Earnings Release • Oct 28, 2016
Earnings Release
Open in ViewerOpens in native device viewer
Delårsrapport 3. kvartal 2016
Styret har handsama banken sitt rekneskap for
3. kvartal 2016 i styret 27.10.2016.
1. Samandrag:
Indre Sogn Sparebank (ISSB) fekk eit driftsresultat
før skatt på MNOK 17,29 pr. 30.09.2016, mot MNOK 18,61
pr. 30.09.2015. Betre rentenetto og auka utbyte gir
positive bidrag til resultatet medan auke i personal-
og driftskostnader gir eit negativt bidrag til
resultatet. Etter nye reglar i IFRS har banken i 1.
kvartal i år kostnadsført heile avgifta til Bankenes
Sikringsfond med totalt MNOK 1,97. Avgifta til
Bankenes Sikringsfond vart i tidlegare år periodisert
utover året. Denne endringa fører til ein kostnadsauke
i resultatrekneskapet pr. 30.09.2016. I tillegg mottek
banken mindre provisjonsinntekter frå Eika
Boligkreditt AS i samband med formidling av lån i
bustadkredittselskapet, dette utgjer MNOK 2,19.
Resultat av ordinær bankdrift (driftsresultat før
skatt - kursvinst/tap på verdipapir og valuta) pr.
30.09.2016 var MNOK 17,52, mot MNOK 19,43 pr.
30.09.2015. Driftsresultatet etter skatt gir ein
eigenkapitalrentabilitet pr. 30.09.2016 på 6,68 %.
Styret sitt avkastningsmål er 8,50 % pr. 30.09.2016.
Driftsresultatet etter skatt gir ein
eigenkapitalrentabilitet pr. 30.09.2016 på 6,68 %.
Totalresultatet pr. 30.09.2016 var MNOK 11,86 mot MNOK
16,52 pr. 30.09.2015.
Kostnadsprosenten pr. 30.09.2016 er 74,56 % mot 67,13
% pr. 30.09.2015.
Det har ikkje funne stad utvatning av
eigenkapitalbevisa. Indre Sogn Sparebank har god
overskotslikviditet som sikrar nære forpliktingar.
Styret vurderer likviditeten i banken som god.
2. Hovudrapport:
Styret sin delårsrapport for 3. kvartal 2016.
3. Kontaktpersonar:
Ass. banksjef Karin Vikane tlf. 57648527/90183649
Adm. banksjef Egon M. Moen tlf. 57648523/90082415
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.