Earnings Release • Feb 14, 2018
Earnings Release
Open in ViewerOpens in native device viewer
Delårsrapport 4. kvartal 2017
Styret har handsama banken sitt rekneskap for
4. kvartal 2017 i styret 13.02.2018.
1. Samandrag:
ISSB legg fram eit driftsresultat før tap på MNOK 33,82 pr. 31.12.2017 ein auke på MNOK 11,04 i høve same periode i fjor.
Resultat av ordinær bankdrift pr. 31.12.2017 var MNOK 26,89 mot MNOK 21,80 pr. 31.12.2016, ein auke på MNOK 5,09. For fjerde kvartal isolert syner banken eit resultat av ordinær bankdrift på MNOK 5,17 ein auke på MNOK 2,76 i høve fjerde kvartal i fjor.
Driftsresultatet etter skatt gir ein eigenkapital-rentabilitet pr. 31.12.2017 på 7,04 %.
Totalresultatet pr. 31.12.2017 var MNOK 16,79 mot MNOK 20,57 pr. 31.12.2016. Nedgangen i totalresultatet er verdiendring på finansielle eigendelar tilgjengeleg for sal i hovudsak relatert til verdireduksjon på aksjane i Eika Gruppen AS.
Kostnadsprosenten pr. 31.12.2017 er 68,27 %.
Det har ikkje funne stad utvatning av
eigenkapitalbevisa. Indre Sogn Sparebank har god
overskotslikviditet som sikrar nære forpliktingar.
Styret vurderer likviditeten i banken som god.
Resultat pr. eigenkapitalbevis i morbank er NOK 11,29.
Styret tilrår at det for 2017 ikkje blir utbetalt utbyte, men at det blir overført NOK 11,29 pr. eigenkapitalbevis til utjamningsfondet for rekneskapsåret 2017.
2. Hovudrapport:
Styret sin delårsrapport for 4. kvartal 2017.
3. Kontaktpersonar:
Ass. banksjef Karin Vikane tlf. 57648527/90183649
Adm. banksjef Egon M. Moen tlf. 57648523/90082415
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.