AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

Pre-Annual General Meeting Information Mar 29, 2016

3748_iss_2016-03-29_3c52c01c-cd52-47be-bedd-e45899cbc16d.pdf

Pre-Annual General Meeting Information

Open in Viewer

Opens in native device viewer

SAKSVEDLEGG GENERALFORSAMLINGA 30.03.2016

Sak 5.2016 Årsoppgjer for 2015

Delårsrapport 4. kvartal 2015 og førebels årsrekneskap 2015 presentert på Oslo Børs 12.02.2016.

Sak 5.2016 c) Stadfesting frå styret og dagleg leiar 2015

Stadfesting frå styret og dagleg leiar 2015

Me erklærer etter beste overtyding at årsrekneskapet 2015 er utarbeidd i samsvar med gjeldande rekneskapsstandardar òg at opplysningane i rekneskapet gir eit rett bilete av banken sine eigedelar, gjeld, finansielle stilling og resultat som heilskap.

Me erklærer òg at årsmeldinga gjev ei rett oversikt over utviklinga, resultat og stillinga til banken og ei vurdering av dei mest sentrale usikre forhold og risikofaktorar banken står overfor i 2016.

Årdalstangen den 08. mars 2016.

Siri H. Lagmannsås (s.) Siv Enerstvedt (s.) Jorunn Irene A. Nilssen (s.) Styreleiar

Morten Kristiansen (s.) Ingeborg Indrelid (s.) Egon M. Moen (s.)

Adm. Banksjef

Sak 5.2016 d) Revisjonsmelding 2015

Til forstandarskapet i Indre Sogn Sparebank

Melding frå revisor

Fråsegn om årsrekneskapen

Vi har revidert årsrekneskapen for Indre Sogn Sparebank, som er samansett av selskapsrekneskap og konsernrekneskap. Selskapsrekneskapen og konsernrekneskapen er samansett av balanse per 31. desember 2015, resultatrekneskap, endringar i eigenkapitalen og kontantstraum for rekneskapsåret avslutta per denne datoen, ei beskriving av vesentlege rekneskapsprinsipp som er nytta og andre noteopplysningar.

Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen

Styret og dagleg leiar er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at den gir eit rettvisande bilete i samsvar med International Financial Reporting Standards som fastsett av EU, og for slik intern kontroll som styret og dagleg leiar finn nødvendig for å gjere det mogleg å utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, korkje som følgje av misleg framferd eller feil.

Revisor sine oppgåver og plikter

Oppgåva vår er å gi uttrykk for ei meining om denne årsrekneskapen på grunnlag av vår revisjon. Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, medrekna International Standards on Auditing. Revisjonsstandardene krev at vi etterlever etiske krav og planlegg og gjennomfører revisjonen for å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon.

Ein revisjon inneber utføring av handlingar for å innhente revisjonsbevis for beløpa og opplysningane i årsrekneskapen. Dei valde handlingane avheng av revisor sitt skjønn, mellom anna vurderinga av risikoane for at årsrekneskapen inneheld vesentleg feilinformasjon, anten det skuldast misleg framferd eller feil. Ved ei slik risikovurdering tek revisor omsyn til den interne kontrollen som er relevant for selskapet si utarbeiding av ein årsrekneskap som gir eit rettvisande bilete. Føremålet er å utforme revisjonshandlingar som er formålstenlege etter tilhøva, men ikkje å gi uttrykk for ei meining om effektiviteten av selskapet sin interne kontroll. Ein revisjon omfattar også ei vurdering av om dei rekneskapsprinsippa som er nytta er formålstenlege, og om rekneskapsestimata som er utarbeidde av leiinga er rimelege, samt ei vurdering av den samla presentasjonen av årsrekneskapen.

Vi meiner at innhenta revisjonsbevis er tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Konklusjon

Vi meiner at årsrekneskapen er avgjeven i samsvar med lov og forskrifter og gir eit rettvisande bilete av den finansielle stillinga til Indre Sogn Sparebank per 31. desember 2015, og av resultata og kontantstraumar for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen i samsvar med International Financial Reporting Standards som fastsett av EU.

PricewaterhouseCoopers AS, Naustdalsvegen, 1B, NO-6800 Førde

T: 02316, org. no.: 987 009 713 MVA, www.pwc.no

Statsautoriserte revisorer, medlemmer av Den norske Revisorforening og autorisert regnskapsførerselskap

Melding frå revisor - 2015 - Indre Sogn Sparebank, side 2

Fråsegn om andre tilhøve

Konklusjon om årsmeldinga og om utgreiing om føretaksstyring og samfunnsansvar

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er skildra ovanfor, meiner vi at opplysningane i årsmeldinga og i utgreiingane om føretaksstyring og samfunnsansvar om årsrekneskapen, føresetnaden om at drifta skal halde fram og framlegget om bruk av overskotet er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrifter.

Konklusjon om registrering og dokumentasjon

Basert på vår revisjon av årsrekneskapen slik den er beskriven ovanfor og kontrollhandlingar vi har funne nødvendige etter internasjonal standard for attestasjonsoppdrag ISAE 3000 "Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon", meiner vi at leiinga har oppfylt si plikt til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av selskapet sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god
bokføringsskikk i Noreg.

Førde, 8. mars 2016 PricewaterhouseCoopers AS

Jan Flølo

Statsautorisert revisor

Sak 5.2016 e) Årsmelding frå kontrollkomiteen 2015

Årsmelding frå kontrollkomiteen i Indre Sogn Sparebank

Kontrollkomiteen har i alt hatt 6 møte. Referat med merknader frå møta er innførde i protokollen. Kopi av referata er sendt til leiar i forstandarskapet, styreleiar, revisor og adm. banksjef.

Kontrollkomiteen har ført tilsyn med at banken si verksemd er dreven i samsvar med lov og forskrift, banken sine vedtekter, forstandarskapet sine vedtak og andre vedtak og retningslinjer som banken har plikt å retta seg etter.

Komiteen har gått gjennom styret sine protokollar og elles føreteke dei kontrollar som er fastsett i lov om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner, lov om sparebanker og instruks for kontrollkomiteen.

Kontrollkomiteen har gått gjennom styret si årsmelding og resultatrekneskap og balanse med notar, utan at dette gjev grunn til merknader.

Kontrollkomiteen vil tilrå at resultatrekneskap og balanse vert fastsett som banken sitt rekneskap for 2015.

Årdalstangen, 9.03.2016

Gunnar O. Hæreid

vi Hatlevoll Nundal

Monne W1 hind
Mona Nytun
Unger Molland Boe

Sak 5.2016 f) Årsoppgjersdisposisjonar

STYRESAK 07.2016:

Styret tilrår generalforsamlinga å disponera årsresultatet 2015 som følgjer:

i 1.000 kr.
Driftsresultat før skatt 21.407
Skattekostnad 3.933
Resultat etter skatt = grunnlag for utbetaling av utbyte 17.474
Utvida resultat:
Pensjonskostnad -929
Finansielle eigendelar tilgjengeleg for sal 9.509
Totalresultat for rekneskapsåret 26.054
Disponeringar:
Utbyte på eigenkapitalbevis 2.530
Overført til sparebankens fond 11.711
Overført til utjamningsfondet 3.233
Overført til fond for urealiserte vinstar 9.509
Overført frå sparebankens fond 929
Overført frå utjamningsfondet 0
Overført til gåvefondet 0
Sum disponert 26.054

Denne disponeringa gir eit utbyte på NOK 4,00 pr. eigenkapitalbevis. På grunnlag av det tilrår styret generalforsamlinga å fastsetta utbyte for 2015 til NOK 4,00 for kvart eigenkapitalbevis.

Styret ber generalforsamlinga om fullmakt til å dela ut NOK 500.000 frå gåvefondet i 2016.

Sak 7.2016 Rapport frå Gåveinstituttet 2015

Vedlegg: Rapport frå Gåveinstituttet 2015

STYRESAK 20.2016:

Styret tek rapporten til orientering og legg han fram for generalforsamlinga 30.03.2016. Styret vedtek å tilrå generalforsamlinga å ta rapporten til orientering Eige vedlegg: Rapport Gåveinstituttet 2015

Sak 8.2016 Fullmakt kjøp av eigne eigenkapitalbevis

STYRESAK 08.2016:

Styret tilrår generalforsamlinga å gi styret følgjande fullmakt:

    1. Styret i Indre Sogn Sparebank får fullmakt til, på vegne av selskapet, å kjøpe eigne eigenkapitalbevis for samla pålydande inntil NOK 6.325.000 som tilsvarar 10 % av den noverande eigenkapitalbeviskapitalen.
    1. Høgaste sum som kan betalast per eigenkapitalbevis er NOK 100,-, minste NOK 50,-.
    1. Kjøp og sal av eigne eigenkapitalbevis kan skje slik styret finn det føremålsteneleg. Kjøp skal skje over børs.
    1. Fullmakta gjeld i 12 månadar rekna frå møte i generalforsamlinga den 30. mars 2016.
    1. Dersom eigne eignekapitalbevis blir selde, gjeld fullmakta òg kjøp av eigne eigenkapitalbevis til erstatning for dei selde, så lenge summen av eigne eigenkapitalbevis ikkje overstig 10 % grensa.

Sak 9.2016 Val i samsvar med lover og vedtekter Vedlagt føl utskrift protokoll valnemnd.

PROTOKOLL FRÅ MØTE I VALNEMNDA FOR GENERALFORSAMLINGA SITT VAL I INDRE SOGN SPAREBANK

Møte i valnemnda for generalforsamlinga i Indre Sogn Sparebank vart halde i banken på Årdalstangen fredag 29.01.2016 kl. 09.00.

Desse møtte:

Anne Inge Nedrehegg (Leiar) Ståle Øvstetun Malene Ålhus

Forfall: Niels H. Larsen

Sekretær: Karin Vikane

Desse sakene vart handsama:

Innstilling til valmøte kundeval 24. februar 2016, valmøte eigenkapitalbeviseigarar 24.02.2016, og generalforsamling 30.03.2016.

På val er:

1. TIL VALMØTE KUNDAR (KUNDEVAL) 24.02.2016 a) Varamedlemer kundevalde generalforsamling På val: 1. Martin Andersen (Årdal) for perioden 2016-2018

    1. Ragnar Sanden (Lærdal) for perioden 2016-2017
  • Framlegg: 1. Martin Andersen (Årdal) for perioden 2016-2018 2. Inger Bakken (Lærdal) for perioden 2016-2017

2. TIL VALMØTE EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE 24.02.2016

a) Medlem eigenkapitalbeviseigarvalde generalforsamling

På val: 1. Nytt medlem for perioden 2016-2018

Framlegg: Håkon Seim Lysne for perioden 2016-2018

b) Suppleringsval varamedlem eigenkapitalbeviseigarvalde generalforsamling

På val: 1. Håkon Seim Lysne 2016

Framlegg: Grzegorz Stefanski for perioden 2016

3. STYRET

a) Styremedlemer

På val: Siv Enerstvedt Jorunn Irene A. Nilsen Morten Kristiansen

3 styremedlemer er på val, der:

2 skal ha valperiode 2016-2017 og 1 skal ha valperiode 2016

Framlegg: Siv Enerstvedt for perioden 2016 Jorunn Irene A. Nilsen for perioden 2016-2017 Morten Kristiansen for perioden 2016-2017

b) Varamedlemer til styret

På val: Sonja-Mari H. Atterås (tek ikkje attval) Per Stadheim Richard Lysne Anita Karlsen Bentås Anette Huun Jevnaker (tilsetterepresentant)

Etter nye vedtekter skal banken ha 2 varamedlemer til styret i tillegg til vararepresentant for dei tilsette, der: 1 skal ha valperiode 2016-2017 og 1 skal ha valperiode 2016.

Framlegg: 1. Richard Lysne for perioden 2016-2017 2. Helge Rogne for perioden 2016 Anette Huun Jevnaker (tilsetterepresentant)

c) Styreleiar 2016-2017

På val: Siri H. Lagmannsås

Framlegg: Siri H. Lagmannsås for perioden 2016-2017

4. GENERALFORSAMLINGA

a) Leiar for generalforsamlinga 2016

På val: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald)

Framlegg: Anne Inge Nedrehegg for perioden 2016

b) Nestleiar for generalforsamlinga 2016-2017

På val: Anne Kauppi (Kommunevald)

Framlegg: Anne Kauppi for perioden 2016-2017

5. VALNEMND

a) Medlemer i valnemnda 2016-2017

  • På val: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald) Niels H. Larsen (Innskytarvald)
  • Framlegg: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald) for perioden 2016-2017 Niels H. Larsen (Kundevald) for perioden 2016-2017

b) Varamedlemer i valnemnda 2016-2017 (1 medlem)

På val: Stine Dokken Andersen (Innskytarvald)
Svein Arve Myrland (Tilsettevald)

Etter nye vedtekter skal banken ha 2 varamedlemer til valnemnda, der: 1 skal ha valperiode 2016-2017 ho/han skal veljast i 2016 og 1 skal ha valperiode 2017-2018 ho/han skal veljast i 2017

Framlegg: Stine Dokken Andersen (Kundevald) for perioden 2016-2017

Møtet slutt kl. 11.30.

Årdalstangen 29. januar 2016.

Anne Inge Nedrehegg Ståle Øvstetun Malene Ålhus -Leiar-

TILLITSVALDE I INDRE SOGN SPAREBANK

Gjeld frå 27.02.2015

Generalforsamling (forstandarskap til 08.12.2015) Råd og utval

KOMMUNEVALDE STYRET
MEDLEMER VARAMEDLEMER MEDLEMER
John N Melheim 12/15 Å Aleksander Øren Heen 12/15 Å Siri Lagmannsås 15/16 L
Anne Kauppi 12/15 Å Inger Bakken 12/15 L Siv Enerstvedt 14/15 Å
Anne Inge Nedrehegg 12/15 L Jorunn Irene A. Nilssen
Morten Kristiansen
14/15
14/15
Å
Å
INNSKYTARVALDE Ingeborg Indrelid 15/16 T
MEDLEMER VARAMEDLEMER
Niels H. Larsen 13/16 Å Martin Andersen 15 Å
Stine Dokken Andersen 15/18 Å Ragnar Sanden 15 L VARAMEDLEMER
Bente Kristin Øien Hauge 14/17 L Sonja-Mari H. Atterås
Per Stadheim
15
15
EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE Richard Lysne 15
MEDLEMER VARAMEDLEMER Anita Karlsen Bentås 15
Jarle M. Teigen 14/17 Håkon Seim Lysne 13/16 Anette Huun Jevnaker 15 T
Odd A. Vee 12/15 Tor Magne Gjerde 14/17
Ståle Øvstetun 15/16 KONTROLLKOMITÈ
MEDLEMER
VALDE MELLOM DEI TILSETTE Gunnar Hæreid 14/15
MEDLEMER VARAMEDLEMER Mona Nytun 14/15
Svein Arve Myrland 14/17 Ingeborg Heggdal 14/15 Sølvi Hatlevoll Nundal 14/15
Malene Ålhus 14/17 Hilmar Bruheim 14/15 Inger Molland Bø 14/15
Reidun Vikøren 12/15
VARAMEDLEMER
Wenche Clausen 14/15
Valkomitèar Knut Rune Bøe 14/15
VALNEMND (VALKOMITÈ TIL 08.12.2015) Sigfrid Eide 14/15
MEDLEMER VARAMEDLEMER Finn Gram 14/15
Niels H. Larsen SP15 I
Anne Inge Nedrehegg 14/15 K Stine Dokken Andersen SP15 I
Ståle Øvstetun 15/16 E K Håkon Seim Lysne 15/16 E
K
Malene Ålhus 15/16 T Svein Arve Myrland SP15 T
VALKOMITÈ EK-BEVIS EIGARAR 01.01 - 08.12.2015
MEDLEMER VARAMEDLEMER
Sissel Buhaug 14/15 Ole Magne Hestetun 15/16
Tor Magne Gjerde 14/15
Ståle Øvstetun 15/16

Leiarverv Forkortingar

Leiar i generalforsamlinga: Anne Inge Nedrehegg 15 K = kommunevald
Nestleiar i generalforsamlinga: Anne Kauppi 15 I
= innskytarvald
Leiar i kontrollkomiteen: Gunnar Hæreid 14/15 EK = representant eigenkapitalbeviseigar
Styreleiar: Siri Lagmannsås 14/15 T = representant tilsette
Nestleiar i styret: Siv Enerstvedt 15/16 SP = suppleringsval
Leiar i valnemnda: Anne Inge Nedrehegg 15/16 Å = Årdal
Leiar i valkomiteèn EK-bevis eigarar til 08.12.15: Ståle Øvstetun 15/16 L = Lærdal

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.