AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

Pre-Annual General Meeting Information Nov 23, 2018

3748_rns_2018-11-23_6295d9c9-4d19-4b77-bbd3-95b6ac216d82.pdf

Pre-Annual General Meeting Information

Open in Viewer

Opens in native device viewer

SAKSVEDLEGG TIL EKSTRAORDINÆRT MØTE I GENERALFORSAMLINGA I INDRE SOGN SPAREBANK 18.12.2018

Sak 15.2018 Samanslåing (fusjon) med Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank

a) Innstilling frå valnemnda i Indre Sogn Sparebank

Vedlegg 2: Innstilling frå valnemnda

b) Styresak 136.2018:

Styra i Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank har 12. november 2018 vedteke fusjonsplan for samanslåing av bankane. Målet med fusjonen er å skape ein slagkraftig bank i Sogn som skal vere godt posisjonert for framtida.

Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank er tre sterke og lokalt forankra bankar med tyngdepunkt i Årdal, Lærdal, Aurland og Vik. Indre Sogn Sparebank har i tillegg kontor i Sogndal og Bergen. 20 juni 2018 vart det kommunisert at dei tre bankane hadde vedteke å gå i tingingar om ein mogleg fusjon. Bankane er komplimentære i si verksemd og utfyller kvarandre godt.

I samband med fusjonen vil det ikkje bli oppretta sparebankstiftingar. Grunnfondskapitalen som bankane går inn med i den nye banken vil bli øyremerka i vedtektene og vil danna grunnlag for lokale gåvetildelingar og etablering av eventuelle framtidige stiftingar. Gåvetildelingane vil bli viktige og ein vil vidareføre bankane sine gåver og store engasjement i lokalsamfunna.

Grunnlaget for avtalen har etter styrets oppfatning vore ein grundig og god prosess som har ivareteke alle bankane sine interesser.

Adm. banksjef i den samanslegne banken vil vere Mads Arnfinn Indrehus. Styreleiar vert Morten Kristiansen og nestleiar i styret vert Arve Tokvam.

Vedtektene regulerer sammensetningen av generalforsamling, styre og valkomite. Lokale omsyn er ivareteke.

Det nye bankkonsernet vil ha 55 tilsette i 5 kommunar og ein forvaltningskapital på 7,8 milliardar kroner. Ingen tilsettee vil bli sagt opp som følgje av fusjonen.

Vedlegg:

  • Vedlegg 3: a) Avtale om samanslåing (fusjonsplan)
  • Vedlegg 4: b) Utkast til opningsbalanse og revisorerklæring til opningsbalansen,
  • Vedlegg 5: c) Sakkunnig erklæring frå revisor
  • Vedlegg 6: d) Utkast til vedtekter for den samanslegne banken,
  • Vedlegg 7: e) Vedtekter for dei tre gamle bankane
  • Vedlegg 8: f) Styret sin rapport om samanslåinga
  • Vedlegg 9: g) Børsmelding av 12. november 2018 med vedlegg frå Indre Sogn Sparebank
  • Vedlegg 10: h) Pressemelding av 12. november 2018

Andre vedlegg til fusjonsplanen, er tekne inn på banken si heimeside: https://indresognsparebank.no/ombanken/investorrelations

Styret tilrår generalforsamlinga å fatta følgjande vedtak:

Generalforsamlinga vedtek "Fusjonsplan av 12. november 2018 med vedlegg» i samsvar med sakstilfang.

    1. Avtale og felles plan om samanslåing (fusjonsplan) av 12. november 2018 vert godkjend.
    1. Med verknad frå godkjenning frå offentleg myndigheit ligg føre, blir vedtektene endra i samsvar med Avtale og felles plan om samanslåing (fusjonsplan), slik desse kjem fram av vedlegg 1 til denne protokollen, herunder vedtak at namnet til sparebanken skal vera Sogn Sparebank, ref vedtektene sin § 1-1.
    1. Med verknad frå godkjenning frå offentleg myndigheit ligg føre, blir styret endra i samsvar med Avtale og felles plan om samanslåing (fusjonsplan) pkt. 8 til å vera:
    1. Morten Kristiansen, styreleiar, vald for 1 år
    1. Arve Tokvam, nestleiar i styret, vald for 2 år
    1. Olav Vikøren, styremedlem, vald for 2 år
    1. Anne Espeland , styremedlem, vald for 1 år
    1. Anne Maria Langeland , styremedlem, vald for 1 år
    1. Siv Enerstvedt, styremedlem, vald for 2 år
    1. Håkon Seim Lysne, styremedlem (Ek bevis eigar), vald for 2 år
    1. Anette Huun Jevnaker, styremedlem (tilsetterepresentant)
    1. Leidulv Finden, styremedlem (tilsetterepresentant)

Følgjande skal frå selskapsrettsleg ikrafttreding vera varamedlemer:

    1. Torgeir Strypet, varamedlem (Indre Sogn)
    1. Lars Loven, varamedlem (Aurland)
    1. Kari Wiken Sunde, varamedlem (Vik)
    1. Jorun Nilssen, varamedlem (EK bevis eigar)

I tillegg skal Therese Turlid vera observatør (tilsetterepresentant). Ho er i tillegg varamedlem for valde tilsetterepresentantar.

Sak 16.2018 Endring av vedtekter

a) Styresak 136.2018:

Sjå vedlegg sak 15.2018 ovanfor.

b) Vedlegg

Vedlegg 6: Utkast til vedtekter for den samanslegne banken, Vedlegg 11: Oversikt gjeldande vedtekter/endra vedtekter

Styret tilrår generalforsamlinga å fatta følgjande vedtak:

Med verknad frå godkjenning frå offentleg myndigheit ligg føre, blir vedtektene endra i samsvar med Avtale og felles plan om samanslåing (fusjonsplan), slik desse kjem fram av vedlegg 1 til denne protokollen, herunder vedtak at namnet til sparebanken skal vera Sogn Sparebank, ref vedtektene sin § 1-1.

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.