AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

Earnings Release Feb 14, 2024

3748_rns_2024-02-14_6e4392de-07cd-4f78-a0a3-1ab590693268.html

Earnings Release

Open in Viewer

Opens in native device viewer

Sogn Sparebank - Delårsrapport Q4-2023

Sogn Sparebank - Delårsrapport Q4-2023

SAMANDRAG

Sogn Sparebank har i fjerde kvartal hatt ei god økonomisk utvikling, mykje på grunn av endringane i rentemarknaden. Banken legg fram eit driftsresultat før tap og skatt på 115,4 MNOK pr. 31.12.2023. Driftsresultatet er 24,6 MNOK betre enn fjerde kvartal i 2022.

På bakgrunn av den positive utviklinga gjer styret i banken framlegg om å dele ut 7,5 MNOK i gåvemidlar som går tilbake til allmennyttige prosjekt og tiltak i lokalsamfunna i Sogn.

Styret gjer også framlegg om utbytte per EK-bevis på 15,00 NOK. Både gåvemidlar og utbyte per EK-bevis skal behandlast i banken si generalforsamling i april, og me tek difor atterhald om Generalforsamlinga si godkjenning.

Banken har pr. 31.12.2023 kostnadsført nedskrivingar på utlån og garantiar med 8,3 mill. kroner. Resultat av ordinær drift etter skatt gir 85,2 MNOK, som gjev ein eigenkapitalavkastning pr. 31.12.2023 på 7,84 %. Banken rapporterer eit totalresultatet pr. 31.12.2023 på 77,7 MNOK.

UTSIKTER FRAMOVER

Det siste året har det vore ei jamn prisstigning og renteauke. Alt dette endrar den økonomiske situasjonen for kundane. Sogn Sparebank er tett på privatkundane og næringslivet, og ynskjer å vere ein medspelar for den enkelte og lokalsamfunna. Banken gjorde difor i desember ei vurdering og bestemte seg for å ikkje auke renta på lån og innskot på dåverande tidspunkt. Me vil halde fram med å følgje marknadssituasjonen nøye.

Banken skal halde fram med å vere synleg for kundane og lokalsamfunna i Sogn. Dette lukkast me med ved å stimulere til aktivitetar og verdiskaping, og vere ein god partnar for privatkundar og verksemder. Gjennom Sogn Sparebank sitt gåvefond set me fokus på barn og unge, folkehelse og berekraft og gjev gåver til allmennyttige føremål. Samarbeid er nøkkelen til suksess, og me har alltid ei open dør for lag og organisasjonar, eldsjeler og gode innspel til korleis banken kan bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i.

God styring av risiko vil vere eit prioritert område. Sogn Sparebank er godt kapitalisert og har ein god likviditet ved Q4-2023. På grunnlag av målbiletet for Sogn Sparebank, har styret lagt banken sin strategi. Banken vil halde fram med å styrka drifta, samstundes som me vil jobbe med å auke inntektene.

Q4 -2023 FØREBELS ÅRSRESULTAT 2023 (2022 i parentes)

• Resultat før tap: 115,4 MNOK (95,2 MNOK)

• Resultat av ordinær drift etter skatt: 85,2 MNOK (67,3 MNOK)

• Totalresultat etter skatt: 77,7 MNOK (104,4 MNOK)

• Eigenkapitalavkastning: 7,84 % (6, 8 %)

• Rentenetto: 180,0 MNOK/2.36 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK) (134,5 MNOK/1,80 % GFK)

• Kostnadsprosent i forhold til inntekter inkl. verdipapir: 50,24 % (51,19 %)

• Rein kjernekapitaldekning morbank: 24,25 % (23,66 %)

• Rein kjernekapitaldekning konsolidert: 24,26 % (23,42 %)

• Forteneste pr. eigenkapitalbevis morbank: 18,09 NOK (14,34 NOK)

• Utlånsvekst siste 12 mnd: 7,29 %

• Innskotsvekst siste 12 mnd: 5,0 %

• Utdeling av gåver frå Gåvefondet kroner: 7,5 MNOK (5,9 MNOK)

• Utbytte pr. EK-bevis for 2023: 10,00 (6,50 NOK)

Me gjer merksam på at utbytte og gåver må godkjennast av generalforsamlinga 2024.

HOVUDRAPPORT Sjå vedlegg for komplett delårsrapport og rekneskap Q4-2023.

KONTAKTPERSONAR

Adm. banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf. 90950615

Ass. banksjef Gunnar Skahjem, tlf. 91374994

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.