Audit Report / Information • Mar 25, 2020
Audit Report / Information
Open in ViewerOpens in native device viewer

Til generalforsamlinga i Sogn Sparebank
Vi har revidert Sogn Sparebank sin årsrekneskap som er samansett av:
Etter vår meining:
Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, medrekna dei internasjonale revisjonsstandardane International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne i Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjon av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet og konsernet slik det er krav om i lov og forskrift, og har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.
Sentrale tilhøve ved revisjonen er dei tilhøva vi meiner var av størst betyding ved revisjonen av årsrekneskapen for 2019. Desse tilhøva blei handtert då revisjonen vart utførd og då danna vi oss ei meining om årsrekneskapen totalt sett. Vi konkluderer ikkje særskilt på desse tilhøva.
PricewaterhouseCoopers AS, Sandviksbodene 2A, Postboks 3984 - Sandviken, NO-5835 Bergen T: 02316, org. no.: 987 009 713 MVA, www.pwc.no Statsautoriserte revisorer, medlemmer av Den norske Revisorforening og autorisert regnskapsførerselskap

Utlån utgjer ein vesentleg del av eigendelane i balansen. Vurdering av nedskrivingar er basert på eit modellbasert rammeverk med element som krev at leiinga brukar skjønn. Rammeverket er komplekst og omfattar store mengder data og skjønsmessige parameter.
Vi fokuserer på verdsetting av utlån på grunn av innverknaden nedskrivingsvurderingane har for verdien, og det faktum at bruk av skjønn har ein potensiell verknad på resultatet for perioden. I tillegg er det ein ibuande risiko for feil på grunn av kompleksiteten og mengda data som vert nytta i modellen.
I samsvar med IFRS 9 skal nedskrivingane på utlån bygge på meir framoverskuande vurderingar, slik at nedskrivingane reflekterer forventa tap.
Bruk av modellar for å rekne ut venta kredittap omfattar bruk av skjønn. Vi har særleg fokusert på:
I tillegg vert det gjort individuelle avsetningar for utlån der det ligg føre objektive indikasjonar på verdifall. Denne vurderinga krev også at leiinga brukar skjønn.
Sentrale tilhøve ved revisjonen Korleis vi i vår revisjon handterte sentrale tilhøve ved revisjonen
Ved vår revisjon av tapsavsetningane har vi vurdert og testa utforminga og effektivteten av kontrollar for kvalitetssikring av nytta føresetnader og utrekningsmetodar. Vidare har vi testa detaljar både i avsetningane som er utrekna ved bruk av modellen og i avsetningane som er utrekna individuelt.
Vi har opparbeidd oss ein detaljert forståing av prosessen og testa relevante kontrollar retta mot å sikre:
Vår testing av kontrollane ga ingen indikasjon på vesentlege feil i modellen eller avvik frå IFRS 9.
Vårt arbeid omfatta også testar retta mot banken sine finansielle rapporteringssystem som var relevante for finansiell rapportering. Banken nyttar eksterne serviceleverandørar for å drifte enkelte sentrale kjerne it-system. Revisor hos dei relevante serviceorganisasjonane er nytta til å evaluere design og effektivitet av og teste etablerte kontrollar som skal sikre integriteten av IT-systema som er relevant for finansiell rapportering. Revisor sin testing omfattar mellom anna om sentrale utrekningar gjort av kjernesystema vart utført i samsvar med forventningane, under dette utrekning av rente og amortiseringar. Testinga omfatta også integriteten av data, endringar av og tilgang til systema.
For å ta stilling til om vi kunne legge informasjonen i revisor sine rapportar til grunn for våre vurderingar, forsikra vi oss om kompetansen og objektiviteten til revisor og gjekk gjennom tilsende rapportar og vurderte mogelege avvik og tiltak. Vi har også sjølv gjennomført testing av tilgangskontrollar til ITsystem og arbeidsdeling der det var nødvendig av

omsyn til våre eigne konkrete revisjonshandlingar.
Våre vurderingar og testar underbygger at vi kunne legge til grunn at data som vert handtert i- og utrekningar som vert gjort av banken sine kjernesystem var å lite på. Dette var eit nødvendig grunnlag for vår revisjon.
For utlån der nedskrivingsbeløp var individuelt utrekna testa vi eit utval ved å vurdere realisasjonsverdien som leiinga hadde lagt til grunn for å underbygge utrekninga av nedskrivingsbeløpet. Vi utfordra dei føresetnadane som leiinga hadde lagt til grunn ved å intervjue kredittmedarbeidarar og leiinga. Vidare testa vi om utlån med individuelle tapsavsetningar var korrekt klassifisert i modellen og vurderte rimelegheita av dei totale tapsavsetningane.
Avvik som vart avdekka i vår testing var ikkje vesentlege.
Konsernet sin og morbanken sin note 2, note 5 og note 6 til note 13 til rekneskapen er relevante for å skildre banken sin tapsmodell og for å skildre korleis banken estimerer tapsavsetningane sine etter IFRS 9. Vi har lest notane og fann at informasjonen knytt til tapsmodell, ulike parametre og skjønnsmessige vurderingar var tilstrekkeleg og dekkande.
Leiinga er ansvarleg for ytterlegare informasjon. Ytterlegare informasjon omfattar informasjon i årsrapporten bortsett frå årsrekneskapen og den tilhøyrande revisjonsmeldinga.
Vår fråsegn om revisjonen av årsrekneskapen dekkjer ikkje ytterlegare informasjon, og vi attesterer ikkje den ytterlegare informasjonen.
I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det oppgåva vår å lese den ytterlegare informasjonen for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom han og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om han tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon.
Dersom vi konkluderer med at den ytterlegare informasjonen inneheld vesentleg feilinformasjon er vi pålagde å rapportere det. Vi har ikkje noko å rapportere i så måte.
Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarlege for å utarbeide årsrekneskapen i samsvar med lov og forskrifter, og for at han gir eit rettvisande bilete i samsvar med International Financial Reporting Standards som fastsett av EU. Leiinga er også ansvarleg for naudsynt intern kontroll for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta.

Ved utarbeidinga av årsrekneskapen er leiinga ansvarleg for å ta standpunkt til selskapet og konsernet si evne til å halde fram med drifta, og opplyse om tilhøve av betyding for dette. Føresetnaden om at drifta kan halde fram, skal leggjast til grunn for årsrekneskapen med mindre leiinga enten har til hensikt å avvikle konsernet eller legge ned verksemda, eller ikkje har noko realistisk alternativ til dette.
Målet med revisjonen er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ein høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, og ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Feilinformasjon blir vurdert som vesentleg dersom han, åleine eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke økonomiske avgjerder som brukarane tar basert på årsrekneskapen.
Som del av ein revisjon i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, og ISA-ane, utøver vi profesjonelt skjønn og viser profesjonell skepsis gjennom heile revisjonen. I tillegg:

• innhentar vi tilstrekkeleg og formålstenleg revisjonsbevis knytt til den finansielle informasjonen til einingane eller forretningsområda i konsernet for å kunne gi uttrykk for ei meining om den konsoliderte årsrekneskapen. Vi er ansvarlege for å leie, følge opp og gjennomføre konsernrevisjonen. Vi åleine er ansvarlege for vår revisjonskonklusjon.
Vi kommuniserer med styret mellom anna om det planlagde omfanget av revisjonen og til kva tid revisjonsarbeidet skal utførast. Vi utvekslar også informasjon om tilhøve av betyding som vi har avdekka i løpet av revisjonen, samt om eventuelle svakheiter av betyding i den interne kontrollen.
Vi gir styret ei melding om at vi har etterlevd relevante etiske krav til uavhengighet, og om at vi har kommunisert og vil kommunisere med dei alle relasjonar og andre tilhøve som innanfor rimelege grenser kan tenkjast å kunne påverke uavhengigheten vår, og, der det er relevant, om tilhøyrande åtgjerder.
Av dei sakene vi har kommunisert med styret, tar vi standpunkt til kva for saker som var av størst betyding for revisjonen av årsrekneskapen for den aktuelle perioden, og som derfor er sentrale tilhøve ved revisjonen. Vi omtaler desse sakene i revisjonsmeldinga om ikkje lov eller forskrift hindrar at saka vert gjort offentleg, eller dersom vi, i ekstremt sjeldne tilfelle, avgjer at ei sak ikkje skal omtalast i revisjonsmeldinga sidan ein må rekne med at dei negative følgjene av ei slik offentleggjering innanfor rimelege grenser oppveg allmenta si interesse av at saka vert omtala.
Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er beskriven ovanfor, meiner vi at opplysningane i årsmeldinga og i utgreiingane om føretaksstyring og samfunnsansvar om årsrekneskapen, føresetnaden om at drifta skal halde fram og framlegget til resultatdisponering er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrifter.
Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er beskriven ovanfor, og kontrollhandlingar vi har funne nødvendige etter internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt plikta si til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av selskapet sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.
Bergen, 24. mars 2020 PricewaterhouseCoopers AS
Jon Haugervåg Statsautorisert revisor

| 4JHOFST | ||
|---|---|---|
| /BNF | .FUIPE | %BUF |
| Haugervåg, Jon | BANKID_MOBILE | 2020-03-25 14:11 |
This document package contains:


This "le is sealed with a digital signature. The seal is a guarantee for the authenticity of the document.
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.