AGM Information • Dec 18, 2018
AGM Information
Open in ViewerOpens in native device viewer
Generalforsamlingane i Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank har vedteke fusjon
Det vert vist til meldingar publisert 12. november 2018 om at styra i Indre Sogn
Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank vedtok å innstilla overfor sine
respektive generalforsamlingar å slå saman bankane, samt melding publisert
23. november 2018 om innkalling til møte i generalforsamlingane i bankane.
Generalforsamlingane i høvesvis Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og
Vik Sparebank har den 18. desember 2018 gitt sin tilslutnad til at bankane
vert slegne saman.
Sjå vedlagt protokoll frå møte i Indre Sogn Sparebank si generalforsamling.
Bankane er i prosess med å søka om nødvendige offentlege løyve til å gjennomføra
fusjonen.
Norne Securities AS og Advokatfirmaet Kvale DA er engasjert som høvesvis felles
finansiell og juridisk rådgivar i samband med samanslåinga.
For ytterlegare informasjon om samanslåinga vert det vist til bankane sitt
informasjonsdokument som vart offentleggjord 12. november 2018.
Informasjonsdokumentet er lagt ut på Oslo Børs 12.12.2018 og på bankane sine
heimesider.
Kontaktinformasjon:
Adm. banksjef Egon M. Moen, tlf: 900 82 415
Styreleiar Morten Kristiansen, tlf: 908 28 429
Aurland Sparebank:
Banksjef Gunnar Skahjem, tlf: 913 74 994
Styreleiar Arve Tokvam, tlf: 907 85 950
Vik Sparebank:
Banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf: 909 50 615
Styreleiar Olav Vikøren, tlf: 917 10 403
Denne opplysningen er informasjonspliktig etter Oslo Børs sine løpande
forpliktingar og verdipapirhandellova § 5-12.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.