AI assistant
Hera — Audit Report / Information 2019
Jun 25, 2020
4260_10-k_2020-06-25_99a6dfe8-5520-4eed-8c26-882c80c982fb.PDF
Audit Report / Information
Open in viewerOpens in your device viewer

Arkivsak-dok. 20/03231-1 Saksbehandler Liv Myklebust
Saksgang Møtedato Formannskapet, Plan og økonomi 2019 - 2023 30.04.2020 Heradsstyret 07.05.2020
ÅRSMELDING OG ÅRSREKNESKAP VOSS KOMMUNE 2019
Rådmannen sitt framlegg til vedtak:
Voss heradsstyre vedtek årsmelding og årsrekneskap for Voss kommune 2019.
Vedlegg:
Årsmelding 2019 Voss kommune Årsrekneskap Voss kommune 2019 Revisjonsmelding Voss kommune 2019
Samandrag:
Sidan 2012 har kommunen hatt stort fokus på å få balanse i driftsøkonomien. I åra 2013 til 2017 hadde kommunen positive driftsresultat, og i åra 2013 til 2018 har disposisjonsfonda auka frå kr 0,8 mill. kr, til 84,9 mill. kr. 2019 har vore eit krevjande år, slik at kommunen måtte bruka av disposisjonsfond for å gå i balanse. Disposisjonsfondet er redusert til 56,2 mill. kr. ved utgangen av 2019.
Netto driftsresultat, som er justert for finansinntekter og finansutgifter, var på -25,4 millionar kroner. Dette er -1,9% av brutto driftsinntekter. Ved å nytte dei fondsmidlane som var avsett til kommunesamanslåing, vart netto resultat auka til omlag -1,4 %. Etter netto avsetningar og bruk av fond går Voss kommune balanse i 2019.
Saksopplysningar:
Sjå vedlegg
Rådmannen si vurdering:
Generelle vurderingar:
Utgiftene har auka meir enn inntektene dei siste åra. Årsmelding og årsrekneskap for Voss kommune 2019 syner at drifta ikkje er økonomisk berekraftig. Dette vil ha konsekvensar for 2020. Det må gjerast tiltak for å betra driftsresultatet.
Økonomiske konsekvensar:
Voss herad har eit disposisjonsfond på ca. 67 mill. kr ved inngangen av 2020. Med totale budsjetterte driftsinntekter på 1,423 mrd. kr utgjer disposisjonsfondet 4,7 %. Teknisk berekningsutval tilrår at disposisjonsfondet bør vera minimum 5 % av driftsinntektene, noko som tilseier at bruken av disposisjonsfond må avgrensast og helst aukast dei neste åra.
Miljø og klimakonsekvensar:
Ikkje aktuelt.
Folkehelsekonsekvensar:
Ikkje aktuelt.
Konklusjon
Årsmelding og årsrekneskap for Voss kommune 2019 vert vedteke i samsvar med vedlegg.