Capital/Financing Update • Dec 18, 2020
Capital/Financing Update
Open in ViewerOpens in native device viewer
Sogn Sparebank og Eika Alliansen har inngått avtale med TietoEvry om framtidig kjernebankløysing.
Sogn Sparebank varsla 14.12.2020 om ein opsjonsavtale med TietoEVRY som banken har hatt saman med dei andre bankane i Eika Alliansen. I dag har banken inngått avtalen med TietoEVRY som dermed blir banken sin framtidige leverandør av kjernebankløysingar.
Som tidlegare varsla har avtalen ein varigheit på fem år med mogelegheit for forlenging på totalt fire år. Avtalen vil styrkje banken si langsiktige konkurransekraft, gjennom betydeleg kostnadseffektivisering, styrka utviklingskraft og auka strategisk fleksibilitet.
Avtalen med TietoEVRY er berekna å gje alliansebankane i Eika ein samla årleg effektivisering i kostnadar på om lag 40 prosent tilsvarande NOK 220-250 millionar. Berekna attendebetalingstid for bankane er mellom fire og fem år. Avhengig av bankane si rekneskapsmessige handtering av investeringa, vert hovuddelen av investeringa forventa å komme i perioden 2020-22, medan full innsparing vert forventa oppnådd frå og med seinast 2024. Det vert arbeidd med å sjå på den rekneskapsmessige handsaminga av avtalen. Dette vil verte kommunisert i samband med framlegging av rekneskapen for 4. kvartal 2020.
Overgangen til TietoEVRY sine løysningar er forventa gjennomført i 2022-23. Det vert arbeidd med å fastsetje ein endelig konverteringsplan. Denne vil vere klar i løpet av 1. kvartal 2021.
Kontaktpersonar:
Adm. Banksjef Mads Indrehus, tlf. 909 50 615
Ass. Banksjef Gunnar Skahjem, tlf. 913 74 994
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.