Pre-Annual General Meeting Information • Nov 23, 2018
Pre-Annual General Meeting Information
Open in ViewerOpens in native device viewer
Dato: 12.11.2018 Utsteder: Indre Sogn Sparebank UtstederID: ISSG Marked: OB Kategori: Innsideinformasjon
Det vert synt til børsmelding publisert den 20. juni 2018 vedkomande muleg fusjon av sparebankane Indre Sogn Sparebank, Vik Sparebank og Aurland Sparebank (heretter kalla Bankane).
Styra i Bankane har i dag vedteke ein avtale om samanslåing av bankane (fusjonsplan). Fusjonen vil bli gjennomført ved at Bankane vert slegne saman i samsvar med finansføretakslova § 12-3 Jf. Allmennaksjelova § 13-3 (1).
Indre Sogn Sparebank skal vera den juridiske og rekneskapsovertakande sparebank og overtek soleis alle Vik Sparebank og Aurland Sparebank sine eigendelar, rettigheiter og forpliktingar i samband med fusjonen.
Den fusjonerte banken vil forsetja under namnet Sogn Sparebank.
Det vil ikkje bli etablert stiftingar i samband med fusjonen. Grunnfondskapitalen Bankane går inn med vil bli øyremerkt og dannar grunnlag for lokale gåvetildelingar og eventuelle etablering av framtidige stiftingar i samband med fusjon eller avvikling.
Det er forventa at fusjonen vert juridisk gjennomført omkring den 1 april 2019, eller snarast etter det.
Nedanfor følgjer hovudpunkta i forventa tidsplan for fusjonen:
_____________________________________________________________
| Tidspunkt | Hending |
|---|---|
| 12 november 2018 | ______________ Styra i Bankane vedtok framlegg til: Fusjonsplan, Styrerapport om samanslåing, utkast til opningsbalanse, og endring av vedtektene |
| 18 desember 2018 | Generalforsamlinga i Bankane der styret si tilråding blir handsama. Deretter vert søknad/melding sendt til relevante myndigheiter |
| ca. 1 april 2019 |
Fusjonen juridisk gjennomført |
Gjennomføringa av fusjonen er avhengig av:
Bytetilhøvet er fastsett etter forhandlingar mellom partane og bygg på ein prosess for å vurdera eventuelle meir eller mindreverdiar, basert på bankane sin balanse pr. 30.09.2018, og oppdaterte tal pr. 31.10.2018.
Bytetilhøvet er bygd på ei vurdering av bankane sin verdijusterte eigenkapital, inntening og marknadsprising, samt eit prinsipp om at eigenkapitalen i dei tre bankane vil bidra forholdsmessig til framtida si verdiskaping i den samanslegne banken.
Den samanslegne sparebanken vil ha ein kapitalstruktur som ein sparebank med grunnfondskapital og eigenkapitalbevis.
Samla bokført eigenkapital etter vurderingane av meir og mindreverdiar på morbanken i dei tre bankane pr. 31.oktober utgjorde MNOK 845,9 eksl. fondsobligasjonar. Fordelinga var slik (1000 kr):
| Indre Sogn Sparebank | 367521 |
|---|---|
| Aurland Sparebank | 285894 |
| Vik Sparebank | 192450 |
| TOTALT | 845865 |
Bankane er samde om eit bytetilhøve mellom bankane sine grunnfond slik (1000 kr)
| Grunnfondskapital | I tusen kr. | % |
|---|---|---|
| ISSB | 248150 | 34,16 % |
| Aurland | 285894 | 39,35 % |
| Vik | 192450 | 26,49 % |
| Total Gr. Kap | 726494 | 100,00 % |
Basert på semja om bytetilhøvet oppsummerer tabellen nedanfor opphavet til den samansette eigenkapitalen etter fusjonen eksl. fondsobligasjonar (1000 kr)
| Eigenkapital | I tusen kr. | % |
|---|---|---|
| Grunnfond | 726513 | 85,89 % |
| Eigarkapital | 119352 | 14,11 % |
| TOTALT | 845865 | 100 % |
Tabellen nedanfor syner fordelinga av eigenkapital og samfunnskapital etter samanslåinga inkl. fondsobligasjonar
| Fordeling av eigenkapital | Eigarkapital | Samfunnskapital | Totalt |
|---|---|---|---|
| Eigenkapitalbevis | 31.625 | 31.625 | |
| Utjevningsfond | 41.725 | 41.725 | |
| Overkursfond | 32.812 | 32.812 | |
| Spaebanken sitt fond | 526.682 | 526.682 | |
| Gåvefond | 30.480 | 30.480 | |
| Fond for urealiserte gevinstar | 10.464 | 152.762 | 163.226 |
| Fondsobligasjonar | 40.000 | 40.000 | |
| SUM EIGENKAPITAL | 0 866.550 |
Indre Sogn Sparebank er ein sjølvstendig bank tilknytt Eika Alliansen.
Eika Alliansen samarbeidar om m.a. merkevarebygging, produktselskap, IT, innkjøp og kompetansebygging.
Indre Sogn Sparebank har hovudkontor på Årdalstangen, samt kontor i Bergen, Lærdal, Øvre Årdal og Sogndal. Indre Sogn Sparebank har pr. 31.10.2018 ein rådveldekapital på 4 milliardar kroner.
Banken har to dotterselskap, Indre Sogn Sparebank Eigedomsmekling og ISSB Eigedom, samt eit tilknytt selskap, ISSB forsikring. Pr. 31.10.18 hadde banken 30,2 årsverk.
Indre Sogn Sparebank sine eigenkapitalbevis er notert på Oslo Børs under ticker-koden «ISSG».
| Navn | Stilling |
|---|---|
| Egon M. Moen | Adm. banksjef |
| Karin Vikane | Ass. banksjef |
| Lars Grenager | Sjef personmarknad |
| Anita Lægreid | Sjef næringsmarknad |
Følgjande personar utgjer Indre Sogn Sparebank si leiing:
Styret i Indre Sogn Sparebank består av følgjande personar:
| Tittel | Navn | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Styreleiar | Morten Kristiansen | |||||
| Nestleiar | Siv Enerstvedt | |||||
| Styremedlem | Torgeir Strypet | |||||
| Styremedlem | Jorunn Nilssen | |||||
| Styremedlem | Anette Huun Jevnaker |
|||||
| Varamedlem | Håkon Seim Lysne | |||||
| Varamedlem | Mona Nytun | |||||
| Varamedlem | Ruth Laberg |
| Nøkkeltal (tal i mill NOK) | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Konserntal | 30.09.2018 | 30.09.2017 3q 2018 | 3q 2017 | 2017 | 2016 | 2015 | |
| Resultatregnskap (MNOK) | |||||||
| Netto renteinntekter | 46,5 | 44,7 | 15,8 | 15,5 | 60,2 | 57,42 | 52,43 |
| Andre inntekter | 27,4 | 32,4 | 6,3 | 7 | 39,8 | 29,71 | 27,15 |
| Driftskostnader | 49,4 | 49,6 | 14,8 | 15,6 | 66,3 | 66,83 | 57,07 |
| Resultat før tap | 24,5 | 27,5 | 7,3 | 6,9 | 33,7 | 20,3 | 22,51 |
| Tap på utlån | 4,1 | 3,68 | 2,83 | 0,05 | 3,89 | 1,13 | 0,919 |
| Resultat før øvrige resultatpostar | 20,4 | 23,82 | 4,47 | 6,85 | 29,81 | 19,17 | 21,591 |
| Balanse | |||||||
| Brutto utlån | 2.963,0 | 2.783,2 | 2.845,8 | 2.782,1 | 2.621,3 | ||
| Brutto utlån inkl. EBK | 4.079,0 | 3.924,4 | 3.987,5 | 3.853,4 | 3.604,5 | ||
| Nedskrivinger | 9.672,0 | 11,0 | 8,6 | 14,0 | 2.395,3 | ||
| Innskot fra kundar | 2.865,7 | 2.693,6 | 2.845,8 | 2.446,7 | 3.300,8 | ||
| Forvaltningskapital | 3.708,5 | 3.497,9 | 3.512,0 | 3.326,5 | 4.283,9 | ||
| Forretningskapital | 4.824,4 | 4.639,1 | 4.653,7 | 4.397,7 | 4.283,9 | ||
| Eigenkapital | 396,4 | 373,7 | 375,9 | 319,5 | 303,8 | ||
| Nøkkeltal | |||||||
| Innskotsdekning | 97,47 | 97,23 | 95,43 | 94,44 | 92,02 | ||
| Eigenkapitalavkastning | 6,23 | 7,93 | 7,04 | 5,3 | 6,03 | ||
| Kapitaldekningsprosent* | 20,35 | 18,99 | 18,96 | 17,61 | 16,97 | ||
| Kjernakapitalprosent* | 17,61 | 16,61 | 16,63 | 15,89 | 15,72 | ||
| Rein kjernekapital* | 15,42 | 14,82 | 14,86 | 14,74 | 15,04 | ||
| * Morbank |
Aurland Sparebank er ein sjølvstendig bank tilknytt Eika Alliansen.
Aurland Sparebank har kontor på Aurlandsvangen. Aurland Sparebank har pr. 30.10. ein rådveldekapital på 1,4 milliardar kroner. Pr. 31.10.18 hadde banken 8,24 årsverk.
Følgjande personar utgjer Aurland Sparebank si leiing:
| Navn | Stilling | |
|---|---|---|
| Gunnar Skahjem | Banksjef | |
| Britt Julusmoen Bakk | Leiar kreditt PM /BM |
Styret i Aurland Sparebank består av følgjande personar:
| Tittel | Navn | ||||
|---|---|---|---|---|---|
| Styreleiar | Arve Tokvam | ||||
| Nestleiar | Anne Maria Langeland | ||||
| Styremedlem | Lars Loven | ||||
| Styremedlem | Marte Tørud Håland | ||||
| Styremedlem | Therese Turlid | ||||
| Varamedlem | Per Irgens Skjerdal | ||||
| Varamedlem | Bente Marie Ohnstad | ||||
| Varamedlem | Tone Waagbø Hille |
| Nøkkeltal (tal i mill NOK) | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Konserntal | 30.09.2018 | 30.09.2017 | 3q 2018 | 3q 2017 | 2017 | 2016 | 2015 |
| Resultatrekneskap (MNOK) | |||||||
| Netto renteinntekter | 15,1 | 15,6 | 5,1 | 5,2 | 21,1 | 20,0 | 17,6 |
| Andre inntekter | 11,1 | 10,2 | 5,3 | 2,1 | 11,9 | 11,2 | 9,3 |
| Driftskostnader | -13,3 | -15,4 | -4,6 | -5,3 | -22,8 | -19,6 | -24,9 |
| Resultat før tap | 12,8 | 10,3 | 5,8 | 2,0 | 10,2 | 11,6 | 2,0 |
| Tap å utlån | -1,1 | 1,9 | -1,0 | 2,0 | 0,4 | - | -0,5 |
| Kursvinst/tap anleggsaksjar | 0,2 | - | 0,2 | - | - | - | 14,6 |
| Resultat før øvrige resultatpostar | 12,0 | 12,2 | 5,0 | 4,0 | 10,6 | 11,6 | 16,1 |
| Balanse | |||||||
| Brutto Utlån | 1.014,5 | 1.021,5 | 1.036,1 | 952,7 | 843,6 | ||
| Brutto utlån inkl. EBK | 1.076,0 | 1.042,5 | 1.059,1 | 975,7 | 866,3 | ||
| Nedskrivingar | -5,1 | -4,3 | -5,3 | -4,9 | -6,1 | ||
| Innskot frå kundar | 1.109,1 | 1.011,4 | 973,6 | 970,6 | 959,5 | ||
| Forvaltningskapital | 1.419,8 | 1.292,9 | 1.243,2 | 1.220,2 | 1.131,8 | ||
| Forretningskapital | 1.481,3 | 1.354,4 | 1.266,2 | 1.243,2 | 1.154,5 | ||
| Eigenkapital | 158,1 | 152,6 | 148,0 | 143,0 | 134,0 | ||
| Nøkkeltal | |||||||
| Innskotsdekning | 109 % | 99 % | 94 % | 102 % | 114 % | ||
| Eigenkapitalavkastning | 7,5 % | 8,0 % | 7,1 % | 8,1 % | 12,0 % | ||
| Kapitaldekningsprosent* | 23,60 % | 24,03 % | 25,98 % | 25,63 % | 25,57 % | ||
| Rein kjernekapital* | 23,60 % | 24,03 % | 25,98 % | 25,63 % | 25,57 % | ||
| *Morbank | 23,60 % | 24,03 % | 25,98 % | 25,63 % | 25,57 % |
Vik Sparebank er ein sjølvstendig bank tilknytt Eika Alliansen.
Vik Sparebank har kontor på Vikøyri. Vik Sparebank har pr. 30.10. ein rådveldekapital på 1,3 milliardar kroner. Pr. 31.10.18 hadde banken 11,14 årsverk.
Følgjande personar utgjer Vik Sparebank si leiing:
| Navn | Stilling |
|---|---|
| Mads Arnfinn Indrehus Britt Grov Helland |
Banksjef Sjef personmarknad og NK |
| Bjørn Moheim | Sjef Næringsmarknad |
Styret i Vik Sparebank består av følgjande personar:
| Tittel | Namn | |
|---|---|---|
| Styreleiar | Olav Vikøren | |
| Nestleiar | Werner Madsgård | |
| Styremedlem | Kari Wiken Sunde | |
| Styremedlem | Anne Espeland | |
| Styremedlem | Leidulv Finden for tilsette |
| Nøkkeltal (tal i mill NOK) | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Konserntal | 30.09.2018 | 30.09.2017 | 3q 2018 | 3q 2017 | 2017 | 2016 | 2015 |
| Resultatrekneskap (MNOK) | |||||||
| Netto renteinntekter | 17,8 | 17,1 | 6,1 | 6,1 | 23,1 | 18,5 | 14,1 |
| Andre inntekter | 9,2 | 11,3 | 2,2 | 2,8 | 13,8 | 14,2 | 9,6 |
| Driftskostnader | -15,6 | -15,9 | -5,1 | -5,1 | -22,5 | -21,7 | -20,0 |
| Resultat før tap | 11,4 | 12,5 | 3,1 | 3,8 | 14,4 | 11,0 | 3,7 |
| Tap å utlån | -0,2 | -0,4 | -0,2 | - | -1,1 | -0,5 | -1,2 |
| Kursvinst/tap anleggsaksjar | 0,3 | 0,1 | 0,3 | - | 0,1 | -1,4 | -0,3 |
| Resultat før øvrige resultatpostar | 11,6 | 12,2 | 3,3 | 3,8 | 13,4 | 9,2 | 2,2 |
| Balanse | |||||||
| Brutto Utlån | 1.118,5 | 1.082,8 | 1.054,6 | 989,3 | 877,9 | ||
| Brutto utlån inkl. EBK | 1.178,1 | 1.142,5 | 1.114,7 | 1.064,5 | 981,4 | ||
| Nedskrivingar | -4,7 | -4,3 | -4,6 | -3,9 | -3,9 | ||
| Innskot frå kundar | 1.133,4 | 1.118,1 | 1.105,0 | 1.056,7 | 1.015,0 | ||
| Forvaltningskapital | 1.378,9 | 1.323,6 | 1.305,3 | 1.246,1 | 1.196,4 | ||
| Forretningskapital | 1.438,5 | 1.383,3 | 1.365,4 | 1.321,4 | 1.299,8 | ||
| Eigenkapital | 162,2 | 152,6 | 152,9 | 143,0 | 135,6 | ||
| Nøkkeltal | |||||||
| Innskotsdekning | 101 % | 103 % | 105 % | 107 % | 116 % | ||
| Eigenkapitalavkastning | 7,9 % | 8,7 % | 7,0 % | 5,6 % | 0,6 % | ||
| Kapitaldekningsprosent* | 21,61 % | 20,29 % | 22,50 % | 20,29 % | 20,23 % | ||
| Rein kjernekapital* | 21,61 % | 20,29 % | 22,50 % | 20,29 % | 20,23 % | ||
| *Morbank | 21,61 % | 20,29 % | 22,50 % | 20,29 % | 20,23 % |
Målsettinga er å skapa ein solid og framtidsretta lokalbank i Sogn. Banken skal styrka lokalsamfunna, lokale bedrifter og lokale arbeidsplassar.
Sogn Sparebank vil ivareta og vidareutvikla dei tre bankane sin lokale posisjon, i tillegg til å ta ein større regional posisjon. Banken har ein ambisjon om å vera meir konkurransedyktig og tilby kundane betre løysingar, tenester og kompetanse samanlikna med kva den enkelte bank kan gjera i dag. Banken vil kunne driva meir kostnadseffektivt og samtidig ivareta den sterke lokale forankringa med nærleik til kundane.
Marknaden for banken vil innanfor bedriftsmarknaden i hovudsak vera små og mellomstore bedrifter i Sogn. Banken vil ha lokale kontor med inngåande kjennskap til lokale verksemder og bransjar, og skal sikre kundane produktbreidde og kompetanse lokalt. Banken vil også ha evne til å handtera større engasjement samanlikna med kva den enkelte bank i dag har. Innanfor personmarknaden skal banken i utgangspunktet vera landsdekkande, men Sogn skal vera det prioriterte marknadsområdet.
Banken skal yta rådgjeving og tilby alle relevante produkt innan finans og forsikring. Produkta og rådgjevinga skal verta tilpassa kundane sine behov og banken si lønsemd.
Banken skal vera ein aktiv medeigar og deltakar i Eika Alliansen. Dette vil bidra positivt til kompetansebygging, økonomisk avkastning og eit sterkt fellesskap. Banken skal nytta seg av Eika Alliansen sine produkt, rådgjevingsverktøy og fellestenester for å oppnå økonomiske mål, kostnadseffektivitet og teknologisk paritet.
Banken skal utvikla ein felles kultur med sikte på å realisera en framtidsretta bank. Banken skal ha lokal styring med tydelig forretningsforståing og evne til utvikling. Forretningsmodellen og organiseringa skal verta bygd opp med utgangspunkt i kundane sine behov.
Ingen tilsette skal verta sagt opp i samband med fusjonen. Banken vil bli ein betydeleg lokal arbeidsgjevar og representera eit sterkt fagmiljø med attraktive arbeidsplassar, som gjev dei tilsette gode vilkår for fagleg og personleg utvikling. Målet er at motiverte og kompetente medarbeidarar, som kan bidra til å skapa konkurransekraft og lønsemd, interessante og trygge arbeidsplasser og nøgde kundar.
For at banken skal oppnå sine mål er lønsam drift på alle forretningsområde ein føresetnad. Banken skal vera på linje med eller betre enn samanliknbare bankar med omsyn til nøkkeltal og andre måltal. Dei økonomiske resultata skal verta knytt til naudsynt eigenkapital, kapital til vekst og risiko, samt avkastning og gåver. Banken skal ha ein sunn vekst basert på tydeleg definerte krav til risiko og avkastning.
Det føreligg ingen avtalar i samband med fusjonen med særlege fordelar til leiande tilsette eller styremedlemmer i nokon av bankane, og det vert heller ikkje forventa å bli inngått slike avtalar.
Adm. banksjef Egon M. Moen, tlf: 900 82 415 Styreleiar Morten Kristiansen, tlf: 908 28 429
Aurland Sparebank: Banksjef Gunnar Skahjem, tlf: 913 74 994 Styreleiar Arve Tokvam, tlf: 907 85 950
Vik Sparebank Banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf: 909 50 615 Styreleiar Olav Vikøren, tlf: 917 10 403
Denne opplysningen er informasjonspliktig etter Oslo Børs sine løpande forpliktingar [ jf. verdipapirhandellova § 5-12]
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.