Earnings Release • Feb 14, 2020
Earnings Release
Open in ViewerOpens in native device viewer
Sogn Sparebank - Delårsrapport 4. kvartal 2019
Aurland Sparebank, Indre Sogn Sparebank og Vik Sparebank fusjonerte den
1. april 2019 og vart Sogn Sparebank.
1. SAMANDRAG
Sogn Sparebank legg fram eit driftsresultat før tap på 55,7 mill. kroner pr. 31.12.2019.
Rekneskapen til Sogn Sparebank ber preg av kostnader i samband med nedskrivingar samt omstilling og fusjon. Morbanken har pr. 31.12.2019 kostnadsført nedskrivingar på utlån og garantiar med 24,3 mill. kroner. Pr. 31.12.2019 utgjer eksterne fusjonskostnader omlag 10,3 mill. kroner. Styret legg til grunn at resultat og nøkkeltal for 2019 er påverka av desse kostnadane.
Driftsresultatet etter skatt gir ein eigenkapitalavkastning pr. 31.12.2019 på 4,5 %.
Totalresultatet pr. 31.12.2019 var 31,4 mill. kroner.
Resultat pr. eigenkapitalbevis i morbank er NOK 5,78. Styret tilrår eit utbyte på NOK 3,00 pr. eigenkapitalbevis og NOK 2,78 pr. eigenkapitalbevis til utjamningsfondet for rekneskapsåret 2019.
2. 4. KVARTAL 2019 FORHOLDSTAL*
Resultat før tap: 55,7 mill. kroner
Resultat etter skatt: 28,7 mill. kroner
Eigenkapitalavkastning: 4,5 %
Rentenetto: 104,9 mill. kroner/1,7 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital
Kostnader i forhold til inntekter: 67,9 %
Kostnader i forhold til inntekter justert for eksterne fusjonskostnader: 61,0 %
Rein kjernekapitaldekning: 23,0 %
Konsolidert rein kjernekapitaldekning: 22,3 %
Forteneste pr. eigenkapitalbevis morbank: 5,78 kroner
Utlånsvekst siste 12 mnd. proformatal: 2,4 %
Innskotsvekst siste 12 mnd. proformatal: 2,9 %
*For samanlikning med 31.12.2018, sjå proformarekneskap under punkt hovudtal konsern og note 11 i delårsrapport og rekneskap 4. kvartal 2019.
3. HOVUDRAPPORT:
Styret sin delårsrapport og rekneskap 4. kvartal 2019.
4. KONTAKTPERSONAR:
Adm. banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf. 90950615
Ass. banksjef Gunnar Skahjem, tlf. 91374994
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.