AGM Information • Jan 21, 2022
AGM Information
Open in ViewerOpens in native device viewer
I samsvar lov om Finansføretak og finanskonsern § 8-2, og banken sine vedtekter § 3-7 og § 4-1.1, skal det haldast valmøte for eigenkapitalbeviseigarar i Sogn Sparebank
Onsdag 16. februar kl. 19.00
Valmøte vert halde i Statsråd Evensensveg 8 på Årdalstangen, og via Teams.
| TID: | Onsdag 16. februar kl. 19.00 |
|---|---|
| STAD: | Banken sine lokale på Årdalstangen og via Teams |
| SAKLISTE: | |
| 01.2021 | Opning |
| 02.2021 | Val av møtelejar |
| 03.2021 | Val av 2 personar til å underteikna protokollen saman med møteleiar |
| 04.2021 | Val av 2 personar til teljekorps |
| 05.2021 | Val |
MEDLEM FRÅ EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE TIL GENERALFORSAMLINGA a) 2 medlem eigenkapitalbeviseigarvald for perioden 2022-2025
SUPPLERINGSVAL MEDLEM FRÅ EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE TIL GENERALFORSAMLINGA a) 1 medlem eigenkapitalbeviseigarvald for perioden 2022-2023
VARAMEDLEM FRÅ EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE TIL GENERALFORSAMLINGA b) 1 varamedlem eigenkapitalbeviseigarvald for perioden 2022-2025
VARAMEDLEM FRÅ EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE TIL STYRET c) 1 varamedlem eigenkapitalbeviseigarvald for perioden 2022-2023 1 varamedlem eigenkapitalbeviseigarvald for perioden 2022
SUPPLERINGSVAL MEDLEM FRÅ EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE TIL SENTRAL VALNEMND d) 1 medlem eigenkapitalbeviseigarvalde for perioden 2022
Sparebankane si styringsform gjer dei til dei mest demokratiske styrde av alle finansinstitusjonar. Generalforsamlinga i Sogn Sparebank er banken sitt høgste organ og har dei same oppgåvene som generalforsamlinga i eit aksjeselskap. 12 av representantane blir valde av kundane, 6 blir valde av dei tilsette, 9 blir valde av kommunestyra i Aurland, Årdal, Lærdal og Vik, og 7 blir valde av eigenkapitalbeviseigarane.
Eigenkapitalbeviseigarar Sogn Sparebank som er registrert i Verdipapirsentralen. Kvart eigenkapitalbevis gir ei stemme. Ingen kan etter vedtektene avgi stemmer for eigenkapitalbevis som representerer meir enn 10 % av Sogn Sparebank sine totale utsteda eigenkapitalbevis.
Reglar om konsolidering av eigarerandeler føl av lov om Finansføretak og finanskonsern § 6-5.
Frist for å kome med framlegg til kandidatar er 01.02.2022. Valnemnda sitt framlegg vert lagt ut på banken si heimeside www.sognbank.no.
Påmelding til møte:
Eigenkapitalbeviseigarar som sjølv vil delta på møtet, må senda utfylt påmeldingsskjema til e-post [email protected]
Påmeldinga kan og sendast pr. post til: Sogn Sparebank Att: Anette Huun Jevnaker Statsråd Evensens veg 8 6885 Årdalstangen
For å kunna delta på valet, må påmelding vera registrert motteke innan tysdag 15. februar 2022 kl. 12.00.
Skal du ginokon fullmakt på dine vegne fyll ut fullmaktsskjema, og send det enten til postadressa over, eller e-post: [email protected], innan same frist.
Roy Egil Stadheim (s.) Leiar i generalforsamlinga Sogn Sparebank
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.