AGM Information • Apr 6, 2022
AGM Information
Open in ViewerOpens in native device viewer


Sogn Sparebank er eit resultat av ei samanslåing av Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank, vedteke av bankane sine generalforsamlingar 18. desember 2018.
Lærdal Sparebank, skipa i 1860, Årdal Sparebank, skipa i 1906, og Borgund Sparebank skipa i 1915, vart samde om å fusjonera i 1971. Som ei følgje av dette, vart Indre Sogn Sparebank etablert i 1972.
Aurland Sparebank vart skipa 18. mai 1883.
Vik Sparebank vart skipa 06. juni 1846.
Sogn Sparebank har forretningskontoret sitt i Årdal kommune.
Sparebanken har til føremål å utføra forretningar og tenester som det er vanleg eller naturleg at sparebankar kan utføra i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande lovgiving, og til ei kvar tid gjevne konsesjonar.

Ingen har krav på utbyte frå verksemda til banken utover eventuell forrenting av banken sin eigarandelskapital.
Sparebanken har høve til å ferda ut omsettelege eigenkapitalbevis. Eigenkapitalbevisa skal vera registrert i Verdipapirsentralen.
(1) Sogn Sparebank sin eigarandelskapital utgjer NOK 31.625.000,- fordelt på 632.500 eigenkapitalbevis pålydande NOK 50,- fullt innbetalt.

Sparebanken skal ha ei generalforsamling som skal sjå til at banken verkar etter føremålet sitt i samsvar med lov, føreskrifter, vedtekter og generalforsamlinga sine vedtak. Generalforsamlinga er den øvste avgjerdsmakta i sparebanken.
Generalforsamlinga skal ha 34 medlemer med 18 varamedlemer. Generalforsamlinga sine medlemer og varamedlemer møter personleg. Det er ikkje høve til å møta ved fullmektig eller med rådgjevar.
Leiar av generalforsamlinga har ansvar for innkalling til generalforsamlinga og valmøtet til EK bevis eigarane.
Leiar av generalforsamlinga samrår med leiar av sentral valnemnd om gjennomføring.

Generalforsamlinga til sparebanken skal vera samansett av:
Alle val i samsvar med fordelinga som går fram av § 3-5.

Myndige personar kan veljast som medlemer av generalforsamlinga.
Medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga skal veljast for 4 år. Minst tre firedelar av medlemane skal vera personar som ikkje er tilsett i banken.
Generalforsamlinga fastset nærare instruks om vala.

(4) 12 medlemer og 6 varamedlemer som skal veljast av og blant sparebanken sine kundar, skal veljast som følgjer:
| VALPERIODE | ||||
|---|---|---|---|---|
| KUNDEVALDE | 1 | 2 | 3 | 4 |
| MEDLEMER | ||||
| Aurland kommune | 1 representant | 1 representant | 1 representant | 1 representant |
| Årdal kommune | 1 representant | 1 representant | 1 representant | |
| Lærdal kommune | 1 representant | |||
| Vik kommune | 1 representant | 1 representant | 1 representant | 1 representant |
| VARAMEDLEMAR | ||||
| Aurland kommune | 1 representant | 1 representant | ||
| Årdal kommune | 1 representant | |||
| Lærdal kommune | 1 representant | |||
| Vik kommune | 1 representant | 1 representant |
(5) Val etter denne paragraf skjer på valdagar innan utgangen av februar.
(1) Kommunestyra i Årdal, Lærdal, Aurland og Vik skal til saman velja 9 medlemer og 6 varamedlemer som følgjer:
| VALPERIODE | ||||
|---|---|---|---|---|
| KOMMUNEVALDE | 1 | 2 | 3 | 4 |
| MEDLEMER | ||||
| Aurland kommune | 3 representantar | |||
| Årdal kommune | 2 representantar | |||
| Lærdal kommune | 1 representant | |||
| Vik kommune | 3 representantar | |||
| VARAMEDLEMAR | ||||
| Aurland kommune | 2 representantar | |||
| Årdal kommune | 1 representant | |||
| Lærdal kommune | 1 representant | |||
| Vik kommune | 2 representantar |
(2) Val etter denne paragraf må haldast innan utgangen av februar.
(3) Leiar i den sentrale valnemnda har ansvar for å varsle kommunane dersom det må gjennomførast suppleringsval

Dei faste tilsette i sparebanken har stemmerett ved val av dei tilsette sine medlemer til sparebanken si generalforsamling. Adm. Banksjef har ikkje stemmerett.
Dei tilsette i sparebanken kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for dei tilsette.
(1) Dei tilsette skal velja 6 medlemer og 3 varamedlemer av og blant tilsette som følgjer:
| VALPERIODE | ||||
|---|---|---|---|---|
| TILSETTEVALDE | 1 | 2 | 3 | 4 |
| MEDLEMER | ||||
| Tilsette | 2 representantar | 2 representantar | 2 representantar | |
| VARAMEDLEMAR | ||||
| Tilsette | 1 representant | 1 representant | 1 representant |
(2) Val etter denne paragraf må haldast innan utgangen av februar.

Eigarar av eigenkapitalbevis i sparebanken har stemmerett og kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for eigenkapitalbeviseigarane.
(1) Eigenkapitalbeviseigarane skal velja 7 medlemer og 3 varamedlemer i eigenkapitalbeviseigarane sitt valmøte. Desse skal veljast av og blant eigarane av eigenkapitalbevis, som følgjer:
| VALPERIODE | ||||
|---|---|---|---|---|
| EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE | 1 | 2 | 3 | 4 |
| MEDLEMER | ||||
| Eigenkapitalbeviseigar | 2 representantar | 1 representant | 2 representantar | 2 representantar |
| VARAMEDLEMAR | ||||
| Eigenkapitalbeviseigar | 1 representant | 1 representant | 1 representant |
(2) Val etter denne paragraf må haldast innan utgangen av februar.
Ingen kan på møte for eigenkapitalbeviseigarane avgi stemmer for eigenkapitalbevis som representerer meir enn 10 % av Sogn Sparebank sine totale utsteda eigenkapitalbevis.
Eigenkapitalsbeviseigarar som vil delta i valet etter § 3–7 skal melda seg i banken innan ein viss frist som skal stå i innkallinga. Fristen skal ikkje gå ut tidlegare enn tre bankdagar før valet skal haldast. Har ein eigenkapitalbeviseigar ikkje meldt seg i rett tid, kan han nektast høve til å vera med i valet.

Ordinær generalforsamling skal haldast innan utgangen av april månad kvart år. Generalforsamlinga vert kalla inn av styret.
Informasjon om innkallinga med saksvedlegg skal sendast medlemane i generalforsamlinga elektronisk, om ikkje anna er avtala, seinast 21 dagar før møtet.
Når dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga er gjort tilgjengeleg for medlemane på sparebanken si heimeside, gjeld ikkje lova sine krav om at dokumenta skal sendast til medlemane av generalforsamlinga. Dette gjeld òg dokument som etter lov skal takast inn i eller leggjast ved innkallinga til generalforsamlinga. Eit medlem av generalforsamlinga kan likevel krevja å få tilsendt dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga.
Kvart medlem av generalforsamlinga har ei stemme.
Avgjerder i generalforsamlinga vert fatta ved fleirtal av dei stemmer som er gitt med mindre noko anna går fram av desse vedtektene. Står stemmetalet likt, gjeld det som møteleiaren sluttar seg til.

På den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:
Vedtak om eller fullmakt til å oppta ansvarleg lån eller annan framandkapital vert fatta av generalforsamlinga med fleirtal som for vedtektsendring.
Styret er sett saman av 9 medlemer med inntil 6 varamedlemer som skal veljast for 2 år av generalforsamlinga, likevel slik at eit tal medlemer og varamedlemer valde av og blant dei tilsette er i samsvar med finansføretakslova. Eigenkapitalbeviseigarane har 1 representant i styret og 2 varamedlemmar.

| VALPERIODE | ||
|---|---|---|
| STYRET | 1 | 2 |
| MEDLEMER | ||
| Styremedlem føreslått av Årdal/Lærdal | 1 representant | 1 representant |
| Styremedlem føreslått av Aurland | 1 representant | 1 representant |
| Styremedlem føreslått av Vik | 1 representant | 1 representant |
| Styremedlem eigenkapitalbeviseigar | 1 representant | |
| Styremedlem tilsette | 1 representant | 1 representant |
| VARAMEDLEMAR | ||
| Varamedlem føreslått av Årdal/Lærdal | 1 representant | |
| Varamedlem føreslått av Aurland | 1 representant | |
| Varamedlem føreslått av Vik | 1 representant | |
| Varamedlem eigenkapitalbeviseigar | 1 representant | 1 representant |
| Varamedlem tilsette | 1 representant |
Representantar til styret skal veljast som følgjer:
Styret sine oppgåver følgjer av lov og føreskrifter.

Banken skal ha eit revisjons- og risikoutval som skal veljast av og blant medlemane i styret.
Revisjons- og risikoutvalet skal samla ha den kompetansen som ut i frå banken sin organisasjon og verksemd er nødvendig for å ivareta oppgåvene sine. Minst eitt av medlemane i revisjons- og risikoutvalet skal vera uavhengig av verksemda og ha kvalifikasjonar innan rekneskap eller revisjon. Styremedlemar som er leiande tilsette, kan ikkje veljast til medlemer av revisjons- og risikoutvalet.
Revisjons- og risikoutvalet skal:
Sparebanken skal ha dagleg leiar. Dagleg leiar har tittel adm. banksjef og vert tilsett av styret.
Oppgåvene til adm. banksjef følgjer av lov og føreskrifter.

Generalforsamlinga vel ei sentral valnemnd med 5 medlemer, samt 1 varamedlem for kvart fast medlem for 2 år. Den sentrale valnemnda skal ha representantar frå alle grupper som er representert i generalforsamlinga, av desse skal det vera ein representant frå kvar av dei lokale valnemndene i § 5-2, og skal veljast som følgjer:
| VALPERIODE | ||
|---|---|---|
| VALNEMND | 1 | 2 |
| MEDLEMER | ||
| Kommunevald/kundevald | 1 representant | 2 representantar |
| Eigenkapitalbeviseigarvald | 1 representant | |
| Tilsettevald | 1 representant | |
| VARAMEDLEMAR | ||
| Varamedlem kommunevald/kundevald | 2 representantar | 1 representant |
| Veramedlem eigenkapitalbeviseigarvald | 1 representant | |
| Varamedlem tilsettevald | 1 representant |
• Leiar for den sentrale valnemnda skal veljast særskilt for to år blant medlemane i valnemnda, første perioden.
Den sentrale valnemnda § 5-1 skal:

Generalforsamlinga fastset nærare instruks for den sentrale valnemnda § 5-1.
Generalforsamlinga vel tre lokale valnemnder for områda Aurland, Årdal/Lærdal og Vik. Valnemnda skal ha representantar frå kommunevalde, kundevalde og tilsettevalde grupper som er representert i generalforsamlinga, og skal veljast som følgjer:
| VALPERIODE | ||
|---|---|---|
| LOKAL VALNEMND AURLAND | 1 | 2 |
| MEDLEMER | ||
| Kommunevald | 1 representant | |
| Kundevald | 1 representant | |
| Tilsettevald | 1 representant | |
| VARAMEDLEMAR | ||
| 1. varamedlem til valnemnd | 1 representant | |
| 2. varamedlem til valnemnd | 1 representant |
Generalforsamlinga vel 1 medlem frå lokal valnemnd til den sentrale valnemnda i § 5-1. Denne vert også leiar av lokal valnemnd.

| VALPERIODE | |||
|---|---|---|---|
| LOKAL VALNEMND ÅRDAL/LÆRDAL | 1 | 2 | |
| MEDLEMER | |||
| Kommunevald | 1 representant | ||
| Kundevald | 1 representant | ||
| Tilsettevald | 1 representant | ||
| VARAMEDLEMAR | |||
| 1. varamedlem til valnemnd | 1 representant | ||
| 2. varamedlem til valnemnd | 1 representant |
Generalforsamlinga vel 1 medlem frå lokal valnemnd til den sentrale valnemnda i
§ 5-1. Denne vert også leiar av lokal valnemnd.
| VALPERIODE | ||
|---|---|---|
| LOKAL VALNEMND VIK | 1 | 2 |
| MEDLEMER | ||
| Kommunevald | 1 representant | |
| Kundevald | 1 representant | |
| Tilsettevald | 1 representant | |
| VARAMEDLEMAR | ||
| 1. varamedlem til valnemnd | 1 representant | |
| 2. varamedlem til valnemnd | 1 representant |
Generalforsamlinga vel 1 medlem frå lokal valnemnd til den sentrale valnemnda i § 5-1. Denne vert også leiar av lokal valnemnd.
Kvar av dei lokale valnemndene skal koma med forslag til kundevalde representantar til generalforsamlinga og førebu val av desse. Dei lokale valnemndene blir einige om praktisk gjennomføring av kundeval. Ved stemmelikheit på valet blir det avgjort ved loddtrekning.
Dei lokale valnemndene skal koma med forslag til 3 medlemer av styret.

Dei lokale valnemndene sitt arbeid vert sendt sentral valnemnd i § 5-1 for samordning av val til generalforsamlinga.
Generalforsamlinga fastset nærare instruks for dei lokale valnemndene.
Overskotet frå verksemda til banken etter frådrag av utbyte og utdeling av gåver, skal leggjast til banken sitt fond.
Årsoverskot og utbytemidlar skal fordelast mellom grunnfondet til banken og eigarandelskapitalen. Utbytemidlar kan nyttast til utbyte på eigarandelskapitalen, til gåver til ålmennyttige føremål, eller overførast til gåvefond, eller overførast til stifting med ålmennyttig føremål.
Gåver skal fordelast med 34,16 % innanfor kommunane Årdal og Lærdal, 26,49 % innanfor Vik kommune og 39,35 % innanfor Aurland kommune. Ved eventuell framtidig kommunesamanslåing skal noverande kommunegrense leggjast til grunn for gåvetildelinga. Dette skal ikkje vera til hinder for tildeling av inntil 30 % av at dei utdelte gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd eller ynskjer å marknadsføra seg.
Underskot etter resultatrekneskapen for siste rekneskapsår skal først søkast dekka ved forholdsmessig overføring frå grunnfondskapitalen, under dette gåvefondet, og den eigarandelskapitalen som overstig vedtektsfesta eigarandelskapital, under dette utjamningsfondet. Underskot som ikkje vert dekka slik, vert dekka ved forholdsmessig overføring frå overkursfondet og kompensasjonsfondet.

Ytterlegare underskot vert dekka ved nedsetjing av vedtektsfesta eigarandelskapital og eventuelt ved nedsetjing av annan kapital.
Høgaste aldersgrense for administrerande banksjef og andre fast tilsette er 70 år.
Endring av desse vedtektene kan fattast av generalforsamlinga. Avgjerd om vedtektsendring krev tilslutning frå minst to tredelar av dei avgitte stemmene.
Generalforsamlinga tek stilling til forslag frå styret om avvikling av sparebanken. Vedtak om avvikling vert fatta med same fleirtal som for vedtektsendringar.
Ved avvikling av sparebanken, skal dei overskytande midlane etter at alle forpliktingar er dekka, overførast til ein eller fleire sparebankstiftingar.
Dei overskytande midlane blir fordelt med 34,16 % til sparebankstifting innanfor kommunane Årdal og Lærdal, med 26,49 % til sparebankstifting innanfor Vik kommune og med 39,35 % til sparebankstifting innanfor Aurland kommune.

Ved eventuell framtidig kommunesamanslåing skal noverande kommunegrenser leggjast til grunn ved etablering av føresegnene som gjeld føremål for sparebankstiftingane. Vedtak om fordeling skal avgjerast av generalforsamlinga etter innstilling frå medlemer i generalforsamlinga, som er valde frå desse kommunane.
ooo0ooo
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.