AI Terminal

MODULE: AI_ANALYST
Interactive Q&A, Risk Assessment, Summarization
MODULE: DATA_EXTRACT
Excel Export, XBRL Parsing, Table Digitization
MODULE: PEER_COMP
Sector Benchmarking, Sentiment Analysis
SYSTEM ACCESS LOCKED
Authenticate / Register Log In

Sogn Sparebank

AGM Information Mar 26, 2024

3748_10-k_2024-03-26_391ce3b9-685b-4c1f-9c9c-d05cceaad794.pdf

AGM Information

Open in Viewer

Opens in native device viewer

Vedtekter Sogn Sparebank

KAP. 1 Føretaksnamn - forretningskontor - føremål

§ 1-1. Føretaksnamn og forretningskontor

Sogn Sparebank er eit resultat av ei samanslåing av Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank, vedteke av bankane sine generalforsamlingar 18. desember 2018.

Lærdal Sparebank, skipa i 1860, Årdal Sparebank, skipa i 1906, og Borgund Sparebank skipa i 1915, vart samde om å fusjonera i 1971. Som ei følgje av dette, vart Indre Sogn Sparebank etablert i 1972.

Aurland Sparebank vart skipa 18. mai 1883.

Vik Sparebank vart skipa 06. juni 1846.

Sogn Sparebank har forretningskontoret sitt i Årdal kommune.

§ 1-2. Føremål

Sparebanken har til føremål å utføra forretningar og tenester som det er vanleg eller naturleg at sparebankar kan utføra i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande lovgiving, og til ei kvar tid gjevne konsesjonar.

KAP. 2 Sparebanken sin eigenkapital

§ 2-1 Grunnfondet

  • (1) Borgund Sparebank sitt opphavlege grunnfond, NOK 2.500,00, som var ytt av innbyggjarar i Borgund kommune, er betalt attende.
  • (2) Lærdal Sparebank sitt opphavlege grunnfond, NOK 4.109,77 som var ytt av Lærdal Bygdemagasin, skal ikkje betalast attende.
  • (3) Årdal Sparebank sitt opphavlege grunnfond NOK 2.920,00, som var ytt av 41 innskytarar med garanti av Årdal kommune, er betalt attende.
  • (4) Aurland Sparebank sitt opphavlege grunnfond, NOK 1.468,38 som var ytt av Aurland kommune, skal ikkje betalast attende.
  • (5) Vik Sparebank sitt opphavlege grunnfond NOK 614,80, er betalt attende.

Ingen har krav på utbyte frå verksemda til banken utover eventuell forrenting av banken sin eigarandelskapital.

§ 2-2 Eigarandelskapital

Sparebanken har høve til å ferda ut omsettelege eigenkapitalbevis. Eigenkapitalbevisa skal vera registrert i Verdipapirsentralen.

(1) Sogn Sparebank sin eigarandelskapital utgjer NOK 31.625.000,- fordelt på 632.500 eigenkapitalbevis pålydande NOK 50,- fullt innbetalt.

§ 2-3 Informasjon til eigenkapitalbeviseigarane

  • (1) Når dokument som gjeld saker som eigenkapitalbeviseigarane har krav på vert gjort tilgjengeleg på Sogn Sparebank si heimeside, gjeld ikkje lova sitt krav om at dokument skal sendast eigenkapitalbeviseigarane.
  • (2) Ein eigenkapitalbeviseigar kan likevel krevja å få tilsendt dokument som gjeld saker som eigenkapitalbeviseigaren har krav på.

KAP. 3 Generalforsamling

§ 3-1 Generalforsamling

Sparebanken skal ha ei generalforsamling som skal sjå til at banken verkar etter føremålet sitt i samsvar med lov, føreskrifter, vedtekter og generalforsamlinga sine vedtak. Generalforsamlinga er den øvste avgjerdsmakta i sparebanken.

Generalforsamlinga skal ha 34 medlemer med 18 varamedlemer. Generalforsamlinga sine medlemer og varamedlemer møter personleg. Det er ikkje høve til å møta ved fullmektig eller med rådgjevar.

Leiar av generalforsamlinga har ansvar for innkalling til generalforsamlinga og valmøtet til EK bevis eigarane.

Leiar av generalforsamlinga samrår med leiar av sentral valnemnd om gjennomføring.

§ 3-2 Generalforsamlinga si samansetning

Generalforsamlinga til sparebanken skal vera samansett av:

  • Kundevalde:
    • o 12 medlemer og 6 varamedlemer som skal veljast av og blant sparebanken sine kundar i samsvar med fordelinga som går fram av § 3-4.
  • Kommunevalde:
    • o 2 medlemer og 1 varamedlem skal veljast av kommunestyret i Årdal.
    • o 1 medlem og 1 varamedlem skal veljast av kommunestyret i Lærdal.
    • o 3 medlemer og 2 varamedlemer som skal veljast av kommunestyret i Aurland.
    • o 3 medlemer og 2 varamedlemer som skal veljast av kommunestyret i Vik.

Alle val i samsvar med fordelinga som går fram av § 3-5.

  • Tilsettevalde:
    • o 6 medlemer og 3 varamedlemer som skal veljast av og blant dei tilsette i samsvar med fordelinga som går fram av § 3-6.
  • Eigenkapitalbeviseigarvalde:
    • o 7 medlemer og 3 varamedlemer som skal veljast av og blant eigarane av eigenkapitalbevis i samsvar med fordelinga som går fram av § 3-7.

§ 3-3 Val til generalforsamlinga

Myndige personar kan veljast som medlemer av generalforsamlinga.

Medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga skal veljast for 4 år. Minst tre firedelar av medlemane skal vera personar som ikkje er tilsett i banken.

Generalforsamlinga fastset nærare instruks om vala.

§ 3-4 Medlemer til generalforsamlinga valde av kundar

  • (1) Sparebanken sine myndige kundar som har, og i dei siste seks månadane har hatt eit engasjement på minimum 5.000 kroner, har stemmerett ved val av kundane sine medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga i sparebanken.
  • (2) Sparebanken sine myndige kundar som har, og i dei siste seks månadane har hatt eit engasjement på minimum 5.000 kroner, kan veljast som medlem eller varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for kundane.
  • (3) Kvart kundeforhold gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lova eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn 2 stemmer, ei på grunnlag av eige kundeforhold, og ei som representant for annan kunde.

(4) 12 medlemer og 6 varamedlemer som skal veljast av og blant sparebanken sine kundar, skal veljast som følgjer:

VALPERIODE
KUNDEVALDE 1 2 3 4
MEDLEMER
Aurland kommune 1 representant 1 representant 1 representant 1 representant
Årdal kommune 1 representant 1 representant 1 representant
Lærdal kommune 1 representant
Vik kommune 1 representant 1 representant 1 representant 1 representant
VARAMEDLEMAR
Aurland kommune 1 representant 1 representant
Årdal kommune 1 representant
Lærdal kommune 1 representant
Vik kommune 1 representant 1 representant

(5) Val etter denne paragraf skjer på valdagar innan utgangen av februar.

§ 3-5 Medlemer til generalforsamlinga valde frå det offentlege

(1) Kommunestyra i Årdal, Lærdal, Aurland og Vik skal til saman velja 9 medlemer og 6 varamedlemer som følgjer:

VALPERIODE
KOMMUNEVALDE 1 2 3 4
MEDLEMER
Aurland kommune 3 representantar
Årdal kommune 2 representantar
Lærdal kommune 1 representant
Vik kommune 3 representantar
VARAMEDLEMAR
Aurland kommune 2 representantar
Årdal kommune 1 representant
Lærdal kommune 1 representant
Vik kommune 2 representantar

(2) Val etter denne paragraf må haldast innan utgangen av februar.

(3) Leiar i den sentrale valnemnda har ansvar for å varsle kommunane dersom det må gjennomførast suppleringsval

§ 3-6 Medlemer til generalforsamlinga valde av dei tilsette

Dei faste tilsette i sparebanken har stemmerett ved val av dei tilsette sine medlemer til sparebanken si generalforsamling. Adm. Banksjef har ikkje stemmerett.

Dei tilsette i sparebanken kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for dei tilsette.

(1) Dei tilsette skal velja 6 medlemer og 3 varamedlemer av og blant tilsette som følgjer:

VALPERIODE
TILSETTEVALDE 1 2 3 4
MEDLEMER
Tilsette 2 representantar 2 representantar 2 representantar
VARAMEDLEMAR
Tilsette 1 representant 1 representant 1 representant

(2) Val etter denne paragraf må haldast innan utgangen av februar.

§ 3-7 Eigenkapitalbeviseigarane sin representasjon i

generalforsamlinga

Eigarar av eigenkapitalbevis i sparebanken har stemmerett og kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for eigenkapitalbeviseigarane.

(1) Eigenkapitalbeviseigarane skal velja 7 medlemer og 3 varamedlemer i eigenkapitalbeviseigarane sitt valmøte. Desse skal veljast av og blant eigarane av eigenkapitalbevis, som følgjer:

VALPERIODE
EIGENKAPITALBEVISEIGARVALDE 1 2 3 4
MEDLEMER
Eigenkapitalbeviseigar 2 representantar 1 representant 2 representantar 2 representantar
VARAMEDLEMAR
Eigenkapitalbeviseigar 1 representant 1 representant 1 representant

(2) Val etter denne paragraf må haldast innan utgangen av februar.

Ingen kan på møte for eigenkapitalbeviseigarane avgi stemmer for eigenkapitalbevis som representerer meir enn 10 % av Sogn Sparebank sine totale utsteda eigenkapitalbevis.

Eigenkapitalsbeviseigarar som vil delta i valet etter § 3–7 skal melda seg i banken innan ein viss frist som skal stå i innkallinga. Fristen skal ikkje gå ut tidlegare enn tre bankdagar før valet skal haldast. Har ein eigenkapitalbeviseigar ikkje meldt seg i rett tid, kan han nektast høve til å vera med i valet.

§ 3-8 Innkalling til generalforsamling

Ordinær generalforsamling skal haldast innan utgangen av april månad kvart år. Generalforsamlinga vert kalla inn av styret.

Informasjon om innkallinga med saksvedlegg skal sendast medlemane i generalforsamlinga elektronisk, om ikkje anna er avtala, seinast 21 dagar før møtet.

Når dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga er gjort tilgjengeleg for medlemane på sparebanken si heimeside, gjeld ikkje lova sine krav om at dokumenta skal sendast til medlemane av generalforsamlinga. Dette gjeld òg dokument som etter lov skal takast inn i eller leggjast ved innkallinga til generalforsamlinga. Eit medlem av generalforsamlinga kan likevel krevja å få tilsendt dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga.

§ 3-9 Møte og vedtak i generalforsamlinga

Kvart medlem av generalforsamlinga har ei stemme.

Avgjerder i generalforsamlinga vert fatta ved fleirtal av dei stemmer som er gitt med mindre noko anna går fram av desse vedtektene. Står stemmetalet likt, gjeld det som møteleiaren sluttar seg til.

§ 3-10 Generalforsamlinga sine oppgåver

På den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:

  • Val av leiar og nestleiar for generalforsamlinga for 2 år om gongen. Leiar skal veljast andre periode og nestleiar skal veljast første periode.
  • Andre val etter lovene.
  • Godkjenning av årsrekneskapen og årsmeldinga med disponering av overskot/underskot/-utdeling av utbyte.
  • Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga.

Vedtak om eller fullmakt til å oppta ansvarleg lån eller annan framandkapital vert fatta av generalforsamlinga med fleirtal som for vedtektsendring.

KAP. 4 Styret, revisjons- og risikoutval og dagleg leiing

§ 4-1 Styret

§ 4-1.1 Styret si samansetning

Styret er sett saman av 9 medlemer med inntil 6 varamedlemer som skal veljast for 2 år av generalforsamlinga, likevel slik at eit tal medlemer og varamedlemer valde av og blant dei tilsette er i samsvar med finansføretakslova. Eigenkapitalbeviseigarane har 1 representant i styret og 2 varamedlemmar.

VALPERIODE
STYRET 1 2
MEDLEMER
Styremedlem føreslått av Årdal/Lærdal 1 representant 1 representant
Styremedlem føreslått av Aurland 1 representant 1 representant
Styremedlem føreslått av Vik 1 representant 1 representant
Styremedlem eigenkapitalbeviseigar 1 representant
Styremedlem tilsette 1 representant 1 representant
VARAMEDLEMAR
Varamedlem føreslått av Årdal/Lærdal 1 representant
Varamedlem føreslått av Aurland 1 representant
Varamedlem føreslått av Vik 1 representant
Varamedlem eigenkapitalbeviseigar 1 representant 1 representant
Varamedlem tilsette 1 representant

Representantar til styret skal veljast som følgjer:

  • Styreleiar og nestleiar skal veljast særskilt for 2 år. Leiar skal veljast første periode og nestleiar skal veljast ande periode.
  • Varamedlemmar er knytt til faste medlemmar frå same valområde og møter ved forfall av fast medlem frå same valområde.
  • Dersom eit fleirtal i generalforsamlinga ikkje ønskjer ein eller fleire av dei representantar innstilt av valnemnda, skal saka sendast tilbake til sentral valnemnd for ny saksførebuing og ny innstilling.

§ 4-1.2 Styret sine oppgåver

Styret sine oppgåver følgjer av lov og føreskrifter.

§ 4-2 Revisjons- og risikoutval

§ 4-2.1 Revisjons- og risikoutvalet si samansetning

Banken skal ha eit revisjons- og risikoutval som skal veljast av og blant medlemane i styret.

Revisjons- og risikoutvalet skal samla ha den kompetansen som ut i frå banken sin organisasjon og verksemd er nødvendig for å ivareta oppgåvene sine. Minst eitt av medlemane i revisjons- og risikoutvalet skal vera uavhengig av verksemda og ha kvalifikasjonar innan rekneskap eller revisjon. Styremedlemar som er leiande tilsette, kan ikkje veljast til medlemer av revisjons- og risikoutvalet.

§ 4-2.2 Revisjons- og risikoutvalet sine oppgåver

Revisjons- og risikoutvalet skal:

  • førebu styret si oppfølging av rekneskapsrapporteringsprosessen,
  • overvaka systema for intern kontroll og risikostyring, og banken sin internrevisjon om slik funksjon er etablert,
  • ha løpande kontakt med banken sin valde revisor om slik funksjon er etablert,
  • vurdera og overvaka revisor sin uavhengigheit, jf. revisorlova kapittel 4, herunder særleg i kva grad andre tenester enn revisjon som er utlevert av revisor eller revisjonsselskapet utgjer ein trussel mor uavhengigheita.

§ 4-3 Dagleg leiar: adm. banksjef

Sparebanken skal ha dagleg leiar. Dagleg leiar har tittel adm. banksjef og vert tilsett av styret.

§ 4-3.1 Dagleg leiar: adm. banksjef sine oppgåver

Oppgåvene til adm. banksjef følgjer av lov og føreskrifter.

KAP. 5 VALNEMNDER

§ 5-1 Sentral valnemnd for generalforsamlinga sitt val

§ 5-1.1 Sentral valnemnd si samansetjing

Generalforsamlinga vel ei sentral valnemnd med 5 medlemer, samt 1 varamedlem for kvart fast medlem for 2 år. Den sentrale valnemnda skal ha representantar frå alle grupper som er representert i generalforsamlinga, av desse skal det vera ein representant frå kvar av dei lokale valnemndene i § 5-2, og skal veljast som følgjer:

VALPERIODE
VALNEMND 1 2
MEDLEMER
Kommunevald/kundevald 1 representant 2 representantar
Eigenkapitalbeviseigarvald 1 representant
Tilsettevald 1 representant
VARAMEDLEMAR
Varamedlem kommunevald/kundevald 2 representantar 1 representant
Veramedlem eigenkapitalbeviseigarvald 1 representant
Varamedlem tilsettevald 1 representant
  • Leiar for den sentrale valnemnda skal veljast særskilt for to år blant medlemane i valnemnda, første perioden.
  • Kommune-/ kundevalde 1 person frå kvart område Aurland, Lærdal/Årdal og Vik.
  • Varamedlem skal representere same lokale valnemnd eller gruppe som fast medlem.

§ 5-1.2 Sentral valnemnd sitt arbeid

Den sentrale valnemnda § 5-1 skal:

  • førebu vala til eigenkapitalbeviseigarane, styret, sentral valnemnd § 5-1 og lokale valnemnder § 5-2
  • informere kommunane om evt. behov for Suppleringsval.
  • samordne innstilling frå vala til eigenkapitalbeviseigarane og tilsette
  • innstille frå lokale område Aurland, Årdal/Lærdal og Vik; styremedlemer og varamedlemer til styret
  • innstille leiar og nestleiar i generalforsamlinga
  • innstille leiar og nestleiar styret
  • innstille sentral valnemnd § 5-1
  • innstille lokale valnemnder § 5-2
  • gi samla innstilling til alle val i generalforsamlinga

Generalforsamlinga fastset nærare instruks for den sentrale valnemnda § 5-1.

§ 5-2 Lokale valnemnder for generalforsamlinga sitt val

§ 5-2.1 Lokale valnemnder sine samansetjingar

Generalforsamlinga vel tre lokale valnemnder for områda Aurland, Årdal/Lærdal og Vik. Valnemnda skal ha representantar frå kommunevalde, kundevalde og tilsettevalde grupper som er representert i generalforsamlinga, og skal veljast som følgjer:

VALPERIODE
LOKAL VALNEMND AURLAND 1 2
MEDLEMER
Kommunevald 1 representant
Kundevald 1 representant
Tilsettevald 1 representant
VARAMEDLEMAR
1. varamedlem til valnemnd 1 representant
2. varamedlem til valnemnd 1 representant

Generalforsamlinga vel 1 medlem frå lokal valnemnd til den sentrale valnemnda i § 5-1. Denne vert også leiar av lokal valnemnd.

VALPERIODE
LOKAL VALNEMND ÅRDAL/LÆRDAL 1 2
MEDLEMER
Kommunevald 1 representant
Kundevald 1 representant
Tilsettevald 1 representant
VARAMEDLEMAR
1. varamedlem til valnemnd 1 representant
2. varamedlem til valnemnd 1 representant

Generalforsamlinga vel 1 medlem frå lokal valnemnd til den sentrale valnemnda i

§ 5-1. Denne vert også leiar av lokal valnemnd.

VALPERIODE
LOKAL VALNEMND VIK 1 2
MEDLEMER
Kommunevald 1 representant
Kundevald 1 representant
Tilsettevald 1 representant
VARAMEDLEMAR
1. varamedlem til valnemnd 1 representant
2. varamedlem til valnemnd 1 representant

Generalforsamlinga vel 1 medlem frå lokal valnemnd til den sentrale valnemnda i § 5-1. Denne vert også leiar av lokal valnemnd.

§ 5-2.2 Dei lokale valnemndene sitt arbeid

Kvar av dei lokale valnemndene skal koma med forslag til kundevalde representantar til generalforsamlinga og førebu val av desse. Dei lokale valnemndene blir einige om praktisk gjennomføring av kundeval. Ved stemmelikheit på valet blir det avgjort ved loddtrekning.

Dei lokale valnemndene skal koma med forslag til 3 medlemer av styret.

Dei lokale valnemndene sitt arbeid vert sendt sentral valnemnd i § 5-1 for samordning av val til generalforsamlinga.

Generalforsamlinga fastset nærare instruks for dei lokale valnemndene.

KAP. 6 Bruk av overskot og inndekning av underskot

§ 6-1 Bruk av overskot

Overskotet frå verksemda til banken etter frådrag av utbyte og utdeling av gåver, skal leggjast til banken sitt fond.

Årsoverskot og utbytemidlar skal fordelast mellom grunnfondet til banken og eigarandelskapitalen. Utbytemidlar kan nyttast til utbyte på eigarandelskapitalen, til gåver til ålmennyttige føremål, eller overførast til gåvefond, eller overførast til stifting med ålmennyttig føremål.

Gåver skal fordelast med 34,16 % innanfor kommunane Årdal og Lærdal, 26,49 % innanfor Vik kommune og 39,35 % innanfor Aurland kommune. Ved eventuell framtidig kommunesamanslåing skal noverande kommunegrense leggjast til grunn for gåvetildelinga. Dette skal ikkje vera til hinder for tildeling av inntil 30 % av at dei utdelte gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd eller ynskjer å marknadsføra seg.

§ 6-2 Inndekning av underskot

Underskot etter resultatrekneskapen for siste rekneskapsår skal først søkast dekka ved forholdsmessig overføring frå grunnfondskapitalen, under dette gåvefondet, og den eigarandelskapitalen som overstig vedtektsfesta eigarandelskapital, under dette utjamningsfondet. Underskot som ikkje vert dekka slik, vert dekka ved forholdsmessig overføring frå overkursfondet og kompensasjonsfondet.

Ytterlegare underskot vert dekka ved nedsetjing av vedtektsfesta eigarandelskapital og eventuelt ved nedsetjing av annan kapital.

KAP. 7 Aldersgrense

§ 7-1 Høgaste aldersgrense for tenestemenn

Høgaste aldersgrense for administrerande banksjef og andre fast tilsette er 70 år.

KAP. 8 Vedtektsendringar

§ 8-1 Vedtektsendringar

Endring av desse vedtektene kan fattast av generalforsamlinga. Avgjerd om vedtektsendring krev tilslutning frå minst to tredelar av dei avgitte stemmene.

KAP. 9 Avvikling

§ 9-1 Vedtak om avvikling av sparebanken

Generalforsamlinga tek stilling til forslag frå styret om avvikling av sparebanken. Vedtak om avvikling vert fatta med same fleirtal som for vedtektsendringar.

§ 9-2 Disponering av sparebanken sin kapital ved avvikling

Ved avvikling av sparebanken, skal dei overskytande midlane etter at alle forpliktingar er dekka, overførast til ein eller fleire sparebankstiftingar.

Dei overskytande midlane blir fordelt med 34,16 % til sparebankstifting innanfor kommunane Årdal og Lærdal, med 26,49 % til sparebankstifting innanfor Vik kommune og med 39,35 % til sparebankstifting innanfor Aurland kommune.

Ved eventuell framtidig kommunesamanslåing skal noverande kommunegrenser leggjast til grunn ved etablering av føresegnene som gjeld føremål for sparebankstiftingane. Vedtak om fordeling skal avgjerast av generalforsamlinga etter innstilling frå medlemer i generalforsamlinga, som er valde frå desse kommunane.

ooo0ooo

Talk to a Data Expert

Have a question? We'll get back to you promptly.