AGM Information • Mar 26, 2024
AGM Information
Open in ViewerOpens in native device viewer

Medlemane i generalforsamlinga vert med dette kalla inn til møte:
Tid: Onsdag 17.04.2024, kl. 18:30 Stad: Auditoriet i Årdal Teknologipark, Verksvegen 5 i Øvre Årdal + Teams
Styret, adm. banksjef, ass. banksjef og sekretær for generalforsamlinga er òg innkalla til møtet.
Varamedlem møter etter nærare innkalling.
Meld i frå om du ynskjer å møte fysisk på møte til [email protected] innan 07.04.2024.
Forfall skal meldast snarast til banken per e-post til [email protected].

Sogn, 26.03.2024
Med venleg helsing SOGN SPAREBANK
Kristine Grønner Ohnstad (sign.) Styreleiar

Leiar i generalforsamlinga Roy Egil Stadheim opnar møtet i generalforsamlinga og føretek namneopprop.
Deltakarane vil gå fram av vedlegg - frammøteprotokoll.
Møtet er kalla inn etter § 8-3 i finansføretakslova, og innkallinga vart sendt til medlemane av generalforsamlinga og varamedlem den 26.03.2024. I følgje banken sine vedtekter § 3-8, og lov om finansføretak og finanskonsern (finansføretakslova) skal generalforsamlinga i føretak som ikkje er organisert som aksjeselskap eller allmennaksjeselskap, kallast inn av styret. I følgje banken sine vedtekter § 3-8 skal innkallinga med saksvedlegg sendast medlemane av generalforsamlinga seinast 21 dagar før møtet.
Innkallinga til medlemane i generalforsamlinga er difor innanfor fristen som gjeve ovanfor.
Generalforsamlinga gjer framlegg om at leiar i generalforsamlinga Roy Egil Stadheim vert vald til å leia møtet.
Leiar i generalforsamlinga Roy Egil Stadheim gjer framlegg om to personar til å underskrive protokollen saman med møteleiar.
Leiar i generalforsamlinga Roy Egil Stadheim gjer framlegg om to personar til å vere teljekorps.

Adm. Banksjef Mads A. Indrehus refererer hovudtala i rekneskapen og orienterer om drifta til banken. Han viser ei oversikt over den økonomiske utviklinga i banken.
Leiar i styret Kristine Grønner Ohnstad presenterer hovudpunkta i styret si årsmelding.
Leiar i styret Kristine Grønner Ohnstad les opp stadfesting frå styret og dagleg leiar 2023.

Saksvedlegg: Eigarstyring og selskapsleiing 2023
Leiar i styret Kristine Grønner Ohnstad legg fram rapporten: Eigarstyring og selskapsleiing frå styret for 2023.
Saksvedlegg:Revisjonsmelding
Styret vil på generalforsamlinga 17.04.2024 tilrå generalforsamlinga å disponere årsresultatet 2023 som følgjer:
| Årsresultat etter skatt | 85.2 MNO |
|---|---|
| Utbytte EK bevis | 9,5 MNOK |
| Utjamningsfond | 2,2 MNOK |
| Gaveutdeling | 7,5 MNOK |
| Sparebanken sitt fond | 66 MNOK |
Styret vil tilrå generalforsamlinga å betala ut NOK 15,- i utbyte pr. eigenkapitalbevis for 2023.
Styret ber generalforsamlinga om fullmakt til å disponere og dele ut avsette gåvemidlar NOK 7.500.000,- i samsvar med § 6-1 i banken sine vedtekter:
Gåver skal fordelast med 34,16 % innanfor kommunane Årdal og Lærdal, 26,49% innanfor Vik kommune og 39,35 % innanfor Aurland kommune. Dette skal ikkje vera til hinder for tildeling av inntil 30 % av summen blir utdelt som gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd eller ynskjer å marknadsføre seg.
Generalforsamlinga handsamar styret sitt framlegg til årsrekneskap med notar, styret si årsmelding for 2023 med hovudprinsipp for godtgjersle til leiande tilsette, og utgreiing om eigarstyring og selskapsleiing. Revisor si melding vart gjennomgått. Generalforsamlinga fastset banken sitt resultatrekneskap og balanse for 2023 i samsvar med innstilling. Generalforsamlinga vedtek framlagd disponering av årsresultat for 2023 i samsvar med styret si tilråding.

Det vert gjort greie for godtgjersle til revisor i 2023.
Honorar vert godkjent etter framlagd rekning.
Adm. Banksjef, Mads Indrehus, legg fram saka.
Det ligg føre innstilling frå styret om å gi styret fornya fullmakt til å erverve eigne eigenkapitalbevis.
Generalforsamlinga gjev styret fullmakt til å erverve eigne eigenkapitalbevis under følgjande vilkår:

Styret ber generalforsamlinga om å fatta vedtak som beskrive i denne saksframlegginga.
Styret må på årsmøtet søkja ei ny fullmakt frå generalforsamlinga til opptak av ansvarleg obligasjonslån og fondsobligasjonslån for å kunna dekkja eit eventuelt auka behov for soliditet banken kan få. Vidare må styret søkja fullmakt frå generalforsamlinga for å heilt eller delvis innfri eksisterande fondsobligasjonslån dersom kapitalbehovet for banken etter styrets skjønn tilseier at ikkje er lengre behov for heile eller deler av fondsobligasjonslånet.
På bakgrunn av dette er det ønskjeleg frå administrasjonen at styret ber generalforsamlinga om å fatta vedtak om å gje følgjande fullmakt:
Generalforsamlinga vedtek innstillinga frå styret for å gi banken fleksibilitet til å styrkja kapitaldekninga til banken.

Styret ynskjer ein fullmakt frå generalforsamlinga om å ha høve til å auke eigarandelskapitalen ved ein eller fleire emisjonar. Den samla fullmakta blir føreslege å vere på inntil NOK 12 650 000. Styret blir gitt fullmakt til å fastsetje den endelege teikningskursen og fastsetje kor mange eigenkapitalbevis som skal utstedast. Styret vil fastsetje vedtektsendring når fullmakta eventuelt blir nytta. Bakgrunnen for forslaget er at banken sin vekst, krav til kapitaldekning og utbyttepolitikk gjer det ynskeleg å ha ein fleksibilitet til å kunne foreta tids- og kostnadseffektiv kapitalinnhenting ved mindre emisjonar, sidan ein emisjon på mindre enn 20 % av utstedt eigarandelskapital på nærare vilkår ikkje er underlagt plikt til å utarbeide noteringsprospekt.
Generalforsamlinga gir styret fullmakt til å auke eigarandelskapitalen i Sogn Sparebank i samsvar med finansforetakslova § 10-10 (2) jf. allmennaksjelova § 10-14 (2) under følgjande vilkår:
Framlegga til endringar i vedtektene er basert på spørsmål og drøftingar i tidlegare generalforsamlingar. Det er og eit behov for å forenkle og tilnærma seg struktur og omfang på styrande organ og vedtekter i Sogn Sparebank tilsvarande i andre sparebankar det er naturleg å samanlikne seg med. Sogn Sparebank har per i dag omfattande og komplekse vedtekter som er arbeidskrevjande. Resultatet av nye vedteker vil vere tilnærma det same som med dagens ordningar dagens ordningar. Komplekse vedtekter og store styringsorgan har og ei kostnadsside som ein må ta omsyn til. Etter vedtektsendringane er vedtatt må banken innhente godkjenning frå Finanstilsynet som har siste ordet i saka.
Framlegg til endringar er merka gult i teksten nedanfor under kvart punkt.

Banken har i dag ei generalforsamling som er samansett av 34 medlemar. I sparebank samanheng er dette stort då dei aller fleste mindre og mellomstore sparebankar har generalforsamlingar med 17-21 medlemar. Ei mindre generalforsamling gjer og arbeidet til valnemnda enklare. Framlegget til endring endrar ikkje vesentleg styrkeforholdet mellom grupper i generalforsamlinga slik tabellen under viser.
| Interessentar | Fordeling eksisterande GF | Fordeling ny GF |
|---|---|---|
| Kommunar | 26,5 % | 27,3 % |
| Kundevalde | 35,3 % | 27,3 % |
| Ekbevis | 20,6 % | 22,7 % |
| Tilsette | 17,6 % | 18,2 % |
I dag har banken generalforsamlinga i den kommunen der banken har forretningsadresse og det er i Årdal kommune. Det blir gjort framlegg om å at vedtektene opnar opp for at møter i generalforsamlinga kan haldast i dei kommunane banken har sitt forretningsområde. I praksis vil dette bety at møter i generalforsamlinga kan rullere på stad og ein kan få ein fast turnus på at møte vert haldne i dei kommunane som banken har sitt utspring etter tur. Framlegg til endringar i vedtektene til Sogn Sparebank «Kapittel 3 Generalforsamling» er som fylgjer:
Sparebanken skal ha ei generalforsamling som skal sjå til at banken verkar etter føremålet sitt i samsvar med lov, føreskrifter, vedtekter og generalforsamlinga sine vedtak. Generalforsamlinga er den øvste avgjerdsmakta i sparebanken.
Generalforsamlinga skal ha 22 medlemer med 11 varamedlemer. Generalforsamlinga sine medlemer og varamedlemer møter personleg. Det er ikkje høve til å møta ved fullmektig eller med rådgjevar.
Leiar av generalforsamlinga har ansvar for innkalling til generalforsamlinga og valmøtet til eigenkapitalbevis eigarane.
Leiar av generalforsamlinga samrår med leiar av valnemnd om gjennomføring.
Generalforsamlinga til sparebanken skal vera samansett av:
Alle val i samsvar med fordelinga som går fram av § 3-5.

Myndige personar kan veljast som medlemer av generalforsamlinga.
Medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga skal veljast for 4 år. Minst tre firedelar av medlemane skal vera personar som ikkje er tilsett i banken.
Generalforsamlinga fastset nærare instruks om vala.
§ 3-4 Medlemer til generalforsamlinga valde av kundar
| KUNDEVALDE | |
|---|---|
| MEDLEMER | |
| Aurland kommune | 2 representantar |
| Årdal kommune/Lærdal kommune | 2 representantar |
| Vik kommune | 2 representantar |
| VARAMEDLEMAR | |
| Aurland kommune | 1 representant |
| Årdal kommune/Lærdal kommune | 1 representant |
| Vik kommune | 1 representant |
(5) Val etter denne paragraf skjer på valdagar innan utgangen av februar.
(1) Kommunestyra i Årdal, Lærdal, Aurland og Vik skal til saman velja 6 medlemer og 4 varamedlemer som følgjer:
| KOMMUNEVALDE | |
|---|---|
| MEDLEMER | |
| Aurland kommune | 2 representantar |
| Årdal kommune | 1 representant |
| Lærdal kommune | 1 representant |

| Vik kommune | 2 representantar |
|---|---|
| VARAMEDLEMAR | |
| Aurland kommune | 1 representant |
| Årdal kommune | 1 representant |
| Lærdal kommune | 1 representant |
| Vik kommune | 1 representant |
Dei faste tilsette i sparebanken har stemmerett ved val av dei tilsette sine medlemer til sparebanken si generalforsamling. Adm. banksjef har ikkje stemmerett.
Dei tilsette i sparebanken kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for dei tilsette.
Eigarar av eigenkapitalbevis i sparebanken har stemmerett og kan veljast som medlem og varamedlem til generalforsamlinga i sparebanken som representant for eigenkapitalbeviseigarane.
Ingen kan på møte for eigenkapitalbeviseigarane avgi stemmer for eigenkapitalbevis som representerer meir enn 10 % av Sogn Sparebank sine totale utsteda eigenkapitalbevis.
Eigenkapitalsbeviseigarar som vil delta i valet etter § 3–7 skal melda seg i banken innan ein viss frist som skal stå i innkallinga. Fristen skal ikkje gå ut tidlegare enn tre bankdagar før valet skal haldast. Har ein eigenkapitalbeviseigar ikkje meldt seg i rett tid, kan denne nektast høve til å vera med i valet.
Ordinær generalforsamling skal haldast innan utgangen av april månad kvart år. Generalforsamlinga vert kalla inn av styret. Møte i generalforsamlinga kan haldast i banken sitt forretningsområde.
Informasjon om innkallinga med saksvedlegg skal sendast medlemane i generalforsamlinga elektronisk, om ikkje anna er avtala, seinast 21 dagar før møtet.

Når dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga er gjort tilgjengeleg for medlemane på sparebanken si heimeside, gjeld ikkje lova sine krav om at dokumenta skal sendast til medlemane av generalforsamlinga. Dette gjeld òg dokument som etter lov skal takast inn i eller leggjast ved innkallinga til generalforsamlinga. Eit medlem av generalforsamlinga kan likevel krevja å få tilsendt dokument som gjeld saker som skal handsamast på generalforsamlinga.
Kvart medlem av generalforsamlinga har ei stemme.
Avgjerder i generalforsamlinga vert fatta ved fleirtal av dei stemmer som er gitt med mindre noko anna går fram av desse vedtektene. Står stemmetalet likt, gjeld det som møteleiaren sluttar seg til.
På den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:
Vedtak om eller fullmakt til å oppta ansvarleg lån eller annan framandkapital vert fatta av generalforsamlinga med fleirtal som for vedtektsendring.
Styret i Sogn Sparebank gjer framlegg om at generalforsamlinga vedtek endringar i «Kapittel 3 Generalforsamling» i vedtektene som framlagd. Endringa trer i kraft frå neste generalforsamling og valnemnda gjennomfører endringa i samarbeid med juridisk rådgjevar.
Sogn Sparebank har og eit stort styre sett i høve til banken sin storleik og kva som elles er vanleg i andre sparebankar som det er naturleg å samanlikne seg med. Det er, i tillegg til dei formelle krava, andre krav som gjer valnemnda sitt arbeid krevjande. Krav til styremedlemar i bank er aukande og både på formal og realkompetanse. Det er og eit kostnadselement knytt til styret og det vil vere enklare å få til ein god dynamikk i ei mindre gruppe.
Framlegget til endring på styremedlemar er som fylgjer:

| StyremedlemGeografisk område |
|---|
| 1 Aurland |
| 2 Vik |
| 3 Årdal / Lærdal |
| 4 Ekbevis |
| 5 Tilsette |
| 6 Uavhengig |
| 7 Uavhengig |
I dette ligg det at styret kan ha frå 5-7 medlemer. Det er tatt omsyn til representasjon frå dei gamle bankane og eigenkapitalbeviseigarane. Dei tilsette har ein lovfesta rett til representasjon og når banken har under 50 tilsette tilseier dette ein representant. Dei to siste representantane er tiltenkt særskild kompetanse som banken har bruk for og for at valnemnda kan møte krav om kjønnsfordeling. Utover dette er det gjort mindre rettingar av ord i kapittel 4 som ikkje har praktisk betydning. Alle endringar er merka i gult.
Framlegg til nytt kapittel 4 i vedtektene:
Styret er sett saman av frå 5 til 7 medlemer med inntil 5 varamedlemer som skal veljast for 2 år av generalforsamlinga. Eigenkapitalbeviseigarane har 1 representant i styret og 2 varamedlemmar.
Representantar til styret skal veljast som følgjer:
| STYRET | |
|---|---|
| MEDLEMER | |
| Styremedlem føreslått frå Aurland kommune | 1 representant og eit varamedlem |
| Styremedlem føreslått frå Årdal | 1 representant og eit varamedlem |
| kommune/Lærdal kommune | |
| Styremedlem føreslått frå Vik kommune | 1 representant og eit varamedlem |
| Styremedlem valgt av og blant tilsette | 1 representant og eit varamedlem |
| Styremedlem føreslått av | 1 representant og eit varamedlem |
| eigenkapitalbeviseigarane |
Styret sine oppgåver følgjer av lov og føreskrifter.

Banken skal ha eit revisjons- og risikoutval som skal veljast av og blant medlemane i styret.
Revisjons- og risikoutvalet skal samla ha den kompetansen som ut i frå banken sin organisasjon og verksemd er nødvendig for å ivareta oppgåvene sine. Minst eitt av medlemane i revisjons- og risikoutvalet skal vera uavhengig av verksemda og ha kvalifikasjonar innan rekneskap eller revisjon. Styremedlemar som er leiande tilsette, kan ikkje veljast til medlemer av revisjons- og risikoutvalet.
Revisjons- og risikoutvalet skal:
Sparebanken skal ha dagleg leiar. Dagleg leiar har tittel administrerande banksjef og vert tilsett av styret.
Oppgåvene til administrerande banksjef følgjer av lov og føreskrifter.
Styret i Sogn Sparebank gjer framlegg om at generalforsamlinga vedtek endringar i «Kapittel 4 Styret, revisjons- og risikoutval og dagleg leiing» i vedtektene til Sogn Sparebank som framlagd. Endringa trer i kraft frå neste generalforsamling og valnemnda gjennomfører endringa i samarbeid med juridisk rådgjevar.
Sogn Sparebank har i dag 3 valnemnder og ei sentral valnemnd og dette har synt seg å vere ein tung krevjande konstruksjon. Erfaringane den sentrale valnemnda har gjort seg dei siste åra tilseier at dette er eit område som bør effektiviserast. Leiar i den sentrale valnemnda tok dette opp på sist møte i generalforsamlinga og det vart der gitt tilslutnad til at det skulle leggjast fram framlegg til endringar. Framlegget til endringar går ut på at ein avviklar dei lokale valnemndene og har ei valnemnd for banken. Ein oppnår det same resultatet på ein meir effektiv og kostnadseffektiv måte. Valnemnda vil ha ein representant for kvar av dei gamle bankane, ein frå dei tilsette og ein frå eigenkapitalbeviseigarane.

| Valnemndrepresentant | Interessentar |
|---|---|
| 1 Aurland | |
| 1 Vik | |
| 1 Årdal / Lærdal |
|
| 1 Tilsette | |
| 1 Ekbevis |
Instruks for valnemnda vil bli justert etter at generalforsamlinga har fatta vedtak om endring og lagt fram for endeleg godkjenning i neste møte i generalforsamlinga.
Dette er den delen av vedtektene som har vore gjennom dei største endringane då gjeldande vedtekter var særs omfangsrike og kompliserte. For å samlikne endringane med opphaveleg tekst må ei sjå på gjeldande vedtekter og samanlikne dei med framlegget til endringar. Gjeldande vedtekter for banken ligg ved.
Framlegg til nytt kapittel 5 valnemnd i vedtektene er som fylgjer:
Generalforsamlinga vel ei valnemnd med 5 medlemer, samt 1 varamedlem for kvart fast medlem for 2 år. Valnemnda skal ha representantar frå alle grupper som er representert i generalforsamlinga, av desse skal det vera ein representant frå Aurland, ein representant frå Lærdal/Årdal, ein representant frå Vik, ein representant valt av eigenkapitalbeviseigarane og ein frå dei tilsette.

Generalforsamlinga fastset nærare instruks for valnemnda.
Styret i Sogn Sparebank gjer framlegg om at generalforsamlinga vedtek endringar i «Kapittel 5 VALNEMND» i vedtektene som framlagd. Endringa trer i kraft frå neste generalforsamling og valnemnda gjennomfører endringa i samarbeid med juridisk rådgjevar.
Spørsmål knytt fordeling av gåver i kapittel 6 i banken sine vedtekter har vore tatt opp i generalforsamlinga tidlegare. I ordinær generalforsamling i 2022 vart det stilt spørsmål om denne fordelinga kunne endrast. I ordinær generalforsamling i 2023 vart det lagt fram ei juridisk utgreiing om høvet til å fristille seg frå nøkkelen for gåvefordeling og konklusjonen var at dette ikkje er mogeleg. På spørsmål om lemping av dagens fordeling er det noko som kan vere mogeleg, men vil krevje godkjenning av Finanstilsynet. I framlegg til ny § 6-1 vert det gjort framlegg om å endre den frie delen av gåvemidlane frå 30 til 40%. Vidare gjer ein framlegg om at gåver som vert tildelt på geografisk fordeling som ikkje vert nytta innan same år kan overførast til frie gåvemidlar. Dette gjev styret i banken ein større fleksibilitet og høve til å dele ut gåvemidlar og ein unngår at merka midlar vert ståande ubrukte fordi det manglar gåvetiltak i det korte biletet.
Framlegg til ny § 6-1 er som fylgjer:
Overskotet frå verksemda til banken etter frådrag av utbyte og utdeling av gåver, skal leggjast til banken sitt fond.
Årsoverskot og utbytemidlar skal fordelast mellom grunnfondet til banken og eigarandelskapitalen. Utbytemidlar kan nyttast til utbyte på eigarandelskapitalen, til gåver til ålmennyttige føremål, eller overførast til gåvefond, eller overførast til stifting med ålmennyttig føremål.
Gåver skal fordelast med 34,16 % innanfor kommunane Årdal og Lærdal, 26,49 % innanfor Vik kommune og 39,35 % innanfor Aurland kommune. Ved eventuell framtidig kommunesamanslåing skal noverande kommunegrense leggjast til grunn for gåvetildelinga. Dette skal ikkje vera til hinder for tildeling av inntil 40 % av at dei utdelte gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd eller ynskjer å marknadsføra seg. Geografisk fordelte midlar som ikkje er nytta innan utløpet av året midlane vart vedtatt av generalforsamlinga kan overførast til gåver til allmennyttige føremål i omkringliggjande område der banken utøver forretningsverksemd eller ynskjer å marknadsføra seg.

Styret i Sogn Sparebank gjer framlegg om at generalforsamlinga vedtek endringar i § 6-1 i Sogn Sparebank sine vedtekter som framlagd.
| Sak 11.2024 | Retningslinjer for godtgjering |
|---|---|
| Saksvedlegg: | Retningslinjer for godtgjersle |
| Sak 12.2024 | Rapportering av godtgjersle til leiande personale |
| Saksvedlegg: | Rapportering av godtgjersle til leiande personale i Sogn Sparebank |

Valnemnda skal utarbeide satsar for godtgjersle for Sogn Sparebank som skal leggjast fram for generalforsamlinga for vedtak. Valnemnda § 5-1 tilrår generalforsamlinga i Sogn Sparebank å vedta framlagde satsar for godtgjersle for tillitsvalde i Sogn Sparebank.
| HONORARSATSAR SOGN SPAREBANK | Gjelande satsar: | Framlegg: | |
|---|---|---|---|
| Gjeld frå: | 17.04.2024 | ||
| Generalforsamling | |||
| Leiar | 15.000 | 15.000 | |
| Nestleiar i generalforsamlinga pr. møte | 1.600 | 1.680 | |
| Medlem pr.møte | 1.600 | 1.680 | |
| Varamedlem pr. møte | 1.600 | 1.680 | |
| Styret | |||
| Leiar | 150.000 | 160.000 | |
| Nestleiar i styret | 105.000 | 110.000 | |
| Medlem | 85.000 | 90.000 | |
| Varamedlem pr. møte | 4.500 | 5.500 | |
| Revisjons- og risikoutval | |||
| Leiar fast | 40.000 | 50.000 | |
| Medlem fast | 30.000 | 30.000 | |
| Valnemnd | |||
| Leiar pr. møte | 3.200 | 3.360 | |
| Medlem pr. møte | 1.600 | 1.680 | |
| Varamedlem pr. møte | 1.600 | 1.680 | |
| Tapt arbeidsforteneste | Nei | Nei | |
| Anna Ekstra honorar ved strategisamling, kurs o.l. |
|||
| halv dag (til 4,0 timar) Ekstra honorar ved strategisamling, kurs o.l. > |
2.250 | 3.000 | |
| halv dag (frå og med 4,0 timar) | 4.500 | 6.000 | |
| Reise/Diett | |||
| Bankens eigne satsar | Bankens eigne satsar |
Generalforsamlinga vedtek framlagde honorar for tillitsvalde i Sogn Sparebank.

Gjennomførte val av medlem og varamedlem til generalforsamling utført i kommuneval, kundeval, tilsetteval og valmøte for eigenkapitalbeviseigarane.
| Offentleg valde | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Medlem | Varamedlem | ||||
| Tor-Bjørn Hylland | 24/27 | Aurland | David Underdal | 24/27 | Aurland |
| Anita Lærum | 24/27 | Aurland | Inger Grindheim | 24/27 | Aurland |
| Espen Bjønnes | 24/27 | Aurland | |||
| Kirsti Eklund | 24/27 | Årdal | Anne Kauppi | 24/27 | Årdal |
| Knut Arne Klingenberg | 24/27 | Årdal | |||
| Olav Grøttebø | 24/27 | Lærdal | Frøydis Helland | 24/27 | Lærdal |
| Roy Egil Stadheim | 24/27 | Vik | Arne Olav Lien Bardølsgård | 24/27 | Vik |
| Marta Sofie Vange | 24/27 | Vik | Morten Midlang | 24/27 | Vik |
| Victoria M. Harbakk | 24/27 | Vik | |||
| Kundevalde | |||||
| Medlem | Varamedlem | ||||
| Lise Berntsen | 24/27 | Aurland | Thomas Rastad | 21/24 | Aurland |
| Eva Laastad | 21/24 | Aurland | Ingvild Åsvang | 23/26 | Aurland |
| Bjørn Ebne | 22/25 | Aurland | |||
| Inga Winjum | 23/26 | Aurland | |||
| Even Gundersen Vee | 24/27 | Årdal | Kristin Haug Moen | 22/25 | Årdal |
| Alf Roger Lereng | 21/24 | Årdal | |||
| Per Olav Lerøy | 23/26 | Årdal | |||
| Bente Øien Hauge | 22/25 | Lærdal | Inger Bakken | 21/24 | Lærdal |
| Anne Mårdalen | 24/27 | Vik | Lars-Magnus Bungum | 22/25 | Vik |
| Leentje van der Wal | 21/24 | Vik | Reidunn Bolstad | 23/26 | Vik |
| Bjarne Engum | 22/25 | Vik | |||
| Per Aase | 23/26 | Vik | |||
| Eigenkapitalbeviseigarvalde | |||||
| Medlem | Varamedlem | ||||
| Jan Olav Fretland | 24/27 | EK-bevis | Ole Kristian Asperheim | 21/24 | EK-bevis |
| Martin Jakob Nagell | 21/24 | EK-bevis | Tor Magne Gjerde | 22/25 | EK-bevis |
| Grzegorz Stefanski | 21/24 | EK-bevis | Odd Reidar Øie | 23/26 | EK-bevis |
| Frode Andreas Hågvar | 22/25 | EK-bevis | |||
| Asgeir Løno | 22/25 | EK-bevis | |||
| Kjell Arne Vigdal | 23/26 | EK-bevis | |||
| Jarle M. Teigen | 23/26 | EK-bevis | |||
| Tilsettevalde | |||||
| Medlem | Varamedlem | ||||
| Robert Haugen | 21/24 | Tilsette | Ragnhild S. Tofastrud | 21/24 | Tilsette |
| Catrin Sandnes | 21/24 | Tilsette | Leif Bungum | 23/25 | Tilsette |
| Kirsten Asheim | 23/25 | Tilsette | Sander Øvstetun | 23/26 | Tilsette |
| Britt Grov Helland | 22/25 | Tilsette | |||
| Britt Julusmoen Bakk | 23/26 | Tilsette | |||
| Krister Sveen Solheim | 23/26 | Tilsette |

Leiar i valnemnd § 5-1, Marta Sofie Vange, gjer greie for valnemnda si innstilling.
Innstilling medlem og varamedlem til styret og valnemnder, styreleiar og leiar for Generalforsamling:
| 1 medlem for perioden 2024-2025 | (Aurland) | Kristine Grønner Ohnstad |
|---|---|---|
| 1 medlem for perioden 2024-2025 | (Årdal/Lærdal) | Kåre Mentz Lysne |
| 1 medlem for perioden 2024-2025 | (Vik) | Grethe Hjetland |
| 1 medlem for perioden 2024-2025 | (tilsettevald) | Marianne Sundal |
| Innstilt: 1 medlem for perioden 2024-2025 1 medlem for perioden 2024-2025 1 medlem for perioden 2024-2025 1 medlem for perioden 2024-2025 |
(Aurland) (Årdal/Lærdal) (Vik) (tilsettevald) |
Marit Løkkebø Kåre Mentz Lysne Grethe Hjetland Marianne Sundal |
| På val: 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Årdal/Lærdal) 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Vik) 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (EKbevis – 1. vara) 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Tilsette) |
Vibeke Rinde Gyda Bøthun Geir Stadheim Totland Robert Haugen |
|---|---|
| Innstilt: 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Årdal/Lærdal) 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Vik) 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (EKbevis – 1. vara) 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Tilsette) |
Anne Kathrin Lislelid Hæreid Gyda Bøthun Magnus Johannesen Robert Haugen |
| STYRELEIAR |
På val: Styreleiar for perioden 2024-2025 Kristine Grønner Ohnstad
Innstilt: Styreleiar for perioden 2024-2025 Atle Terum

| På val: Leiar generalforsamling for perioden 2024-2025 |
Roy Egil Stadheim | |
|---|---|---|
| Innstilt: Leiar generalforsamling for perioden 2024-2025 |
Roy Egil Stadheim | |
| LOKALE VALNEMNDER | ||
| Lokal valnemnd AURLAND | ||
| Medlem: På val: 1 medlem for perioden 2024-2025 |
(Kundevald) | Bjørn Ebne |
| Innstilt: 1 medlem for perioden 2024-2025 |
(Kundevald) | Bjørn Ebne |
| Varamedlem | ||
| På val: 1 varamedlem for perioden 2024-2025 |
(Tilsetttevald) | Ragnhild Skahjem Tofastrud |
| Innstilt: 1 varamedlem for perioden 2024-2025 |
(Tilsetttevald) | Ragnhild Skahjem Tofastrud |
| Lokal valnemnd ÅRDAL/LÆRDAL | ||
| Medlem | ||
| På val: 1 medlem for perioden 2024-2025 1 medlem for perioden 2024-2025 |
(Kommunevald) (Kundevald) |
Sigmund Solvoll Per Olav Lerøy |
| Innstilt: 1 medlem for perioden 2024-2025 1 medlem for perioden 2024-2025 |
(Kommunevald) (Kundevald) |
Kirsti Eklund Per Olav Lerøy |
| Varamedlem | ||
| På val: 2. varamedlem for perioden 2024-2025(Tilsettevald) |
Krister Sveen Solheim | |
| Innstilt: 2. varamedlem for perioden 2024-2025(Tilsettevald) |
Krister Sveen Solheim | |

| Suppleringsval varamedlem: 1 varamedlem for perioden 2024 |
(Kommunevald) | Egil Natvik Vestrheim |
|---|---|---|
| Innstilt: 1 varamedlem for perioden 2024 |
(Kommunevald) | Even Gundersen Vee |
| Lokal valnemnd VIK | ||
| Medlem | ||
| På val: 1 medlem for perioden 2024-2025 1 medlem for perioden 2024-2025 |
(Kommunevald) (Tilsettevald) |
Marta Sofie Vange Britt Helland |
| Innstilt: 1 medlem for perioden 2024-2025 1 medlem for perioden 2024-2025 |
(Kommunevald) (Tilsettevald) |
Marta Sofie Vange Britt Helland |
| Suppleringsval medlem: Medlem for perioden 2024 |
(Kommunevald) | Arnstein Hove |
| Innstilt: Medlem for perioden 2024 |
(Kundevald) | Per Aase |
| Varamedlem | ||
| På val: 1. varamedlem for perioden 2024-2025 |
(Kundevald) | Per Aase |
| Innstilt: 1.varamedlem for perioden 2024-2025 |
(Kundevald) | Anne Mårdalen |
| SENTRAL VALNEMND | ||
| Medlem | ||
| På val: 1 medlem for perioden 2024-2025 1 medlem for perioden 2024-2025 |
(Vik) (Årdal/Lærdal) |
Marta Sofie Vange Sigmund Solvoll |
| Innstilt: 1 medlem for perioden 2024-2025 1 medlem for perioden 2024-2025 |
(Vik) (Årdal/Lærdal) |
Marta Sofie Vange Per Olav Lerøy |

På val:
1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Aurland) Bjørn Ebne 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (EKB) Jarle M. Teigen 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Tilsettevald) Catrin Sandnes
Innstilt:
1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Aurland) Bjørn Ebne 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (EKB) Jarle M. Teigen 1 varamedlem for perioden 2024-2025 (Tilsettevald) Catrin Sandnes
Suppleringsval varamedlem:
Varamedlem for perioden 2024 for Vik Arnstein Hove Varamedlem for perioden 2024 for Årdal/Lærdal Per Olav Lerøy
Varamedlem for perioden 2024 for Vik Per Aase Varamedlem for perioden 2024 for Årdal/Lærdal Kirsti Eklund
Building tools?
Free accounts include 100 API calls/year for testing.
Have a question? We'll get back to you promptly.