AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

Pre-Annual General Meeting Information Mar 9, 2017

3748_rns_2017-03-09_9dd4d3b8-bcf7-41f0-a1a6-49ee6598e556.pdf

Pre-Annual General Meeting Information

Open in Viewer

Opens in native device viewer

SAKSVEDLEGG TIL MØTE I GENERALFORSAMLINGA I INDRE SOGN SPAREBANK 30.03.2017

Sak 5.2017 Årsoppgjer for 2016

Delårsrapport 4. kvartal 2016 og førebels årsrekneskap 2016 presentert på Oslo Børs 14.02.2017.

Sak 5.2017 c) Stadfesting frå styret og dagleg leiar 2016

Stadfesting frå styret og dagleg leiar 2016

Me erklærer etter beste overtyding at årsrekneskapet 2016 er utarbeida i samsvar med gjeldande rekneskapsstandardar òg at opplysningane i rekneskapet gir eit rett bilete av banken sine eigedelar, gjeld, finansielle stilling og resultat som heilskap.

Me erklærer òg at årsmeldinga gjev ei rett oversikt over utviklinga, resultat og stillinga til banken og ei vurdering av dei mest sentrale usikre forhold og risikofaktorar banken står overfor i 2016.

Årdalstangen den 7. mars 2017.

6885 Årdalstangen

Besøks- og postadresse: E-post: Organisasjonsnummer: Statsråd Evensensveg 8 [email protected] 837 897 912

Telefon: Telefaks

57 64 85 10 www.issb.no 57 64 85 81

Sak 5.2017 d) Revisjonsmelding 2016

Sjå eige vedlegg; Revisjonsmelding 2016.

Sak 5.2017 f) Årsoppgjersdisposisjonar, herunder kontantutbyte kr. 3,00 pr. eigenkapitalbevis.

Styresak 07.2017: Styret tilrår generalforsamlinga å disponera årsresultatet 2016 som følgjer:

FORDELING OVERSKOT 2016
I NOK 1.000
Driftsresultat før skatt 19.536
Skattekostnad -2.657
Resultat etter skatt = grunnlag for utbetaling av utbyte 16.879
Utvida resultat:
Pensjonskostnad 64
Finansielle eigendeler tilgjengeleg for sal 1.823
Totalresultat for rekneskapsåret 18.766
Disponeringar:
Utbyte på eigenkapitalbevis 1.898
Overført til sparebankens fond 10.410
Overført til utjamningsfondet 3.635
Overført til fond for urealiserte gevinstar 1.823
Overført frå sparebankens fond 0
Overført frå utjamningsfondet 0
Overført til gåvefondet 1.000
Sum disponert 18.766

Denne disponeringa gir eit utbyte på NOK 3,00 pr. eigenkapitalbevis. På grunnlag av det tilrår styret generalforsamlinga å fastsetta utbyte for 2016 til NOK 3,00 for kvart eigenkapitalbevis.

Styret ber generalforsamlinga om fullmakt til å dela ut NOK 500.000 frå gåvefondet i 2017.

Sak 7.2017 Rapport frå Gåveinstituttet 2016

Styresak 28.2017: Sjå eige vedlegg; Rapport Gåveinstituttet 2016.

Styret tek rapporten til orientering og legg han fram for generalforsamlinga 30.03.2017. Styret vedtek å tilrå generalforsamlinga å ta rapporten til orientering.

Sak 8.2017 Fullmakt kjøp av eigne eigenkapitalbevis

Styresak 08.2017:

Styret tilrår generalforsamlinga å gi styret fornya fullmakt til kjøp av eigne eigenkapitalbevis:

    1. Styret i Indre Sogn Sparebank får fullmakt til, på vegne av selskapet, å kjøpe eigne eigenkapitalbevis for samla pålydande inntil NOK 6.325.000 som tilsvarar 10 % av den noverande eigenkapitalbeviskapitalen.
    1. Høgaste sum som kan betalast per eigenkapitalbevis er NOK 100,-, minste NOK 50,-.
    1. Kjøp og sal av eigne eigenkapitalbevis kan skje slik styret finn det føremålsteneleg. Kjøp skal skje over børs.
    1. Fullmakta gjeld i 12 månadar rekna frå møte i generalforsamlinga den 30. mars 2017.
    1. Dersom eigne eignekapitalbevis blir selde, gjeld fullmakta òg kjøp av eigne eigenkapitalbevis til erstatning for dei selde, så lenge summen av eigne eigenkapitalbevis ikkje overstig 10 % grensa.

Sak 9.2017 Endring av vedtekter § 3-7

Styresak 9.2017:

Då vedtektene til Indre Sogn Sparebank vart endra var det på grunnlag av:

Ny finansføretakslov

Føreskrift for eigenkapitalbevis i sparebankar (tilpassa gammal lov om sparebankar)

Førerskrifta for eigenkapitalbevis i sparebankar er oppheva 16.09.2016 og erstatta med ny føreskrift for finansføretak tilpassa den nye finansføretakslova. Dette medfører behov for endring av vedtektene § 3-7 i Indre Sogn Sparebank.

Styret tilrår generalforsamlinga å endra § 3-7 Eigenkapitalbeviseigarane sin representasjon i generalforsamlinga til følgjande ordlyd (gult markerer endring, gjennomstreking viser tekst som blir teken ut):

  • § 3-7 Eigenkapitalbeviseigarane sin representasjon i generalforsamlinga Eigarar av eigenkapitalbevis i sparebanken har stemmerett og kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for eigenkapitalbeviseigarane.
  • (1) Kvart første, andre og tredje år skal 1 medlem veljast av og blant eigenkapitalbeviseigarane i sparebanken. Kvart første og andre år skal 1 vara-medlem veljast av og blant eigenkapitalbeviseigarane i sparebanken.
  • (2) Val etter denne paragraf må haldast innan utgangen av februar. april.

Ingen kan på møte for eigenkapitalbeviseigarane avgi stemmer for eigenkapitalbevis som representerer meir enn 10 % av Indre Sogn Sparebank sine totale utsteda eigenkapitalbevis.

Eigenkapitalsbeviseigarar som vil delta i valet etter § 3 – 7 skal melda seg i banken innan ein viss frist som skal stå i innkallinga. Fristen skal ikkje gå ut tidlegare enn tre bankdagar før valet skal haldast. Har ein eigenkapitalbeviseigar ikkje meldt seg i rett tid, kan han nektast høve til å vera med i valet. Kunngjering om eigenkapitalbeviseigarane sitt val skjer på banken si heimeside., i Sogn Avis og Bergens Tidende.

Føreskrift om eigenkapitalbevis i sparebankar med vidare gjeld for valet til eigenkapitalbeviseigarane.

Sak 10.2017 Val i samsvar med lover og vedtekter

Vedlagt føl utskrift protokoll valnemnd:

PROTOKOLL FRÅ MØTE I VALNEMNDA FOR GENERALFORSAMLINGA SITT VAL I INDRE SOGN SPAREBANK

Møte i valnemnda for generalforsamlinga i Indre Sogn Sparebank vart halde i banken på Årdalstangen onsdag 25.01.2017 kl. 09.00.

Desse møtte:

Anne Inge Nedrehegg (Leiar) Ståle Øvstetun Niels H. Larsen Malene Ålhus

Forfall:

Ingen

Sekretær: Karin Vikane

TIL GENERALFORSAMLINGA

i. STYRET

a) Styremedlemer 2017-2018
På val: Siri H. Lagmannsås
Siv Enerstvedt
Ingeborg Indrelid (tilsettevald)
Framlegg: Siv Enerstvedt for perioden 2017-2018
Torgeir Strypet for perioden 2017-2018
Ingeborg Indrelid (tilsettevald) for perioden 2017-2018
b) 2. varamedlem til styret 2017-2018
På val: Wenche Clausen
Framlegg: Håkon Seim Lysne for perioden 2017-2018

c) Nestleiar i styret 2017 - 2018 På val: Siv Enerstvedt Framlegg: Siv Enerstvedt for perioden 2017-2018

Valnemnda si innstilling inneber suppleringsval av styreleiar for 1 år, perioden 2017:
d) Suppleringsval styreleiar 2017
På val: Siri H. Lagmannsås
Framlegg: Morten Kristiansen for perioden 2017-2018
a) ii. GENERALFORSAMLINGA
Leiar for generalforsamlinga 2017-2018
På val: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald)
Framlegg: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald) for perioden 2017-2018
iii. VALNEMND
a) Medlemer i valnemnda 2017-2018
På val: Ståle Øvstetun (Eigenkapitalbeviseigarvald)
Malene Ålhus Tilsettevald)
Framlegg: Ståle Øvstetun (Eigenkapitalbeviseigarvald) for perioden 2017-2018
Malene Ålhus (Tilsettevald) for perioden 2017-2018
b) Varamedlem til valnemnda 2017-2018
På val: Håkon Seim Lysne (Eigenkapitalbeviseigarvald)
Framlegg: Thomas Norheim Moen(Kommunevald) for perioden 2017-2018
c) Leiar valnemnd 2017
På val: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald)
Framlegg: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald) for perioden 2017
Årdalstangen 25. januar 2017.
Anne Inge Nedrehegg (s.) Ståle Øvstetun (s.) Niels H. Larsen (s.) Malene Ålhus (s.)
-Leiar-

Gjeld frå 31.03.2016

Generalforsamling

KOMMUNEVALDE
MEDLEMER
Anne Kauppi
Thomas Norheim Moen
Anne Inge Nedrehegg
16/19
16/19
16/19
KOL VARAMEDLEMER
KOÅ Ørjan Stedje Ylvisåker
KOÅ Knut Opdal
16/19 KOÅ
16/19 KOL
KUNDEVALDE
MEDLEMER
Niels H. Larsen
Stine Dokken Andersen
Bente Kristin Øien Hauge
13/16
15/18
14/17
KUÅ
KUÅ
KUL
VARAMEDLEMER
Martin Andersen
Inger Bakken
16/18 KUÅ
16/17 KUL
EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE
MEDLEMER
Jarle M. Teigen
Ståle Øvstetun
Håkon Seim Lysne
14/17
15/16
16/18
VARAMEDLEMER
Tor Magne Gjerde
Grzegorz Stefanski
14/17
S16
TILSETTEVALDE
MEDLEMER
Svein Arve Myrland
Malene Ålhus
Magne Klepp
14/17
14/17
16/18
VARAMEDLEMER
Hilmar Bruheim
Merete Yndestad
16/18
16
Valnemnd
MEDLEMER
Anne Inge Nedrehegg
Niels H. Larsen
Ståle Øvstetun
Malene Ålhus
16/17
16/17
15/16
15/16
KO
KU
EK
T
VARAMEDLEMER
Stine Andersen
Håkon Seim Lysne
16/17
15/16
KU
EK
Styret
MEDLEMER
Siri Lagmannsås
Siv Enerstvedt
Jorunn Irene A. Nilsen
Morten Kristiansen
Ingeborg Indrelid
15/16
16
16/17
16/17
15/16
T VARAMEDLEMER
1. Rikard Lysne
2. Wenche Clausen
Anette Huun Jevnaker
16/17
16
16/17
T
Leiarverv
Leiar for generalforsamlinga:
Nestleiar for generalforsamlinga:
Styreleiar:
Nestleiar i styret:
Leiar i valnemnda:
Anne Inge Nedrehegg
Anne Kauppi
Siri Lagmannsås
Siv Enerstvedt
Anne Inge Nedrehegg
16
16/17
16/17
15/16
15/16
Forkortingar
KO
= kommunevald
KOÅ = kommunevald Årdal
KOL = kommunevald Lærdal
EK = representant eigenkapitalbeviseigar T
KU
= kundevald

= kundevald Årdal
KL
= kundevald Lærdal
= representant tilsette
S
= suppleringsval

VEDLEGG: Revisjonsmelding 2016 Rapport Gåveinstituttet 2016

6885 Årdalstangen

Besøks- og postadresse: E-post: Organisasjonsnummer: Statsråd Evensensveg 8 [email protected] 837 897 912

57 64 85 10 www.issb.no 57 64 85 81

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.