AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

Governance Information Apr 6, 2022

3748_10-k_2022-04-06_0933ce9a-6cc1-4262-aead-b0002ebf6db5.pdf

Governance Information

Open in Viewer

Opens in native device viewer

Instruks lokale valnemnder § 5-2 Sogn Sparebank

Sogn Sparebank – Framlegg endring av Instruks lokale valnemnder Styresak 78/2022 23.03.2022

1 Instruks for lokale valnemnder §5-2 til banken si generalforsamling

1-1 Lokale valnemnder § 5-2 for generalforsamlinga sitt val

Generalforsamlinga vel tre lokale valnemnder for områda Aurland, Årdal/Lærdal og Vik. Valnemnda skal ha representantar frå alle grupper som er representert i generalforsamlinga. Val som følgjer:

Valperiode
LOKAL VALNEMND AURLAND 1 2
MEDLEMER
Kommunevald 1 representant
Kundevald 1 representant
Tilsettevald 1 representant
VARAMEDLEMER
1. Varamedlem til valnemnd 1 representant
2. Varamedlem til valnemnd 1 representant

Generalforsamlinga vel 1 medlem og 1 varamedlem frå lokal valnemnd til den sentrale valnemnda i § 5-1. Denne vert også leiar av lokal valnemnd.

Valperiode
LOKAL VALNEMND ÅRDAL/LÆRDAL 1 2
MEDLEMER
Kommunevald 1 representant
Kundevald 1 representant
Tilsettevald 1 representant
VARAMEDLEMER
1. Varamedlem til valnemnd 1 representant
2. Varamedlem til valnemnd 1 representant

Generalforsamlinga vel 1 medlem og 1 varamedlem frå lokal valnemnd til den sentrale valnemnda i § 5-1. Denne vert også leiar av lokal valnemnd.

Sogn Sparebank

Valperiode
LOKAL VALNEMND VIK 1 2
MEDLEMER
Kommunevald 1 representant
Kundevald 1 representant
Tilsettevald 1 representant
VARAMEDLEMER
1. Varamedlem til valnemnd 1 representant
2. Varamedlem til valnemnd 1 representant

Generalforsamlinga vel 1 medlem og 1 varamedlem frå lokal valnemnd til den sentrale valnemnda i § 5-1. Denne vert også leiar av lokal valnemnd.

1-2 Dei lokale valnemndene sitt arbeid

Dei lokale valnemndene skal koma med framlegg til kundevalde representantar til generalforsamlinga og førebu val av desse. Dei lokale valnemndene blir einige om praktisk gjennomføring av kundeval med leiar av sentral valnemd. Ved stemmelikheit på valet blir det avgjort ved loddtrekning.

Dei lokale valnemndene skal koma med forslag til 3 medlemer og varamedlemer til styret. Valnemdene bør rådføre seg med banksjef og sitjande styre kring kompetansebehov.

Dei lokale valnemndene sitt arbeid vert sendt hovudvalnemnda i § 5-1 som innstiller til val til generalforsamlinga.

Generalforsamlinga fastset nærare instruks for dei lokale valnemndene.

Lokal valnemnd skal

  • a) Kome med forslag og førebu kundane sitt val av medlemer til generalforsamlinga for sitt område; Aurland, Årdal/Lærdal eller Vik, Kundevalet, jf. banken sine vedtekter § 3-1, § 3-2, § 3-3 og § 3-4 og § 5-2.
    • Retningslinjer for valbare kundar går fram av banken sine vedtekter § 3-3 og § 3-4.

Sogn Sparebank

• Valperiode og tal medlemer frå kundar som skal veljast går fram av banken sine vedtekter § 3-4.

Valnemnda skal syta for at dei tilrådde representantane representerer banken sin kundestruktur.

  • b) Dei lokale valnemndene skal koma med forslag til sentral valnemnd i § 5-1 om medlemer og varamedlemer til styret frå lokalt område. For kvart medlem og varamedlem til styret skal det gjerast framlegg om tre kandidatar slik at krav til kjønnsfordeling blir i vareteke.
  • c) Lokale valnemder § 5-2 skal orientera om kandidatane si erfaring og kompetanse:
  • Styremedlemane må ha kompetanse som er nødvendig ut frå banken sin organisasjon og verksemd. Minst eitt styremedlem skal ha kvalifikasjonar innan rekneskap eller revisjon.
  • Kandidatane må stetta kravet frå Finanstilsynet om å vera egna til vervet.
  • Innstillinga skal grunngjevast og innehalda relevant informasjon om kandidatane med mellom anna informasjon om kompetanse, kapasitet og uavhengigheit.
  • d) Dei lokale valnemndene § 5-2 kjem med framlegg til sentralvalnemnda § 5-1 kven dei ynskjer som området sin representant og varamedlem i sentral valnemnd. Det er sentral valnemnd i § 5-1 som gir innstilling til generalforsamlinga. Kommune-/ kundevalde er ein person frå kvart område Aurland, Lærdal/Årdal og Vik.
  • e) Lokal valnemnd er vedtaksfør når leiar i lokalnemnda og minst eitt medlem er til stades. Medlemane skal så langt det let seg gjere, gjevast høve til å delta i handsaminga.
  • f) Innstillingane frå lokale valnemnder til sentral valnemnd skal liggja føre i god tid før kundeval og arbeidet til sentral valnemnd skal ta til. Dette blir koordinert med leiar i sentral valnemnd.
  • g) Det skal førast protokoll over vala. I protokollen skal førast:
    • a. tidspunkta for vala,
    • b. valnemnda sin samansetnad,
    • c. resultatet av vala,
    • d. protokollen skal underteiknast av valnemnda sine medlemer.

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.