Earnings Release • Aug 12, 2016
Earnings Release
Open in ViewerOpens in native device viewer
Delårsrapport 2. kvartal 2016
Styret har handsama banken sitt rekneskap for 2.
kvartal 2016 i styret 11.08.2016.
1. Samandrag:
Indre Sogn Sparebank (ISSB) fekk eit driftsresultat
før skatt på NOK 9,80 mill. pr. 30.06.2016, mot NOK
16,11 mill. pr. 30.06.2015. Betre rentenetto og auka
utbyte gir positive bidrag til resultatet medan auke i
driftskostnader gir eit negativt bidrag til
resultatet. Etter nye reglar i IFRS har banken i 1.
kvartal i år kostnadsført heile avgifta til Bankenes
Sikringsfond med totalt NOK 1,97 mill. Avgifta til
Bankenes Sikringsfond vart i tidlegare år periodisert
utover året. Denne endringa fører til ein kostnadsauke
i resultatrekneskapet pr. 30.06.2016 på NOK 1,17 mill.
I tillegg mottek banken mindre provisjonsinntekter frå
Eika Boligkreditt AS i samband med formidling av lån i
bustadkredittselskapet, det utgjer NOK 1,30 mill.
Vidare skuldast avviket mindre avkastning på
finansielle instrument som pr. 30.06.2016 utgjer NOK
2,22 mill. samanlikna med 30.06.2015.
Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før
skatt - kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr.
30.06.2016 korrigert for avgifta til Bankenes
Sikringsfond var NOK 12,40 mill., mot NOK 15,33 mill.
pr. 30.06.2015.
Driftsresultatet etter skatt gir ein
eigenkapitalrentabilitet pr. 30.06.2016 på 6,24 %.
Totalresultatet pr. 30.06.2016 var NOK 5,89 mill. mot
NOK 14,73 mill. pr. 30.06.2015.
Kostnadsprosenten pr. 30.06.2016 er 76,11 % mot 63,09
% pr. 30.06.2015.
Det har ikkje funne stad utvatning av
eigenkapitalbevisa. Indre Sogn Sparebank har god
overskotslikviditet som sikrar nære forpliktingar.
Styret vurderer likviditeten i banken som god.
2. Hovudrapport:
Styret sin delårsrapport for 2. kvartal 2016.
3. Kontaktpersonar:
Ass. banksjef Karin Vikane tlf. 57648527/90183649
Adm. banksjef Egon M. Moen tlf. 57648523/90082415
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.