Earnings Release • Feb 6, 2015
Earnings Release
Open in ViewerOpens in native device viewer
Delårsrapport 4. kvartal 2014
Styret har handsama banken sitt rekneskap for 4.
kvartal 2014 i styret 05.02.2015.
1. Samandrag:
Indre Sogn Sparebank fekk eit driftsresultat før
skatt på NOK 27,73 mill. pr. 31.12.2014, mot NOK
20,52 mill. pr. 31.12.2013. Avviket skuldast i
hovudsak høgare provisjonsinntekter, andre
driftsinntekter, lågare tap på utlån og vinst på
finansielle instrument, mellom anna grunna sal av
banken sine aksjar i NETS. Pr. 31.12.2014 hadde
banken NOK 2,25 mill. lågare rentenetto og NOK 4,96
mill. lågare tap på utlån enn pr. 31.12.2013.
Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før
skatt - kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr.
31.12.2014 var NOK 3,14 mill. betre enn pr.
31.12.2013.
Driftsresultatet etter skatt gir ein
eigenkapitalrentabilitet pr. 31.12.2014 på 8,42 %.
Kostnadsprosenten pr. 31.12.2014 er 68,62 %.
Det har ikkje funne stad utvatning av
eigenkapitalbevisa. Indre Sogn Sparebank har god
overskotslikviditet som sikrar nære forpliktingar.
Styret vurderer likviditeten i banken som god.
Resultat pr. eigenkapitalbevis i morbank er NOK
11,77. Styret tilrår eit utbyte på NOK 3,25 pr.
eigenkapitalbevis og NOK 8,52 pr. eigenkapitalbevis
til utjamningsfondet for rekneskapsåret 2014.
2. Hovudrapport:
Styret sin delårsrapport for 4. kvartal 2014.
3. Kontaktpersonar:
Ass. banksjef Karin Vikane tlf. 57648527/90183649
Adm. banksjef Egon M. Moen tlf. 57648523/90082415
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.