Instruks sentral valnemnd § 5-1 Sogn Sparebank
Sogn Sparebank Framlegg endring av instruks sentral valnemnd 78/2022 – 23.03.2022
1 Instruks for sentral valnemnd § 5-1 til banken si generalforsamling
Sentral valnemnd § 5-1 for generalforsamlinga sitt val
Generalforsamlinga vel ei sentral valnemnd med 5 medlemar og 1 varamedlem for kvart faste medlem for 2 år. Sentral valnemnd skal ha representantar frå alle grupper som er representert i generalforsamlinga, av desse skal det vera ein representant frå kvar av dei lokale valnemndene i § 5-2, og skal veljast som følgjer:
|
Valperiode |
|
| HOVUDVALNEMND |
1 |
2 |
| MEDLEMAR |
|
|
| Kommunevald/kundevalde |
1 representant |
2 representantar |
| Eigenkapitalbeviseigarvald |
1 representant |
|
| Tilsettevald |
1 representant |
|
|
|
|
| VARAMEDLEMAR |
|
|
| Varamdlem kommunevald/kundevald |
2 representantar |
1 representant |
| Varamedlem eigenkapitalbeviseigarvald |
|
1 representant |
| Varamedlem tilsettevald |
|
1 representant |
- Leiar for valnemnda skal veljast særskilt for to år blant medlemane i same nemnd, første perioden.
- Kommune-/kundevalde vel 1 person frå kvart område Aurland, Lærdal/Årdal og Vik.
• Varamedlem skal representere same lokale valnemnd eller gruppe som fast medlem.
1-2 Sentral valnemnd sitt arbeid
Sentral valnemnd § 5-1 skal:
- førebu vala til eigenkapitalbeviseigarane, styret, sentral valnemnd § 5-1 og lokale valnemnder § 5-2. Vala skal haldast innan utgangen av februar.
- informere kommunane om evt. behov for Suppleringsval.
- samordne innstilling frå vala til eigenkapitalbeviseigarane og tilsette
- innstille frå lokale område Aurland, Årdal/Lærdal og Vik; styremedlemer og varamedlemer til styret
- innstille leiar og nestleiar i generalforsamlinga
- innstille leiar og nestleiar styret
- innstille sentral valnemnd § 5-1
- innstille lokale valnemnder § 5-2
- gi samla innstilling til alle val i generalforsamlinga
- kome med framlegg til honorar for tillitsvalde
Sentral valnemnd har følgjande oppgåver:
- a) Velja leiar i sentral valnemnd for 2 år, første periode.
- b) Førebu eigenkapitalbeviseigarane sitt val av medlemer til generalforsamlinga, jf. banken sine vedtekter § 3-1, § 3-2, § 3-3 og § 3-7.
- Retningslinjer for valbare eigenkapitalbeviseigarar går fram av banken sine vedtekter § 3-3 og § 3-7.
- Valperiode og tal eigenkapitalbeviseigarar som skal veljast går fram av banken sine vedtekter § 3-7.
- c) Samordna alle val, kundevalde, kommunevalde, eigenkapitalbeviseigarvalde og tilsettevalde representantar til generalforsamlinga.
- d) Førebu val av leiar og nestleiar til generalforsamlinga i samsvar med
banken sine vedtekter § 3-10.
• Valperiode går fram av banken sine vedtekter § 3-10.
Retningslinjer for valbare styremedlemar, valperiode, tal styremedlemar og varamedlemar til styret som skal veljast går fram av banken sine vedtekter § 4- 1.1.
- Det er krav til 40 % kjønnsfordeling i styret. Tilsetterepresentant/ar skal reknast for seg. Ved 1 medlem er det ikkje krav til kjønn, ved 2 medlemar må det vera ei kvinne og ein mann. Tilsvarande gjeld for varamedlemar til styret.
- e) Førebu og gjere framlegg til generalforsamlinga sitt val av styremedlemar, varamedlemar til styret, og val av styreleiar og nestleiar i styret, jf. banken sine vedtekter § 4-1.1.
- Førebu eigenkapitalbeviseigarane sitt val av styremedlem og varamedlem til styret for generalforsamlinga, og samordna val til generalforsamlinga.
- Ta i mot lokale valnemnder sine framlegg til medlemar og varamedlemar til styret, og gjere eige innstilling til valet i generalforsamlinga.
- Ta i mot dei tilsette sine innstilling til medlemar og varamedlem til styret, og samordna val til generalforsamlinga.
Sentral valnemnd skal orientera om kandidatane si erfaring og kompetanse.
Styremedlemmane må ha kompetanse som er nødvendig ut frå banken sin organisasjon og verksemd. Valnemdene bør rådføre seg med banksjef og sitjande styre kring kompetansebehov. Minst eit styremedlem skal ha kvalifikasjonar innan rekneskap
og revisjon.
Kandidatana må stette kravet frå Finanstilsynet om å vera egna til vervet.
Innstillinga skal grunngjevast og innehalda relevant informasjon om kandidatane med mellom anna informasjon om kompetanse, kapasitet og uavhengigheit.
f) Sentral valnemnd skal gjera framlegg om medlemar til sentral valnemnd, jf. banken sine vedtekter § 5-1.
Sentral valnemnd skal gjera framlegg om medlemar til lokale valnemnder, jf. banken sine vedtekter § 5-1.
- g) Innstillingane frå sentral valnemnd til generalforsamlingsmedlemmar, og til styrekandidatar frå eigenkapitalbeviseigarane, leggjast fram på valmøte til eigenkapitalbeviseigarane.
- h) Sentral valnemnd er vedtaksfør når leiar og minst to medlemar er til stades. Medlemene skal så langt det let seg gjere, gjevast høve til å delta i handsaminga.
- i) Innstillingane blir gjort kjent for medlemane i generalforsamlinga og eigenkapitalbeviseigarane på Sogn Sparebank sine nettsider samtidig med utsending av innkalling til generalforsamlinga per e-post. Eigenkapitalbeviseigarar og medlemar av generalforsamlinga som ber om det, vil få innstillinga tilsendt per post.
- j) Det skal førast protokoll over vala. I protokollen skal førast:
- tidspunkta for vala,
- valnemnda sin samansetnad,
Sogn Sparebank Framlegg endring av instruks sentral valnemnd 78/2022 – 23.03.2022
- resultatet av vala,
- protokollen skal underteiknast av valnemnda sine medlemar.
- k) Sentral valnemnd si innstilling til generalforsamlinga, som og skal kunngjerast på banken si heimeside og på Oslo Børs, inneheld ein kandidat pr. verv. Dvs. den kandidaten som har fleirtal i hovudvalnemnda.
- l) Dersom innstillinga ikkje er samrøystes i sentral valnemnd, skal leiar i gjera greie for prosess og kandidatar på generalforsamlinga.