AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

Notice of Dividend Amount Apr 15, 2020

3748_10-k_2020-04-15_b5f96958-c29b-4fd1-b93a-35bdf7546f43.html

Notice of Dividend Amount

Open in Viewer

Opens in native device viewer

Revidert utbytteinformasjon

Revidert utbytteinformasjon

Styret i Sogn Sparebank foreslår å utsette utbytte for 2019.

Med bakgrunn i signaler frå Finansdepartementet og Finanstilsynet om restriksjonar på utdeling av utbytte føreslår styret overfor generalforsamlinga som har møte 15.04.2020, at det på noverande tidspunkt ikkje vert utbetalt utbytte for 2019.

Styret føreslår for generalforsamlinga å fatte følgjande vedtak:

Generalforsamlinga har handsama styret si årsmelding, årsrekneskap med notar og revisjonsberetning for Sogn Sparebank morbank og konsern for 2019.

Generalforsamlinga fastset resultatrekneskapen for konsern som viser eit overskot på 31,4 mill. kroner og for Sogn Sparebank (morbank) som viser et overskot på 30,8 mill. kroner, som banken sitt rekneskap for 2019.

Årsoverskotet for Sogn Sparebank (morbank) på 30,8 mill. kroner vert disponert som følgjer:

Opphaveleg framlegg 31.12.2019 Nytt framlegg 31.12.2019

Utbytte 1,898 mill. kroner 0,000 mill. kroner

Overført til utjamningsfond 1,583 mill. kroner 3,657 mill. kroner

Overført til gåvefond 2,417 mill. kroner 2,417 mill. kroner

Overført til sparebankfondet 19,836 mill. kroner 19,836 mill. kroner

Urealiserte gevinstar 2,684 mill. kroner 2,684 mill. kroner

Renter hybridkapital 2,234 mill. kroner 2,234 mill. kroner

Sum disponert 30,828 mill. kroner 30,828 mill. kroner

Hovudoppstillingane i årsrekneskapen for 2019 og hovudtrekka i notane er upåverka av styret sitt nye framlegg til utbytte. Einskilde nøkkeltal endrast og desse er vist i tabellen nedanfor. Styret sitt nye framlegg til utbytte vil heller ikkje påverka revisjonsberetninga for 2019.

Nøkkeltal som vert påverka Opphaveleg framlegg 31.12.2019 Nytt framlegg 31.12.2019

Rein kjernekapitaldekning 22,31 % 22,36 %

Kjernekapitaldekning 23,63 % 23,68 %

Kapitaldekning 23,97 % 24,02 %

Uvekta kjernekapitaldel 10,74 % 10,76 %

Utbytte pr. bevis 3,00 kroner 0,00 kroner

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med:

Adm. banksjef Mads Indrehus, mobil: 909 50 615

Ass. banksjef Gunnar Skahjem, mobil 913 74 994

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.