill. Sett i samanheng med Eika Boligkreditt AS, hadde banken ein samla vekst dei siste 12 månadane på NOK 89,96 mill, eller 2,60 %.
I 2014 har innskota i morbank auka med NOK 193,45 mill. eller 9,01 % til NOK 2.339,57 miill. Innskot frå personkundar har i 2014 auka med NOK 90,79 mill. medan innskot frå næringslivskundar har auka med NOK 102,66 mill. Innskotsdekninga i morbank pr. 30.09.2014 er 87,57 %.
Morbanken sin forvaltningskapital har i 2014 auka med NOK 115,91 mill. til NOK 3.582,62 mill. pr. 30.09.2014, ein auke på 3,34 %.
Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er 100 % eigd av banken. Selskapet vart kjøpt opp den 1. mai 2013 som ein del av banken si strategiske satsing på eigedomsmekling i Indre Sogn. Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000. Selskapet hadde eit resultat etter skatt på NOK 0,13 mill. i 3. kvartal 2014.
Netto provisjonar har vist ein fin auke i 3. kvartal 2014 og det same har netto vinst på finansielle instrument. Styret forventar framleis auke i desse inntektene.
Styret har god kontroll på banken sin kreditt- og likviditetsrisiko. Kapitaldekninga er god, men banken jobbar vidare med å tilpassa seg ein kapitalstruktur som tek omsyn til styresmaktene og marknaden sine forventa krav til kapitaldekning, og forventningar om framtidig vekst. Siste året har morbanken auka mykje den reine kjernekapitalen sin. Morbanken føl kapitalplanen, men i perioden fram til banken har nådd ein rein kjernekapital på 14,5 %, vil det påverka utdelingsgraden.
Styret prioriterer arbeidet med å tilpassa banken til ein ny kvardag i høve kundebehov og konkurranse. I 2014 vil alle kassane i banken bli fasa ut samstundes som ny teknologi blir installert på kontora. I tredje kvartal 2014 vart kassane ved banken sine kontor i Øvre Årdal og Lærdal utfasa.
Det vert arbeidd kontinuerleg med kvalitet og kompetanseheving blant dei tilsette.
Årdalstangen den 30. oktober 2014.
Siv Enerstvedt (s.) Morten Kristiansen (s.) Jorunn Nilssen (s.) Fungerande styreleiar
Sonja-Mari H. Atterås (s.) Per Åke Evjestad (s.) Egon M. Moen (s.)
Adm. banksjef
| Delårsrekneskap 3. kvartal 2014 | |||
|---|---|---|---|
| --------------------------------- | -- | -- | -- |
| Morbank | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| RESULTAT (i 1.000 kr) | 3. kv.14 | 3. kv.13 | 30.09.2014 | 30.09.2013 | 31.12.2013 | 30.09 .2014 |
|
| Renteinntekter | 35.105 | 36.232 | 104.588 | 104.893 | 141.024 | 4,02 % | |
| Rentekostnader | 20.608 | 20.660 | 61.776 | 61.818 | 82.364 | 2,38 % | |
| Netto renteinntekter | 14.498 | 15.572 | 42.813 | 43.075 | 58.660 | 1,65 % | |
| Utbyte | 195 | 1 | 4.055 | 5.073 | 5.073 | 0,16 % | |
| Provisjonsinntekter m.v. | 5.996 | 4.743 | 15.589 | 12.453 | 17.508 | 0,60 % | |
| Provisjonskostnader m.v. | 757 | 723 | 2.197 | 1.831 | 2.496 | 0,08 % | |
| Netto vinst/tap på finansielle instrument | 76 | 1.878 | 5.803 | 1.804 | 1.833 | 0,22 % | |
| Andre driftsinntekter | 107 | 95 | 281 | 537 | 809 | 0,01 % | |
| Netto andre driftsinntekter | 5.617 | 5.994 | 23.531 | 18.036 | 22.727 | 0,91 % | |
| Løn og personalkostnader | 5.320 | 5.714 | 18.757 | 18.026 | 24.358 | 0,72 % | |
| Administrasjonskostnader | 2.287 | 2.128 | 6.844 | 6.730 | 9.857 | 0,26 % | |
| Avskrivingar på driftsmidlar | 888 | 956 | 2.648 | 2.814 | 3.724 | 0,10 % | |
| Andre driftskostnader | 2.717 | 2.638 | 10.016 | 9.396 | 13.196 | 0,39 % | |
| Sum driftskostnader før tap på utlån | 11.212 | 11.436 | 38.265 | 36.966 | 51.134 | 1,47 % | |
| Tap på utlån | 480 | 1.338 | 3.055 | 4.995 | 9.286 | 0,12 % | |
| Driftsresultat før skatt | 8.423 | 8.792 | 25.024 | 19.150 | 20.968 | 0,96 % | |
| Skattekostnad | 2.352 | 2.272 | 4.732 | 3.903 | 5.022 | 0,18 % | |
| Resultat etter skatt | 6.071 | 6.520 | 20.292 | 15.247 | 15.945 | 0,78 % | |
| Utvida resultat | |||||||
| Postar som ikkje vil bli reversert i ordinært resultat | |||||||
| Endring i estimatavvik pensjonsordning | 0 | 0 | 0 | 0 | -1.406 | 0,00 % | |
| Postar som kan bli reversert i ordinært resultat | |||||||
| Verdiendring på finansielle eigendeler tilgjengeleg for sal | -4.059 | 449 | -5.838 | 1.486 | 11.537 | -0,22 % | |
| Utvida resultat etter skatt | -4.059 | 449 | -5.838 | 1.486 | 10.131 | -0,22 % | |
| Totalresultat | 2.012 | 6.969 | 14.454 | 16.733 | 26.076 | 0,56 % | |
| Basis og utvatna resultat per eigenkapitalbevis | 3,20 | 3,48 | 10,71 | 8,13 | 8,51 | ||
| % av forv.kap. |
|||||||
| BALANSE (i 1.000 kr) | Morbank |
| BALANSE (i 1.000 kr) | ||||
|---|---|---|---|---|
| Eigendelar | 30.09.2014 | 30.09.2013 | 31.12.2013 | 30.09.2014 |
| Kontantar og fordringar på sentralbankar | 445.502 | 253.923 | 138.505 | 12,44 % |
| Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar | 184.973 | 36.357 | 193.293 | 5,16 % |
| Utlån til og fordringar på kundar | 2.655.397 | 2.797.740 | 2.803.486 | 74,12 % |
| Verdipapir til verkeleg verdi over resultatet | 165.693 | 207.271 | 205.889 | 4,62 % |
| Verdipapir tilgjengeleg for sal | 85.872 | 71.983 | 86.434 | 2,40 % |
| Investering i dotterselskap | 2.301 | 1.300 | 2.301 | 0,06 % |
| Goodwill | 0 | 0 | 0 | 0,00 % |
| Utsett skattefordel | 762 | 288 | 762 | 0,02 % |
| Varige driftsmidlar | 34.184 | 35.084 | 34.244 | 0,95 % |
| Overtekne og andre eigendelar | 7.933 | 1.859 | 2.455 | 0,22 % |
| Sum eigendelar | 3.582.617 | 3.405.805 | 3.467.369 | 100,00 % |
| Gjeld og eigenkapital | ||||
| Gjeld til kredittinstitusjonar | 1 | 85.007 | 10.132 | 0,00 % |
| Innskot frå kundar | 2.339.571 | 2.110.171 | 2.146.118 | 65,30 % |
| Gjeld ved utsteda verdipapir | 856.510 | 800.724 | 901.190 | 23,91 % |
| Anna gjeld | 19.221 | 23.689 | 13.277 | 0,54 % |
| Pensjonsforpliktingar | 1.134 | 1.444 | 2.684 | 0,03 % |
| Ansvarleg lånekapital | 98.607 | 138.266 | 138.371 | 2,75 % |
| Sum gjeld | 3.315.044 | 3.159.301 | 3.211.772 | 92,53 % |
| Opptent eigenkapital | 182.844 | 165.334 | 191.160 | 5,10 % |
| Innskoten eigenkapital | 64.437 | 64.437 | 64.437 | 1,80 % |
| Udisponert overskot etter skatt | 20.292 | 16.733 | 0,57 % | |
| Sum eigenkapital | 267.573 | 246.504 | 255.597 | 7,47 % |
| Sum gjeld og eigenkapital | 3.582.617 | 3.405.805 | 3.467.369 | 100,00 % |
| Postar utanom balansen | ||||
| Garantiar | 84.773 | 108.565 | 103.331 | |
| Garanti Eika Boligkreditt AS | 112.156 | 72.963 | 78.213 |
| Delårsrekneskap 3. kvartal 2014 | gj.sn. forv.kap. |
|||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Konsern | ||||||
| RESULTAT (i 1.000 kr) | 3. kv.14 | 3. kv.13 | 30.09.2014 | 30.09.2013 | 31.12.2013 | 30.09 .2014 |
| Renteinntekter | 35.092 | 36.208 | 104.574 | 105.025 | 141.188 | 4,02 % |
| Rentekostnader | 20.609 | 20.637 | 61.776 | 61.953 | 82.539 | 2,38 % |
| Netto renteinntekter | 14.484 | 15.571 | 42.799 | 43.072 | 58.649 | 1,65 % |
| Utbyte | 195 | 1 | 4.055 | 5.073 | 5.073 | 0,16 % |
| Provisjonsinntekter m.v. Provisjonskostnader m.v. |
5.994 757 |
4.743 733 |
15.587 2.197 |
12.453 1.855 |
17.508 2.510 |
0,60 % 0,08 % |
| Netto vinst/tap på finansielle instrument | 76 | 1.878 | 5.803 | 1.804 | 1.833 | 0,22 % |
| Andre driftsinntekter | 1.389 | 590 | 3.369 | 1.461 | 2.180 | 0,13 % |
| Netto andre driftsinntekter | 6.897 | 6.479 | 26.617 | 18.936 | 24.084 | 1,02 % |
| Løn og personalkostnader | 5.819 | 6.012 | 19.944 | 18.530 | 25.180 | 0,77 % |
| Administrasjonskostnader | 2.555 | 2.181 | 7.245 | 6.819 | 10.278 | 0,28 % |
| Avskrivingar på driftsmidlar | 888 | 956 | 2.648 | 2.814 | 3.730 | 0,10 % |
| Andre driftskostnader | 3.230 | 2.870 | 11.318 | 9.801 | 13.735 | 0,44 % |
| Sum driftskostnader før tap på utlån | 12.492 | 12.019 | 41.155 | 37.964 | 52.923 | 1,58 % |
| Tap på utlån | 480 | 1.338 | 3.055 | 4.995 | 9.286 | 0,12 % |
| Driftsresultat før skatt | 8.407 | 8.693 | 25.206 | 19.049 | 20.525 | 0,97 % |
| Skattekostnad | 2.401 | 2.272 | 4.781 | 3.903 | 4.903 | 0,18 % |
| Resultat etter skatt | 6.006 | 6.421 | 20.425 | 15.146 | 15.621 | 0,79 % |
| Utvida resultat Postar som ikkje vil bli reversert i ordinært resultat |
||||||
| Endring i estimatavvik pensjonsordning | 0 | 0 | 0 | 0 | -1.406 | 0,00 % |
| Postar som kan bli reversert i ordinært resultat | ||||||
| Verdiendring på finansielle eigendeler tilgjengeleg for sal | (4.059) | 449 | -5.838 | 1.486 | 11.537 | -0,22 % |
| Utvida resultat etter skatt | -4.059 | 449 | -5.838 | 1.486 | 10.131 | -0,22 % |
| Totalresultat | 1.947 | 6.870 | 14.587 | 16.632 | 25.752 | 0,56 % |
| Basis og utvatna resultat per eigenkapitalbevis | 3,42 | 10,78 | 8,07 | 8,34 | ||
| % av | ||||||
| forv.kap. | ||||||
| BALANSE (i 1.000 kr) | Konsern | |||||
| Eigendelar | 30.09.2014 | 30.09.2013 | 31.12.2013 | 30.09.2014 | ||
| Kontantar og fordringar på sentralbankar | 445.502 | 253.923 | 138.506 | |||
| Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar Utlån til og fordringar på kundar |
184.973 2.656.339 |
36.357 2.798.416 |
193.293 2.804.016 |
|||
| Verdipapir til verkeleg verdi over resultatet | 165.693 | 207.271 | 205.889 | |||
| Verdipapir tilgjengeleg for sal | 85.912 | 72.025 | 86.474 | |||
| Investering i dotterselskap | 0 | 0 | 0 | |||
| Goodwill | 912 | 912 | 912 | |||
| Utsett skattefordel | 879 | 288 | 879 | |||
| Varige driftsmidlar | 34.184 | 35.090 | 34.244 | |||
| Overtekne og andre eigendelar | 7.933 | 1.859 | 2.492 | |||
| Sum eigendelar | 3.582.326 | 3.406.141 | 3.466.705 | |||
| Gjeld og eigenkapital | ||||||
| Gjeld til kredittinstitusjonar | 1 | 85.007 | 10.132 | |||
| Innskot frå kundar | 2.326.545 | 2.095.970 | 2.131.209 | |||
| Gjeld ved utsteda verdipapir Anna gjeld |
856.510 32.148 |
800.724 38.407 |
901.190 27.847 |
|||
| Pensjonsforpliktingar | 1.134 | 1.444 | 2.684 | |||
| Ansvarleg lånekapital | 98.607 | 138.266 | 138.371 | |||
| Sum gjeld | 3.314.945 | 3.159.818 | 3.211.433 | |||
| Opptent eigenkapital | 182.519 | 165.334 | 190.835 | |||
| Innskoten eigenkapital | 64.437 | 64.437 | 64.437 | |||
| Udisponert overskot etter skatt | 20.425 | 16.552 | ||||
| Sum eigenkapital | 267.381 | 246.323 | 255.272 | |||
| Sum gjeld og eigenkapital | 3.582.326 | 3.406.141 | 3.466.705 | |||
| Postar utanom balansen | ||||||
| Garantiar Garanti Eika Boligkreditt AS |
84.773 112.156 |
108.565 72.963 |
103.331 78.213 |
12,44 % 5,16 % 74,15 % 4,63 % 2,40 % 0,00 % 0,03 % 0,02 % 0,95 % 0,22 % 100,00 % 0 0,00 % 64,95 % 23,91 % 0,90 % 0,03 % 2,75 % 92,54 % 5,09 % 1,80 % 0,57 % 7,46 % 100,00 % |
i % av
| Innskoten | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| eigenkapital | Opptent eigenkapital | i 1.000 kr | |||||
| Eigen kapital bevis |
Overkurs fond |
Spare banken sitt fond |
Utjamnings fond |
Gåvefond | Fond for urealiserte gevinster |
Sum eigen kapital |
|
| Eigenkapital 01.01.2013 | 31.625 | 32.812 | 133.931 | 15.005 | 18.425 | 279 | 232.076 |
| Resultat etter skatt | 5.280 | 5.383 | 5.281 | 15.945 | |||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | -1.926 | -1.926 | |||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 520 | 520 | |||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 11.537 | 11.537 | |||||
| Totalresultat 31.12.2013 | 0 | 0 | 3.874 | 5.383 | 5.281 | 11.537 | 26.076 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2012 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -500 | -500 | |||||
| Eigenkapital 31.12.2013 | 31.625 | 32.812 | 137.805 | 18.332 | 23.206 | 11.816 | 255.597 |
| Resultat etter skatt | 20.292 | 20.292 | |||||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | 0 | ||||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 0 | ||||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | -5.838 | -5.838 | |||||
| Totalresultat 30.09.2014 | 0 | 0 | 20.292 | 0 | 0 | -5.838 | 14.454 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2013 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -423 | -423 | |||||
| Eigenkapital 30.09.2014 | 31.625 | 32.812 | 158.098 | 16.276 | 22.783 | 5.978 | 267.573 |
| Innskoten | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| eigenkapital | Opptent eigenkapital | i 1.000 kr | ||||||
| Eigen kapital bevis |
Overkurs fond |
Spare banken sitt fond |
Utjamnings fond |
Gåvefond | Fond for urealiserte gevinster |
Sum eigen kapital |
||
| Eigenkapital 01.05.2013 | 31.625 | 32.812 | 133.931 | 15.005 | 18.425 | 279 | 232.076 | |
| Resultat etter skatt | 4.957 | 5.383 | 5.281 | 15.621 | ||||
| Utvida resultat | ||||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | -1.926 | -1.926 | ||||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 520 | 520 | ||||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 11.537 | 11.537 | ||||||
| Totalresultat 31.12.2013 | 0 | 0 | 3.551 | 5.383 | 5.281 | 11.537 | 25.752 | |
| Transaksjonar med eigarane | ||||||||
| Utbetalt utbyte for 2012 | -2.056 | -2.056 | ||||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | ||||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -500 | -500 | ||||||
| Eigenkapital 31.12.2013 | 31.625 | 32.812 | 137.482 | 18.332 | 23.206 | 11.816 | 255.272 | |
| Resultat etter skatt | 20.425 | 20.425 | ||||||
| Utvida resultat | ||||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | 0 | |||||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 0 | |||||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | -5.838 | -5.838 | ||||||
| Totalresultat 30.06.2014 | 0 | 0 | 20.425 | 0 | 0 | -5.838 | 14.587 | |
| Transaksjonar med eigarane | ||||||||
| Utbetalt utbyte for 2013 | -2.056 | -2.056 | ||||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | ||||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -423 | -423 | ||||||
| Eigenkapital 30.06.2014 | 31.625 | 32.812 | 157.907 | 16.276 | 22.783 | 5.978 | 267.380 |
| i 1.000 kr | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Morbank | Konsern | |||||
| 3.kvartal | 3.kvartal | 3.kvartal | 3.kvartal | |||
| 2014 | 2013 | 31/12-2013 | 2014 | 2013 | 31/12-2013 | |
| Kontantstraumar frå operasjonelle aktivitetar | ||||||
| Resultat før skattekostnad | 25.024 | 11.395 | 20.967 | 25.157 | 11.393 | 20.524 |
| Betalt skatt i perioden | -4.429 | -4.947 | -4.430 | -4.402 | -4.947 | -4.447 |
| Tap/gevinst ved sal av anleggsmidlar | 5.249 | 0 | -223 | 5.249 | 0 | -223 |
| Ordinære avskrivingar | 2.648 | 1.858 | 3.724 | 2.648 | 1.858 | 3.730 |
| Postar over utvida resultat | -5.838 | 1.037 | -5.838 | 1.037 | ||
| Forskjell mellom kostnadsført pensjon og inn/utbet i ordning. | -1.550 | -1.500 | -260 | -1.550 | -1.500 | -260 |
| Endring utlån (inn- og utbetalingar utlån/utnytta rammekreditt) | 150.588 | 35.569 | 23.942 | 151.009 | 35.386 | 23.942 |
| Endring gjeld til kredittinstitusjonar | -10.131 | -17 | 10.003 | -10.131 | -17 | 10.003 |
| Endring innskot frå kundar | 193.453 | 44.908 | 74.674 | 191.570 | 62.173 | 74.674 |
| Endringar verdipapir til verkeleg verdi over resultatet | 556 | -246 | 466 | 556 | -246 | 466 |
| Endring i andre tidsavgrensingspostar | -11.351 | 3.384 | -7.058 | -10.050 | -13.696 | -8.904 |
| Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar | 344.218 | 91.441 | 121.805 | 344.217 | 91.441 | 119.505 |
| Kontantstraum frå investeringsaktivitetar | ||||||
| Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar | 223 | 0 | 223 | |||
| Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar | -2.587 | -350 | -652 | -2.587 | -350 | -652 |
| Utbetalingar ved kjøp av aksjar i dotterselskap | -2.301 | 0 | ||||
| Innbetalingar ved sal av langsiktige verdipapir (investeringsportefølje) | 25.104 | 11.100 | 25.104 | 11.100 | ||
| Utbetalingar ved kjøp av langsiktige verdipapir (investeringsportefølje) | -10.066 | -10.066 | ||||
| Innbetalingar ved sal av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak | 36.602 | 12.880 | 36.602 | 12.880 | ||
| Utbetalingar ved kjøp av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak | -7.115 | -2.662 | -8.274 | -7.115 | -2.662 | -8.274 |
| Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar | 41.938 | 8.088 | 1.876 | 41.938 | 8.088 | 4.177 |
| Kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar | ||||||
| Innbetalingar ved opptak av obligasjonsinnlån | 100.000 | 198.060 | 298.905 | 100.000 | 198.060 | 298.905 |
| Utbetalingar ved nedbetaling av obligasjonsinnlån | -185.000 | -133.000 | -270.000 | -185.000 | -133.000 | -270.000 |
| Utbetaling av utbyte | -2.056 | -2.056 | -2.056 | -2.056 | -2.056 | -2.056 |
| Utbetalingar til gåver | -423 | -250 | -500 | -423 | -250 | -500 |
| Netto kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar | -87.479 | 62.754 | 163.349 | -87.479 | 62.754 | 26.349 |
| Netto kontantstraum for perioden | 298.677 | 162.283 | 150.030 | 298.676 | 162.283 | 150.031 |
| Kontantar og kontantekvivalentar ved byrjinga av perioden | 331.798 | 181.768 | 181.768 | 331.799 | 181.768 | 181.768 |
| Kontantar og kontantekvivalentar ved slutten av perioden | 630.475 | 344.051 | 331.798 | 630.475 | 344.051 | 331.799 |
| Denne er sett saman av: | ||||||
| Kontantar og fordringar på sentralbankar | 445.502 | 275.032 | 138.505 | 445.502 | 275.032 | 138.506 |
| Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar | 184.973 | 69.019 | 193.293 | 184.973 | 69.019 | 193.293 |
Indre Sogn Sparebank er ein ekte lokalbank med kunden i sentrum. Banken er sjølvstendig og tilbyr banktenester, forsikring og verdipapirhandel. Banken tilbyr primært banktenestene sine til person- og næringslivskundar i Indre Sogn, men har òg avdeling i Bergen og har elles kundar ut over kommunegrensene. Indre Sogn Sparebank er notert på Oslo Børs med eigenkapitalbevis.
Rekneskapet gjeld for perioden 01.01.2014 til 30.09.2014. Alle tal er presentert i norske kroner og i heile tusen, med mindre anna er spesifisert i notane. Indre Sogn Sparebank innreknar dotterselskapet Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS i konsernreknskapet frå og med 01.05.2013 og har utarbeida konserntal for perioden frå oppkjøp til 30.09.2014.
Rekneskapet for tredje kvartal 2014 vart vedteke av styret 30. oktober 2014.
Rekneskapet til Indre Sogn Sparebank er utarbeida i samsvar med IAS 34 (IFRS) og fortolkingar frå IFRS fortolkingskomité (IFRIC), som er fastset av EU.
Dei same rekneskapsprinsippa og berekningane som vart nytta i årsrekneskapen for 2013, med tillegg av IFRS 3 for konsernrekneskap frå og med 31.12.2013, er nytta i delårsrekneskapen for tredje kvartal 2014 med mindre anna kjem fram av notane nedanfor.
Når det gjeld ytingar til tilsette, pensjon, nytta Indre Sogn Sparebank tidleg bruk av revidert IAS 19 ved konvertering til IFRS i 2011. Endringar som følgje av IAS 19 har ikkje innverknad på rekneskapstala for 2013 eller tidlegare periodar.
For meir informasjon om rekneskapsprinsipp og informasjon om rekneskapsestimat, viser banken til årsrapporten for 2013 for Indre Sogn Sparebank.
Indre Sogn Sparebank har kjøpt opp og kontrollerer 100 % av Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS. Selskapet skal drive med eigedomsmekling i Indre Sogn. Selskapet har tre tilsette.
Selskapet vart overteke 01.05.2013 og er ein del av den strategiske satsinga til banken på eigedomsmekling.
Innrekna goodwill i selskapet skuldast at selskapet har opparbeida seg høg marknadsandel og kompetanse på området. Indre Sogn Sparebank tilbyr eit breiare produktspekter som følgje av oppkjøpet og forventar at dette skal betre innteninga.
Den verkelege verdien av føretaket ved kjøp var NOK 1,3 mill. som vart oppgjort med kontantar.
Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000.
Innrekna goodwill i selskapet skuldast at selskapet har opparbeida seg høg marknadsandel og kompetanse på området. Indre Sogn Sparebank tilbyr eit breiare produktspekter som følgje av oppkjøpet og forventar at dette skal betre innteninga.
Goodwill vert vurdert for nedskriving ved kvart rapporteringstidspunkt.Goodwill NOK 912.000 referer seg til overtakinga av Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS den 01.05.2013. Banken si oppfatning er at denne verdien er intakt pr. 30.09.2014.
Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er eit 100 % eigd dotterselskap og er eit reint eigedomsmeklingsføretak.
I konsernrekneskapen er bankinnskot eliminert med NOK 13,0 mill.
Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS har eit overrskot etter skatt pr. 30.09.2014 på NOK 182.090. Sjå òg note 3.
Det har ikkje forekome hendingar etter utløp av perioden som medfører justeringar av, eller tilleggsopplysningar i rekneskapet eller i notar til rekneskapet.
| i 1.000 kr | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Konsern | |||||||
| 30.09.2014 30.09.2013 2013 +/- | 31.12.2013 30.09.2014 30.09.2013 | 31.12.2013 | |||||
| Lønstakarar | 2.016.562 | 2.123.043 | -158.336 | 2.094.794 2.017.504 | 2.123.719 | 2.096.363 | |
| Jordbruk, skogbruk, fiske | 40.840 | 43.280 | -6.948 | 43.016 | 40.840 | 43.280 | 43.016 |
| Industri | 35.394 | 35.341 | 9.232 | 33.807 | 35.394 | 35.341 | 33.807 |
| Bygg og anlegg | 85.333 | 94.569 | 3.833 | 88.802 | 85.333 | 94.569 | 88.802 |
| Handel, hotell, transport, tenester | 180.676 | 206.035 | 7.132 | 222.789 | 180.676 | 206.035 | 222.789 |
| Finansiering, eigedomsdrift | 263.576 | 261.955 | -27.383 | 286.107 | 263.576 | 261.955 | 286.107 |
| Offentleg forvaltning og andre | 49.686 | 53.529 | -3.742 | 54.832 | 49.686 | 53.529 | 54.832 |
| Sum utlån før nedskrivingar | 2.672.066 | 2.817.753 | -176.213 | 2.824.147 | 2.673.008 | 2.818.429 | 2.825.716 |
| Individuelle nedskrivingar | -10.469 | -13.413 | 3.082 | -14.361 | -10.469 | -13.413 | -14.700 |
| Gruppevise nedskrivingar | -6.200 | -6.600 | 1.100 | -6.300 | -6.200 | -6.600 | -7.000 |
| Sum utlån til og fordringar på kundar i balansen | 2.655.397 | 2.797.740 | -172.031 | 2.803.486 | 2.656.339 | 2.798.416 | 2.804.016 |
| Utlånportefølje hos Eika Boligkreditt AS | 876.805 | 640.658 | 384.367 | 683.576 | 876.805 | 640.658 | 683.576 |
| Totale utlån | 3.532.202 | 9.053.891 | 212.336 | 3.487.062 | 3.533.144 | 3.439.074 | 3.487.592 |
| Innskot frå kundar | Morbank | Konsern | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 30.09.2014 30.09.2013 2013 +/- | 31.12.2013 30.09.2014 30.09.2013 | 31.12.2013 | |||||
| Lønstakarar | 1.474.907 | 1.392.286 | 165.012 | 1.383.891 1.474.907 | 1.392.286 | 1.383.891 | |
| Jordbruk, skogbruk fiske, fiske | 57.664 | 53.912 | 10.919 | 54.742 | 57.664 | 53.912 | 54.742 |
| Industri | 36.279 | 49.323 | 16.245 | 37.565 | 36.279 | 49.323 | 37.565 |
| Bygg og anlegg | 47.962 | 35.323 | -13.740 | 56.992 | 47.962 | 35.323 | 56.992 |
| Handel, hotell, transport, tenester | 53.481 | 51.798 | -4.789 | 51.107 | 40.455 | 40.583 | 36.198 |
| Finansiering, eigedomsdrift | 378.290 | 386.914 | -80.869 | 333.331 | 378.290 | 386.914 | 333.331 |
| Offentleg forvaltning og andre | 290.988 | 140.616 | 175.324 | 228.490 | 290.988 | 140.616 | 228.490 |
| Sum innskot | 2.339.572 | 2.110.171 | 268.101 | 2.146.118 | 2.326.546 | 2.098.956 | 2.131.209 |
| a) Brutto- og netto mislighaldne engasjement | i 1.000 kr | ||
|---|---|---|---|
| 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013 | |||
| Engasjement som har vore misleghaldne i meir enn 90 dagar | |||
| Misleghald næringslivskundar | 8.182 | 13.692 | 17.955 |
| Misleghald personkundar | 14.732 | 11.295 | 11.859 |
| = Brutto misleghaldne engasjement |
22.914 | 24.987 | 29.814 |
| - Individuelle nedskrivingar |
2.879 | 5.635 | 5.544 |
| = Netto misleghaldne engasjement |
20.035 | 19.352 | 24.270 |
| b) Engasjement som er tapsutsette men ikkje mislighaldne | |||
| Brutto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement | 35.930 | 26.268 | 39.734 |
| - Individuelle nedskrivingar |
7.590 | 7.776 | 8.817 |
| = Netto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement |
28.340 | 18.492 | 30.917 |
| c) Kostnadsførte tap gjennom året | 30.09.2014 30.09.2013 31.12.2013 | ||
| Kostnadsførte konstaterte tap med tidligare | |||
| individuelle nedskrivingar | 6.699 | 5.574 | 9.210 |
| Kostnadsførte konstaterte tap utan tidligare | 0 | 0 | |
| individuelle nedskrivingar | 767 | 355 | 398 |
| Inngått på tidligare kostaterte tap | 419 | 95 | 131 |
| Nye individuelle nedskrivningar | 3.701 | 4.146 | 7.596 |
| Auke i eksisterande individuelle nedskrivingar | 0 | 1.590 | 3.200 |
| Konstaterte tidligare individuelle nedskrivingar | 6.789 | 0 | 9.487 |
| - Reduserte individuelle nedskrivinger | 804 | 5.875 | 500 |
| = Netto resultateffekt individuelle nedskrivingar |
3.155 | 5.695 | 10.286 |
| +/- Periodens endring i gruppenedskrivning | -100 | -700 | -1.000 |
| = Kostnadsførte tap på utlån |
3.055 | 4.995 | 9.286 |
| = Tapskostnader på garantiar i inneverande år |
0 | 0 | 0 |
| Individuelle nedskrivingar på utlån og garantiar gjennom året | |||
| + Individuelle nedskrivnigar på utlån per 01.01 |
14.361 | 13.551 | 13.552 |
| - Konstaterte tap gjennom året som er individuelt nedskrivne tidlegare år |
6.789 | 5.575 | 9.487 |
| + Netto auka individuelle nedskrivingar gjennom året + Nye individuelle nedskrivingar gjennom året |
0 3.701 |
1.591 4.146 |
3.200 7.596 |
| - Tilbakeførte individuelle nedskrivingar på utlån gjennom året |
805 | 300 | 500 |
| = Individuelle nedskrivingar på utlån |
10.468 | 13.413 | 14.361 |
| Tapsavsetninger på garantiar | 0 | 0 | 0 |
| Gruppenedskrivingar på utlån m.v. gjennom året | |||
| Gruppenedskrivingar til dekking av tap på utlån m.v. pr. 01.01 | 6.300 | 7.300 | 7.300 |
| +/- Endring gruppenedskriving gjennom året | -100 | -700 | -1.000 |
| = Gruppenedskriving til dekking av tap på utlån |
6.200 | 6.600 | 6.300 |
| d) Inntektsførde renter der det er føreteke nedskriving | |||
| Inntektsførde renter på utlån der det er føreteke nedskriving | 1.112 | 1.113 | 1.229 |
| i 1.000 kr. | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Morbank | Morbank | Morbank | Morbank | Morbank | ||||||
| Risikoklasse | Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving | Netto engasjement | % | |||||||
| Personmarknad | 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 | |||||||||
| Låg | 2.152.321 | 2.265.878 | 100 | 1.606 | 64 | 790 | 2.152.157 | 2.263.481 | 68,0 % | 67,8 % |
| Normal | 54.336 | 52.478 | 0 | 0 | 0 | 0 | 54.336 | 52.478 | 1,7 % | 1,6 % |
| Høg | 3.514 | 8.606 | 29 | 326 | 19 | 160 | 3.466 | 8.119 | 0,1 % | 0,2 % |
| Problemengasjement | 3.019 | 3.763 | 1.716 | 1.323 | 1.101 | 651 | 203 | 1.789 | 0,0 % | 0,1 % |
| Ikkje klassifiserte | 5.340 | 7.356 | 13 | 651 | 8 | 320 | 5.319 | 6.384 | 0,2 % | 0,2 % |
| Sum | 2.218.531 | 2.338.080 | 1.858 | 3.906 | 1.191 | 1.922 | 2.215.482 | 2.332.252 | 70,0 % | 69,8 % |
| 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
| Næringsliv | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Låg | 798.458 | 768.181 | 0 | 0 | 0 | 0 | 798.458 | 768.181 | 25,2 % | 23,0 % |
| Normal | 99.492 | 188.306 | 0 | 2.550 | 0 | 1.255 | 99.492 | 184.501 | 3,1 % | 5,5 % |
| Høg | 62.764 | 64.446 | 7.310 | 6.557 | 4.688 | 3.226 | 50.766 | 54.663 | 1,6 % | 1,6 % |
| Problemengasjement | 3.119 | 843 | 500 | 0 | 321 | 0 | 2.299 | 843 | 0,1 % | 0,0 % |
| Ikkje klassifiserte | 0 | 42 | 0 | 400 | 0 | 197 | 0 | -555 | 0,0 % | 0,0 % |
| Sum | 963.834 | 1.021.818 | 7.810 | 9.507 | 5.009 | 4.678 | 951.015 | 1.007.633 | 30,0 % | 30,2 % |
| Risikoklasse | Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving | Netto engasjement | % | |||||||
| TOTAL | 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 30.09.2014 30.09.2013 | |||||||||
| Låg | 2.950.779 | 3.034.058 | 100 | 1.606 | 64 | 790 | 2.950.615 | 3.031.662 | 93,2 % | 90,8 % |
| Normal | 153.828 | 240.784 | 0 | 2.550 | 0 | 1.255 | 153.828 | 236.979 | 4,9 % | 7,1 % |
| Høg | 66.278 | 73.052 | 7.339 | 6.883 | 4.707 | 3.387 | 54.233 | 62.782 | 1,7 % | 1,9 % |
| Problemengasjement | 6.139 | 4.607 | 2.216 | 1.323 | 1.421 | 651 | 2.502 | 2.633 | 0,1 % | 0,1 % |
| Ikkje klassifiserte | 5.340 | 7.397 | 13 | 1.051 | 8 | 517 | 5.319 | 5.829 | 0,2 % | 0,2 % |
| Sum | 3.182.364 | 3.359.898 | 9.668 | 13.413 | 6.200 | 6.600 | 3.166.497 | 3.339.885 | 100,0 % | 100,0 % |
Brutto engasjement inkluderar utlån til kundar før nedskriving, unytta kredittrammer, garantiar og unytta garantirammer.
| i 1.000 kr | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Bokført verdi | Rente | |||||||
| Lånetype/ISIN | Låneopptak Siste forfall Pålydande 30.09.2014 | 30.09.2013 31.12.2013 | vilkår | |||||
| Sertifikat- og obligasjonslån | ||||||||
| NO0010566847 | 19.03.2010 | 19.03.2015 | 165.000 | 165.322 | 164.882 | 164.922 3 mnd. NIBOR + 1,15 % | ||
| NO0010592058 | 19.11.2010 | 19.11.2014 | 150.000 | 105.260 | 150.341 | 150.361 3 mnd. NIBOR + 1,30 % | ||
| NO0010612419 | 06.06.2011 | 06.06.2014 | 100.000 | 0 | 100.162 | 100.172 3 mnd. NIBOR + 0,95 % | ||
| NO0010649205 | 06.06.2012 | 06.06.2017 | 125.000 | 125.167 | 124.983 | 125.058 3 mnd. NIBOR + 2,25 % | ||
| NO0010664931 | 30.11.2012 | 30.11.2015 | 100.000 | 100.225 | 100.200 | 100.201 3 mnd. NIBOR + 1,15 % | ||
| NO0010671274 | 06.02.2013 | 06.02.2017 | 100.000 | 100.063 | 100.188 | 100.197 3 mnd. NIBOR + 1,20 % | ||
| NO0010672967 | 07.03.2013 | 07.03.2016 | 110.000 | 110.345 | 59.968 | 110.317 3 mnd. NIBOR + 1,10 % | ||
| NO0010699176 | 13.12.2013 | 13.12.2018 | 50.000 | 50.028 | 49.962 3 mnd. NIBOR + 1,15 % | |||
| NO0010700370 | 14.01.2014 | 14.10.2016 | 100.000 | 100.100 | 3 mnd. NIBOR + 0,83 % | |||
| Sum gjeld ved utsteda verdipapir | 856.510 | 800.724 | 901.190 | |||||
| Fondsobligasjonar | ||||||||
| NO0010238264 | 29.09.2004 Evigvarande | 40.000 | 0 | 39.936 | 39.953 3 mnd. NIBOR + 2,15 % | 1) | ||
| Calldato 29.09.2014 | ||||||||
| NO0010606270 | 06.05.2011 Evigvarande | 60.000 | 58.595 | 58.141 | 58.188 3 mnd. NIBOR + 5,50 % | 2) | ||
| NO0010675747 | 30.04.2013 Evigvarande | 40.000 | 40.012 | 40.189 | 40.196 3 mnd. NIBOR + 4,90 % | 3) | ||
| Calldato 30.04.2018 | ||||||||
| Sum ansvarleg lånekapital | 98.607 | 138.266 | 138.337 |
1) Frå 29.09.2014 aukar rentetillegget (margin til referanserente) med 1 % til 3,15 %. Banken gjorde opp lånet 29.09.2014 til kurs 100 %.
2) Lånet har ein konverteringsrett for obligasjonseigarane, som kan velja å kovertere obligasjonar til eigenkapitalbevis til kurs 100 på kvart rentebetalingstidspunkt fram til og med 15.03.2016. Rentevilkåra til lånet er inklusive konverteringsretten er uvesentleg forskjellige frå alternative vilkår utan konverteringsrett. Banken har difor ikkje skilt ut ein eigenkapitalandel frå lånet. Lånet tel som kjernekapital.
3) Lånet tel som kjernekapital også etter EU-forordningen for Basel III, og er godkjent av Finanstilsynet som kjernekapital. Banken kan frå 30.04.2018, og seinare kvartalsvis på rentereguleringsdatoar, innfri lånet heilt til kurs 100 %.
| i 1.000 kr | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Morbank | Konsern | |||||
| Kjernekapital: | 30.09.2014 | 30.09.2013 | 31.12.2013 | 30.09.2014 | 30.09.2013 | 31.12.2013 |
| Eigenkapitalbevis | 31.625 | 31.625 | 31.625 | 31.625 | 31.625 | 31.625 |
| Overkursfond | 32.812 | 32.812 | 32.812 | 32.812 | 32.812 | 32.812 |
| Sparebankens fond | 137.805 | 133.931 | 148.470 | 137.480 | 133.830 | 138.887 |
| Gåvefond | 22.783 | 18.175 | 17.925 | 22.783 | 18.175 | 23.206 |
| Utjamningsfond | 16.276 | 12.949 | 12.949 | 16.276 | 12.949 | 18.332 |
| Frådrag | -10.762 | -29.690 | -27.087 | -11.680 | -30.602 | -29.658 |
| Rein kjernekapital | 230.539 | 199.802 | 216.694 | 229.296 | 198.789 | 215.204 |
| Fondsobligasjonar | 98.008 | 137.617 | 137.711 | 98.008 | 137.617 | 137.711 |
| Frådrag | -40.894 | -40.920 | ||||
| Kjernekapital | 287.653 | 337.419 | 354.405 | 286.384 | 336.406 | 352.915 |
| Tilleggskapital | 2.152 | 2.152 | ||||
| Frådrag | -2.152 | -2.152 | ||||
| NETTO ANSVARLEG KAPITAL | 287.653 | 337.419 | 354.405 | 286.384 | 336.406 | 352.915 |
| Eksponeringskategori: | ||||||
| Statar | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Lokal regional styresmakt | 2.200 | 3.200 | 2.200 | 2.200 | 3.200 | 2.200 |
| Institusjonar | 4.293 | 78.911 | 123.816 | 4.293 | 78.911 | 123.816 |
| Føretak Pantesikra eigedom |
208.428 1.180.927 |
214.661 1.170.046 |
178.454 1.228.462 |
208.428 1.180.927 |
213.403 1.170.046 |
176.193 1.228.462 |
| Forfalne engasjement | 21.790 | 23.041 | 28.013 | 21.790 | 23.041 | 28.013 |
| Obligasjonar med fortrinnsrett | 10.515 | 11.474 | 11.442 | 10.515 | 11.474 | 11.442 |
| Institusjonar og føretak med kortsiktig rating | 36.821 | 36.821 | ||||
| Andelar verdipapirfond | 0 | 34.393 | 34.909 | 0 | 34.393 | 34.909 |
| Egenkapitalposisjonar | 43.942 | 41.681 | ||||
| Andre engasjement | 177.588 | 228.470 | 203.331 | 178.530 | 229.152 | 203.898 |
| Kapitalkrav frå operasjonell risiko | 136.463 | 122.766 | 136.467 | 136.463 | 122.766 | 136.467 |
| Frådrag | 0 | -36.594 | -37.292 | 0 | -36.594 | -37.428 |
| SUM BEREKNINGSGRUNNLAG | 1.822.967 | 1.850.369 | 1.909.801 | 1.821.648 | 1.849.793 | 1.907.971 |
| Kapitaldekning % | 15,78 % | 18,24 % | 18,56 % | 15,72 % | 18,19 % | 18,50 % |
| Kjernekapitaldekning % | 15,78 % | 18,24 % | 18,56 % | 15,72 % | 18,19 % | 18,50 % |
| Rein kjernekapitaldekning % | 12,65 % | 10,80 % | 11,35 % | 12,59 % | 10,75 % | 11,28 % |
Banken sine eigenkapitalbevis er alle ført i 1 -ein- klasse og utgjer per 30.09.2014 NOK 31.625.000 delt på 632.500 eigenkapitalbevis pålydande NOK 50,-.
Eigarandelsbrøken for 2013 er utrekna med utgangspunkt i eigenkapitalfordeling pr. 31.12.2012, justert for utbetalingar gjennom 2013. Tilsvarande er eigarandelsbrøken for 2014 utrekna med utgangspunkt i fordeling pr. 31.12.2013 justert for utbetalingar gjennom 2014.
| i 1.000 kr | |||
|---|---|---|---|
| Eigarandelsbrøk, morbank | 30.09.2014 | 30.09.2013 | 31.12.2013 |
| Eigenkapitalbevis | 31.625 | 31.625 | 31.625 |
| Overkursfond | 32.812 | 32.812 | 32.812 |
| Utjamningsfond | 16.276 | 12.949 | 16.276 |
| Sum eigarandelskapital (A) | 80.713 | 77.386 | 80.713 |
| Sparebankens fond | 137.805 | 133.931 | 137.805 |
| Gåvefond | 22.783 | 18.175 | 23.206 |
| Grunnfondskapital (B) | 160.589 | 152.106 | 161.011 |
| Fond for urealisert vinst | 5.978 | 1.316 | 11.816 |
| Avsett utbyte, gåver og konsernbidrag | 0 | 0 | 2.056 |
| Anna eigenkapital | 0 | 8.728 | 0 |
| Sum eigenkapital | 247.281 | 239.535 | 243.114 |
| Eigarandelsbrøk A / (A+B) | 33,45 % | 33,72 % | 33,39 % |
| Utbyte | |||
| Avsett utbyte per eigenkapitalbevis (tal i heile kr.) | 3,25 | 0,00 | 3,25 |
| Samla utbyte | 2.056 | 0 | 2.056 |
Dei 20 største eigarane pr. 30.09.2014 utgjer 48,35 % av eigenkapitalbeviskapitalen.
| 30.09.2014 | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Namn | Tal bevis | % | Namn | Tal bevis | % | |
| MP PENSJON PK | 50.383 | 7,97 % | SECURUS AS | 10.000 | 1,58 % | |
| VERDIPAPIRFONDET EIK | 41.930 | 6,63 % | THU LEIF MAGNE | 8.498 | 1,34 % | |
| DØSKELAND BØRGE | 32.980 | 5,21 % | LUSTER SPAREBANK | 7.600 | 1,20 % | |
| ROGNE HELGE | 24.313 | 3,84 % | AURLAND SPAREBANK | 6.800 | 1,08 % | |
| EUROVEST AS | 23.321 | 3,69 % | VIK SPAREBANK | 6.650 | 1,05 % | |
| BEES HOLDING AS | 23.000 | 3,64 % | MOEN EGON MOGENS | 6.000 | 0,95 % | |
| EIKA GRUPPEN AS | 11.200 | 1,77 % | HARALD ESPEDAL AS | 5.966 | 0,94 % | |
| TH DAHL AS | 10.800 | 1,71 % | HALVARD HANEVOLD AS | 5.700 | 0,90 % | |
| ÅRDAL KOMMUNE | 10.000 | 1,58 % | WIKBORG TORD GEIR | 5.550 | 0,88 % | |
| HEYERN AS | 10.000 | 1,58 % | NOTOV AS | 5.140 | 0,81 % | |
| SUM | 305.831 | 48,35 % |
| 30.09.2013 | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Namn | Tal bevis | % | Namn | Tal bevis | % | |
| MP PENSJON PK | 50.383 | 7,97 % | HEYERN AS | 10.000 | 1,37 % | |
| VERDIPAPIRFONDET EIK | 41.930 | 7,38 % | TH DAHL AS | 8.244 | 1,30 % | |
| KØHLERGRUPPEN AS | 33.816 | 5,35 % | LUSTER SPAREBANK | 7.600 | 1,26 % | |
| ROGNE HELGE | 27.233 | 3,87 % | AURLAND SPAREBANK | 6.800 | 1,21 % | |
| BEES HOLDING AS | 23.000 | 3,64 % | THU LEIF MAGNE | 6.653 | 1,20 % | |
| DØSKELAND BØRGE | 20.850 | 1,77 % | VIK SPAREBANK | 6.650 | 1,08 % | |
| WAHLSTRØM ERIK | 12.095 | 1,58 % | MOEN EGON MOGENS | 6.000 | 1,05 % | |
| EIKA GRUPPEN AS | 11.200 | 1,58 % | WIKBORG TORD GEIR | 5.550 | 0,95 % | |
| ÅRDAL KOMMUNE | 10.000 | 1,49 % | HUGIN INVEST AS | 5.000 | 0,88 % | |
| EUROVEST AS | 10.000 | 1,30 % | GG EIENDOM AS | 5.000 | 0,79 % | |
| SUM | 308.004 | 48,70 % |
Verdsetjingshierarki for verdipapir, til verkeleg verdi. Verkeleg verdi tilsvarar balanseført verdi.
| i 1.000 kr. | ||||
|---|---|---|---|---|
| 30.09.2014 | ||||
| NIVÅ 1 | NIVÅ 2 | NIVÅ 3 | ||
| Verdsettings- | Verdsettings | |||
| Kvoterte | teknikk | teknikk | ||
| prisar i | basert på | basert på ikkje | ||
| aktive | observerbare | observerbare | ||
| marknader | marknadsdata marknadsdata | Total | ||
| Verdipapir haldne for handelsføremål | 0 | |||
| Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi | 992 | 156.117 | 8.585 | 165.693 |
| Verdipapir tilgjengeleg for sal | 85.912 | 85.912 | ||
| Sum eigendelar | 992 | 156.117 | 94.497 | 251.605 |
| Avstemming av nivå 3 | ||||
| Inngåande balanse 01.01.2014 | 95.265 | |||
| Realisert gevinst resultatført | 4.778 | |||
| Urealisert gevinst og tap resultatført | -291 | |||
| Urealisert gevinst og tap i andre resultatkomponentar | -5.838 | |||
| Investering | 8.666 | |||
| Sal | -8.083 | |||
| Utgåande balanse 30.09.2014 | 94.497 |
| 30.09.2013 | ||||
|---|---|---|---|---|
| NIVÅ 1 | NIVÅ 2 | NIVÅ 3 | ||
| Kvoterte prisar i aktive marknader |
Verdsettings- teknikk basert på observerbare marknadsdata marknadsdata |
Verdsettings teknikk basert på ikkje observerbare |
Total | |
| Verdipapir haldne for handelsføremål | 0 | |||
| Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi | 27.350 | 170.965 | 8.956 | 207.271 |
| Verdipapirer tilgjengeleg for sal | 72.025 | 72.025 | ||
| Sum eigendelar | 27.350 | 170.965 | 80.981 | 279.296 |
| Avstemming av nivå 3 | |
|---|---|
| Inngåande balanse 01.01.2013 | 90.655 |
| Urealisert gevinst og tap resultatført | 447 |
| Urealisert gevinst og tap i andre resultatkomponentar | 1.486 |
| Investering | 330 |
| Sal | -11.937 |
| Utgåande balanse 30.09.2013 | 80.981 |
Nivå 1 – Verdsetjing skjer i høve til kvoterte prisar i ein aktiv marknad for identiske eigendelar/forpliktingar. Eit finansielt instrument vert vurdert som kvotert i ein aktiv marknad dersom kursar er enkelt og regelmessig tilgjengeleg frå ein børs, forhandlar, meklar, næringsgruppering, prissettingsteneste eller reguleringsstyresmakt, og desse kursane representerer faktiske og regelmessig førekomande marknadstransaksjonar på ei armlengd avstand. I kategorien inngår mellom anna børsnoterte aksjar og likvide aksje- og pengemarknadsfond.
Nivå 2 – Verdsetjing skjer gjennom annan input enn kvoterte prisar på nivå 1 som er observerbare for eigendelen/forpliktinga, enten direkte eller indirekte (utleia prisar). I dei tilfelle der det ikkje finst tilgjengelege marknadsprisar i ein aktiv marknad, er instrumenta først og fremst forsøkt verdsett ved hjelp av verdsetjingsmetodar basert på observerbare input/og eller tilnærma likearta instrument/produkt. Prising av renteberande papir, mellom anna fastrenteutlån, vert basert på rentekurver henta i aktive marknader. Verkeleg verdi på finansielle instrument tilgjengeleg for sal, vert fastsett for obligasjonar av Swedbank.
Nivå 3 – Verdsetjing på input som ikkje er basert på observerbare marknadsdata. Dersom fastsetjing av verdi ikkje er tilgjengeleg i høve til nivå 1 og nivå 2, vert verdsetjingsmetodar som baserer seg på ikkje-observerbar informasjon nytta. For aksjar som ikkje vert handla i regulert marknad vert siste omsette kurs nytta, eller nylege emisjonskursar, et. bokført verdi av eigenkapital. Konsernet gjer føresetnader basert på marknadsforholda som eksisterer på kvar balansedag. Pr. 30.09.2014 har banken sett verdien på aksjane i Eika Gruppen til 90 % av verdsetjing føreteke av finansavdelinga i Eika Gruppen. Verdien er vurdert etter anerkjente metodar for verdivurdering, og er utført av Eika Gruppen AS sin bankanalytikar. Verdien er sett til NOK 90,- pr. aksje.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.