AGM Information • Nov 23, 2018
AGM Information
Open in ViewerOpens in native device viewer
Styret sitt framlegg til nye vedtekter for Vik Sparebank, handsama i styremøte 25.01.2016 (utkastet er utarbeidd etter standard-/normvedtekter frå Sparebankforeningen). Vedteke i forstandarskap/generalforsamlingsmøte 04.04.2016.
Vik Sparebank er skipa 6. juni 1846.
Sparebanken har sitt sete i Vik kommune.
Vik Sparebank har til formål å fremja sparing ved å ta imot innskot frå ein ubestemt krins av innskytarar og å forvalta på trygg måte den midelen han rår over i samsvar med dei lover som gjeld for sparebankar.
Sparebanken kan utføra alle vanlege bankforretningar og bank- og finanstenester i samsvar med gjeldande lovgjeving.
Vik Sparebank sitt formål er å utføre forretningar og tenester som det er vanleg eller naturleg at sparebankar kan utføre i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande lovgjeving og dei til ei kvar tid gjevne konsesjonar.
Sparebanken sitt opphavlege grunnfond utgjorde kr 614,80 og er tilbakebetalt.
Skiparar eller andre har ikkje rett til utbytte av verksemda.
Generalforsamlinga er Vik Sparebank si øvste avgjerdsmakt. Generalforsamlinga skal ha 11 medlemmer med 6 varamedlemmer.
Generalforsamlinga sine medlemmer og varamedlemmer møter personleg.
Det er ikkje høve til å møte ved fullmektig eller med rådgjevar.
6 medlemmer og 3 varamedlemmer skal veljast av og blant innskytarane/ kundane.
3 medlemmer og 2 varamedlemmer skal veljast av Vik kommune. 2 medlemmer og 1 varamedlem skal veljast av og blant dei tilsette.
Myndige personar kan veljast som medlemmer av generalforsamlinga.
Medlemmer og varamedlemmer til generalforsamlinga vert valde for 4 år.
Generalforsamlinga fastset nærare instruks om vala.
Vik Sparebank sine myndige kundar har stemmerett ved val av kundane sine medlemmer til sparebanken si generalforsamling. Kvart kundeforhold gir ei stemme når noko anna ikkje følgjer av lova eller vedtektene.
Vik Sparebank sine kundar kan veljast som medlem eller varamedlem til sparebanken si generalforsamling som representant for kundane.
Kommunestyret i Vik Kommune vel 3 medlemmer og 2 varamedlemmer til Generalforsamlinga.
Dei tilsette i Vik Sparebank har stemmerett ved val av dei tilsette sine medlemmer til sparebanken si generalforsamling.
Dei tilsette i Vik Sparebank kan veljast som medlem eller varamedlem til sparebanken si generalforsamling som representant for dei tilsette.
Ordinær generalforsamling skal haldast innan utgangen av mars månad kvart år.
Når dokument som gjeld saker som skal handsamast på ID generalforsamlinga er gjort tilgjengeleg for medlemmene på sparebanken sine internettsider, gjeld ikkje lova sitt krav om at dokumenta skal sendast til medlemmene av generalforsamlinga. Dette gjeld også dokument som etter lova skal takast inn i eller leggjast ved innkallinga til generalforsamlinga. Eit medlem av generalforsamlinga
kan likevel krevje å få tilsendt dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga.
Medlemmer som ikkje kan delta i generalforsamlinga sine møte, skal informere sparebanken snarast og seinast fem dagar før møtet. Varamedlemmer vert kalla inn ved forfall frå ordinære medlemmer.
Kvart medlem av generalforsamlinga har ei stemme.
Vedtak i generalforsamlinga vert fatta ved fleirtal av dei gjevne stemmene med mindre noko anna går fram av desse vedtektene. Står stemmetalet likt, gjeld det som møteleiaren sluttar seg til.
På den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:
Vedtak om eller fullmakt til å ta opp ansvarleg lån eller annan framandkapital vert vedteke av generalforsamlinga med fleirtal som for vedtektsendring.
Styret består av 5 medlemmer og 1 (2) varamedlem som vert valde av generalforsamlinga.
Når dei tilsette kan krevje representasjon i styret etter lova, kjem denne representanten inn blant dei 5 styremedlemmene nemnd i avsnittet ovanfor. Denne representanten skal ha personleg varamedlem og begge representantane vert valde av og blant dei tilsette.
Styret sin leiar og nestleiar vert valde særskilt for 2 år.
Medlemmene og varamedlemmene til styret vert valde for 2 år.
Styret sine oppgåver følgjer av lov og forskrifter.
Det samla styret kan fungere som sparebanken sitt risiko- og revisjonsutval.
Sparebanken skal ha dagleg leiar. Dagleg leiar vert tilsett av styret.
Dagleg leiar sine oppgåver følgjer av lov og forskrifter.
Generalforsamlinga vel ei valnemnd med 4 medlemmer.
Valnemnda skal førebu fylgjande:
Generalforsamlinga fastset nærare instruks om valnemnda.
Overskotet av Vik Sparebank si verksemd etter frådrag av utdeling av gåver skal leggjast til banken sitt fond.
Overskotsmidlar kan disponerast som utbyttemidlar. Utbytte kan nyttast til utbytte på innskot til grunnfond, gåver til ålmennyttige føremål eller eit fond for slike gåver eller til gåve til ei stifting med ålmennyttige føremål.
Underskot etter resultatrekneskapen for siste rekneskapsår skal først søkj ast dekka ved høveleg overføring frå grunnfondskapitalen, herunder gåvefondet. Underskot som ikkje vert dekka slik, skal dekkast ved overføring frå kompensasjonsfondet. Ytterlegare underskot vert dekka ved nedsetjing av annan kapital.
Endring av desse vedtektene kan vedtakast av generalforsamlinga. Vedtak om å endre vedtektene i Vik Sparebank krev tilslutnad frå minst to tredeler av røstene.
Generalforsamlinga tek stilling til styret sitt forslag om avvikling av Vik Sparebank. Vedtak om avvikling vert fatta med same fleirtal som for vedtektsendringar.
Ved avvikling av Vik Sparebank skal Vik Sparebank sine overskytande midlar etter at alle forpliktingar er dekka, overførast til ei eller fleire sparebankstiftingar.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.