Annual Report • Feb 6, 2015
Annual Report
Open in ViewerOpens in native device viewer
'
& REKNESKAP REKNESKAP EKNESKAP
Rekneskapen for 4. kvartal 2014 er utarbeida i samsvar med dei internasjonale rekneskapsstandardane (IFRS) vedteke av EU. Rekneskapen er presentert i samsvar med IAS 34 "delårsrapportering". IFRS-rekneskapsstandard fører ikkje til realitetsendringar i underliggjande verdiar i rekneskapen, men vil føra til større svingingar i resultat og eigenkapital. Det som følgje av auka bruk av verkeleg verdi.
Rekneskapet for fjerde kvartal 2014 er ikkje revidert.
Alle tal som er kommentert gjeld for konsernet om ikkje anna er oppgjeve.
Indre Sogn Sparebank fekk eit driftsresultat før skatt på NOK 27,73 mill. pr. 31.12.2014, mot NOK 20,52 mill. pr. 31.12.2013. Avviket skuldast i hovudsak høgare provisjonsinntekter, andre driftsinntekter, lågare tap på utlån og vinst på finansielle instrument, mellom anna grunna sal av banken sine aksjar i NETS. Pr. 31.12.2014 hadde banken NOK 2,25 mill. lågare rentenetto og NOK 4,96 mill. lågare tap på utlån enn pr. 31.12.2013.
Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før skatt – kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr. 31.12.2014 var NOK 3,14 mill. betre enn pr. 31.12.2013.
Driftsresultatet etter skatt gir ein eigenkapitalrentabilitet pr. 31.12.2014 på 8,42 %.
Netto renteinntekter er utrekna til 1,61 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital, ein reduksjon på 0,11 %-poeng frå 31.12.2013. Netto renteinntekter gikk ned med NOK 2,25 mill. samanlikna med 31.12.2013. Den svekka rentenettoen skuldast hovudsakleg sterk konkurranse og fallande rentenivå. Ei anna årsak er at banken hadde eingongskostnader i samband med førtidig innfriing av ein fondsobligasjon i 4. kvartal stor NOK 1,8 mill.
Pr. 31.12.2014 var andre ordinære driftsinntekter (andre driftsinntekter + netto provisjonsinntekter/gebyr banktenester) NOK 22,88 mill. mot NOK 17,18 mill. pr. 31.12.2013. Dette skuldast auka andre driftsinntekter og gebyr- og provisjonsinntekter mellom anna grunna auka inntekter frå Eika Boligkreditt AS. Utbyte og vinst/tap på handel med verdipapir og valuta aukar ordinære driftsinntekter med NOK 9,96 mill. pr. 31.12.2014. Til same tid i fjor ga dette eit positivt bidrag på NOK 6,91 mill.
Pr. 31.12.2014 var driftskostnadene NOK 57,18 mill. mot NOK 52,92 mill. til same tid i fjor. Kostnadsauken skuldast i hovudsak auka løn- og personalkostnader, og auka andre kostnader. Kostnadsprosenten pr. 31.12.2014 er 68,62 % mot 65,42 % pr. 31.12.2013.
Morbanken har pr. 31.12.2014 ført tap på utlån med NOK 4,33 mill. mot NOK 9,29 mill. til same tid i fjor. I løpet av 4. kvartal 2014, har morbanken auka individuelle nedskrivingar med NOK 0,47 mill. Gruppenedskrivingane i morbank er uendra i 4. kvartal 2014. Sum individuelle nedskrivingar i morbank utgjer 0,41 % og nedskriving av grupper utgjer 0,23 % av brutto utlån pr. 31.12.2014.
Pr. 31.12.2014 var konsernet si kapitaldekning 15,98 % mot 18,50 % pr. 31.12.2013. Utrekningsgrunnlaget har minka frå NOK 1.907,97 mill. pr. 31.12.2013 til NOK 1.791,42 mill. pr. 31.12.2014. Rein kjernekapitaldekning var 13,73 % pr. 31.12.2014 mot 11,28 % pr. 31.12.2013. Styret er nøgd med utviklinga av den reine kjernekapitalen. Morbanken har omstrukturert den ansvarlege kapitalen sin i 2. halvår 2014 slik at han er meir tilpassa CRDV IV. Morbanken løyste i 3. kvartal 2014 inn ein fondsobligasjon stor NOK 40 mill. som ikkje vart fornya. I tillegg tok morbanken regulatorisk call på den konvertible obligasjonen banken hadde på NOK 60 mill. i 4. kvartal 2014. Denne obligasjonen vart erstatta med eit ansvarleg lån stort NOK 50 mill. For morbank inneber dette noko mindre ansvarleg kapital og kjernekapital. Morbanken ligg likevel langt over kapitalkrava. Frå 2015 inneber det òg ei halvering av kostnadane for dei ansvarlege låna og fondsobligasjonane. Endringa påverkar ikkje den reine kjernekapitalen som har styrka seg med 2,45 %-poeng siste år.
Banken si kapitaldekning ligg over det regulatoriske kravet, og den reine kjernekapitalen har auka meir enn venta i 2014. Styret har i sin ICAAP vurdert ulike tiltak som til dømes eigenkapitalemisjonar for å nå målsetjinga for rein kjernekapital
Slik den reine kjernekapitalen har utvikla seg i 2014, der banken snart har nådd det langsiktige målet sitt om ein rein kjernekapital lik 14,00 %, ser ikkje styret det som naudsynt med ein eigenkapitalemisjon på kort sikt. Betra rein kjernekapital gjev rom for eit utbyte òg i 2014.
Driftsresultat pr. 31.12.2014 etter berekna skatt, vart NOK 22,55 mill. mot NOK 15,62 mill. pr. 31.12.2013. Eigenkapitalbeviskapitalen har ikkje auka i perioden. Difor er det heller ingen utvatningseffekt på resultatet pr. eigenkapitalbevis. Pr. 31.12.2014 utgjer avkastninga NOK 11,90 pr. eigenkapitalbevis etter skatt. I morbank pr. 31.12.2014 er avkastninga NOK 11,77 pr. eigenkapitalbevis etter skatt.
Eigenkapitalbevisa i Indre Sogn Sparebank er noterte på Oslo Børs. Kurs pr. 31.12.2014 var NOK 70,75 pr. eigenkapitalsbevis mot NOK 56,25 pr. 31.12.2013. Det vart i 2013 betalt ut NOK 3,25 pr. eigenkapitalbevis i utbyte.
I samsvar med utbytepolitikken i banken har styret for 2014 gjort framlegg om eit utbyte på NOK 3,25 for kvart eigenkapitalbevis. NOK 8,52 pr. eigenkapitalbevis blir tilført utbytereguleringsfondet.
Kursen på eigenkapitalbeviset pr. 31.12.2014 var NOK 70,75 ein auke på 25,70 % sidan 31.12.2013. Eigenkapitalindeksen1 gjekk opp med 15,93 % i same periode. Bokført verdi på eigenkapitalbeviset før utbyte er NOK 149,60.
I 2014 er utlåna i morbank reduserte med NOK 177,19 mill. eller 6,27 % til NOK 2.646,96 mill. Utlån til personkundar er redusert med NOK 119,30 mill. medan utlån til næringslivet er reduserte med NOK 57,89 mill. I tillegg yter banken NOK 930,81 mill. i lån til banken sine personkundar via Eika Boligkreditt AS. I 2014 er det ein auke i porteføljen på NOK 247,23 mill. Sett i samanheng med Eika Boligkreditt AS, hadde banken ein samla vekst dei siste 12 månadane på NOK 70,04 mill, eller 2,00 %.
I 2014 har innskota i morbank auka med NOK 266,90 mill. eller 12,44 % til NOK 2.413,02 mill. Innskot frå personkundar har i 2014 auka med NOK 79,50 mill. medan innskot frå næringslivskundar har auka med NOK 187,40 mill. Innskotsdekninga i morbank pr. 31.12.2014 er 91,16 %. Innskotsdekninga er den høgaste banken har hatt på 15 år.
Morbanken sin forvaltningskapital har i 2014 auka med NOK 71,57 mill. til NOK 3.538,93 mill. pr. 31.12.2014, ein auke på 2,06 %.
1 Alle noterte eigenkapitalbevis inngår i likviditetssegmentet OB Eigenkapitalbevis på Oslo Børs.
Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er 100 % eigd av banken. Selskapet fekk ein omsetning på NOK 3,90 mill i 2014 mot 2,29 mill i 2013, og eit underskot før skatt på NOK 0,20 mill. Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000. Aksjane er pr. 31.12.2014 nedskrivne til NOK 7.253,25 pr. stk.
Det vert gjort framlegg om å gi eit konsernbidrag på NOK 0,3 mill. til selskapet. Konsernnbidraget utjamnar skattebelastninga i selskapet ved at gjevar kan kreva skattmessige frådrag for bidraget, medan mottakar aukar dei skattepliktige inntektene sine.
Selskapet er ein del av banken si strategiske satsing på eigedomsmekling. Banken har bygd opp to meklarkontor, eit i Øvre Årdal og eit i Sogndal, integrert i banklokala under merkevara Aktiv Årdal og Aktiv Sogndal.
Netto provisjonar har vist ein fin auke i 4. kvartal 2014 og det same har netto vinst på finansielle instrument. Styret forventar framleis auke i desse inntektene.
Styret har god kontroll på banken sin kreditt- og likviditetsrisiko. Kapitaldekninga er god, men banken jobbar vidare med å tilpassa seg ein kapitalstruktur som tek omsyn til styresmaktene og marknaden sine krav til kapitaldekning, og forventningar om framtidig vekst. Siste året har morbanken auka mykje den reine kjernekapitalen sin. Morbanken ligg føre kapitalplanen på den reine kjernekapitalen, men i perioden fram til banken har nådd ein rein kjernekapital på 14,00 %, vil det påverka utdelingsgraden i høve utbytepolitikken sine målsetjingar.
Styret prioriterer arbeidet med å tilpassa banken til ein ny kvardag i høve kundebehov og konkurranse. I 2014 er kontora bygd om til rådgjevingskontor, ny teknologi er installert, og kontanthandteringa i banken er under avvikling. Denne omlegginga forventar styret vil gi auka effektivitet og auka inntekter i banken.
Det vert arbeidd kontinuerleg med kvalitet og kompetanseheving blant dei tilsette.
Årdalstangen den 05. februar 2015.
Styreleiar
Siri H. Lagmannsås (s.) Siv Enerstvedt (s.) Jorunn Irene A. Nilssen (s.)
Morten Kristiansen (s.) Per Åke Evjestad (s.) Egon M. Moen (s.)
Adm. Banksjef
Me erklærer etter beste overtyding at delårsrekneskapet for fjerde kvartal 2014 er utarbeidd i samsvar med gjeldande rekneskapsstandardar òg at opplysningane i rekneskapen gir eit rett bilete av banken sine eigedelar, gjeld, finansielle stilling og resultat som heilskap.
Me erklærer òg at delårsrapporten for fjerde kvartal 2014 gjev ei rett oversikt over utviklinga, resultat og stillinga til banken og ei vurdering av dei mest sentrale usikre forhold og risikofaktorar banken står overfor i 2015.
Årdalstangen den 05. februar 2015.
Styreleiar
Siri H. Lagmannsås (s.) Siv Enerstvedt (s.) Jorunn Irene A. Nilssen (s.)
Morten Kristiansen (s.) Per Åke Evjestad (s.) Egon M. Moen (s.)
Adm. Banksjef
| Delårsrekneskap 4. kvartal 2014 | i % av | ||||
|---|---|---|---|---|---|
| gj.sn. | |||||
| Konsern | forv.kap. | ||||
| RESULTAT (i 1.000 kr) | 4. kv.14 | 4. kv.13 | 31.12.2014 31.12.2013 31.12.2014 | ||
| Renteinntekter | 34.209 | 36.163 | 138.783 | 141.188 | 3,97 % |
| Rentekostnader | 20.612 | 20.586 | 82.388 | 82.539 | 2,36 % |
| Netto renteinntekter | 13.596 | 15.577 | 56.395 | 58.649 | 1,61 % |
| Utbyte | 0 | 0 | 4.055 | 5.073 | 0,12 % |
| Provisjonsinntekter m.v. Provisjonskostnader m.v. |
6.001 753 |
5.055 655 |
21.588 2.950 |
17.508 2.510 |
0,62 % 0,08 % |
| Netto vinst/tap på finansielle instrument | 97 | 29 | 5.900 | 1.833 | 0,17 % |
| Andre driftsinntekter | 875 | 719 | 4.244 | 2.180 | 0,12 % |
| Netto andre driftsinntekter | 6.220 | 5.148 | 32.837 | 24.084 | 0,94 % |
| Løn og personalkostnader | 7.480 | 6.650 | 27.424 | 25.180 | 0,78 % |
| Administrasjonskostnader | 2.978 | 3.459 | 10.223 | 10.278 | 0,29 % |
| Avskrivingar på driftsmidlar | 1.235 | 916 | 3.883 | 3.730 | 0,11 % |
| Andre driftskostnader | 4.331 | 3.934 | 15.649 | 13.735 | 0,45 % |
| Sum driftskostnader før tap på utlån | 16.024 | 14.959 | 57.179 | 52.923 | 1,64 % |
| Tap på utlån | 1.272 | 4.291 | 4.327 | 9.286 | 0,12 % |
| Driftsresultat før skatt | 2.520 | 1.474 | 27.726 | 20.524 | 0,79 % |
| Skattekostnad | 399 | 1.000 | 5.180 | 4.903 | 0,15 % |
| Resultat etter skatt | 2.121 | 474 | 22.546 | 15.621 | 0,65 % |
| Utvida resultat | |||||
| Postar som ikkje vil bli reversert i ordinært resultat | |||||
| Endring i estimatavvik pensjonsordning | -3.076 | -1.406 | -3.076 | -1.406 | -0,09 % |
| Postar som kan bli reversert i ordinært resultat | |||||
| Verdiendring på finansielle eigendeler tilgjengeleg for sal 13.649 | 10.051 | 7.811 | 11.537 | 0,22 % | |
| Utvida resultat etter skatt | 10.573 | 8.645 | 4.735 | 10.131 | 0,14 % |
| Totalresultat | 12.694 | 9.119 | 27.281 | 25.752 | 0,78 % |
| Basis og utvatna resultat per | |||||
| eigenkapitalbevis | 1,12 | 0,25 | 11,90 | 8,34 | |
| i % av | |||||
| gj.sn. | |||||
| BALANSE (i 1.000 kr) | Konsern | forv.kap. | |||
| Eigendelar | 31.12.2014 31.12.2013 31.12.2014 | ||||
| Kontantar og fordringar på sentralbankar | 444.602 | 138.506 | 12,56 % | ||
| Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar | 154.874 | 193.293 | 4,38 % | ||
| Utlån til og fordringar på kundar | 2.630.397 | 2.804.016 | 74,34 % | ||
| Verdipapir til verkeleg verdi over resultatet | 164.156 | 205.889 | 4,64 % | ||
| Verdipapir tilgjengeleg for sal | 100.004 | 86.474 | 2,83 % | ||
| Investering i dotterselskap | 0 | 0 | 0,00 % | ||
| Goodwill | 912 | 912 | 0,03 % | ||
| Utsett skattefordel | 1.345 | 879 | 0,04 % | ||
| Varige driftsmidlar | 33.609 | 34.244 | 0,95 % | ||
| Overtekne og andre eigendelar | 8.632 | 2.492 | 0,24 % | ||
| Sum eigendelar | 3.538.531 | 3.466.705 | |||
| Gjeld og eigenkapital | |||||
| Gjeld til kredittinstitusjonar | 2 | 10.132 | 0,00 % | ||
| Innskot frå kundar | 2.402.900 | 2.131.209 | 67,91 % | ||
| Gjeld ved utsteda verdipapir | 736.264 | 901.190 | 20,81 % | ||
| Anna gjeld | 23.467 | 27.847 | 0,66 % | ||
| Pensjonsforpliktingar | 5.320 | 2.684 | 0,15 % | ||
| Ansvarleg lånekapital | 90.533 | 138.371 | 2,56 % | ||
| Sum gjeld | 3.258.486 | 3.211.433 | |||
| Opptent eigenkapital | 193.062 | 190.835 | 5,46 % | ||
| Innskoten eigenkapital | 64.437 | 64.437 | 1,82 % | ||
| Udisponert overskot etter skatt | 22.546 | 0 | 0,64 % | ||
| Sum eigenkapital | 280.045 | 255.272 | |||
| Sum gjeld og eigenkapital | 3.538.531 | 3.466.705 | 100,00 % 92,09 % 7,91 % 100,00 % |
||
| Postar utanom balansen Garantiar |
81.154 | 103.331 |
| Morbank | forv.kap. | ||||
|---|---|---|---|---|---|
| RESULTAT (i 1.000 kr) | 4. kv.14 | 4. kv.13 | 31.12.2014 31.12.2013 31.12.2014 | ||
| Renteinntekter | 34.204 | 36.131 | 138.793 | 141.024 | 3,97 % |
| Rentekostnader | 20.613 | 20.546 | 82.388 | 82.364 | 2,36 % |
| Netto renteinntekter | 13.592 | 15.585 | 56.405 | 58.660 | 1,61 % |
| Utbyte | 0 | 0 | 4.055 | 5.073 | 0,12 % |
| Provisjonsinntekter m.v. | 6.002 | 5.055 | 21.591 | 17.508 | 0,62 % |
| Provisjonskostnader m.v. | 753 | 665 | 2.950 | 2.496 | 0,08 % |
| Netto vinst/tap på finansielle instrument | -346 | 29 | 5.457 | 1.833 | 0,16 % |
| Andre driftsinntekter | 59 | 273 | 340 | 809 | 0,01 % |
| Netto andre driftsinntekter | 4.962 | 4.691 | 28.493 | 22.727 | 0,82 % |
| Løn og personalkostnader | 6.704 | 6.332 | 25.461 | 24.358 | 0,73 % |
| Administrasjonskostnader | 2.354 | 3.127 | 9.198 | 9.857 | 0,26 % |
| Avskrivingar på driftsmidlar | 1.224 | 910 | 3.872 | 3.724 | 0,11 % |
| Andre driftskostnader | 4.476 | 3.800 | 14.492 | 13.196 | 0,41 % |
| Sum driftskostnader før tap på utlån | 14.758 | 14.168 | 53.023 | 51.134 | 1,52 % |
| Tap på utlån | 1.272 | 4.291 | 4.327 | 9.286 | 0,12 % |
| Driftsresultat før skatt | 2.524 | 1.817 | 27.548 | 20.967 | 0,79 % |
| Skattekostnad | 512 | 1.119 | 5.244 | 5.022 | 0,15 % |
| Resultat etter skatt | 2.012 | 699 | 22.304 | 15.945 | 0,64 % |
| Utvida resultat | |||||
| Postar som ikkje vil bli reversert i ordinært resultat | |||||
| Endring i estimatavvik pensjonsordning | -3.076 | -1.406 | -3.076 | -1.406 | -0,09 % |
| Postar som kan bli reversert i ordinært resultat | |||||
| Verdiendring på finansielle eigendeler tilgjengeleg for sal | 13.649 | 10.051 | 7.811 | 11.537 | 0,22 % |
| Utvida resultat etter skatt | 10.573 | 8.645 | 4.735 | 10.131 | 0,14 % |
| Totalresultat | 12.585 | 9.344 | 27.039 | 26.076 | 0,77 % |
| Basis og utvatna resultat per eigenkapitalbevis | 1,06 | 0,37 | 11,77 | 8,51 | 0,00 % i % av |
| gj.sn. | |||||
| BALANSE (i 1.000 kr) | Morbank | forv.kap. | |||
| Eigendelar | 31.12.2014 31.12.2013 31.12.2014 | ||||
| Kontantar og fordringar på sentralbankar | 444.602 | 138.505 | 12,56 % | ||
| Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar | 154.874 | 193.293 | 4,38 % | ||
| Utlån til og fordringar på kundar | 2.629.820 | 2.803.486 | 74,31 % | ||
| Verdipapir til verkeleg verdi over resultatet | 164.156 | 205.889 | 4,64 % | ||
| Verdipapir tilgjengeleg for sal | 99.964 | 86.434 | 2,82 % | ||
| Investering i dotterselskap | 2.078 | 2.301 | 0,06 % | ||
| Goodwill | 0 | 0 | 0,00 % | ||
| Utsett skattefordel Varige driftsmidlar |
1.246 33.563 |
762 34.244 |
0,04 % 0,95 % |
||
| Overtekne og andre eigendelar | 8.632 | 2.455 | 0,24 % | ||
| Sum eigendelar Gjeld og eigenkapital |
3.538.934 | 3.467.369 | |||
| Gjeld til kredittinstitusjonar | 2 | 10.132 | 0,00 % | ||
| Innskot frå kundar | 2.413.016 | 2.146.118 | 68,18 % | ||
| Gjeld ved utsteda verdipapir | 736.264 | 901.190 | 20,80 % | ||
| Anna gjeld | 13.671 | 13.277 | 0,39 % | ||
| Pensjonsforpliktingar Ansvarleg lånekapital |
5.320 90.533 |
2.684 138.371 |
0,15 % 2,56 % |
||
| Sum gjeld | 3.258.806 | 3.211.772 | |||
| Opptent eigenkapital | 193.387 | 191.160 | 5,46 % | ||
| Innskoten eigenkapital | 64.437 | 64.437 | 1,82 % | ||
| Udisponert overskot etter skatt | 22.304 | 0 | 0,63 % | ||
| Sum eigenkapital | 280.128 | 255.597 | |||
| Sum gjeld og eigenkapital | 3.538.934 | 3.467.369 | 100,00 % 92,08 % 7,92 % 100,00 % |
||
| Postar utanom balansen | |||||
| Garantiar | 81.154 | 103.331 |
| Innskoten | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| eigenkapital | Opptent eigenkapital | ||||||
| Eigen kapital bevis |
Overkurs fond |
Spare banken sitt fond |
Utjamnings fond |
Gåvefond | Fond for urealiserte gevinster |
Sum eigen kapital |
|
| Eigenkapital 01.05.2013 | 31.625 | 32.812 | 133.931 | 15.005 | 18.425 | 279 | 232.076 |
| Resultat etter skatt | 4.957 | 5.383 | 5.281 | 15.621 | |||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | -1.926 | -1.926 | |||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 520 | 520 | |||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 11.537 | 11.537 | |||||
| Totalresultat 31.12.2013 | 0 | 0 | 3.551 | 5.383 | 5.281 | 11.537 | 25.752 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2012 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -500 | -500 | |||||
| Eigenkapital 31.12.2013 | 31.625 | 32.812 | 137.482 | 18.332 | 23.206 | 11.816 | 255.272 |
| Resultat etter skatt | 22.546 | 22.546 | |||||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | -4.214 | -4.214 | |||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 1.138 | 1.138 | |||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 7.811 | 7.811 | |||||
| Totalresultat 31.12.2014 | 0 | 0 | 19.470 | 0 | 0 | 7.811 | 27.281 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2013 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -453 | -453 | |||||
| Eigenkapital 31.12.2014 | 31.625 | 32.812 | 156.952 | 16.276 | 22.753 | 19.627 | 280.045 |
| Innskoten | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| eigenkapital | Opptent eigenkapital | ||||||
| Eigen kapital |
Overkurs | Spare banken sitt |
Utjamnings | Fond for urealiserte |
Sum eigen | ||
| Eigenkapital 01.01.2013 | bevis 31.625 |
fond 32.812 |
fond 133.931 |
fond 15.005 |
Gåvefond 18.425 |
gevinster 279 |
kapital 232.076 |
| Resultat etter skatt | 5.280 | 5.383 | 5.281 | 15.945 | |||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | -1.926 | -1.926 | |||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 520 | 520 | |||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 11.537 | 11.537 | |||||
| Totalresultat 31.12.2013 | 0 | 0 | 3.874 | 5.383 | 5.281 | 11.537 | 26.076 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2012 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -500 | -500 | |||||
| Eigenkapital 31.12.2013 | 31.625 | 32.812 | 137.805 | 18.332 | 23.206 | 11.816 | 255.597 |
| Resultat etter skatt | 22.304 | 22.304 | |||||
| Utvida resultat | |||||||
| Endring i ikkje resultatførte estimatavvik pensjon | -4.214 | -4.214 | |||||
| Endring i utsatt skatt på ikkje resultatført estimatavvik pensjon | 1.138 | 1.138 | |||||
| Verdiendring tilgjengeleg for sal portefølje | 7.811 | 7.811 | |||||
| Totalresultat 31.12.2014 | 0 | 0 | 19.228 | 0 | 0 | 7.811 | 27.039 |
| Transaksjonar med eigarane | |||||||
| Utbetalt utbyte for 2013 | -2.056 | -2.056 | |||||
| Andre eigenkapitaltransaksjonar | |||||||
| Utbetalt frå gåvefond | -453 | -453 | |||||
| Eigenkapital 31.12.2014 | 31.625 | 32.812 | 157.034 | 16.276 | 22.753 | 19.627 | 280.128 |
| i 1.000 kr | ||||
|---|---|---|---|---|
| Morbank | Konsern | |||
| 4.kvartal | 4.kvartal | |||
| 2014 | 31/12-2013 | 2014 | 31/12-2013 | |
| Kontantstraumar frå operasjonelle aktivitetar | ||||
| Resultat før skattekostnad | 27.548 | 20.967 | 27.681 | 20.524 |
| Betalt skatt i perioden | -5.123 | -4.430 | -5.096 | -4.447 |
| Tap/gevinst ved sal av anleggsmidlar | -5.452 | -250 | -5.452 | -250 |
| Ordinære avskrivingar | 3.872 | 3.724 | 3.872 | 3.730 |
| Nedskrivning/reversering anleggsmidler | -7.256 | -7.256 | ||
| Forskjell mellom kostnadsført pensjon og inn/utbet i ordning. | 2.636 | -260 | 2.636 | -260 |
| Endring utlån (inn- og utbetalingar utlån/utnytta rammekreditt) | 173.666 | 23.942 | 174.087 | 23.942 |
| Endring gjeld til kredittinstitusjonar | -10.130 | -126.997 | -10.130 | -126.997 |
| Endring innskot frå kundar | 266.898 | 74.674 | 265.015 | 74.674 |
| Endringar verdipapir til verkeleg verdi over resultatet | 48 | 466 | 48 | 466 |
| Endring i andre tidsavgrensingspostar | -3.084 | -7.107 | -1.783 | -6.652 |
| Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar | 443.622 | -15.271 | 443.621 | -15.270 |
| Kontantstraum frå investeringsaktivitetar | ||||
| Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar | 250 | 0 | 250 | |
| Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar | -3.191 | -603 | -3.191 | -603 |
| Utbetalingar ved kjøp av aksjar i dotterselskap | -2.301 | 0 | -2.301 | |
| Innbetalingar ved sal av langsiktige verdipapir (investeringsportefølje) | 25.105 | 25.105 | ||
| Utbetalingar ved kjøp av langsiktige verdipapir (investeringsportefølje) | -10.066 | -10.066 | ||
| Innbetalingar ved sal av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak | 36.781 | 12.880 | 36.781 | 12.880 |
| Utbetalingar ved kjøp av langsiktige aksjar og andelar i andre føretak | -9.065 | -8.274 | -9.065 | -8.274 |
| Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar | 39.564 | 1.952 | 39.564 | 1.952 |
| Kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar | ||||
| Innbetalingar ved opptak av obligasjonsinnlån | 150.000 | 298.905 | 150.000 | 298.905 |
| Utbetalingar ved nedbetaling av obligasjonsinnlån | -363.000 | -133.000 | -363.000 | -133.000 |
| Utbetaling av utbyte | -2.056 | -2.056 | -2.056 | -2.056 |
| Utbetalingar til gåver | -453 | -500 | -453 | -500 |
| Netto kontantstraumar frå finansieringsaktivitetar | -215.509 | 163.349 | -215.509 | 163.349 |
| Netto kontantstraum for perioden | 267.678 | 150.030 | 267.677 | 150.031 |
| Kontantar og kontantekvivalentar ved byrjinga av perioden | 331.798 | 181.768 | 331.799 | 181.768 |
| Kontantar og kontantekvivalentar ved slutten av perioden | 599.476 | 331.798 | 599.476 | 331.799 |
| Denne er sett saman av: | ||||
| Kontantar og fordringar på sentralbankar | 444.602 | 138.505 | 444.602 | 138.506 |
| Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar | 154.874 | 193.293 | 154.874 | 193.293 |
Indre Sogn Sparebank er ein ekte lokalbank med kunden i sentrum. Banken er sjølvstendig og tilbyr banktenester, forsikring og verdipapirhandel. Banken tilbyr primært banktenestene sine til person- og næringslivskundar i Indre Sogn, men har òg avdeling i Bergen og har elles kundar ut over kommunegrensene. Indre Sogn Sparebank er notert på Oslo Børs med eigenkapitalbevis.
Rekneskapet gjeld for perioden 01.01.2014 til 31.12.2014. Alle tal er presentert i norske kroner og i heile tusen, med mindre anna er spesifisert i notane. Indre Sogn Sparebank innreknar dotterselskapet Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS i konsernreknskapet frå og med 01.05.2013 og har utarbeida konserntal for perioden frå oppkjøp til 31.12.2014.
Rekneskapet for fjerde kvartal 2014 vart vedteke av styret 05. februar 2015.
Rekneskapet til Indre Sogn Sparebank er utarbeida i samsvar med IAS 34 (IFRS) og fortolkingar frå IFRS fortolkingskomité (IFRIC), som er fastset av EU.
Dei same rekneskapsprinsippa og berekningane som vart nytta i årsrekneskapen for 2013, med tillegg av IFRS 3 for konsernrekneskap frå og med 31.12.2013, er nytta i delårsrekneskapen for fjerde kvartal 2014 med mindre anna kjem fram av notane nedanfor.
Når det gjeld ytingar til tilsette, pensjon, nytta Indre Sogn Sparebank tidleg bruk av revidert IAS 19 ved konvertering til IFRS i 2011. Endringar som følgje av IAS 19 har ikkje innverknad på rekneskapstala for 2013 eller tidlegare periodar.
For meir informasjon om rekneskapsprinsipp og informasjon om rekneskapsestimat, viser banken til årsrapporten for 2013 for Indre Sogn Sparebank.
Indre Sogn Sparebank har kjøpt opp og kontrollerer 100 % av Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS. Selskapet skal drive med eigedomsmekling i Indre Sogn. Selskapet har tre tilsette.
Selskapet vart overteke 01.05.2013 og er ein del av den strategiske satsinga til banken på eigedomsmekling.
Den verkelege verdien av føretaket ved kjøp var NOK 1,3 mill. som vart oppgjort med kontantar.
Den 10. desember 2013 utvida banken eigenkapitalen til dotterselskapet med 77 aksjar à NOK 13.000.
Innrekna goodwill i selskapet skuldast at selskapet har opparbeida seg høg marknadsandel og kompetanse på området. Indre Sogn Sparebank tilbyr eit breiare produktspekter som følgje av oppkjøpet og forventar at dette skal betre innteninga.
Goodwill vert vurdert for nedskriving ved kvart rapporteringstidspunkt. Goodwill NOK 912.000 referer seg til overtakinga av Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS den 01.05.2013. Banken si oppfatning er at denne verdien er intakt pr. 31.12.2014.
Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS er eit 100 % eigd dotterselskap og er eit reint eigedomsmeklingsføretak.
I konsernrekneskapet er bankinnskot eliminert med NOK 10,1 mill.
I konsernrekneskapet er netto tap på finansielle instrument elimert med kr. 442.500. Det er nedskriving av aksjar i Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS føreteke av morselskapet.
Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling AS har eit underskot etter skatt pr. 31.12.2014 på NOK 201.912. Sjå òg note 3.
Det har ikkje forekome hendingar etter utløp av perioden som medfører justeringar av, eller tilleggsopplysningar i rekneskapet eller i notar til rekneskapet.
| i 1.000 kr | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Morbank | Konsern | ||||||
| 31.12.2014 | 2013 +/- | 31.12.2013 31.12.2014 | 31.12.2013 | ||||
| Lønstakarar | 1.975.499 | -119.295 | 2.094.794 | 1.975.499 | 2.095.324 | ||
| Jordbruk, skogbruk, fiske | 41.524 | -1.492 | 43.016 | 41.524 | 43.016 | ||
| Industri | 39.128 | 5.321 | 33.807 | 39.128 | 33.807 | ||
| Bygg og anlegg | 87.400 | -1.402 | 88.802 | 87.400 | 88.802 | ||
| Handel, hotell, transport, tenester | 183.155 | -39.634 | 222.789 | 183.155 | 222.789 | ||
| Finansiering, eigedomsdrift | 276.597 | -9.510 | 286.107 | 277.174 | 286.107 | ||
| Offentleg forvaltning og andre | 43.654 | -11.178 | 54.832 | 43.654 | 54.832 | ||
| Sum utlån før nedskrivingar | 2.646.957 | -201.322 | 2.824.147 | 2.647.534 | 2.824.677 | ||
| Individuelle nedskrivingar | -10.937 | 3.424 | -14.361 | -10.937 | -14.361 | ||
| Gruppevise nedskrivingar | -6.200 | 100 | -6.300 | -6.200 | -6.300 | ||
| Sum utlån til og fordringar på kundar i balansen | 2.629.820 | -197.798 | 2.803.486 | 2.630.397 | 2.804.016 | ||
| Utlånportefølje hos Eika Boligkreditt AS | 930.809 | 247.233 | 683.576 | 930.809 | 683.576 | ||
| Totale utlån | 3.560.629 | 49.435 | 3.487.062 | 3.561.206 | 3.487.592 |
| Innskot frå kundar | Morbank | Konsern | ||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| 31.12.2014 | 2013 +/- | 31.12.2013 31.12.2014 | 31.12.2013 | |||
| Lønstakarar | 1.463.388 | 153.493 | 1.383.891 | 1.463.388 | 1.383.891 | |
| Jordbruk, skogbruk fiske, fiske | 53.935 | 7.189 | 54.742 | 53.935 | 54.742 | |
| Industri | 26.494 | 6.460 | 37.565 | 26.494 | 37.565 | |
| Bygg og anlegg | 62.301 | 598 | 56.992 | 62.301 | 56.992 | |
| Handel, hotell, transport, tenester | 56.302 | -1.969 | 51.107 | 56.302 | 36.198 | |
| Finansiering, eigedomsdrift | 603.870 | 144.711 | 333.331 | 593.755 | 333.331 | |
| Offentleg forvaltning og andre | 146.726 | 31.062 | 228.490 | 146.726 | 228.490 | |
| Sum innskot | 2.413.016 | 341.545 | 2.146.118 | 2.402.901 | 2.131.209 |
| a) Brutto- og netto mislighaldne engasjement | i 1.000 kr | |
|---|---|---|
| 31.12.2014 31.12.2013 | ||
| Engasjement som har vore misleghaldne i meir enn 90 dagar | ||
| Misleghald næringslivskundar | 7.626 | 17.955 |
| Misleghald personkundar | 17.072 | 11.859 |
| = Brutto misleghaldne engasjement |
24.698 | 29.814 |
| - Individuelle nedskrivingar |
3.627 | 5.544 |
| = Netto misleghaldne engasjement |
21.462 | 24.270 |
| b) Engasjement som er tapsutsette men ikkje mislighaldne | ||
| Brutto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement | 28.676 | 39.734 |
| - Individuelle nedskrivingar |
6.560 | 8.817 |
| = Netto tapsutsette ikkje misleghaldne engasjement |
22.116 | 30.917 |
| c) Kostnadsførte tap gjennom året | 31.12.2014 31.12.2013 | |
| Kostnadsførte konstaterte tap med tidligare individuelle nedskrivingar Kostnadsførte konstaterte tap utan tidligare |
7.379 | 9.210 |
| individuelle nedskrivingar | 946 | 398 |
| Inngått på tidligare kostaterte tap | 473 | 131 |
| Nye individuelle nedskrivningar | 4.351 | 7.596 |
| Auke i eksisterande individuelle nedskrivingar | 498 | 3.200 |
| Konstaterte tidligare individuelle nedskrivingar | 7.379 | 9.487 |
| - Reduserte individuelle nedskrivinger | 1.015 | 500 |
| = Netto resultateffekt individuelle nedskrivingar |
4.307 | 10.286 |
| +/- Periodens endring i gruppenedskrivning | -100 | -1.000 |
| = Kostnadsførte tap på utlån |
4.207 | 9.286 |
| = Tapskostnader på garantiar i inneverande år |
0 | 0 |
| Individuelle nedskrivingar på utlån og garantiar gjennom året + Individuelle nedskrivnigar på utlån per 01.01 |
14.361 | 13.552 |
| - Konstaterte tap gjennom året som er individuelt nedskrivne tidlegare år |
7.379 | 9.487 |
| + Netto auka individuelle nedskrivingar gjennom året |
498 | 3.200 |
| + Nye individuelle nedskrivingar gjennom året |
4.351 | 7.596 |
| - Tilbakeførte individuelle nedskrivingar på utlån gjennom året |
1.015 | 500 |
| = Individuelle nedskrivingar på utlån |
10.816 | 14.361 |
| Tapsavsetninger på garantiar | 0 | 0 |
| Gruppenedskrivingar på utlån m.v. gjennom året | 7.300 | |
| Gruppenedskrivingar til dekking av tap på utlån m.v. pr. 01.01 +/- Endring gruppenedskriving gjennom året |
6.300 -100 |
-1.000 |
| = Gruppenedskriving til dekking av tap på utlån d) Inntektsførde renter der det er føreteke nedskriving |
6.200 | 6.300 |
| Inntektsførde renter på utlån der det er føreteke nedskriving | 1.839 | 1.229 |
| i 1.000 kr. | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Morbank | Morbank | Morbank | Morbank | Morbank | ||||||
| Risikoklasse | Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving | Netto engasjement | % | |||||||
| Personmarknad | 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 | |||||||||
| Låg | 2.165.118 | 2.238.902 | 300 | 1.500 | 170 | 658 | 2.164.648 | 2.236.744 | 69,0 % | 67,4 % |
| Normal | 54.288 | 54.257 | 483 | 0 | 274 | 0 | 53.531 | 54.257 | 1,7 % | 1,6 % |
| Høg | 3.535 | 6.375 | 29 | 0 | 16 | 0 | 3.490 | 6.375 | 0,1 % | 0,2 % |
| Problemengasjement | 3.037 | 1.154 | 2.352 | 538 | 1.333 | 236 | -648 | 380 | 0,0 % | 0,0 % |
| Ikkje klassifiserte | 5.372 | 6.064 | 13 | 21 | 7 | 9 | 5.352 | 6.033 | 0,2 % | 0,2 % |
| Sum | 2.231.351 | 2.306.752 | 3.177 | 2.059 | 1.801 | 903 | 2.226.373 | 2.303.789 | 70,9 % | 69,5 % |
| 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
| Næringsliv | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Låg | 758.212 | 840.844 | 0 | 106 | 0 | 47 | 758.212 | 840.691 | 24,2 % | 25,3 % |
| Normal | 95.425 | 112.510 | 0 | 6.917 | 0 | 3.034 | 95.425 | 102.559 | 3,0 % | 3,1 % |
| Høg | 60.675 | 74.599 | 7.010 | 5.279 | 3.974 | 2.316 | 49.691 | 67.004 | 1,6 % | 2,0 % |
| Problemengasjement | 3.019 | 127 | 750 | 0 | 425 | 0 | 1.844 | 127 | 0,1 % | 0,0 % |
| Ikkjeklassifiserte | 7.115 | 2.219 | 0 | 0 | 0 | 0 | 7.115 | 2.219 | 0,2 % | 0,1 % |
| Sum | 924.447 | 1.030.298 | 7.760 | 12.302 | 4.399 | 5.397 | 912.288 | 1.012.600 | 29,1 % | 30,5 % |
| Risikoklasse | Brutto engasjement Individuell nedskriving Gruppenedskriving | Netto engasjement | % | |||||||
| TOTAL | 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 31.12.2014 | |||||||||
| Låg | 2.923.330 | 3.079.746 | 300 | 1.606 | 170 | 705 | 2.922.860 | 3.077.435 | 93,1 % | 92,8 % |
| Normal | 149.714 | 166.767 | 483 | 6.917 | 274 | 3.034 | 148.956 | 156.816 | 4,7 % | 4,7 % |
| Høg | 64.210 | 80.974 | 7.039 | 5.279 | 3.990 | 2.316 | 53.181 | 73.379 | 1,7 % | 2,2 % |
| Problemengasjement | 6.057 | 1.281 | 3.102 | 538 | 1.759 | 236 | 1.196 | 507 | 0,0 % | 0,0 % |
| Ikkjeklassifiserte | 12.487 | 8.283 | 13 | 21 | 7 | 9 | 12.467 | 8.252 | 0,4 % | 0,2 % |
| Sum | 3.155.798 | 3.337.050 | 10.937 | 14.361 | 6.200 | 6.300 | 3.138.661 | 3.316.389 | 100,0 % | 100,0 % |
Brutto engasjement inkluderar utlån til kundar før nedskriving, unytta kredittrammer, garantiar og unytta garantirammer.
| i 1.000 kr | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Bokført verdi | Rente | |||||
| Lånetype/ISIN | Låneopptak Siste forfall Pålydande 31.12.2014 | 31.12.2013 | vilkår | |||
| Sertifikat- og obligasjonslån | ||||||
| NO0010612419 | 06.06.2011 | 06.06.2014 | 100.000 | 100.172 3 mnd. NIBOR + 0,95 % | ||
| NO0010592058 | 19.11.2010 | 19.11.2014 | 150.000 | 150.361 3 mnd. NIBOR + 1,30 % | ||
| NO0010566847 | 19.03.2010 | 19.03.2015 | 165.000 | 150.094 | 164.922 3 mnd. NIBOR + 1,15 % | |
| NO0010664931 | 30.11.2012 | 30.11.2015 | 100.000 | 100.239 | 100.201 3 mnd. NIBOR + 1,15 % | |
| NO0010672967 | 07.03.2013 | 07.03.2016 | 110.000 | 110.199 | 110.317 3 mnd. NIBOR + 1,10 % | |
| NO0010700370 | 14.01.2014 | 14.10.2016 | 100.000 | 100.444 | 3 mnd. NIBOR + 0,83 % | |
| NO0010671274 | 06.02.2013 | 06.02.2017 | 100.000 | 100.250 | 100.197 3 mnd. NIBOR + 1,20 % | |
| NO0010649205 | 06.06.2012 | 06.06.2017 | 125.000 | 125.071 | 125.058 3 mnd. NIBOR + 2,25 % | |
| NO0010699176 | 13.12.2013 | 13.12.2018 | 50.000 | 49.967 | 49.962 3 mnd. NIBOR + 1,15 % | |
| Sum gjeld ved utsteda verdipapir | 736.264 | 901.190 | ||||
| Fondsobligasjonar | ||||||
| NO0010238264 | 29.09.2004 Evigvarande Calldato 29.09.2014 |
40.000 | 0 | 39.987 3 mnd. NIBOR + 2,15 % | ||
| NO0010606270 | 06.05.2011 Evigvarande | 60.000 | 58.188 3 mnd. NIBOR + 5,50 % | |||
| NO0010675747 | 30.04.2013 Evigvarande | 40.000 | 40.239 | 40.196 3 mnd. NIBOR + 4,90 % | ||
| Calldato 30.04.2018 | ||||||
| Ansvarleg lånekapital | ||||||
| NO0010720907 | 03.10.2014 | 30.10.2024 | 50.000 | 50.294 | 3 mnd. NIBOR + 1,70 % | |
| Calldato 22.08.2019 | ||||||
| Sum ansvarleg lånekapital | 90.533 | 138.371 |
1) Frå 29.09.2014 aukar rentetillegget (margin til referanserente) med 1 % til 3,15 %. Banken gjorde opp lånet 29.09.2014 til kurs 100 %.
2) Lånet har ein konverteringsrett for obligasjonseigarane, som kan velja å kovertere obligasjonar til eigenkapitalbevis til kurs 100 på kvart rentebetalingstidspunkt fram til og med 15.03.2016. Rentevilkåra til lånet er inklusive konverteringsretten er uvesentleg forskjellige frå alternative vilkår utan konverteringsrett. Banken har difor ikkje skilt ut ein eigenkapitalandel frå lånet. Lånet tel som kjernekapital. Lånet ble gjort opp 31.10.2014 med bakgrunn i endringer i offentlige reguleringer.
3) Lånet tel som kjernekapital også etter EU-forordningen for Basel III, og er godkjent av Finanstilsynet som kjernekapital. Banken kan frå 30.04.2018, og seinare kvartalsvis på rentereguleringsdatoar, innfri lånet heilt til kurs 100 %.
4) Lånet tel som tilleggskapital etter EU-forordningen for Basel III, og er godkjent av Finanstilsynet som tilleggskapital. Banken kan frå 22.08.2019, og seinare kvartalsvis på rentereguleringsdatoar, innfri lånet heilt til kurs 100 %.
Banken utarbeider rekneskap for segmenta privatmarknad (PM) og bedriftsmarknad (BM). Personkundar som blir følgde opp av næringsavdelinga inngår i bedriftsmarknaden. Etter vurderinga til banken, ligg det ikkje føre vesentlege forskjellar i risiko og avkastning på produkt og tenester som inngår i hovudmarknadane til banken. Banken opererer i eit geografisk avgrensa område, og rapportering på geografiske segment gir lite tilleggsinformasjon.
| i 1.000 kr | ||
|---|---|---|
| 31.12.2014 | ||
| RESULTAT | PM | BM |
| Renteinntekter | 93.164 | 33.849 |
| Rentekostnader | 49.681 | 10.669 |
| Netto renteinntekter | 43.483 | 23.180 |
| Utbyte | ||
| Provisjonsinntekter m.v. | 20.512 | 978 |
| Provisjonskostnader m.v. | 2.503 | 306 |
| Netto vinst/tap på finansielle instrument | 336 | |
| Andre driftsinntekter | 340 | |
| Netto andre driftsinntekter | 18.685 | 672 |
| Løn og personalkostnader | 20.420 | 2.009 |
| Administrasjonskostnader | 7.604 | 686 |
| Avskrivingar på driftsmidlar | 3.288 | 292 |
| Andre driftskostnader | 11.243 | 877 |
| Sum driftskostnader før tap på utlån | 42.555 | 3.864 |
| Tap på utlån | -3.517 | 7.844 |
| Driftsresultat før skatt | 23.130 | 12.145 |
| BALANSE | PM | BM |
| Eigendelar | ||
| Kontantar og fordringar på sentralbankar | 9.847 | |
| Utlån til og fordringar på kredittinstitusjonar | ||
| Utlån til og fordringar på kundar | 2.014.926 | 606.655 |
| Verdipapir til verkeleg verdi over resultatet | ||
| Verdipapir tilgjengeleg for sal | ||
| Investering i dotterselskap | ||
| Goodwill | ||
| Utsett skattefordel | ||
| Varige driftsmidlar | 25.338 | 2.540 |
| Overtekne og andre eigendelar | 2.031 | 269.612 |
| Sum eigendelar | 2.052.142 | 878.807 |
| Gjeld og eigenkapital | ||
| Gjeld til kredittinstitusjonar | ||
| Innskot frå kundar | 1.547.040 | 865.674 |
| Gjeld ved utsteda verdipapir | ||
| Anna gjeld | 481.972 | 38 |
| Pensjonsforpliktingar | ||
| Ansvarleg lånekapital | ||
| Sum gjeld | 2.029.012 | 865.712 |
| Opptent eigenkapital | 23.130 | 12.895 |
| Innskoten eigenkapital | ||
| Udisponert overskot etter skatt | ||
| Sum eigenkapital | 23.130 | 12.895 |
| Sum gjeld og eigenkapital | 2.052.142 | 878.607 |
| i 1.000 kr | ||||
|---|---|---|---|---|
| Morbank | Konsern | |||
| Kjernekapital: | 31.12.2014 | 31.12.2013 | 31.12.2014 | 31.12.2013 |
| Eigenkapitalbevis | 31.625 | 31.625 | 31.625 | 31.625 |
| Overkursfond | 32.812 | 32.812 | 32.812 | 32.812 |
| Sparebankens fond | 157.034 | 148.470 | 156.951 | 138.887 |
| Gåvefond | 22.753 | 17.925 | 22.753 | 23.206 |
| Utjamningsfond | 16.276 | 12.949 | 16.276 | 18.332 |
| Frådrag | -14.376 | -27.087 | -14.378 | -29.658 |
| Rein kjernekapital | 246.124 | 216.694 | 246.039 | 215.204 |
| Fondsobligasjonar | 39.660 | 137.711 | 39.660 | 137.711 |
| Frådrag | -28.221 | -28.225 | ||
| Kjernekapital | 257.563 | 354.405 | 257.474 | 352.915 |
| Tilleggskapital | 57.066 | 57.066 | ||
| Frådrag | -28.221 | -28.225 | ||
| NETTO ANSVARLEG KAPITAL | 286.408 | 354.405 | 286.315 | 352.915 |
| Eksponeringskategori: | ||||
| Statar | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Lokal regional styresmakt | 2.200 | 2.200 | 2.200 | 2.200 |
| Institusjonar | 8.217 | 123.816 | 8.217 | 123.816 |
| Føretak | 206.804 | 178.454 | 206.804 | 176.193 |
| Pantesikra eigedom | 1.154.165 | 1.228.462 | 1.154.165 | 1.228.462 |
| Forfalne engasjement | 20.567 | 28.013 | 20.567 | 28.013 |
| Høyrisiko | 13.482 | 13.482 | ||
| Obligasjonar med fortrinnsrett | 10.506 | 11.442 | 10.506 | 11.442 |
| Institusjonar og føretak med kortsiktig rating | 30.633 | 30.633 | ||
| Andelar verdipapirfond | 0 | 34.909 | 0 | 34.909 |
| Egenkapitalposisjonar | 104.682 | 105.807 | ||
| Andre engasjement | 166.464 | 203.331 | 165.594 | 203.898 |
| Kapitalkrav frå operasjonell risiko | 150.196 | 136.467 | 150.196 | 136.467 |
| Frådrag | -76.754 | -37.292 | -76.754 | -37.428 |
| SUM BEREKNINGSGRUNNLAG | 1.791.162 | 1.909.801 | 1.791.417 | 1.907.971 |
| Rein kjernekapitaldekning % | 13,74 % | 11,35 % | 13,73 % | 11,28 % |
| Kjernekapitaldekning % | 14,38 % | 18,56 % | 14,37 % | 18,50 % |
| Kapitaldekning % | 15,99 % | 18,56 % | 15,98 % | 18,50 % |
Banken sine eigenkapitalbevis er alle ført i 1 -ein- klasse og utgjer per 31.12.2014 NOK 31.625.000 delt på 632.500 eigenkapitalbevis pålydande NOK 50,-.
Eigarandelsbrøken for 2013 er utrekna med utgangspunkt i eigenkapitalfordeling pr. 31.12.2012, justert for utbetalingar gjennom 2013. Tilsvarande er eigarandelsbrøken for 2014 utrekna med utgangspunkt i fordeling pr. 31.12.2013 justert for utbetalingar gjennom 2014.
| i 1.000 kr | ||
|---|---|---|
| Eigarandelsbrøk, morbank | 2014 | 2013 |
| Eigenkapitalbevis | 31.625 | 31.625 |
| Overkursfond | 32.812 | 32.812 |
| Utjamningsfond | 14.220 | 16.276 |
| Sum eigarandelskapital (A) | 78.657 | 80.713 |
| Sparebankens fond | 157.034 | 137.805 |
| Gåvefond | 22.753 | 23.206 |
| Grunnfondskapital (B) | 179.787 | 161.012 |
| Fond for urealisert vinst | 19.627 | 11.816 |
| Avsett utbyte, gåver og konsernbidrag | 2.056 | 2.056 |
| Anna eigenkapital | 0 | 0 |
| Sum eigenkapital | 280.127 | 255.597 |
| Eigarandelsbrøk A / (A+B) | 33,39 % | 33,76 % |
| Utbyte | ||
| Avsett utbyte per eigenkapitalbevis (tal i heile kr.) | 3,25 | 3,25 |
| Samla utbyte | 2.056 | 2.056 |
Dei 20 største eigarane pr. 31.12.2014 utgjer 48,59 % av eigenkapitalbeviskapitalen.
| 31.12.2014 | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Namn | Tal bevis | % | Namn | Tal bevis | % |
| MP PENSJON PK | 50.383 | 7,97 % | HEYERN AS | 10.000 | 1,58 % |
| VERDIPAPIRFONDET EIK | 41.930 | 6,63 % | SECURUS AS | 10.000 | 1,58 % |
| DØSKELAND BØRGE | 32.980 | 5,21 % | THU LEIF MAGNE | 8.498 | 1,34 % |
| EUROVEST AS | 23.321 | 3,69 % | LUSTER SPAREBANK | 7.600 | 1,20 % |
| BEES HOLDING AS | 23.000 | 3,64 % | AURLAND SPAREBANK | 6.800 | 1,08 % |
| ROGNE HELGE | 20.663 | 3,27 % | VIK SPAREBANK | 6.650 | 1,05 % |
| EIKA GRUPPEN AS | 11.200 | 1,77 % | MOEN EGON MOGENS | 6.000 | 0,95 % |
| TH DAHL AS | 10.800 | 1,71 % | HARALD ESPEDAL AS | 5.966 | 0,94 % |
| MERRILL LYNCH PROF. MLPRO SEG FOR EXCLSV 10.769 | 1,70 % | WIKBORG TORD GEIR | 5.550 | 0,88 % | |
| ÅRDAL KOMMUNE | 10.000 | 1,58 % | HALVARD HANEVOLD AS | 5.200 | 0,82 % |
| SUM | 307.310 | 48,59 % |
| 31.12.2013 | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Namn | Tal bevis | % | Namn | Tal bevis | % | |
| MP PENSJON PK | 50.383 | 7,97 % | HEYERN AS | 10.000 | 1,37 % | |
| VERDIPAPIRFONDET EIK | 41.930 | 7,38 % | SECURUS AS | 10.000 | 1,30 % | |
| KØHLERGRUPPEN AS | 33.816 | 5,35 % | TH DAHL AS | 9.500 | 1,26 % | |
| ROGNE HELGE | 25.513 | 3,87 % | LUSTER SPAREBANK | 7.600 | 1,21 % | |
| BEES HOLDING AS | 23.000 | 3,64 % | AURLAND SPAREBANK | 6.800 | 1,20 % | |
| DØSKELAND BØRGE | 20.850 | 1,77 % | VIK SPAREBANK | 6.650 | 1,08 % | |
| EUROVEST AS GEIR KAASEN | 14.800 | 1,58 % | MOEN EGON MOGENS | 6.000 | 1,05 % | |
| WAHLSTRØM ERIK | 11.595 | 1,58 % | WIKBORG TORD GEIR | 5.550 | 0,95 % | |
| EIKA GRUPPEN AS | 11.200 | 1,49 % | THU LEIF MAGNE | 5.098 | 0,88 % | |
| ÅRDAL KOMMUNE | 10.000 | 1,30 % | HUNDERE ROY HELGE | 5.000 | 0,79 % | |
| SUM | 315.285 | 49,85 % |
Verdsetjingshierarki for verdipapir, til verkeleg verdi. Verkeleg verdi tilsvarar balanseført verdi.
| i 1.000 kr. | ||||
|---|---|---|---|---|
| 31.12.2014 | ||||
| NIVÅ 1 | NIVÅ 2 | NIVÅ 3 | ||
| Verdsettings- | Verdsettings | |||
| Kvoterte | teknikk | teknikk | ||
| prisar i | basert på | basert på ikkje | ||
| aktive | observerbare | observerbare | ||
| marknader | marknadsdata marknadsdata | Total | ||
| Verdipapir haldne for handelsføremål | 0 | |||
| Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi | 0 | 155.168 | 8.988 | 164.156 |
| Verdipapir tilgjengeleg for sal | 100.004 | 100.004 | ||
| Sum eigendelar | 0 | 155.168 | 108.992 | 264.160 |
| Avstemming av nivå 3 | ||||
| Inngåande balanse 01.01.2014 | 95.265 | |||
| Realisert gevinst resultatført | 4.911 | |||
| Urealisert gevinst og tap resultatført | 201 | |||
| Urealisert gevinst og tap i andre resultatkomponentar | 7.811 | |||
| Investering | 9.065 | |||
| Sal | -8.261 | |||
| Utgåande balanse 31.12.2014 | 108.992 |
| 31.12.2014 | ||||
|---|---|---|---|---|
| NIVÅ 1 | NIVÅ 2 | NIVÅ 3 | ||
| Kvoterte prisar i aktive marknader |
Verdsettings- teknikk basert på observerbare marknadsdata marknadsdata |
Verdsettings teknikk basert på ikkje observerbare |
Total | |
| Verdipapir haldne for handelsføremål | 0 | |||
| Verdipapir frivillig klassifisert til verkeleg verdi | 26.440 | 170.658 | 8.791 | 205.889 |
| Verdipapirer tilgjengeleg for sal | 86.474 | 86.474 | ||
| Sum eigendelar | 26.440 | 170.658 | 95.265 | 292.363 |
| Avstemming av nivå 3 | |
|---|---|
| Inngåande balanse 01.01.2013 | 90.695 |
| Urealisert gevinst og tap resultatført | -418 |
| Urealisert gevinst og tap i andre resultatkomponentar | 11.537 |
| Investering | 8.919 |
| Sal | -15.468 |
| Utgåande balanse 31.12.2013 | 95.265 |
Nivå 1 – Verdsetjing skjer i høve til kvoterte prisar i ein aktiv marknad for identiske eigendelar/forpliktingar. Eit finansielt instrument vert vurdert som kvotert i ein aktiv marknad dersom kursar er enkelt og regelmessig tilgjengeleg frå ein børs, forhandlar, meklar, næringsgruppering, prissettingsteneste eller reguleringsstyresmakt, og desse kursane representerer faktiske og regelmessig førekomande marknadstransaksjonar på ei armlengd avstand. I kategorien inngår mellom anna børsnoterte aksjar og likvide aksje- og pengemarknadsfond.
Nivå 2 – Verdsetjing skjer gjennom annan input enn kvoterte prisar på nivå 1 som er observerbare for eigendelen/forpliktinga, enten direkte eller indirekte (utleia prisar). I dei tilfelle der det ikkje finst tilgjengelege marknadsprisar i ein aktiv marknad, er instrumenta først og fremst forsøkt verdsett ved hjelp av verdsetjingsmetodar basert på observerbare input/og eller tilnærma likearta instrument/produkt. Prising av renteberande papir, mellom anna fastrenteutlån, vert basert på rentekurver henta i aktive marknader. Verkeleg verdi på finansielle instrument tilgjengeleg for sal, vert fastsett for obligasjonar av Swedbank.
Nivå 3 – Verdsetjing på input som ikkje er basert på observerbare marknadsdata. Dersom fastsetjing av verdi ikkje er tilgjengeleg i høve til nivå 1 og nivå 2, vert verdsetjingsmetodar som baserer seg på ikkje-observerbar informasjon nytta. For aksjar som ikkje vert handla i regulert marknad vert siste omsette kurs nytta, eller nylege emisjonskursar, et. bokført verdi av eigenkapital. Konsernet gjer føresetnader basert på marknadsforholda som eksisterer på kvar balansedag. Pr. 31.12.2014 har banken sett verdien på aksjane i Eika Gruppen til 90 % av verdsetjing føreteke av finansavdelinga i Eika Gruppen. Verdien er vurdert etter anerkjente metodar for verdivurdering, og er utført av Eika Gruppen AS sin bankanalytikar. Verdien er sett til NOK 118,70 pr. aksje.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.