AGM Information • Mar 31, 2017
AGM Information
Open in ViewerOpens in native device viewer
Indre Sogn Sparebank vedtak i generalforsamlinga
Generalforsamlinga har i sitt møte 30. mars 2017 fatta
følgjande vedtak:
ÅRSOPPGJER 2016
Styret tilrår generalforsamlinga å disponera årsresultatet
2016 som følgjer:
Disponeringar:
Utbyte på eigenkapitalbevis 1.898
Overført til sparebankens fond 10.410
Overført til utjamningsfondet 3.635
Overført til fond for urealiserte vinstar 1.823
Overført til gåvefondet 1.000
Sum disponert 18.766
Denne disponeringa gir eit utbyte på NOK 3,00 pr.
eigenkapitalbevis. På grunnlag av det tilrår styret
generalforsamlinga å fastsetta utbyte for 2016 til NOK 3,00
for kvart eigenkapitalbevis.
Styret ber generalforsamlinga om fullmakt til å dela ut NOK
500.000 frå gåvefondet i 2017.
Generalforsamlinga fatta følgjande samrøystes vedtak:
Generalforsamlinga handsama styret sitt framlegg til
årsrekneskap med notar, styret si årsmelding for 2016 -
morbank og konsern med hovudprinsipp for godtgjersle til
leiande tilsette, og utgreiing om eigarstyring og
selskapsleiing. Revisor si melding vart gjennomgått.
Generalforsamlinga gir styret fullmakt til å dela ut NOK
500.000 frå gåvefondet i 2017. Generalforsamlinga fastset
morbanken og konsernet sitt resultatrekneskap og balanse for
2016 i samsvar med innstilling. Framlegg til disponering av
årsresultatet for 2016 vert vedteke i samsvar med styret si
tilråding.
GODTGJERSLE TIL REVISOR
Generalforsamlinga fatta følgjande samrøystes vedtak:
Honorar vert godkjent etter framlagd rekning.
FULLMAKT KJØP AV EIGNE EIGENKAPITALBEVIS
Generalforsamlinga fatta følgjande samrøystes vedtak:
1.Styret i Indre Sogn Sparebank får fullmakt til, på vegne
av selskapet, å kjøpe eigne eigenkapitalbevis for samla
pålydande inntil NOK 6.325.000 som tilsvarar 10 % av den
noverande eigenkapitalbeviskapitalen.
2.Høgaste sum som kan betalast per eigenkapitalbevis er NOK
100,-, minste NOK 50,-.
3.Kjøp og sal av eigne eigenkapitalbevis kan skje slik
styret finn det føremålsteneleg. Kjøp skal skje over børs.
4.Fullmakta gjeld i 12 månadar rekna frå møte i
generalforsamlinga den 30. mars 2017.
5.Dersom eigne eignekapitalbevis blir selde, gjeld fullmakta
òg kjøp av eigne eigenkapitalbevis til erstatning for dei
selde, så lenge summen av eigne eigenkapitalbevis ikkje
overstig 10 % grensa.
ENDRING AV VEDTEKTER § 3-7
Generalforsamlinga fatta følgjande samrøystes vedtak:
Indre Sogn Sparebank sine vedtekter § 3-7 til følgjande
ordlyd:
§ 3-7 Eigenkapitalbeviseigarane sin representasjon i
generalforsamlinga
Eigarar av eigenkapitalbevis i sparebanken har stemmerett og
kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga
i sparebanken som representant for
eigenkapitalbeviseigarane.
(1) Kvart første, andre og tredje år skal 1 medlem veljast
av og blant eigen-kapitalbeviseigarane i sparebanken. Kvart
første og andre år skal 1 vara-medlem veljast av og blant
eigenkapitalbeviseigarane i sparebanken.
(2)Val etter denne paragraf må haldast innan utgangen av
februar.
Ingen kan på møte for eigenkapitalbeviseigarane avgi stemmer
for eigenkapitalbevis som representerer meir enn 10 % av
Indre Sogn Sparebank sine totale utsteda eigenkapitalbevis.
Eigenkapitalsbeviseigarar som vil delta i valet etter §3-7
skal melda seg i banken innan ein viss frist som skal stå i
innkallinga. Fristen skal ikkje gå ut tidlegare enn tre
bankdagar før valet skal haldast. Har ein
eigenkapitalbeviseigar ikkje meldt seg i rett tid, kan han
nektast høve til å vera med i valet.
VAL I SAMSVAR MED LOVER OG VEDTEKTER
Generalforsamlinga fatta følgjande samrøystes vedtak:
i. STYRET
a)Styremedlemer 2017-2018
På val:
Siri H. Lagmannsås
Siv Enerstvedt
Ingeborg Indrelid (tilsettevald)
Framlegg:
Siv Enerstvedt for perioden 2017-2018
Torgeir Strypet for perioden 2017-2018
Ingeborg Indrelid (tilsettevald) for perioden 2017-2018
Valde vart:
Siv Enerstvedt for perioden 2017-2018
Torgeir Strypet for perioden 2017-2018
Ingeborg Indrelid (tilsettevald) for perioden 2017-2018
b)2. varamedlem til styret 2017-2018
På val: Wenche Clausen
Framlegg: Håkon Seim Lysne for perioden 2017-2018
Vald vart: Håkon Seim Lysne for perioden 2017-2018
c)Nestleiar i styret 2017 - 2018
På val: Siv Enerstvedt
Framlegg: Siv Enerstvedt for perioden 2017-2018
Vald vart: Siv Enerstvedt for perioden 2017-2018
Valnemnda si innstilling inneber suppleringsval av
styreleiar for 1 år, perioden 2017:
d) Suppleringsval styreleiar 2017
På val: Siri H. Lagmannsås
Framlegg: Morten Kristiansen for perioden 2017
Vald vart: Morten Kristiansen for perioden 2017
ii. GENERALFORSAMLINGA
a) Leiar for generalforsamlinga 2017-2018
På val: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald)
Framlegg: Anne Inge Nedrehegg Kommunevald) for perioden 2017-
2018
Vald vart: Anne Inge Nedrehegg(Kommunevald) for perioden
2017-2018
iii. VALNEMND
a)Medlemer i valnemnda 2017-2018
På val:
Ståle Øvstetun (Eigenkapitalbeviseigarvald)
Malene Ålhus (Tilsettevald)
Framlegg: Ståle Øvstetun (Eigenkapitalbeviseigarvald) for
perioden 2017-2018
Malene Ålhus (Tilsettevald) for perioden 2017-2018
Valde vart:
Ståle Øvstetun (Eigenkapitalbeviseigarvald) for perioden
2017-2018
Malene Ålhus (Tilsettevald) for perioden 2017-2018
b)Varamedlem til valnemnda 2017-2018
På val: Håkon Seim Lysne (Eigenkapitalbeviseigarvald)
Framlegg: Thomas Norheim Moen (Kommunevald) for perioden
2017-2018
Vald vart: Thomas Norheim Moen (Kommunevald) for perioden
2017-2018
c) Leiar valnemnd 2017
På val: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald)
Framlegg: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald) for perioden 2017
Vald vart: Anne Inge Nedrehegg (Kommunevald) for perioden
2017
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.