AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

AGM Information Nov 4, 2020

3748_rns_2020-11-04_a57a0919-8574-4985-b5a9-0056db34f300.pdf

AGM Information

Open in Viewer

Opens in native device viewer

Instruks hovudvalnemnd § 5-1 Sogn Sparebank

1 Instruks for hovudvalnemnd §5-1 til banken si generalforsamling

1-1 Hovudvalnemnd § 5-1 for generalforsamlinga sitt val

Generalforsamlinga vel ei hovudvalnemnd med 5 medlemar og 1 varamedlem for 2 år. Hovudvalnemnda skal ha representantar frå alle grupper som er representert i generalforsamlinga, av desse skal det vera ein representant frå kvar av dei lokale valnemndene i § 5-2, og skal veljast som følgjer:

Valperiode
HOVUDVALNEMND
MEDLEMAR
Kommunevald/kundevalde 1 representant 2 representantar
Eigenkapitalbeviseigarvald 1 representant
Tilsettevald representant
VARAMEDLEMAR
1. Varamedlem til valnemnd representant
  • Leiar for valnemnda skal veljast særskilt for to år blant medlemane i same nemnd, første perioden.
  • Kommune-/kundevalde vel 1 person frå kvart område Aurland, Lærdal/Årdal og Vik.

1-2 Hovudvalnemnda sitt arbeid

Hovudvalnemnda skal førebu vala til eigenkapitaleigarane, styret, hovudvalnemnd § 5-1 og lokale valnemnder § 5-2 i samråd med banken sin administrasjon.

Hovudvalnemnda skal samordna og kome med framlegg til alle val til generalforsamlinga, styret og lokale valnemnder.

Retningslinjer for valbare styremedlemar, valperiode, tal styremedlemar og varamedlemar til styret som skal veljast går fram av banken sine vedtekter § 4- 1.1.

Det er krav til 40 % kjønnsfordeling i styret. Tilsetterepresentant/ar skal reknast for seg. Ved 1 medlem er det ikkje krav til kjønn, ved 2 medlemar må det vera ei kvinne og ein mann. Tilsvarande gjeld for varamedlemar til styret.

Hovudvalnemnda har følgjande oppgåver:

  • a) Velja leiar i hovudvalnemnda for 2 år, første periode.
  • b) Førebu eigenkapitalbeviseigarane sitt val av medlemer til generalforsamlinga, jf. banken sine vedtekter § 3-1, § 3-2, § 3-3 og § 3-7.
  • Retningslinjer for valbare eigenkapitalbeviseigarar går fram av banken sine vedtekter § 3-3 og § 3-7.
  • Valperiode og tal eigenkapitalbeviseigarar som skal veljast går fram av banken sine vedtekter § 3-7.
  • c) Samordna alle val, kundevalde, kommunevalde, eigenkapitalbeviseigarvalde og tilsettevalde representantar til generalforsamlinga.
  • d) Førebu val av leiar og nestleiar til generalforsamlinga i samsvar med banken sine vedtekter § 3-10.

Sogn Sparebank Instruks valnemnd 3

  • Valperiode går fram av banken sine vedtekter § 3-10.
  • e) Førebu og gjere framlegg til generalforsamlinga sitt val av styremedlemar, varamedlemar til styret, og val av styreleiar og nestleiar i styret, jf. banken sine vedtekter § 4-1.1.
  • Førebu eigenkapitalbeviseigarane sitt val av styremedlem og varamedlem til styret for generalforsamlinga, og samordna val til generalforsamlinga.
  • Ta i mot lokale valnemnder sine framlegg til medlemar og varamedlemar til styret, og gjere eige framlegg til valet i generalforsamlinga.
  • Ta i mot dei tilsette sine framlegg til medlemar og varamedlem til styret, og samordna val til generalforsamlinga.

Hovudvalnemnda skal orientera om kandidatane si erfaring og kompetanse. Innstillinga skal grunngjevast og innehalda relevant informasjon om kandidatane med mellom anna informasjon om kompetanse, kapasitet og uavhengigheit.

  • f) Hovudvalnemnda skal gjera framlegg om medlemar til hovudvalnemnda, jf. banken sine vedtekter § 5-1.
  • g) Hovudvalnemnda skal gjera framlegg om medlemar til lokale valnemnder, jf. banken sine vedtekter § 5-1.
  • h) Hovudvalnemnda er vedtaksfør når leiar i hovudvalnemnda og minst to medlemar er til stades. Medlemene skal så langt det let seg gjere gjevast høve til å delta i handsaminga.

  • i) Innstillingane frå hovudvalnemnda til generalforsamlinga skal liggja føre i tide slik at dei kan leggjast fram for valmøte til eigenkapitalbeviseigarane, og for generalforsamlinga.

  • j) Innstillingane blir gjort kjent for medlemane i generalforsamlinga og eigenkapitalbeviseigarane på Sogn Sparebank sine nettsider samtidig med utsending av innkalling til generalforsamlinga per e-post. Eigenkapitalbeviseigarar og medlemar av generalforsamlinga som ber om det, vil få innstillinga tilsendt per post.
  • k) Det skal førast protokoll over vala. I protokollen skal førast:
  • tidspunkta for vala,
  • valnemnda sin samansetnad,
  • resultatet av vala,
  • protokollen skal underteiknast av valnemnda sine medlemar.
  • l) Hovudvalnemnda si innstilling til generalforsamlinga, som og skal kunngjerast på banken si heimeside og på Oslo Børs, inneheld ein kandidat pr. verv. Dvs. den kandidaten som har fleirtal i hovudvalnemnda.
  • m) Dersom innstillinga ikkje er samrøystes i hovudvalnemnda, skal leiar i hovudvalnemnda gjera greie for prosess og kandidatar på generalforsamlinga i lukka møte.

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.