AGM Information • Mar 31, 2016
AGM Information
Open in ViewerOpens in native device viewer
Indre Sogn Sparebank vedtak i generalforsamlinga
Generalforsamlinga har i sitt møte 30. mars 2016 fatta
følgjande vedtak:
ÅRSOPPGJER 2015
Styret tilrår generalforsamlinga å disponera
årsresultatet 2015 som følgjer:
Disponeringar:
Utbyte på eigenkapitalbevis 2.530
Overført til sparebankens fond 11.711
Overført til utjamningsfondet 3.233
Overført til fond for urealiserte vinstar 9.509
Overført frå sparebankens fond 929
Sum disponert 26.054
Denne disponeringa gir eit utbyte på NOK 4,00 pr.
eigenkapitalbevis. På grunnlag av det tilrår styret
generalforsamlinga å fastsetta utbyte for 2015 til NOK
4,00 for kvart eigenkapitalbevis.
Styret ber generalforsamlinga om fullmakt til å dela
ut NOK 500.000 frå gåvefondet i 2016.
Generalforsamlinga fatta følgjande samrøystes vedtak:
Generalforsamlinga handsama styret sitt framlegg til
årsrekneskap med notar, styret si årsmelding for 2015
- morbank og konsern med hovudprinsipp for godtgjersle
til leiande tilsette, og utgreiing om eigarstyring og
selskapsleiing. Kontrollkomiteen si årsmelding og
revisor si melding vart gjennomgått.
Generalforsamlinga gir styret fullmakt til å dela ut
NOK 500.000 frå gåvefondet i 2016. Generalforsamlinga
fastset morbanken og konsernet sitt resultatrekneskap
og balanse for 2015 i samsvar med innstilling.
Framlegg til disponering av årsresultatet for 2015
vert vedteke i samsvar med styret si tilråding.
GODTGJERSLE TIL REVISOR
Generalforsamlinga fatta følgjande samrøystes vedtak:
Honorar vert godkjent etter framlagd rekning.
FULLMAKT KJØP AV EIGNE EIGENKAPITALBEVIS
Generalforsamlinga fatta følgjande samrøystes vedtak:
1. Styret i Indre Sogn Sparebank får fullmakt til, på
vegne av selskapet, å kjøpe eigne eigenkapitalbevis
for samla pålydande inntil NOK 6.325.000 som tilsvarar
10 % av den noverande eigenkapitalbeviskapitalen.
2. Høgaste sum som kan betalast per eigenkapitalbevis
er NOK 100,-, minste NOK 50,-.
3. Kjøp og sal av eigne eigenkapitalbevis kan skje
slik styret finn det føremålsteneleg. Kjøp skal skje
over børs.
4. Fullmakta gjeld i 12 månadar rekna frå møte i
generalforsamlinga den 30. mars 2016.
5. Dersom eigne eignekapitalbevis blir selde, gjeld
fullmakta òg kjøp av eigne eigenkapitalbevis til
erstatning for dei selde, så lenge summen av eigne
eigenkapitalbevis ikkje overstig 10 % grensa.
VAL I SAMSVAR MED LOVER OG VEDTEKTER
I. STYRET
a)Styremedlemer
På val:
Siv Enerstvedt
Jorunn Irene A. Nilsen
Morten Kristiansen
Framlegg:
Siv Enerstvedt for perioden 2016
Jorunn Irene A. Nilsen for perioden 2016-2017
Morten Kristiansen for perioden 2016-2017
Samrøystes vald:
Siv Enerstvedt for perioden 2016
Jorunn Irene A. Nilsen for perioden 2016-2017
Morten Kristiansen for perioden 2016-2017
b) Varamedlemer til styret
På val:
Sonja-Mari H. Atterås (tek ikkje attval)
Per Stadheim
Richard Lysne
Anita Karlsen Bentås
Anette Huun Jevnaker (tilsetterepresentant)
Framlegg:
1. Richard Lysne for perioden 2016-2017
2. Helge Rogne for perioden 2016
Anette Huun Jevnaker (tilsetterepresentant)
Framlegg framsett i møte: 2. Wenche Clausen
Det vart kravd skriftleg avrøysting.
Generalforsamlinga fatta følgjande vedtak:
Helge Rogne fekk 3 røyster og Wenche Clausen fekk 7
røyster.
Vald samrøystes vart: 1. Richard Lysne for perioden
2016-2017
Vald med 7 røyster: 2. Wenche Clausen for perioden
2016
Vald samrøystes vart: Anette Huun Jevnaker
(tilsetterepresentant)
c) Styreleiar 2016-2017
På val:
Siri H. Lagmannsås
Framlegg:
Siri H. Lagmannsås for perioden 2016-2017
Samrøystes vald:
Siri H. Lagmannsås for perioden 2016-2017
II. GENERALFORSAMLINGA
a) Leiar for generalforsamlinga 2016
På val:
Anne Inge Nedrehegg, (Kommunevald)
Framlegg:
Anne Inge Nedrehegg for perioden 2016
Samrøystes vald:
Anne Inge Nedrehegg for perioden 2016
b)Nestleiar for generalforsamlinga 2016-2017
På val:
Anne Kauppi,(Kommunevald)
Framlegg:
Anne Kauppi for perioden 2016-2017
Samrøystes vald:
Anne Kauppi for perioden 2016-2017
III. VALNEMND
a) Medlemer i valnemnda 2016-2017
På val:
Anne Inge Nedrehegg, (Kommunevald)
Niels H. Larsen, (Innskytarvald)
Framlegg:
Anne Inge Nedrehegg, (Kommunevald) for perioden 2016-
2017
Niels H. Larsen, (Kundevald) for perioden 2016-2017
Samrøystes vald:
Anne Inge Nedrehegg, (Kommunevald) for perioden 2016-
2017
Niels H. Larsen, (Kundevald) for perioden 2016-2017
b)Varamedlemer i valnemnda 2016-2017 (1 medlem)
På val:
Stine Dokken Andersen, (Innskytarvald)
Svein Arve Myrland, (Tilsettevald)
Framlegg:
Stine Dokken Andersen, (Kundevald) for perioden 2016-
2017
Samrøystes vald:
Stine Dokken Andersen, (Kundevald) for perioden 2016-
2017
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.